Grensa for bykommunen Florø blir skilta
Planar om skilt langs grensa for gamle Florø by
Flora Historielag har i vel eit år arbeidd med planar om å få markert den gamle bygrensa til Florø. Ideen til prosjektet kom frå Øyvind Kleiven, styremedlem i historielaget. Ei prosjektgruppe frå styret har no kome så lang med arbeidet at det berre står att å fullfinansiere tiltaket, før skiltproduksjonen kan starte. Planen er at sju skilt skal vere på plass langs den gamle bygrensa før 16. mai komande år. 16. mai er som kjent byen sin «bursdag». Det blir då 169 år sidan Florø vart utnemnd som ladested, ved kongelig resolusjon på Stockholm slott. Det var kong Carl IV som då underteikna lova som Det Norske Storting hadde vedteke: «Lov angaaende opprettelse af et ladested paa Florøen i Kinns Præstegjeld» Dei sju skilta vil bli plasserte langs den gamle grensa, på stader der mange folk ferdast. Der kan dei stanse opp, og få tid til å lese informasjonen. Primært blir dette på turstiar og offentleg plassar, ikkje langs gater og vegar med stor biltrafikk.
FLORØ BYGRENSA FRÅ 1860–1964
Delav Nedre Florøen Florø Gård
Del av Prestegården Øvre Florøen
Her står du
Andre stader det står skilt
Grensa mellom Florø og Kinn
Nedre Florøen Florø Gård
Øvre Florøen Prestegården
Skudalsfjæra
Florø 1860 – 0.72 km2
• 16. mai 1860, på Stockholm slott, signerte kong Carl IV lova som Det Norske Storting hadde vedteke: «Lov angaaende opprettelse af et ladested paa Florøen i Kinns Præstegjeld».
• Byområdet vart eit areal på 0,72 kvadratkilometer, som omfatta deler av gardane «Øvre Florøen» (Prestegarden) og «Nedre Florøen» (Helmersgarden). Før 1860 låg berre nokre få hus på området, og der budde ca. 50 menneske.
• Hans J. Blom var sokneprest i Kinn 1854–1862. Han var leiar av kommisjonen som vart utnemnd i 1858, for å utgreie lokalisering av ein kjøpstad i Sunnfjord/Nordfjord. Han var også ordførar i Kinn, og stortingsmann for Sogn og Fjordane 1859–1862.
• Hovudgrunnen til etablering av ein by her, var nærleiken til dei rike sildefiskeria i havområda rundt Kinn. Bra hamneforhold ved den indre skipsleia langs kysten og høveleg byggegrunn, var også viktige argument for stadvalet.
Nyttar du QR-koden vil du komme inn på Flora Historielag si heimeside. Her finn du meir utfyllande informasjon. Flora Historielag
Folketalet i Florø 1860–1964 1860 – 50 personar 1865 – 365 personar 1875 – 480 personar 1885 – 600 personar 1900 – 900 personar 1930 – 1940 – 1500 personar 1945 – 1960 – 1964 –
QR-KODAR VIL GJE FYLDIG INFORMASJON På skilta vi stå ei kartskisse som viser grensa mellom gamle Kinn kommune og Florø by. Der vil og stå ein kort informasjon om kvifor og korleis byen vart til, og om folketalsutviklinga frå 1860 il 1964. I tillegg vil skilta bli utstyrte med QR-kodar. Dei som vil vite meir om Florø si historie, kan då bruke mobiltelefonen og skanne seg inn på ei nettside med mange historiske opplysningar om utviklinga av næringsliv og busetnad gjennom åra. Skiltinga har som målsetting å formidle viktige delar av byen si historie, både til innbyggarane i kommunen og tilreisande, på ein enkel og lett-fatteleg måte. Dette er særs aktuelt i våre dagar då vi står framfor nye store endringar i kommunestrukturen. Kostnaden med prosjektet er netto rekna til omlag kr 75 000. Men i tillegg kjem ein betydeleg dugnadsinnsats.

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2018.