2018-05 - Egil Russøy - Han Isak i Breivika.

Han Isak i Breivika

Under andre verdskrig var det fleire agentar, i norsk og engelsk teneste, som etablerte seg langs kysten i området rundt Florø. Agentane levde med ei konstant frykt for å bli oppdaga av tyskarane. På stadane dei etablerte seg, fann dei lokale personar som hjelpte til med å skjule dei og aktiviteten deira. Nokre vart også kontaktpersonar for agentane, eller hjelpte dei under flukt. Kanskje var frykta for å bli avslørt endå sterkare for hjelparane. For medan agentane kunne rømme landet når det begynte å brenne under beina, blei hjelparane igjen heime. Risikoen for at tyskarane skulle finne spor etter deira deltaking i den illegale verksemda, hang over dei lenge etter at agentane hadde reist. Frykta gjaldt både for seg sjølv, og ikkje minst for familien deira.

Ein av desse hjelparane var Isak Bredvik. Han var 35 år og ungkar då krigen braut ut, og budde i Breivika, sør for Botnane, saman med mora og ei syster. Frå tidleg i livet hadde han vore oppteken av sjøen og båtar. Han hadde eiga snekke liggande i støa nedanfor Breivika. Seinare skaffa han seg større båt, og deltok på fiske. Han fekk «Kyst- skippersertifikat» på 1930-talet. Det første arbeidet til sjøs hadde han på «Sonja», som Thor Seljestokken nytta til privat skyssbåt, først stuert og seinare som båtførar. Nokre år før krigen fekk han arbeid som styrmann hos Fylkesbaatane. Men etter krigsutbrotet avslutta han dette arbeidet, og dreiv småbruket i Breivika saman med systera, Kristi.

over frå Shetland og skulle etablere radiostasjonen ERICA, for å overvake skipstrafikken og rapportere tilbake til England. I 1941 hadde Svardal etablert ERIC-stasjonen på Gåsøya saman med Dag- finn Ulriksen, og då hadde Sigrunn Solberg vore deira kontaktpersonen. Det var henne Svardal og Viken hadde oppsøkt først, også denne gongen. På Solberg hadde Svardal og Viken fått tips om å be Isak i Breivika hjelpe dei med å etablere radiostasjonen. Isak var kjend som ein roleg og stødig mann, som sjeldan let seg vippe av pinnen. I tillegg låg garden aude til, slik at det var lettare å dekke over arbeidet til agentane. Dagfinn Hjertenes hadde tilbydt seg å frakte dei to agentane nord til Breivika for å diskutere oppdraget med Isak. Det var meininga at Isak ikkje skulle få kjennskap til Dagfinn Hjertenes si deltaking i det illegale arbeidet, og Dagfinn hadde difor halde seg skjult i skøyta. Sidan Isak hadde kjent igjen skøyta, forstod han likevel korleis det hang i hop, men han visste også at han måtte halde dette for seg sjølv. Det skulle endå gå lang tid før han fekk kjennskap til Sigrunn Solberg si deltaking i motstandsarbeidet. Sånn måtte det vere.

KRIGEN BANKA PÅ DØRA I januar 1943 banka krigen på døra heime hos Isak. Gjennom vindauget hadde han allereie sett ein båt som hadde lagt til ved støa nedanfor huset. Han hadde kjent igjen skøyta til Dagfinn Hjertenes i Florø, men då han opna døra, stod det to framande personar utanfor. Dei to var Atle Svardal frå Florø og Eivind Viken frå Unneland ved Bergen. Isak bad dei inn, og dei fekk presentert ærendet sitt. Dei hadde kome

Isak Bredvik (t.h.) i kapteinsuniform om bord på MS «Atløy».

gråare i håret, og gått ned i vekt, til tross for at dei hadde bra med mat i Breivika. I denne tida fekk han god nytte av evna si til å kunne legge seg ned og sove kvar som helst, når han hadde ei ledig stund. Uroa for familien og naboane gjorde at Svardal og Viken måtte love Isak at dei ikkje skulle bruke våpen, om tyskarane skulle oppdage dei. Dei to agentane fann etter kvart at det var best å flytte opp i fjellet og etablerte radiostasjonen i Blåura ovanfor Husefestvatnet, der dei dreiv stasjonen fram til september 1943.

