2018-01 - Grethe Stavø - Om etableringa av fiskarfagskulen i Florø og historia til skulen

Ein skule for fiskarar

At Florø har hatt ei skulelinje knytt til båt og fiskeri, er kanskje ikkje så kjent. Godt vaksne folk i Flora hugsar likevel Fiskarfagskulen i Florø.

OPPSTARTEN

Magnus Seim.

Fiskarfagskulen i Florø blei oppretta i ei tid der fiskeflåten vaks, og ein fekk eit aukande behov for utdanna fiskeskipparar, maskinistar og stuertar. Båtane hadde fått nye og fleire navigasjonsinstrument, større og meir avanserte maskiner. Det hadde også blitt eit auka fokus på kosthaldet til fiskarane, større og større delar av fiskeria gjekk etterkvart føre seg i fjernare farvatn. Krava til proviantering og kosthald om bord hadde difor auka. Alt dette gjorde at behovet for meir kunnskap om det å vere fiskar blei tydeleg.

Magnus Seim frå Kinn var ein ivrig pådrivar for kunnskap og opplæring mellom fiskarane, og i 1913/1914 skreiv han eit brev til ordførarane i kystkommunane i Sogn og Fjordane. Her lufta han tanken om ein skule for ungdom i kystbygdene som skulle dyktiggjere dei i arbeidet som fiskarar. Nye tankar treng gjerne tid til å modnast, men i 1920 blei det vedteke på fylkestinget at ein slik skule skulle setjast i gang. Som så ofte elles ved nyetableringar blei det strid om stadvalet. Alternativa var Florø, Måløy, Bremanger, Kinn og Askvoll. Ein slik skule ville trenge internat, og dette ville bli dyrt å bygge. Florø hadde Vårsild-avgiftsfondet sitt sjukehus ståande tomt, og fekk difor tilslaget. Så allereie hausten etter, 1. september 1921, kunne 26 elevar møte til første skuledag. Ein skuleplan var blitt utarbeidd i samråd med fiskeri- direktøren. Den la vekt på at skulen skulle, i tillegg til å vere ein fagskule innan navigasjon, motorlære og sjømannskap, vere allmenndannande og «vekkjande». Kanskje anar vi ein tanke om at dette skulle vere ein slags maritim folkehøgskule. Den første styraren var Ragnvald Torv- anger frå Bremanger. Han var utdanna teolog, men kom frå ein fiskar- familie og hadde sjøl vore fiskar. Skulen starta opp med undervisning i navigasjon, motorlære, fiskerifag og sjømannskap. Lærarar dei første åra var Nils Engja, Mathea Engja og Ole Johan H. Molnes. Amalie Molnes var tilsett som kontorhjelp.

Fiskarfagskulen i Hans Blomgata. Foto: Allkunne/Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.


Ragnar Torvanger.

SKULE PÅ FLYTTEFOT
I 1924 måtte skulen sjå seg om etter nye lokale, då Røde Kors trong bygningen til sjukehus. Lokaliseringstriden blussa opp igjen, og for å hindre at Florø mista skulen, blei Sunnfjord Høgskule- lag danna. Dei fekk i oppgåve å finne eit nytt lokale, og kjøpte då den gamle doktorbustaden på Lindheim. Den fekk namnet Høgskuleheimen etter eigaren: Sunnfjord høgskulelag. Nils Engja hadde då overtatt som styrar, ei stilling han hadde fram til Staten overtok drifta av skulen i 1947. Huset blei ombygd og påbygd, noko som ga skulen betre plass. Skulen var populær og godt omtykt langs kysten, den fekk mange søkarar og blei snart for liten. I 1936 fekk difor fylket kjøpe det gamle sjukehuset av Vårsildavgiftsfondet og delar av skulen kunne flytte tilbake i sjukehusbygget i Hans Blomgata 10, der Alderssenteret ligg i dag. Her blei det skule og internat for gutane og den gamle skulen blei skule og internat for jentene, som no hadde fått sleppe til.

Høgskuleheimen. Foto: Allkunne/Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.

Elevar og lærarar ved Fylkesfiskarskulen 1933/34. Foto: MN HORNE, Florø.

I 1930 blei det oppretta kurs i matstell for både jenter og gutar. Her frå skuleåret 1933/34. Foto: MN HORNE, Florø.

Skuleåret 1937/38. Husstell-og husflidslinja ved Fylkesfiskarskulen heldt til i Høgskuleheimen. Foto: MN HORNE, Florø.

Elevar og lærarar ved Fylkesfiskarskulen skuleåret 1946/47. Dette var det siste året som Fylkesfiskar- skule, før staten tok over i 1947. Foto: MN HORNE, Florø.

I 1930 var det nemleg blitt oppretta korte kurs i matstell for både gutar og jenter. Dette var eit tilbod som kom i tillegg til den først etablerte opplæringa i navigasjon, motorlære og sjømannskap. Fiskeridirektøren var svært begeistra for tiltaket, og desse kursa blei veldig populære. Så ei tid var både gutar og jenter elevar på Fylkesfiskarskulen. Gutane som hadde slike kurs blei ettertrakta som stuertar og kokkar på fiskebåtane.

naturleg at Florø fekk ei slik linje. Nokre av dei statlege fiskarfagskulane hadde også motorlinje. Fiskeskipparlinja var ei årslinje, stuertlinja halvårleg, med to kurs kvart år. Det første året begynte 17 på fiskeskipparlinja og åtte på stuertlinja. Sidan stuertlinja var halv- årleg, var dette eit av to kurs dette året. Berre vel halvparten av elevane kom frå Sogn og Fjordane, skulen hadde elevar også frå Hordaland, Rogaland, Nordland og Finnmark.

