2018-11 - Grethe Stavø - Gatenamn i Florø

Lær din by å kjenne

GATENAMN I FLORØ

Vi startar i år ein serie om gatenamn i Florø. Vi fortel litt om kvifor akkurat den gata eller vegen har fått det namnet. Er det eit personnamn, fortel vi også litt om kvifor denne personen har fått namnet festa til gata/vegen. På denne måten vil vi formidle mykje lokalhistorie. I år har vi vald ut tre namn. Neste år kjem vi med fleire.

NONSKARVEGEN

ringde til kveldsmåltid. Då sto sola over Mekvelds- hågjen, seinare kalla Lyktehågjen. Stad- og gatenamn kan ha sitt opphav i praktisk bruk, slik som i dette tilfellet. Når den praktiske nytten ikkje lenger er tilstades, forsvinn og kunnskapen om opphavet til namna. Derfor kan namn med eit slikt opphav bli litt misvisande, slik som her. Det er eit namn frå området, men brukt på feil plass.

Går du frå gravplassen opp Tricobakken, kjem du til Nonskarvegen på venstre side, rett før RødeKorsbygget. Dette er ein veg som har fått namnet sitt på noko feilaktig grunnlag. For å forstå dette, må vi tilbake i tid, til då det var drift på Florø gård. For å varsle måltida på garden brukte ein å ringe med klokka når sola passerte visse punkt i terrenget, sett frå tunet på garden. Tunet låg der Samfunnshuset ligg i dag. Vi må no tenke oss eit Florø uten høge hus og utan noko særleg skog, med fritt utsyn i alle himmelretningar. Første gang klokka slo var kl. seks, då begynte arbeidsdagen. Sola sto då vertikalt gjennom Botnaholten. Neste gang klokka slo var i ni-tida, då til frukost/dugurd. Då sto sola over Dugurdmåls- haugen, søraust for Storevatnet. Dugurdmålshaugen ligg på kollen/høgdedraget rett nordaust for Flora vidaregåande skule. Klokka 12 var dagens hovudmåltid, og klokka ringde inn til middag når sola sto rett aust for Storåsen, altså der dagens Nonskarveg ligg i dag. Men namnet på denne plassen var Middagskaret. Klokka tre ringde klokka igjen, denne gangen til nons, eit lett mellommåltid. (Ordet nons kjem frå latin og vi finn det igjen i det engelske noon.) Då sto sola i Nonskaret som går nord/sør like ved det høgste punktet på Storåsen. No har skogen vakse til, og ein vil ikkje lenger kunne sjå dette punktet i terrenget.

Kjelde: Harald J. Stavang: Flora. Kulturhistorisk vegvisar.

Klokka seks var arbeidsdagen slutt, og klokka

Løna blei dels finansiert ved ofringane i kyrkja, dels ved skuleskatten. Etter den første skulefundasen (skulelova) som kom i 1743, blei det vedtatt at kvart bruk i prestegjeldet skulle betale 7 1/2 riksdalar i året til drift av skulen. Dette blei kalla skuleskatten. Men mange foreldre var berre middels interesserte i skule, dei var meir opptatt av at ungane skulle jobbe på garden enn at dei skulle få ei utdanning. Denne skatten hadde dei derfor lite til overs for.

CLAUS FINDEGATA

Det vanskelege spørsmålet blei då; kven skulle krevje inn skuleskatten? Claus Finde, prosten og dei andre prestane meinte at den måtte krevjast inn saman med dei andre skattane. Men dei styrande var heller ikkje så interessert i skule, og vegra seg for det openbart upopulære i å pålegge folk fleire skattar. Etter skulefundasen var innkrevjinga futen si oppgåve, men futen Nagel vrei seg og låg sjølv stadig etter med betalinga. Ein ville heller satse på frivillige gåver, eller at læraren sjølv skulle krevje inn skatten. Claus Finde var ute alle stader etter å få inn pengar til drift av skulen, for «å få Skolevesenet saa nogenlunde paa Foede», som han skriv. Han vende seg til sorenskrivar, birkedommar og biskop og han søkte om legatpengar. Heilt fram til 1814, som var det siste året han hadde med skulen å gjere, (han døydde i 1816), arbeidde han utretteleg med å skaffe pengar. I testamentet sitt ga han 400 riksdalar til «skolevesenets forbedring, saa at fattige barn kunde erholde noget til bøkernes anskaffelse, og noget til forbedring av skoleholders lønning». Anders Lothe skriv om Claus Finde at: «Han heve skrive namnet sitt med gullbokstavar i Kinn prestegjeld si skulesoge».

