2018-02 - Edvin Helgheim - Om fotograf Horne og samlinga av bilde

Fotografen på sildefeltet

25 000 HORNE-BILDE PÅ NETT!

50-åra vart ei svært aktiv og viktig tid for Florø. I sildetida voks folketalet til det mangedoble, og det var eit yrande av liv i hamna og ute på fiskefeltet. Folk og båtar frå heile Sunnfjord, og kysten nordover og sørover, kom til byen og var med på sildeeventyret. Temperaturen var høg når det vart spelt opp til dans i Fram!

Det klassiske Horne-motivet. Storsildfisket, februar 1953. Landligge ein stille sundag. Sildeflåten i indre hamn. Bildet tatt frå Litjeåsen mot hermetikkfabrikken og austover. Foto: MN HORNE, Florø.

Dramatikken var stor når det blei kasta på silda rett utanfor kysten. Båtane kom fullasta inn att, så det knapt var klaring mellom sjøen og ripa. Store fangstar vart fanga i snurpenøtene som blei strekte mellom hovudbåten og hjelpebåtane, og det kokte i «notposane».

Dette var dramatisk for dei som var med, og pengar tente dei òg. Ikkje rart at dei gjerne ville ha bilde av det som skjedde for å sende dei innover til Viksdalen, Angedalen og Jølster. Det var enno ikkje tida for telefonar som kunne ta bilde, iPhonane var ukjende. Men rundt dei kokande nøtene

Hamna i Florø under vintersildfisket. Ein søkklasta båt med sild blir lossa ved hjelp av mannskapet om bord og ein stor grabb. Foto: MN HORNE, Florø.

Annonse i Firda Folkeblad.

kjende av Hornemotiva, men dei er langt frå alle. Dette har blitt godt dokumentert dei siste åra, når heile fotosamlinga til Horne blir digitalisert og no etter kvart blir lagt ut på Fylkesarkivet sine sider. No blir dei tilgjengelege for alle som har ei datamaskin, og kan søke opp motiva. Elsa Horne trur at neste år kan ca. 25 000 motiv søkast opp, altså så godt som heile samlinga. Ryddinga i arkivet og digitaliseringa av bilda starta for ca. 15 år sidan, og er eit samarbeid mellom Fylkesarkivet, Flora kommune og Hornefamilien, m.a. med støtte frå Kulturrådet. Elsa Horne, dottera til Malvin og sjølv utdanna fotograf, har heile tida stått i spissen for arbeidet.

og mellom fiskebåtane ute på fiskefeltet ved Kinn, dukka fotografane med sine kamera opp og fotograferte dramatikken i dei store kasta. Når dei hadde fanga sine motiv frå mange nok båtar, drog dei raskt til lands, og i dei tronge mørkeromma blei dagens fangst på filmrullane framkalla. Bilda frå fiskefelta, voks fram i fotobadet, på fotopapira, og bilda vart hengde opp i vindauga i fotoforretninga. Og når fiskarane kom våte og slitne til lands, kunne dei på bilda i vindauga sjå seg sjølve i aksjon på fiskefeltet. Då kunne dei gå inn i forretninga og bestille bilde som dei ville få sendt heim. I fotobutikkane var det nesten døgnopen drift, og det var sjølvsagt gode tider for fotografane. I Florø var det først og fremst Kåre Botnmark og Malvin Horne. Hos Horne var det denne tida opp mot 10 tilsette på det meste. Horne sine mest kjende motiv vart sendt ut over heile landet. Dette var ein imponerande moderne og aktuell måte å drive fotoverksemd på. Kreativt, offensivt, ville vi sagt i dag. Horne si samling av foto frå fiskeria utanfor kysten her, er ei av dei største i landet når det gjeld dokumentasjon av denne viktige næringa.

