Høydalane motormuseum
MEKANISERING PÅ LAND OG SJØ
To signalfarga motorar står som portstolpar ved «innseglinga» til Høydalane motormuseum i Litle Høydal, ikkje langt frå helleristingsfeltet i Ausevika. Her angar det historie, både eldre og nyare.
sten på ein gard i ei veglaus grend. «Då eg gjekk på framhaldsskulen i Florø, brukte eg motorbåten vår til Brandsøya og så tok eg bussen resten av vegen. Vi som voks opp i eit slikt miljø på 50- og 60-talet, måtte vere allsidige. Det var ein god oppvekst. Og så var eg mannskap på Sendingen II i ein periode då den gjekk i rute her på fjorden.» Helge Terøy er også aktiv i Atløys Venner og tek ofte sin tørn om bord når det er trong for det.
Kringom i landet finst det mange gammaltekniske samlingar, dei fleste knytte til landbruket. Lengre er det mellom samlingar som dokumenterer fiskarbonden sin overgang til mekanisk drift, men ei slik samling kan Helge Terøy i Litle Høydal vise fram. Det starta med at han som gåve til 50-årsdagen hadde ønskt seg ein semidiesel til å ha utanfor huset sitt, og familie og venner tok han på ordet! På spørsmål om kvar denne interessa for gamle motorar kjem frå, fortel han om oppvek-
Motorsamlinga har han bygd opp over ein


Sleipner 4 HK. Frå Tistam kloggefabrikk. Legg merke til at kjølekåpa er reparert!
Helge Terøy med Hein 21-26 HK. Stod i si tid i båt heimehøyrande i Førdefjorden. I 1936 flytta til Harald Helland sitt sagbruk i Ausevika.
Eit lite utval av samlinga.



Wichmann/Rubb 40–60 HK. Stod i «Helgaskjer» frå Ytrøygrend i Solund. (Utlånt frå Kystmuseet.)
Store dimensjonar! Eldste motoren i samlinga: 1916-modell Alfa, 4-taktar, 16 HK. Funnen i Veie- sundet.
Stasjonærmotor frå Løkkebøen, brukt til å drive tønnestav-sag. Vart reparert på Ankerløkken, men kom aldri meir i bruk.
4-5 HK Sabb.




Eit utval motorannonser frå 1918 (Nordre Bergenhus Amtstidene og Nordre Bergenhus Folkeblad)
10–12-årsperiode. «Til å begynne med var nok folk litt skeptiske til å overlate klenodia sine til oss her i Høydalen, for dei var ikkje trygge på at dei ville bli tatt godt vare på. Men no er det slik at vi av og til må seie nei, for vi har snart ikkje meir plass», seier han og ser seg rundt i det som ein gong var lagerhall for sagbruket som faren, Hjalmar Terøy, i si tid dreiv. Her er det motorar frå Sotra i sør til Tistam i nord, frå Håkonsvern og Eike- fjorddalen. Den eldste er ein 4-takts Hein frå 1915. Heinmotorane vart bygde på lisens i Bergen og Lofoten.
Motoriseringa av større og mindre fartøy tok for alvor til tidleg på 1900-talet. Desse motorane vart gjerne kalla rå- oljemotorar og var ofte på 4–6 hestekrefter. Dei vart også brukte stasjonært. I Florø var det og motorproduksjon i regi av Florø mek. Værksted og Patentslip, både «Tryg» og «Victor» vart produserte der.
Brannpumper frå Lærdal.



Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2018.