Claus Findegata går inn frå Hans Blomgate ved sidan av Florø Barneskole, og endar ved preste- garden. Denne gata er ei av dei kortaste og mest anonyme i by’n, men det er ei gate der namnet passar sjeldan godt. For sjølv om Florø Barneskole har adresse Firdavegen, er hovudinngangen frå Claus Findes gate. Og i enden finn vi altså prestegarden. Kven var så Claus Finde som har gitt namn til gata, og kvifor passar namnet så godt? Claus Finde var sokneprest i Kinn på slutten av 1700-talet/starten på 1800-talet. Som prest var han sjølvsagt opptatt av kyrkja, men i tillegg var han særs opptatt av skolespørsmål. Å bidra til «Ungdommens allerhøist fornødne Undervisning og Lærdom», var noko som opptok han sterkt, og som han brukt mykje tid på. For skule sto ikkje høgt i kurs i prestegjeldet på den tida, og det Claus Finde framfor alt arbeidde for, var å skaffe midlar til drift av skulen. Utgiftene var løn til læraren og driftsutgifter som skrivesaker, lesebøker for dei som ikkje hadde råd å skaffe seg slike sjøl, samt bibel, postil og salmebok til læraren. Utgifter til hus hadde dei ikkje sidan det var omgangskule. Lønene til læraren var dessutan lave, omlag ½-delen av inntekta til ein bondekarl, og læraren hadde denne løna berre halve året.

Så – det er vanskeleg å tenke seg eit meir dekkande gatenamn enn Claus Findegata for denne gata, der du finn både prestegarden og fylket sin største barneskole.

EM HOLEVEGEN

Denne vegen går inn frå Vangsvegen nordover ved gravplassen og endar ved Storevatn barne- hage. Den som har gitt namn til vegen er Elias M. Hole. Han var ein aktiv mann på mange felt, og sette spor etter seg i Florø. Hole kom til Florø som lærar ved amtsskulen då denne blei oppretta i Florø i 1877. Amtsskulen var ein skule driven av amtet (fylket), og ein kunne ta etter 7-årig folkeskule. Skulen skifta seinare namn til fylkesskule, så middelsskule og seinare igjen realskule. Hole var redaktør i «Nordre Bergenhus Amtstidende» i fleire år og forfattar av jubileums- skriftet «Florø gjennom 75 år» som blei gitt ut til byen sitt 75-års jubileum i 1935. I tillegg var han i ei årrekkje direktør i Fjordenes Kreditbank.

innsatsen hans viser mest igjen, er likevel arbeidet med treplanting. Florø Træplantingselskap var danna i 1870 med det formål å skogkle det snaue Florelandet. Selskapet sto for det meste av skogplantinga i Lilleåsen og Storåsen, bygde stiar og sette ut benkar langs vegane. Dette var noko Hole var særs opptatt av, og han var leiar av laget frå 1906 til 1938, altså i 32 år. Blant anna engasjerte han skulebarna i by’n til skogplanting og mange av oss kan hugse skule- timar i Storåsen eller Lilleåsen der vi planta små grantre. For det mangeårige arbeidet sitt i Florø Træplantingsselskap fekk han Kongens Fortenest- medalje i gull ved byen sitt 75-års jubileum. I det heile var Elias M Hole ein mann som på ulike område gjorde ein stor innsats for byen vår.

Det som EM Hole er mest kjend for, og der

Kjelder: Nonskarvegen: Harald J. Stavang: FLORA Kulturhistorisk vegvisar EM Holevegen: Sogn og Fjordane Fylkesleksikon og FLORØ Norges vestligste by 100 år Claus Finde gata: Anders A. Lothe: Skulesoga i Kinn prestegjeld gjennom hundrad år. 1762–1860.

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2018.