Sildefiskebilda og landskapsbilda er dei mest

EIT OMFATTANDE OG VERDFULLT ARBEID Det er ikkje berre å digitalisere og legge ut bilda. Dei må katalogiserast, det må leggast ut opplysingar om kva vi ser på bilda, og det må leggast inn namn og andre søkeord, så det blir lettare å finne fram til rette bilda. Denne jobben har Elsa gjort på dugnad. Ho og mange gode hjelparar i Flora og Bremanger har funne namn på dei fleste folka og motiva på negativane, og har kunna legge ut opplysningar som gjer at bilda får mangedobla verdi for dei som ser dei.

Florø by kring 1950. Strandgata sett frå sjøen mot sør. Utgraving av tomta der Andreas Standal førte opp det som i ettertid blei kaldt Landbruk-bygget. Huset bak til venstre hyste m.a. Nordal kafe. Foto: MN HORNE, Florø.

imponerande arbeidet til Malvin, som han fekk for få år til å fullføre. Familien inngjekk avtale med Fylkesarkivet, som fekk heile samlinga som ei testamentarisk gåve og som skal sørge for at flest mogeleg får gleda av bilda.

RÅKA AV SJUKDOM Det var ikkje gjeve at Malvin skulle bli fotograf. Han vaks opp på garden Horne, på Kvellestad i Vevring. Faren var murar, men kjøpte ôg opp båt- ar, m.a. ein galeas som han fekk bygd om til ein fiskesnurpar, «Stanley». Far og sønene, «Horne- karane», dreiv òg alle slags fiskeri. Seinare ut på 60-tallet når det store sildeeventyret var over, bygde dei igjen om båten og kjøpte større og flottare båtar som dei brukte til fraktebåtar langs norskekysten.

«Eg har vakse opp i eit mørkerom så eg kan faget. Dermed forstår eg faget når eg jobbar med bilda i samlinga», seier Elsa. Ho var ikkje så veldig gammal før ho var med far sin i heile fotoprosessen, var med ut på sildefelta og stod i mørkerommet når det trongst. Av og til kunne det hende at faren sa: «I morgon går du ikkje på skulen, det har vi ikkje tid til!» – Utan at det var snakk om barnearbeid! Elsa reiste til Bergen og gjekk i lære for å utdanne seg til fotograf, men seinare valde ho andre yrkesvegar. «Kystfotografen» sjølv vart berre 58 år, og døydde i 1962. Firmaet vart lagt ned. Kona til Malvin, Marie Aarseth frå Vevring hadde stått tett i lag med mannen i fotoforretninga, men ho såg seg ikkje syn med å drive forretninga vidare. Heldigvis tok ho vare på heile arkivet, og fotoskatten var berga, slik at vi no i dag kan sjå heile det

Men Malvin vart råka av sjukdom, m.a. gikt-

OVERTOK ETTER FOTOGRAF TONNING

Brudeparet Marie Mentzdotter Aarseth Horne og fotograf Malvin Nikolaison Horne 1939. Marie var frå Vevring og Malvin frå Kvellestad i Førdefjorden. Foto: MN HORNE, Florø.

25 år gammal reiste Horne til Florø, der han tok over fotografiatelieret til fotograf Tonning frå Stryn. Han hadde etablert seg med fotografiatelier i Stenseth sitt hus, Strandgata 41A, ein del år tidlegare. Fotograf Tonning hadde då overtatt ein del av fotograf Chr. Berg sitt fotografutstyr, m.a. det kjende bakteppet og mange glasplater frå Berg sitt fotoarkiv. Fotograf Berg var ein fotopioner i Florø. Horne gjekk seinare opp til svenneprøve og fekk svennebrev hos fotograf Tonning i Stryn, han var då klar for ei omfattande fotogjerning i Florø. Frå 1939 starta han opp «Fotoatelier og Butikk» i Strandgata 17. Der dreiv han fotoforretninga til han døydde. Fotobutikken vart ein sentral møteplass I Strandgata, mange hadde ærend dit. Det var sagt om Horne at han hadde ein lun og omgjengeleg veremåte, noko som gjorde at folk syns det var ei glede å gå til fotografen. Marie og resten av familien eigde huset. Det er no ein del av Horne Brygge, med stor nærings- aktivitet og der bygningane blir tekne vare på og utbygde. Utanom Elsa er Wenche og Myrtell døtr- ene, og Malvin jr. sonen i familien. Det høyrer med til soga at søstera til Marie òg vart fotograf. Else Aarseth vart ein dyktig og kjend fotograf. På 50-talet arbeidde ho som fotograf hos Horne, men seinare flytta ho til Oslo, der ho vart sjef for fototeknisk avdeling på Rikshospitalet.

