Flymeldeposten på Storåsen
Du skal komme ganske tett innpå om du skal oppdage at det ligg eit utsiktstårn på Storåsen. Ganske smekkert og grønt, men skogen har teke makta i Storåsen, og gøymer tårnet. Du vil ikkje sjå så veldig vidt om du klatrar opp – noko som no er ulovleg. Så det er vanskeleg å sjå at dette tårnet hadde ein viktig funksjon i den tyske forsvarslinja som tyske okkupasjonstyrkar bygde opp langs kysten. Men då tårnet vart bygt, låg det høgt og fritt i eit nesten skoglaust landskap med god utsikt både nord-, sør- og vestover, ein viktig vaktpost for tyskarane, sentralt plassert, liksom Florø var det. Tårnet var ganske stort, samanlikna med mange enklare vaktpostar langs kysten.
Fluwa Bergen 21, eller B21, var det namnet som vaktposten stod oppført med i listene til luftvernatelieriet. Basen var Florø Havn, som rapporterte vidare til Luftnachrichten regiment 55. Det hadde hovudkvarter på Fløyen i Bergen. Der låg AFMZ – Abschnitts Flugmelde Zentral. Dei tyske styrkane hadde tysk orden i sakene. Og i dagbøkene frå Fløyen i Bergen ligg rapporteringane frå B21, nesten time for time. På side 64 og 65 har vi trykt to sider frå desse rapportane. Det er kanskje dei einaste med litt dramatikk. En flymeldepost (Flugmeldepost eller Flugwachen) varierte frå 9 til tretten mann, ein underoffiser, to sambandsmenn og ti menige, ved full bemanning. Mannskapet var delt i tre vaktlag med fire mann, kvart lag hadde åtte timer vakt, og kvar mann to timer vakt. Av og til var det høgare beredskap. Dersom det spissa seg til, var det forsterka vakt. Det var eit einsformig liv med vakt og atter vakt. Derfor var det rullering av mannskapet for å
I åra etter krigen har tårnet vore brukt av Heimevernet, som ein sambandsstasjon. Tårnet er ikkje lenger i brukt, og vil bli ribba for alt utstyr. Men det er eit krigsminne som bør bli teke vare på. Dette kan bli ei utfordring for frivillige interesser. Foto: Oddvar Isene.

skaffe litt avveksling. Flymeldeposten hadde eit lite vakttårn med ein god kikkert som vart nytta til observasjon. Like ved ved tårnet var det ei vakthytte, og forlegningsbrakke. Mannskapet hadde som regel gevær og 1–3 maskingevær til nær- forsvar. Ved flymeldeposten i Storåsen var der også sett opp piggtrådsperringar, lagt ut minefelt og laga løpegraver tilknytta nærforsvarsstillinger. Det var ikkje stor plassen dei tyske styrkane hadde å tumle seg på, men òg i Storåsen hadde vaktstyrkane ei vakthytte, i tillegg til tårnet som er det einaste som viser att no. Flyvakttårnet var første installasjonen i det store forsvarsanlegget som etter kvart vart eta-
blert på Florølandet, først og fremst i Storåsen og ut mot Havreneset. Alt i juni, to månader etter okkupasjonen, var tårnet på plass, truleg den første krigsinstallasjonen i Florø. Kanskje ikkje så unaturleg at dette anlegget kom på plass så raskt. Florø hadde ei strategisk viktig plassering, og meldingane frå B21 var viktige når trafikken langs kysten skulle kartleggast. Flymeldestasjonane var knytta opp til eit nettverk som var nesten komplett på Vestlandet, med samband austover, når krigen gjekk mot slutten. Varslingstenesta hadde eit bakkenett av radiostasjonar og linkstasjonar. I Florø var det òg ein meldestasjon på Svanøy.
Tysk KART som viser fly melde-stjasjonen på Storåsen. Bildet viser eit utsnitt av kartet over Storåsen der vakttårnet er teikna inn, saman med piggtråd- sperringa.
Dagbøkene på dei to neste sidene viser kommunikasjon mellom det tyske luftvernateleriet og flymeldetårnet på Storåsen. Kommunikasjonen består av mange spesialuttrykk, forkortinger og kodar, som ikkje er så lette å tolke. Vi har omsett dagbøkene frå to dagar det tydelegvis har vore litt aktivitet:
Kjelder: Kjell Ragnar Berge og Kim Gunnar Jensen http://www.flora-krigshistorielag.com/stunkt-florinmenu-29/stutzpunkt-berta-mainmenu-19/fluwa-brg21-florinmenu-158

2. mai. 1942: Florøy (Florø), skyfritt, måneskinn, god sikt. Kl. 00.58: fgr. in 6 "Flak-alarm!" " 01.00: Eld opna (Luftvern kanonane opna eld) " 01.01: Eld innstilt. Flyet vart gjenkjent som Hudson, og skote på med 120 2-cm skot " 01.15: mgr. nid. in 4, går mot 10 aus (aust) " 01.35: "E.K.V.!" " 11.49: Lett ffu in 10. Fiendefly tif in 10. kurs 5. Høgde 40 m. Avstand 2500–3000 m. (Hampden-Hereford). Flyet vart skote på av ein konvoi/følgjefartøy. "Flak-alarm!" " 12.04: "E.K.W.!" " 18.27: fgr. svært høgt in 5, går ut mot 9 "Flak-alarm!" " 18.40: "E.K.W.!"


17. mai 1942 Florøy, overskya, disig, vindstille, dårleg sikt. Kl. 01.24: fgr. in 1, går ut mot 10. "Flak-alarm!" " 01.42: fgr. in 3, går ut mot 11 " 02.09: fgr. in 7 nid, Kurs 7 til 11 " 02.12: Eld opna " 02.13: Eld innstilt. Skyting mot eit fly, med 15 skot, 2-cm. Flyet skaut, som følgje av dette, det gjeldande E.S. " 02.25: "E.K.W.!" " 03.28: Bakkealarm! Ukjent krigsskip nord for Stabben fyr. Etter førespurnad hos MarineWermakt, om det kunne dreie seg om eigne stridskrefter, vart det ikkje gitt klare opplysningar. " 03.41: Frå signalstaden/-stillinga: Det handlar om eit tysk flåteforbund. – Bakkealarm avslutta! – " 15.48: Florøy, skyfritt, vindstille, klar sikt. Kds hoc in5, Kurs mellom 5 og 9. "Flak-alarm!" " 15.49: "E.K.W.!"


Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2018.