2018-04 - Oddvar Isene - Portrett av Kjartan Godø

Bildekunstnaren Kjartan Godø

I atelieret sitt på Kjetangen. Foto: Privat.

Gjennom 40 år var han lærar i grunnskulen, dei siste 27 som rektor ved Brandsøy skule. Målar- kunsten vart berre ein «privat» hobby ved sida av, fram til han debuterte offentleg i 1979 med 3 måleri på utstilling i Førdehuset, i regi av Sunnfjord Kunstlag, og i Florø i 1981, med 18 maleri i Vestlansbanken. Etter dette har det blitt mange utstillingar, både separat og saman med andre, over 25 i talet. Han blir ofte kalla heimstadmålaren, då motiva mest er henta frå det heimlege miljøet, byen, havstranda, naturkreftene, det skiftande lyset her på kysten vår. «Det er fargespelet som er det viktigaste for meg», seier Kjartan, som frå 1995 har hatt atelieret sitt på Kjetangen, sør på øya Hovden. Der ligg det vendt mot storhavet, med stormvåte lågtrykk og solgangsvind som vekslar om å skape stemning og inspirasjon.

LÆRARSKULEN GAV RETNING

Det var først på Lærarskulen i Volda, tidleg på 60-talet at han fekk skikkeleg respons og gode tilbakemeldingar. Formingslærar Bernt Vatne såg talentet hos Kjartan, og fekk han på trua til å utvikle det vidare.

I mange år vart målinga ein hobby ved sida av eit svært aktiv liv som pedagog, lærar og rektor i grunnskulen, og som leiar av Flora skuleråd gjennom ei årrekkje. Målarkunsten gav han både inspirasjon og innleving i arbeidet med barn og unge. Han fortel at det gjorde han betre i stand til vere ein inspirerande lærar som kunne forstå

Det er som pensjonist Kjartan har fått best tid til å utvikle sitt talent. Men heilt frå gutedagane har han teikna og malt. Han var fødd i krigsåret 1941, og alt først på 50-talet hadde han skisseblokka med seg rundt i nabolaget og teikna husa til dei som budde der. Skisseblokka var ei kladdebok med tynne blad – noko anna hadde han ikkje råd til. Som 12 åring greidde han å spare nok til å kjøpte sin første målarkopp, og gjorde dei første strøka med pensel og oljemåling, Som 14 åring laga han sin eigen palett, og skrinet til å ha fargane i. Men fargar var dyrt, så det gjekk mest i svart/ kvitt teikningar, som seinare vart fargelagde.

«Florøsjela», frå 1980. «Gamal gard i Ramsdalen», frå 2010.

KUNSTUTDANNING

borna sine ulike evner og føresetnader. Han utvikla eigne prosjekt i fleire fag, særleg naturfag, kunst og handverk, der metodikken var å integrere kreativitet og kunst i læringsprosessen. Det førde m.a. til nye og kreative måtar å lage elevoppgåver på. Som leiar av byggekomiteen for Brandsøy nye skule hadde han eit svært positivt samarbeid med grendelaget og foreldra. Skulen vart bygd som eit fleirbrukshus for bygda og krinsen. Han rosa foreldre og grendelaget for å vere med å bygge ein skule med muligheiter for aktivitetar både i skuletida, og på fritida, særleg var formingsavdelinga lagt til rette for slike aktivitetar.

Først så seint som i 1987 fekk Kjartan starte på formell utdanning som kunstmålar. Då som elev ved Kunstskulen i Førde, gjennom 5 semester, fram til 1989. Samstundes deltok han på fleire kurs og kunstseminar både lokalt og internasjonalt. I 1987 vart han invitert til kunstseminar i Schladming, Østerrike, og vart der god kjend med professor i akvarellmåling, Adolf Osterrider, frå akademiet i Graz. På dette seminaret fekk Kjartan delta saman med ei internasjonal kunstnar- gruppe, i utsmykking av fasaden på Strassganger kultursenter i Graz. I 1989 var han på studiereise til Roma, saman med elevar frå Kunstskulen i Førde. Han har og vore på studietur til Island og til København.

FLORØ MALEKLUBB Sommaren 1979 vart det eit vekekurs i oljemaling for nybegynnarar og vidarekomne i Florø. Det var mange som deltok, og gjennom kursveka vart det vist stor entusiasme, fine takter og ei variert kunstutfalding. Før veka var omme, var Florø Maleklubb eit faktum. Flora med sine mange dyktige amatørmålarar sakna ein stad å vere, måle, sjå kvarande og ut- veksle erfaring, erverva kunnskap, og ikkje minst hente inn fagleg påfyll og inspirasjon. Det var Kjartan Godø og 6 andre kjende lokale målarar, som stifta Florø Maleklubb i Kinnhuset denne sommaren i 1979. Kinnhuset var fast møtestad for klubben i mange å, med arbeidsøkter jamt over kvar 14. dag. Denne møteplassen fekk mykje å seie for dei lokale amatørmålarane utover på 80- og 90-talet.