NY STASJON EIT ÅR ETTER Søndag 20. august 1944 banka Svardal igjen på døra til Isak i Breivika. Denne gangen hadde han med seg Fredrik Persen frå Bergen. Isak hadde ikkje blitt varsla om at dei to agentane var på veg, men tok vel i mot dei. Dei to hadde tidlegare på dagen blitt sett i land på Hovden. Dei hadde med seg tre tonn med utstyr, som skulle nyttast til å opprette stasjonen ROSKA. Utstyret hadde dei gøymt midlertidig i eit skogsholt på Hovden, og dei hadde fått lånt seg ein robåt for å komme seg til Breivika.

ERICA FØRST ETABLERT HEIME HOS ISAK Ei av dei første nettene etter at agentane hadde kome til Breivika, tok Isak og Svardal snekka til Isak, og reiste ut i Batalden og henta utstyret som dei to agentane midlertidig hadde plassert der ute hos Saron Karstensen og dei han jobba i lag med. Dei to agentane etablerte ERICA radiostasjonen i heimen til Isak, og starta sendingane den 25. januar 1943. Isak hadde ei lita vindmølle, som gav nok straum til at agentane kunne nytte den til å lade batteria til radioen. Agentane hadde også ein bensinmotor som kunne drive radioen om dei ikkje hadde ladda batteri. Motoren blei plassert i kjellaren i huset til Isak. Den bråka mykje, men støyen blei dempa litt ved at eksosen frå motoren blei kopla til skorsteinspipa. Om våren dette året fekk Isak kjennskap til at det hadde føregått ein razzia i Kalvåg og andre deler av Bremanger. Tyskarane kom ikkje til Botnane denne gongen, men Isak hadde begynt å bli uroleg for følgjene for familien og naboane dersom agentane skulle bli avslørte. Uroa blei etter kvart synleg for dei som var rundt Isak. Han verka sliten og dei la merke til at han hadde blitt

på besøk hos Svardal og Persen i hytta oppe i Skogaskora, utan at Isak visste om det.

Isak plasserte dei to agentane i løa. Om natta fekk han med seg Magne Sørbotten og gjekk med snekka ut til Hovden og henta dei tre tonna med utstyr i tre vendingar. Dei neste nettene nytta dei til å bære utstyret innover i skogen ovanfor Breivika. Denne gangen etablerte dei radiostasjonen i Skogaskora i fjellet ovanfor Breivika. Magne Sørbotten og Magnus Uren hjelpte til å bygge ei hytte av kasser og presenningar. Hytta var godt kamuflert, og om lag uråd å sjå. Den 24. august 1944 hadde Svardal og Persen si første sending.

ISAK VAR EIN VIKTIG MEDHJELPAR Nokre dagar etter at Roska var komen i drift, kom det fire agentar til Botnane, som hadde vore på eit mislykka spesialoppdrag på Gangsøy i Nordfjord, og som no var på flukt frå tyskarane. Dei oppsøkte Arne og Torbjørn i Øvrebotten, som igjen oppsøkte Isak for å be om bistand. Isak tok på seg oppdraget med å ro agentane frå Botnane til Domba, der dei skulle bli henta med båt frå England. Medan Svardal og Persen heldt på med overvaking og formidling av informasjon til England, fungerte Isak som bodberar mellom agentane på Roska og agentane som dreiv Snowflake-stasjonen i dalen ovanfor Øvrebotten. Isak møtte ikkje Snowflake-agentane direkte, men meldingane vart vidareformidla av Snowflake-agentane sine medhjelparar, Arne og Torbjørn Øvrebotten. Isak måtte då vente i Øvrebotten på svar som han kunne bringe tilbake til agentane på Roskastasjonen. På same måte fungerte Isak som mellommann når Arne og Torbjørn kom til Breivika med meldingar frå Snowflake. Isak var også bindeleddet mellom dei to på Roska og motstandsfolka i Florø. Den første tida etter at Roska-stasjonen var etablert, budde Svardal og Persen hos Isak, og gjekk fram og tilbake mellom huset og hytta i fjellet. Etter kvart valde dei å bu i hytta, og Isak oppsøkte dei ofte der oppe. Om vinteren måtte Isak trakke god sti i snøen oppover i skogen, så det ikkje skulle vere mogeleg å skilje fotspora til agentane frå Isak sine. Svardal, Persen og Isak hadde jamlege samtalar, og under ein av desse fortalte Svardal Isak om Sigrunn Solberg si tilknyting til motstandsrørsla. Sigrunn hadde fleire gonger vore

