Postkort
SILDEFISKERNES FABRIKKLAG
I dei gode sildeåra etter krigen var kapasiteten for mottak av sild altfor liten i Noreg, og då hovedtynda av silda vart fiska opp her i Flora (Hellefjorden), bestemte Sildefiskernes Fabrikklag seg for at der måtte reisast ein diger og moderne fabrikk her i Florø. Stadvalet fall på Gunhildvågen, og grunn vart kjøpt frå Mortensen. Fabrikken kom opp på rekordtid, og god veg vart bygt fram. På dette flyfotoet ser vi den nye fabrikken med ein imponerande kaifront på 260 meter. Lengst til høgre nye hus for leiarar og eit stort velferdsbygg med hyblar. Vidare det digre lageret for ferdig sildemjøl. Deretter administrasjonsbygg og produksjonshallar. På kaiene kan vi sjå seks automatiserte lossestasjonar. Dei første åra gjekk fabrikken strålande. Sesongen 1956 tok dei imot 600 000 hektoliter sild, men frå då av minka det sterkt. Fabrikken her heldt likevel ut lenge, for fabrikklaget la først ned gamle og umoderne fabrikkar, og sende silda hit. Då silda vart heilt borte, blei området nytta til mangt, men til slutt kjøpte fiskeforprodusenten EWOS. Dei har sikkert investert kring ein milliard kroner der ute, og har her ein av verdas fremste fabrikkar for denne produksjonen. Vi ser at det er lite med hus i Havreneset, men til venstre og litt nordetter ser vi fyllingar der byingeniøren skulle bygge flyplass utan å ha bonitert. Etter å ha lagt ut enorme summar fekk vi planert ut til eit par industribygg. Hadde dei valt området der flyplassen kom, kunne byen hatt ei flott landingsstripe minst 15 år tidlegare. Kortet er produsert av K. Harstad i Oslo, og må vere frå 1952/53. SILFAS starta opp sesongen 1953.


Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2018.