2018-13 - Harald Stavang - Portrett av den mangslungne Oskar Nærø

Oskar Nærø
«Bevisleg sann opplysning»

Oskar Nærø var ein mangslungen kar. På sine eldre dagar vart han vel delvis oppfatta som ein byoriginal. Han var snedig som få, men hadde varierte kunnskapar og nytta dei i ei lang rekke avisinnlegg og gjerne polemiske artiklar. Til 70-årsdagen skreiv Firdaposten m.a.: «Han treng ingen nærare presentasjon. Gjennom avisskriving ein liten mannsalder er namnet hans kjent av dei fleste – i alle fall så langt som avisene i Flora rekk utover».

Årsmålsdagen til Oskar Nærø vart halden på Flora Alderssenter «Havglytt». Foto: Privat.

Sant nok. Samfunnsdebattanten Oskar Nærø var vanskeleg å halde seg likegyldig til. Han tok ofte hardt i og ordvalet var vel ikkje nett samlande. «Øvrigheitspersonar som sit med høge løner og kontrollerer og spionerer på oss andre», hadde den nyslegne pensjonisten mange spark til. Ein gong hadde han hatt vitjing av ein skatteinspektør som kravde at han skulle vere «sannferdig til siste krone». – Eg tenkte; kan dei kontrollere meg, så får eg prøve å kontrollere dei så langt det er råd, og freiste avsløra både dei og samfunnsstyringa med humbugen i oppskuleringssystemet og verdas største løgnsystem. Dette er verdas mest interessante hobby; berre prøv så skal du sjå, sa han i eit intervju med underteikna – og drog ein stram flir. I ein annan posisjon og i ei anna tid, ser vi ikkje bort frå at Oskar Nærø kunne blitt ein framifrå gravejournalist. Han var svært skeptisk til dei som hadde makt og mynde, og truleg er det vesentleg meir korrupsjon og «humbug» i dagens overflodssamfunnet enn i dei trongare og meir gjennomsiktige første par tiåra etter krigen. Men først litt personalia: Oskar Nærø var fødd og oppvaksen på nordre Nærøya i dåverande Kinn kommune den 28. august 1903. Han var den fjerde i ein syskenflokk på åtte. Foreldra var Ola og Dagmar Nærø. På morssida slekta han frå Terdalen.

Bestefaren ætta frå Kvinesdal, og Oskar skal ha vore i slekt med ein av drivkreftene i pinserørsla som har Sarons Dal. Men dei røtene hadde Oskar liten interesse av; tvert imot – som vi skal komme tilbake til. Etter folkeskule og konfirmasjon var det ut i arbeidslivet. Dette var på slutten av første verds-

krigen og den store depresjonen etterpå. Dei første åra dreiv han som fiskar. Seinare var han åtte år i Bergingskompaniet. I fire år reiste Oskar med gamle «Steinsund», ein lastebåt på 400 tonn. Dei for på Nordland og Finnmarka med korn og trelast, og førde fisk og sild attende.

«DEN RØDE PLASS» I 1938 kjøpte han eigedomen «Strandheim» hos Emil Knutsen, og husa som står der framleis, har han bygt sjølv.

– Eg trur ikkje det finst ein spiker som eg ikkje har slege inn, fortalde han ein gong. På folkemunne vart «Strandheim» omdøypt til «Den røde plass» – etter fargen på husa. Alt var raudmål, med politisk raud var han ikkje. Det einaste eg kan finne av partipolitikk hos Oskar Nærø er medlemskap i Kinn Venstrelag ei tid på 1950-talet, bl.a. vart han i 1952 innvald som i kontrollnemnda for fast eigedom med Alf Melvær på Krokane som formann. Med utgangspunkt i «Den røde plass» frå 1938 livnærde Oskar seg i all hovudsak som sjølvstendig næringsdrivande. Her leigde han ut hyblar/husvære, og kan ha gjort det bra, særleg i den vanskelege tida med husnaud etter krigen. Så seint som 21. januar 1978 kunne ein lese følgjande lysing i Firdaposten: «Lite værelse, kan dele kjøken med gymnasjente, til leige. Oskar Nærø. Tlf. 42 258.»