NETTET SNØRER SEG SAMAN I midten av februar fekk Isak melding om at Martin Domben var arrestert. Frå stoveglaset registrerte han også at det auka på med aktiviteten til den tyske peilebåten ute på fjorden, og jamleg kom det tyskarar i land i Botnane og Husefest, som gjekk rundt i terrenget med peileutstyr. Den 11. mars fekk Isak besøk av Sigrunn Solberg. Ho hadde også observert den aukande aktiviteten på fjorden, og var uroa for dei to oppe på ROSKA, og meinte at dei måtte flykte. Sidan Svardal og Persen alt hadde bedt om å bli henta om få dagar, valde dei å halde seg på post og fortsette å sende meldingar til England. Den 12. mars blei Isak kontakta på nytt, denne gangen frå Arne Øvrebotten, som kom med be- skjed om å varsle dei to oppe på ROSKA om at dei måtte komme seg vekk. Denne gangen henta Isak dei to agentane ned, slik at Arne fekk snakke med dei direkte. På nytt avslo Svardal, sidan det berre var snakk om dagar før dei likevel ville bli henta. Den 13. mars hadde Isak reist til Dyrstad, der han hadde møte med leiaren for den lokale heimefronten. Magne Sørbotten var heime hos Isak og arbeidde på jorda, då han høyrde skot ovanfrå fjellet. Han såg at det var mykje folk oppe i fjellet ved ROSKA, og skjønte med ein gong kva som hadde skjedd. Isak hadde tidlegare sagt til Magne at dersom det hendte noko, måtte han gå i dekning det raskaste han kunne. Magne drog inn til Botnane, ringte til Dyrstad og fekk tak i Isak. Han kunne ikkje opplyse på telefonen kva som hadde skjedd, men sa i staden at han var blitt sjuk, som var eit avtala signal om at Isak måtte skunde seg heim. Isak kunne ha nytta høvet til å stikke av, men av omsyn til systera og mora som satt åleine igjen heime, valde han å reise heim og ta støyten. På veg heim, såg han «Sonja», som tyskarane hadde rekvirert under krigen, ligge ved kai i Sørbotten. Isak vende snekka innover mot land, la til ved «Sonja», og melde seg for tyskarane. Han blei ført til Breivika, og det var blitt kveld då han steig inn i huset heime. Der møtte han Persen, som dei tyske soldatane hadde ført ned frå ROSKA. Isak fekk då høyre at Atle Svardal var død.

Huset blei etter kvart fullt av tyske soldatar, og i leiinga stod Willi Kesting, som var berykta som den verste torturisten i Bergen. Isak og Persen blei først ført til Florø og derifrå vidare til Bergen. I Bergen blei Persen ført opp til gestapohuset i Veiten, medan Isak og dei andre blei satt inn på Bergens kretsfengsel. Seinare blei Isak også ført til Veiten, der han blei avhøyrd i to dagar, men han unngjekk tortur. Han blei plassert i ei celle rett overfor cella der Persen satt, og dei to fekk lurt seg til å koordinere forklaringane sine. Under avhøyra den andre dagen, kunne Isak dermed gje ei tilståing som gestapo vart fornøgd med. Ein månad etter arrestasjonen, blei Isak overført til Espeland Fangeleir, utanfor Bergen. Der satt han fram til frigjeringa.

sjert av Kinn sanitetslag til å reise rundt i heimane der det var behov for hjelp. Solveig var fleire gonger i Breivika for å stelle Oleanne, inntil ho døydde hausten 1952. Den gode kontakta mellom Isak og Solveig var då allereie etablert, og Isak tok gjerne turen ut til Batalden for å besøke Solveig. Isak og Solveig gifta seg i desember 1953, og bryllaupet blei halde hos bror til Isak i Hyllestad. Om haustane deltok Isak i hjortejakta i fjella ovanfor Breivika. Då han vart for gamal til å springe rundt i skogen, gjorde han det så enkelt at han stod i vindauget heime i huset og skaut hjorten som beita ute på bøen i grålysinga. I 1962 blei han «rikskjendis» då han hadde skote ei ørn i fjellet ovanfor Breivika, som hadde tatt eit av lamma hans. Det spesielle var for det første at det var ei svær ørn, med eit vingespenn på 2,3 meter. For det andre skjedde hendinga ein mørk vinterkveld, og Isak hadde skote ørna berre med lys frå ei lommelykt. Ørna var tydelegvis gamal – det vart endå spekulert i om ho kunne vere minst like gamal som Isak sjølv. Om den flygande lammetjuven var eliminert, var reven ei like stor fare for lamma. Dei siste åra Isak og Solveig dreiv garden i Breivika, frakta dei sauene ut til Kinn på sommarbeite, for å unngå «lamme-tjuven».