feber, noko som førde til at han ikkje kunne bli fiskar og arbeide saman med familien sin. Men han vart tidleg interessert i fotografering og fekk rigga seg til med fotoutstyr på Horne. Han kom i kontakt med fotograf Ludvig Vatne frå Helle lenger inne i fjorden, dei eksperimenterte med mørkeromsarbeid.

EIN FRAMSYNT OG ALLSIDIG FOTOGRAF Malvin var ein allsidig fotograf. Dei sikre inntektene hadde han når han fotograferte i barnedåp, bryllaup, åremålsdagar og liknande. Han dokumenterte òg songarstemne, musikkstemne,

Fotoplate portrett 1943. Oppe frå venstre: 1) Ukjend 2) Else Margrethe Osland f. Sætre, frå Florø 3) Amanda Varpe. Bremanger. 4) Tysk soldat. Ukjend. Foto: MN HORNE, Florø.

godtemplarsamlingar og gravferder og ved likskue, som var vanleg den tida. Passfoto og foto til Grensebuarbevis under krigen, var òg viktig. Men fotograf Horne ville ha eit vidare utsyn. Han blei lagt merke til når han køyrde rundt i sin Opel Olympia Cabriolet frå 1936. Når han var ute på meir offisielle fotooppdrag, t.d. familiefotografering, nytta han òg høvet til å ta bilde av folkeliv og arbeidsliv. Han og Marie hadde slekt innover Førdefjorden og Eikefjorden. Vegen gjekk ofte til Lykkjebøen og Vasset, der han tok mange bilde av folk i arbeid og fest. Dette er ein viktig del av fotosamlinga, og ein viktig dokumentasjon av tida, ikkje minst i Florø, sjølvsagt. Bilda viser byen som voks fram. Utsiktsplassen på austsida av Litjeåsen var eit godt utsiktspunkt for å ta bilde av byen og innover heilt inn mot Ankerløkken. Det er mykje samfunnsutvikling å lese av bilda frå etterkrigstida i Florø.

Han leigde seg rom i bl.a. i Svelgen der han tok i mot fotooppdrag, men han hadde og mange oppdrag i heile Bremanger. Bilda frå Bremanger finn ein òg i Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, i fotosamlinga etter fotograf M.N. Horne. Dei ligg digitalisert, registrert og søkbare på nettet. Under krigen var det vanskeleg å få tak i film og fotopapir, men det er utruleg kor mykje han fotograferte då, trass i materialmangel. 1945 reiste han til Trondheim for å delta på eit stort fotokurs for fotografar, med deltakarar frå heile landet. Det var rett etter krigen og det gjaldt å oppdatere seg i nye fototeknikkar og nytt fotografisk materiale som var blitt utvikla i Amerika og Tyskland under krigen. Han ville vere med i den nye tida og oppdatere seg heile tida i fotografifaget. Han hadde sikkert mykje ugjort då han døydde 58 år gammal i 1962. Arven etter han er likevel stor, som fotosamlinga viser – og den er no open for alle!

17. mai-tog i Florø rundt 1950. Toget tok seg ein tur nedom Moloa,. Det store «huset» midt på bildet er lagra sildekassar! Foto: MN HORNE, Florø.