Oskar Nærø var i det heile både oppfinnsam og føretaksam, og skal ha æra for å ha innført «Hot Dog’en» til Florø: Pølse med brød, løk og sennep, kanskje tomatketchup, etter fritt val. Det var spennande greier som han serverte frå den rullande kiosken i Strandgata. Pølsebilen kom i drift i 1953 og var ei nyskaping i Florø. Han hadde den ståande ute i Stranda, og når kvelden kom køyrde han inn i gata og parkerte på Trovikkaia; slo opp luka og selde varme pølser, sjokolade og brus og andre kioskvarer. Plasseringa var strategisk ideell. Her passerte masse folk i alle aldrar på veg frå hurtigruta (Fugleskjerkaia) kl. halv ni og «Sunnfjord» som kom frå Bergen og la til ved Torgkaia i ti-tida. 50-talet og fisketida var gullår for pølsebilen. Då var gata stappfull folk, spesielt om vintrane når fiskarar og klaprande treskostøvlar fylte Strandgata til trengsel ved helg og landligge. Sildetida gjekk mot slutten, og i 1958 var den meir eller mindre over på våre kantar. Då fekk fekk han seg eit motoragentur. Følgjande stod å lese på annonseplass: «Clinton-motoren – 2 og 3 hk. luftavkjølte for småbåtar er rimeleg ved kjøp og billeg i drift. Vert forhandla og demonstrert av meg. Oskar Nærø, Florø. Kom og prøvekøyr.» Ut på 1960-talet selde han pølsebilen til Jan og Kåre Berg som avskilta og nytta den som permanent kiosk nokre år ved «Samsonboden» ovafor moloa. Oskar søkte då stillinga som vaktmeister ved skulen i Havreneset, men der var 30 søkjarar og ein annan fekk jobben. Han var i sterk opposisjon til deler av skule- og religionsopplæringa. «Vår samfunnsånd må omleggast i sannferdig og rettskaffen retning», som kan kunne ordlegge seg.

– På skulen lærde vi bibelsoga (jødane si krigshistorie), Landstad salmebok og syndeskremsel, fortalde han ein gong.

KAFÉDRIFT, FLYEKSPEDITØR, TURISTVERT, PØLSEKIOSK OG MOTORAGENTUR I tillegg drifta han Hamnekafeen nokre år, og på slutten av sildetida kjøpte og dreiv han losjibåten «Activ» som låg bak moloa, ved sida av «Ivar Elias» til Florø Pakkargruppe. «Activ» hadde kafé for rundt 30 gjester i overbygget, og overnatting for 40 i lugarar under dekk. Jobben som kokk/stuert hadde Hjalmar Lothe. Ei tid på 1960-talet var han ekspeditør for A/S Westving si sjøflyrute som flaug med frakt og passasjerar Bergen–Florø–Bergen. Den raude snekka var ikkje til å ta feil av når han tøffa ut og inn Florevika til og frå flykaia ved Industrikaia attmed Ankerløkken. Med denne snekka annonserte han også fiske- og hyggeturar for den som var interessert – jfr. følgjande annonse frå 1965: «Turbåt. Skal De på fiske- eller morotur, eller treng De nødvendig skyss og manglar billeg skyssbåt, ring 42258».

– Men de lærde godt? – Ja, den gamle skulen var effektiv, Det er ikkje tvil om. Eg kan godt lese opp for deg salmeversa på rams no på ståande fot. Men det var ikkje berre det. Det var også om å gjere å forme oss til skuldtyngde stakkarar. Og så alle desse svovelpredikantane som for og reiste. Folk, og særleg ungane, vart heilt avskræmde av læra deira. Eg har ofte tenkt på at hadde vi lært noko nyttig i staden for alt bedrageriet, så kunne eg rimelegvis vore lege, lærar eller jurist i dag, sa han.

SAMFUNNSKRITIKAR

Dette handskrivne brevet til Flora kommune, innstempla på kulturkontoret 5. desember 1979, er eit typisk eksempel på den heller ilske Oskar Nærø som fekk piggane ut i møte med religion og moderne læreverk og livsførsel. Vi skriv det av ordrett:

mogeleg å ta oss nedåt, då må vi alle kunne sjå kva dei driv med», skreiv han i eit lesarinnlegg i Firaposten i 1959. Kva han hadde sagt i dag om skjemavelde, leiarløner, skattar og avgifter, kan ein vel tenkje seg. – I eit innlegg om hønseskatten (ja, faktisk ein skatt pr. egg og høne), hevda han at den var medverkande til å gjere slutt på hønsehaldet på øyane, og Nærøyane især.

Ein gong han kom i klammeri om likninga, blir det fortalt at han valde å betale ekstraskatten i naturalia – i form av ei ovdiger palehonk som han med påskrift skal ha lagt framfor døra til likningskontoret.

Under eit folkemøte i Flora Samfunnshus i 1978 heldt industriminister Olav Haukvik foredrag for 115–120 menneske. I ordskiftet deltok m.a. Oskar Nærø og sa at «dei høge skattande var drepande for all vekst».

