2018-03 - Odd Standal - Gymnaset på Nordals-marka 50 år

Gymnaset på Nordals-marka 50 år

22. april 1968 kunne lærarar og elevar flytte inn i det nybygde, men enno uferdige gymnasbygget på Nordalsmarka, – ein merkedag både for Florø og dei vestvende bygdene i Sunnfjord og Nordfjord. Skulen hadde då halde til i Ytre Fjordane kraftlag sine lokale sidan august 1967, éin klasse på engelsklinja og éin på reallinja. Valdemar Lyslo var rektor, og med seg hadde han lektorane Vidar Vaag og Olav Hoaas. Florø realskole hjelpte til med timelærarar i kroppsøving, norsk og fransk.

Flora vidaregåande skule. Foto: Årdal.

13. september 1967. Slik såg det ut på byggeplassen året før skulen vart opna.

Dei første åra var Lyslo åleine skuleleiar ved gymnaset. Han måtte ta seg av stort og smått. Til Flora gymnas kom han frå lektorstilling ved Trondheim katedralskole, men tidlegare hadde han vore rektor ved realskulen i Stjørdal (12 år). Sterke støttespelarar hadde han i skuleutvalet, som på den tida var oppnemnt av fylkesskule- styret: Lensmann Mons Monsen, seinare ordførar i Flora, banksjef Sigmund Frøyen frå Bremanger og lærar Grete Heggelund Vefring frå Florø. Ottar Nordli var lærarrepresentant. I det daglege var det sekretær Kårfinn Stigen som var høgre handa. Han kom frå arkivavdelinga i Kyrkje- og udervisningsdepartementet. Frå Trondheim hadde Lyslo med seg akademiske tradisjonar som han prøvde å omplante til Flora gymnas. Men både ungdommen og lærarane var prega av ei ny tid: Det var slutten av 60-åra med ungdomsopprør, protestrørsler, antikrigsdemonstrasjonar og kvinnefrigjering. Ved den høgtidelege avslutninga for første kullet i 1970 møtte ingen artianar med studenthue. Lyslo skriv i dagboka: «Det ser ut som at studentlua no vert rekna som eit slags «ånds- snobberi». Kanskje er det noko i dette? Dei unge lektorane ved Flora gymnas har heller ikkje stu-

Utan strid skjedde det ikkje at det nye gymnaset i fylket hamna i Florø. Frå før var det gymnas i Sogndal, på Sandane og Nordfjordeid, altså i indre strok, og berre i to av dei tre fogderia. Alt i 1959 behandla fylkestinget ei sak om gymnasutbygging i Sogn og Fjordane. Ein av konklusjonane var det det burde etablerast gymnas i Sunnfjord. Fleirtalet meinte i Førde, mindretalet i Florø. Med andre ord låg det an til ein lokaliseringsstrid av den typen som har vore, og er, ei av merkevarene til Sogn og Fjordane. Men før fylkestinget i 1962 opplyste Florø at kommunen var klar til å ta på seg vertskommuneansvaret. Kor mykje dette utspelet hadde å seie for utfallet, er vanskeleg å vite, men skulen vart plassert i Florø med 26 mot 12 røyster. Finansieringa av gymnaset var eit spleiselag mellom fylkeskommunen, kommunen og staten. Kommunen tok oppgåva si alvorleg og hjelpte til på mange vis, m.a. når det galdt å få reist bustadar til lærarane. Verre vart det med idrettsplass i tilknyting til gymnaset. Dette vart ei sak der skulen stanga hovudet mot veggen i mange år: Ikkje ville statlege organ yte støtte, ikkje fylket og ikkje kommunen. Løysinga vart i første omgang grøfting og planering på dugnad. Orden vart det ikkje før Florahallen stod ferdig i 1979.

Administrasjon og lærarar 23.08. 1968: Sitjande frå venstre: Kåre Haugland, Ottar Nordli, Vidar Vaag, Bergljot Lyslo, Valdemar Lyslo, Marta Marie (Lilleba) Nybø, Olav Hoaas. Ståande frå venstre: Kårfinn Stigen, Magne Føleide, Jens Wollebæk, Bertolf Eikås. Foto: Årdal.

lagt for det som vart Flora vidaregåande skule, med allmennfag, handels- og kontorfag, og ei rekkje yrkesfag, – alt saman realisert frå hausten 1977, sjølv om bygningane ikkje var ferdige. Då hadde skulen også vore gjennom ein heit strid om 5-dagarsveke, om elevane si deltaking i tilsetjingssaker og mangt anna. Eit levande skulesamfunn, altså. Som lever i beste velgåande. – Floraminne ønskjer lukke til vidare!

REKTORAR GJENNOM DEI 50 ÅRA: 1967 – 1981: Valdemar Lyslo 1981 – 1999: Bjarte Sindre 1999 – 2008: Odd Standal 2008 – d.d.: Knut Christian Clausen

Kjelder: Engesæter/Thue: Sogn og Fjordane fylkeskommune gjennom 150 år Losnegård: Historia om Flora, bd. 3 Arkivet på Flora vidaregåande skule Firdaposten/arkiv Firda Folkeblad/arkiv

dentlue og ser på det som snobberi. Det er tydeleg eit generasjonsskifte innanfor lektorstanden.» Generasjonsskifte var det på meir enn ein måte. Gymnasstrukturen hadde vore under politisk lupe i fleire år. Gjelsvik-komiteen la grunnlaget for ein langvarig reformprosess som heldt fram gjennom Steen-komiteen og resulterte i den nye lova frå 1974 om vidaregåande opplæring. Einskapsskulen hadde tatt eit langt steg oppover i aldersgruppene! Også i Sogn og Fjordane hadde det lenge vore arbeidd med nye skuleplanar. Fylket var det første som la fram ein samla utbyggingsplan, den såkalla Åm-planen (etter skuledirektør Åm). Planen var sterkt desentraliserande. Sverre Aas vart fylkesskulesjef i 1971, og han heldt fram og gjorde eit grundig arbeid, så grundig at planen vart samrøystes vedteken på fylkestinget hausten 1971. Han delte fylket i 12 skuleområde med fullverdige tilbod, og dessutan la han opp til eit nett av filialklassar. For Flora sitt vedkommande starta det vidare arbeidet i oktober 1972 i regi av ei gruppe oppnemnd av fylkesskulestyret. Her vart grunnlaget

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2018.