SØK I AKIVET

Du kan søke i heile det rikhaldige arkivet av bilde etter fotograf Malvin Horne. Ikkje alle bilde er digitialiserte enno, men seinare ut i 2019/2020 skulle mesteparten av dei ca. 25 000 bilda vere å søkbare i Fylkesarkivet. Ei tematisk oppdeling av arkivet, gjer det lettare å leite etter bilde:

HOVUDARKIVET/ATELIER Her finn du bilde hovudsakleg fotograferte for oppdragsgjevar på atelier eller der denne måtte ynskje fotografering. Så som bryllaup, konfirmasjon, passfoto, familiebilde, portrett, barnebilde, barnedåp, bedrifter, institusjonar, skulebilde, gravferd, post mortembilde og mykje meir.

SILDEARKIVET/Frå det store sildeeventyret Under det store sildefisket i 50 åra voks forretninga. På det meste var det 7–10 tilsette, av dei 3 fotografar, og nesten døgnopen butikk! Det var hektiske arbeidsår. I arkivet er det bilde fotografert på fiskefeltet, under aktiv fisking og snurping. Båtar på veg til land med fangst for inn- melding/ lossing. Arbeidsliv i hamna, sildesalting i tønner og ising i kassar. Her er bilde av byliv, byoriginalar, arbeid ved sildoljefabrikkane og sildemottak. Her er bilde av så og seie alle fiskebåtane i heile Norge. Sildearkivet er kanskje eit av dei største i heile Norge. Her er ingen oppdragsgjevar. Dette er bilde han tok på eige initiativ. Bilda vart selt til fiskarane og reiarane.

PROSPEKTKORTARKIVET/ LANDSKAPSBILDE Dette er kanskje den mest spanande del av arkivet. Bybilde, og situasjonsbilde frå Florø by. Her er det bilde frå krigens dagar, då det ikkje var lov å fotografere. Bilde frå jordbruk og fiskemiljø frå gamle Kinn, Bru, Eikefjord, Vevring, Bremanger, Askvoll og Flora kommune. Dette er bilde fotograf Horne tok utan oppdragsgjevar. Dette er bilde han såg. Her er landskapsbilde frå Florø og omland som han tok då han var på fotoreise med bilen sin. Mange av desse kjende bilda selde han i tusental til bl.a. Økland Bokhandel, Florø som fekk einerett på sal av desse prospektkorta. Dei er ikkje merka med fotograf M.N.Horne sitt namn, men negativa ligg i fotoarkivet.

PASSFOTO TIL GRENSEBUARBEVIS/PASSERSETEL For å kunne forlate byen eller heimbygda si under krigen, måtte ein ha Grensebuarbevis. Då reiste fotograf Horne rundt i bygdene og fotograferte passbilde, så bøndene og fiskarane skulle sleppe å reise til Florø, ei dagsreise for mange den gong, utan vegar og bussar. Folk i Florø oppsøkte fotoatelieret i Florø for å få tatt det nødvendige passbilde. Mange tyske soldatar og offiserar tok og passbilde på atelieret då dei og måtte ha legitimasjon. Dette er ein unikt portrett/passfoto-dokumentasjon av folk som levde på denne tid i by og bygd i ytre Sunnfjord.

SLIK FINN DU BILDA: 1. Logg deg inn på www.fylkesarkivet.no 2. Du kjem inn på framsida for fylkesarkivet. Trykk på Foto (fotorull) 3. Du er inne på framsida til fotoarkivet. Søk i fotoarkiv, til venstre. 4. Hak ut for Avansert 5. På skjema: fyll ut i lokalsignatur-feltet: mnhorne 6. I omtalefeltet: Fyll inn det du ønsker å søke etter t.d. namn, (søk helst etternamn då får du opp alt på det namnet.) evt. motivord osv. Prøv deg fra, bruk fantasien på søket ditt. 7. BERRE HIV DEG UT I! SNART HAR 25 000 BILDE Å VELGE MELLOM?

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2018.