«Strandav. 3. i 9. -79. Kultursekretæren! Eg var oppe på kulturkontoret 30 i 8 og der var kultursekretæren og sokneprest Stubhaug tilstede. Eg sa til Dere at no må vi få byggande kultur – som bygger opp en frisk og sunn ungdom og et sant og rettskaffent samfund. Fikk svar at dette hadde eg sagt to gonger før. Til det kan eg svare at eg har gått i kirkja hundrevis av gonger og høyrt same leksa hundrevis av gonger: «Se i nåde til meg arme syndige menneske som har krenket deg i tanker, ord og gjerninger og kjenner den onde lyst i mit hjerte».

Har vi hatt jødernes krigshistorie som religion – hamra inn i oss kvar einaste dag i 1000 år og likevel må be (Jehova) om nåde for vi er fulle av jevelskap – er ikkje det tyding på at der er noko feil med denne Jødedommens krigsreligion?

Mange år tidlegare hadde han teke initiativet til å skipe ei «Florø og omegn skattebetalar- foreining». 50 menneske deltok på skipingsmøtet der ein foredragshaldar frå Oslo m.a. kunne fortelje at fyrstikkavgifta hadde auka med 32 500 prosent sidan krigen. Men det rann ut i sanden. Oskar hadde sterke meiningar, men noko organisasjonsmenneske var han ikkje.

HELSEENGASJEMENT OG «SANN OPPLYSNING»

Difor seier eg no 4. gongen: Lær ungdommen byggande lære som kan bygge ei betre helse og eit sunnare tankeliv. Det er forferdeleg å sjå at ungdommen (dei eldre òg) stadig må stive seg opp med tobakk, kaffi, alkohol og narkotika. Det behøvs ikkje. –

Lat oss gå i gang å forsøke å skape ei beire verd. Det er forferdeleg å sjå at det er herskarånda som til alle tider skal dominere. Jødernes historie om krig og dreping, den kan aldri bygge eit godt samfund.»

Oskar Nærø hadde syn på det meste; han var oppteken av helseopplysning og der hadde han mange gode poeng. «Doktarane har gjort eit fantastisk godt arbeid med å ta seg av og behandle sjuke. Det å ikkje bli sjuke, det er noko vi må ta oss av sjølve... Det kan gjerast mykje med å betre eiga helse og motstandskraft – dette har eg prøvt sjølv, så eg veit kva eg skriv om. Vi treng ikkje vere pasientar heile livet.»

Underskrive Oskar Nærø.

Om alkohol: «Eg er ingen fanatisk avhaldsmann – men imot drikke og fyll av absolutt alle som ikkje toler alkohol. Det er stor synd på ungdommen. Dei får ikkje sann opplysning om seg sjølv og livets lover». Og så dreg han det på oskarsk vis litt i lengste laget: «Eg for min del leitar etter sannheit, men finn berre løgn og bedrag».

Ei anna yrkesgruppe han fekk i halsen var dei som dreiv med skattlegging. «Vi har for mange sjefar», kunne han seie. «Ein gong vart vi tyranniserte av embetsmannsveldet. Når no storting og regjering stadig lagar nye tvangsbestemmelser, nye skjema i meir trugande retning, nye og høgre avgifter, nye og høgare skatter, og so tilset høgt lønte sjefar som t.d. likningssjefane som dei har skolert i psykologi og alle mogelege triks for mest

Etter kvart vart dette med «sann opplysning» eit slags mantra som gjekk igjen i det meste han skreiv og talte. Ved eit par høve gjekk han i 17. mai-toget med ein plakat der det stod: «Lygn og

Årsmålsdagen til Oskar Nærø vart halden på Flora Alderssenter «Havglytt». I bakgrunnen nevøen Ottar Nerø og niesa Kirsten. Framme frå venstre; tidlegare postmeister Bjarne M. Vasbotten, jenta i midten har vi dessverre ikkje namnet på, Oskar og Laura Sundal Skorpen. Foto: Privat.

bedrag øydelegg verda». Etterpå gjekk russen med ein annan plakat: «Trur du tek feil, Oskar». Ein annan gong kommenterte han ei innsamling til Afrika der det vart lodda ut vottar og sjerf m.m. og der Oskar sin kommentar var: «Dei treng ikkje vottar i Afrika, dei treng reint vatn!»

han krav til Flora formannskap om å få utbetalt 335 kroner for bering av drikkevatn. Den «godt gjødsla væta» som var å få i springen frå Store- og Likkjevatnet var ikkje drikkande. Difor hadde han i lange tider henta frå Krokane eller Saga. Formann- skapet avviste kravet, men ordføraren let seg overtale til å legge det fram for byststyret. Resultatet vart det same. Vi mistenker at det var publisiteten han var ute etter – og det fekk han til gangs. Til jul i 1968 hadde byen fått nytt vassverk med førsteklasses drikkevatn frå Saga – der Oskar i årevis hadde henta til eige hushald.