LIVSLANG KONTAKT Sjølv om alle som hadde vore involvert i motstandsarbeidet under krigen helst ville legge bak seg det dei hadde vore med på, gløymde ikkje agentane og familiane deira han Isak i Breivika, og dei heldt kontakten med Isak i fleire tiår etter krigen. Særleg hadde Isak og Fredrik Persen knytt eit nært og livslangt venskap. Dei heldt kontakten gjennom brevskriving og telefon, og Persen var fleire gongar på besøk hos Isak og Solveig i Breivika, inntil alderdom og redusert helse gjorde det umogeleg å kunne reise. I breva heldt dei kvarandre oppdatert om små og store hendingar i kvardagen, og dei hugsa alltid på kvarandre når dei hadde fødselsdag og med julehelsingar. Eivind Viken emigrerte til Australia etter krigen, men då han i 1985 var ein tur tilbake i Norge, nytta han høvet til å besøke han Isak i Breivika.

LIVET I BREIVIKA ETTER KRIGEN Etter krigen fortsette Isak gardsdrifta saman med systera, Kirsti. Dei hadde sauer og nokre kyr. Sjølv om Kristi hadde fotprotese, gjekk ho i marka og skar lyng til for, og var elles aktivt med og dreiv garden. Om sommaren kom også ei anna syster heim, og hjelpte til med slåtten. Den første tida rodde dei til Florø og leverte mjølk, men i 1947 blei det etablert mjølkebåtrute som gjekk inn Gulefjordane, og sørover stranda ved Botnane, og no kunne dei sende mjølka med denne til meieriet i Florø. Isak likte seg best nede ved sjøen, og let systera regjere på garden. Han stelte med båtane, fiska til heimebruk, og i tillegg vikarierte Isak som skipper i Fylkesbaatane, i periodar. Sjølv om arbeidet som kaptein på fylkesbåtane medførte at han måtte kle seg i uniform, gjekk han helst i vadmel og kjeledress til dagleg. Isak var heller ikkje den som slo om seg med mange ord, men han var reflektert og tok ansvar når det var nødvendig. Uroa og spenninga som Isak opplevde under krigen, påverka han både psykisk og fysisk, men han var i liten grad prega av det seinare. Han hadde truleg ein indre styrke som gjorde at han klarte å gjere seg ferdig med det. Ansvaret for mora og systera var kanskje også medverkande til at han måtte legge det bak seg. Isak si gamle mor, Oleanne, vart sengeliggande, og Isak og Kristi hadde behov for hjelp til å pleie ho. Solveig Russøy frå Batalden hadde utdanna seg til samaritt etter krigen, og blei enga-

Eivind Viken (t.h.) og Isak Bredvik nedanfor huset i Breivika sommaren 1985.

ETTERLENGTA VEG Dei venta lenge på veg i Breivika, og båten var einaste framkomstmiddel, om ein ikkje tok beina fatt og gjekk langs stranda eller over fjella. Etter kvart mista dei trua på at det skulle bli noko av den planlagde vegen. Først i 1985 fekk dei vegutløysing til Årebrot, men då var også alle naboane mellom Seljestokken og Botnane flytta der frå, og Isak og Solveig satt åleine att. Sjølv om

vegen gjorde det lettare å ta seg fram til Årebrot, baud det også på utfordringa fordi dei no ikkje lenger hadde båtrute, og vegen ikkje gjekk lenger enn til Husefest (nabobygda nordanfor). I 1987 vart resten av vegen til Sørbotnen ferdigstilt, og derifrå var det veg vidare nordover. I 1985 la Isak og Solveig ned gardsdrifta, og på grunn av Isak si sviktande helse, valde dei kort tid etter å flytte til Florø, der Isak døydde i 1989.

Litteratur: Artiklar i Firdaposten Artiklar i Firda Folkeblad Arnfinn Haga – Kystens partisaner Arnfinn Haga: Natt på norskekysten – Bjørn A. Rørholt: Usynlige soldater. Nordmenn i Secret Service forteller. Berit Nøkleby – Pass godt på tirpitz Ragnar Ulstein 1992: Etterretningstjenesten i Norge 1940–45.3: Nettet strammes Ragnar Ulstein 1990: Etterretningstjenesten i Norge 1940–45. B. 2: Harde år Kristian Ottoson 1995: Nordmenn i fangenskap 1940–1945: Alfabetisk register: Intervju med Ståle Sørbotten

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2018.