ETTERTRAKTA KUNST Etter kunstskulen i Førde, tok det meir av med utstillingar og produksjon av nye bilde. I 1991 hadde Kjartan ei stor separatutstilling på Kystmuseet, i regi av Flora Kunstlag, med heile 58 verk, oljemåleri og akvarellar. På opninga vart nær 50 av dei selde. Utover på 90-talet gjekk det slag i slag med salsutstillingar på ulike stader i Sunnfjord. På dei fleste utstillingane vart storparten av bilda merka med raude lappar alt opningskvelden. Noko som viste at Kjartan Godø sine bilde var blitt ettertrakta kunst. Bilda hans er også innkjøpt til ei rekkje offentlege institusjonar og kontor, mellom anna Flora kommune. Han har hatt fleire utsmykkingsoppdrag, m.a. Måløy vidaregåande skule, maritim linje, og Restaurant Thomasine i Florø.

Kjartan med «Vinterlys ved Trovikkaia» frå1980. Foto: Oddvar Isene. «St. Peter» Akvarell frå Roma 1989

I 1995, på 100-års jubileet ved Volda lærarskule, der han tok eksamen i 1963, var han representert med 6 bilde. Dette var ei utstilling av bilde, laga av tidlegare elevar ved skulen. Det var her han 35 år tidlegare hadde fått anerkjenning frå formingslæraren, og fekk trua på seg sjølv, til å gå vidare med kunstemålinga.

NATUREN OG LYSET ER INSPIRASJONEN Saman med kunstnarkona Berit Steen har Kjartan bygd eit vakkert og imponerande hytteanlegg med atelier og kunstgalleri på Kjetangen, sør på øya Hovden. Den vakre naturhagen er det Berit som har utforma. Her bur dei størstedelen av året, og her hentar Kjartan inspirasjon til mange av bilda sine. Han er særleg fascinert av det skiftande lyset ute ved havet – himmelen er aldri einsfarga her ute. Han er kjend for blå fargetonar i bilda sine. «Den som målar mykje himmel og hav, kan ikkje gjere anna enn å like blått», meiner han. Fargane betyr mykje for Kjartan. Det er fargespelet som betyr mest for meg, meir en forma», seier han. Og han likar å sjå kor langt han kan strekkje fargane for å fram ei stemning – kor langt ein kan gå i fargevalet utan å gå over streken. Han er ikkje redd for dei sterke kulørane for å skildre det skiftande vêret i kystland- skapet. Årstidene betyr også mykje for fargevalet. Fargane høyrer særleg våren og hausten til. Vinteren er kvit og grå, og om sommaren er alt det grøne dominerande.

«Haust ved Likkjevatn», frå 2008.

Den store produksjonen til Kjartan Godø viser stor spennvidde, og naturen er den store inspirasjonskjelda, særleg naturen han voks opp i her ute ved havet. Barndommens øy, Hovden, med Barekstad og Kjetangen, har vore og er, ei utømmele bildeverd for Kjartan. Der er nok av inntrykk å formidle, inntrykk som også vart skap gjennom oppveksten, under litt andre livsvilkår enn i dag. Gjennom bilda sine prøver han å skildre dette livet, livet til fiskarbonden og barndommens leik i fjøresteinane og i båten. Bilda hans er utprega figurative, og naturalistiske, men fargebruken tenderar i retning av impresjonisme, der kunsten er å fange lyset, der og da. Og på denne måten formidle ei stemning i landskapet.

EIT LITE KUNSTSENTER VED HAVET Ute på Kjetangen, sør på øya Hovden, har Kjartan Godø og kunstnarkona Berit Steen, som også er kunstmålar, skapt eit intimt lite kunstsenter der dei begge arbeider og bur i store deler av året. Det er blitt eit unikt og imponerande hytteanlegg, med atelier og kunstgalleri, og den vakre naturhagen som Berit har utforma. Gjennom vår, sommar og haust, har begge fokus på stell og vedlikehald av denne hagen, og har oppsyn med hagen sin vekst og skiftande fargeprakt. Det bildeskapande arbeidet er då tona ned, men blir forløyst og vaknar til liv når innetida kjem. Men uansett, denne staden, dette kulturlandskapet, denne himmelen og dette havlyset er det som også framover vil gje heimstadmålaren Kjartan Godø den ultimate inspirasjonen til å skape nye kunstverk.

Heile hytteanlegget på Kjetangen er eit kunstverk i seg sjølv. Foto: Privat.

Kjartan Godø si siste separatutstilling: «Byen og det nære» vart vist i Flora Samfunnshus under byjubileet «Florø 150 år» i 2010. Kjartan arbeider no mot ei ny separatutstilling same stad i oktober 2019.

Kjelder: Intervju med Kjartan Godø Avisartiklar i Firdaposten og Firda Folkeblad

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2018.