KJEMPA FOR REINT VATN I BYEN Dette leiar oss inn på den store saka der han var tidleg ute – nemleg skikkeleg drikkevatn til byen. Her var han ein stor forkjempar, og skreiv eit utal av artiklar der han peika på verdien av reint vatn både for helse og velvære. Ein gong sende

Oskar voks som nemnt opp på nordre Nærøya

då Noreg var eit fattig land. Folk var vane med å måtte klare seg med lite. Men himmelen var høg over dei låge, vide øyane ved skipsleia vest for Årebrotslandet. Det var alltid ein utveg for den som ville arbeide. Men då måtte ein ta tak sjølv. Det hjelpte ikkje å sette seg ned å sutre og rope på staten.

REFSA SAMFUNNSÅNDA Etter Oskar sitt syn var samfunnsutviklinga på feil veg. Det gjekk mot eit «brælesamfunn» der alt skulle einsrettast og folk som ungar skulle syge av staten sitt bryst frå vogge til grav. Personleg fridom under ansvar var hans ideal. Å gjere staten til herre var ein fårleg veg, noko ein hadde sett nok av eksempel på gjennom historia. «Alle vi som var vaksne under krigen veit kva diktatur og tvang er for noko... Den endelause papirhaugen med alle sine paragrafar, åndeleg tvang og skattepress tek meir og meir frå oss sjølvstendet... I det tempo det no går føre seg, kor lenge vert det før det ikkje er meir att av fri- domen?» skreiv han m.a. i 1958. Kor godt kjende eg Oskar Nærø? Ikkje så godt, er eg redd. Eg er av generasjonen etter andre verdskrigen; han fødd 11 år før første verdskrigen braut ut. Oskar nærma seg pensjonsalderen då eg byrja som ung journalist i Firdaposten. Men av ein eller annan grunn var det meg han kom til med dei handskrivne artiklane som han ville ha inn i avisa. Eller kanskje var det slik at han Odd og han Rolf var oppptekne med annan og helst ville bli sparte for fleire einetaler om «Sann opplysning»? Eg veit ikkje. I alle fall fekk han tillit til ungdommen frå Pusavika.

«OSKAR NÆRØ’S LEGAT FOR SANN OPPLYSNING» Då han låg på det siste, vart eg beden om å komme opp på sjukehuset – det var noko han ville snakke om. Vi var no komne ut på 1980-talet, og han had- de nokre oppsparte midlar i dåverande Vestlands-

banken. Tanken var å opprette eit legat – «Oskar Nærø’s legat for sann opplysning». Legatet vart på 100.000 kroner og stod i aksjar. Renta/utbytet skulle gå til personar og organisasjonar som dreiv med «bevisleg sant opplysningsarbeid omkring livsstil, kosthald, klesvanar o.l. mellom ungdom». Dette skulle skje i form av foredragsverksemd, artikkelskriving, spreiing av informasjonsmateriell o.l. Eg hugsar godt første møtet i legatstyret. Vi sat der og såg på kvarandre; banksjef Arthur Edvardsen, sosialsjef Ragnar Rishovd og underteikna. «Bevisleg sann opplysning». Dette var ikkje enkelt. Vi kom til at dette måtte utlysast, og så fekk dei søkje dei som meinte å kunne oppfylle føremålsparagrafen. I det første tildelingsmøtet låg det føre to søknader; frå Lions i Florø og frå husflidslaget. Den første søknaden var opplagt innafor: Lions fekk 10.000 kroner til ein pågåande haldningskam- panje mot narkotika. Husflidslaget fekk dei rester- ande fem tusen for å ta vare på teknikkar som heldt på å forsvinne i industrisamfunnet. Det meinte vi ville funne nåde i Oskar sine auge – nemleg å lære barn og ungdom å lage ting og klede i staden for å kjøpe alt ferdig. Det vart fleire utdelingar, for på den tid var innskotsrentar rundt 10 prosent ein periode, og aksjeverdien hadde nær dobla seg. Men så kom bankkrisa med ein smell og sparekapitalen til mange pensjonistar (og Oskar sitt legat) forsvann då staten tok over dei store forretningsbankane på 1990-talet. Avviklingsmøtet var (så vidt eg hugsar) på ettervinteren/våren 1996. Igjen sat vi der, dei same tre, på banksjef Edvardsen sitt kontor. Ja, ja, Oskar. Det var det. Vi hadde godteke, avvist og tvila oss fram til kven som best kunne oppfylle og formidle «bevisleg sann opplysning» om dette og hitt. No var det slutt. Staten hadde fare med midlane. Det må ha smerta han Oskar djupt.

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2018.