STATEN TAR OVER I 1947 blei det vedtatt oppretta fem statlege fiskarfagskular, og ein av desse blei lagt til Florø. Sogn og Fjordane Fiskarlag var ei sterk pådrivar her. Etter ein del diskusjon bestemte ein at det ikkje skulle etablerast ein heilt ny skule, men la den eksisterande fylkesfiskarskulen i Florø bli vidareført som ein av dei statlege skulane. Skulen fekk to linjer, ei fiskeskipparlinje/kystfiskarlinje og ei stuertlinje. Sidan skulen i Florø hadde erfaring med opplæring i matstell, var det

Skulen hadde jamt over god søkning, men på 50-talet la ein merke til at ungdom frå distriktet i mindre grad søkte skuleplass, mens det var god søknad frå andre fylke. I 1953 var for eksempel berre 15% av elevane frå Sogn og Fjordane. Dette bekymra både styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag, og sjølsagt leiinga ved skulen. Men med tanke på det silde-eventyret som gjekk føre seg på feltet rett utanfor stuedøra i desse åra, var det rimeleg at det var meir freistande å vere på fiske enn å slite skulebenken vinterstid.

Elevar på stuertlinja. Lærar var Hans Fossedal. Foto: MN HORNE, Florø.

MANGE EKSKURSJONAR PÅ PROGRAMMET

Styrar på den statlege fiskarfagskulen blei OHJ Molnes som hadde vore lærar ved Fylkesfiskar- skulen. Han heldt også fram med å ha under- visning. Ved sida av jobben som lærar og skule- styrar var han og sekretær for Sogn og Fjordane Fiskarlag. Navigasjonslærar var Sverre Remøy, og Hans Fossedal hadde ansvaret for kjøkenet og kokkeopplæringa. Lars Klakegg underviste i ein del allmenne fag. Ein hadde og timelærarar. Lege Sverre Roald i helselære, overrettsakførar Andreas Hodnefjeld i sjørett og ingeniør Dagfinn Sindre i maskinlære.

Elles besøkte klassar også fiskeriforsøkstasjonar i Norge, og var på ekskursjon til både Danmark og Skottland. Her fekk ein mellom anna besøke fiskemarknadar, trålfabrikkar, tilverkningstadar og fileteringsfabrikkar. Ein besøkte og mekaniske verkstadar og redskapsfabrikkar. I Danmark fekk dei og besøke ein fiskarfagskule. Stuertklassa var sjølvsagt med på turane på sjøen, og sto for proviantering og matlaging. På ein tidagarstur gjekk det med store mengder mat. Sidan fryseboksane ikkje hadde funne vegen til byssa enno, var det mykje boksemat og salt fisk som sto på menyen. Som ein kurositet kan nemnast at på provianteringslista til ein tur til Aberdeen i 1948 finn ein bestilling på 4000 sigarettar og ein halvt kilo pipetobakk til bruk for lærarar og elevar. Som nemnt tidlegare var det i samråd med fiskeridirektøren utarbeidd skuleplanar. Interessant er å lese om korleis målet ikkje berre var å dyktiggjere elevane i det dei hadde erfaring med, men å utvide kunnskapen for å kunne omstille seg og legge om drifta når det viste seg å bli nødvendig: «Undervisningen skal gi eleven kjennskap til annet fiske enn det de har drevet før, lære dem å kjenne andre fiskefelter, andre metoder og andre tenkelige fiskemuligheter…..» Kunnskap om forvaltning av fiskerressursane var også sentralt i planen: «Elvene skal få kunnskap om og forståelse av naturgrunnlaget for fiskeriene...En skal lære at havet ikke er uttømmelig, men at fiskemulighetene kan ødelegges eller forringes ved rovdrift eller uvettig utnyttelse».

KVA LÆRTE EIN? Det blei undervist i fag knytt til kvar linje. Dette var fag som navigasjon, motorlære, tilverknad av fisk på kystskipperlinja, og matstell og baking på stuertlinja. I tillegg blei det også undervist i allmenne fag som var felles for begge linjene; norsk, rekning, reknskapsførsel, naturfag, engelsk og helselære. Tanken om at slike allmenne fag var viktig også for fiskaren, viser også igjen i planen, «Under- visninga skal gi elevene en bedre almennutdannelse enn den folkeskolen gir. ...All undervisning virker utviklende på evnen til å orientere seg i de forskjellige problemer som oppstår og den utvikler tenkeevnen… Den gir livet mye rikere for den enkelte». Felles for begge linjene var den sterke praktiske orienteringa, både ved opptak til skulen og i undervisninga. På linja for fiskeskippar måtte ein for eksempel ha relevant praksis for å bli tatt opp; to års fartstid blei kravd. Til kokkelinja blei det kravd eit års fartstid. Ein stor del av undervisningstida var også også av praktisk karakter. Stuertlinja var sjølsagt praktisk, under leiing av Hans Fossedal. I fag som navigasjon blei ein gjort kjent med moderne navigasjonsutstyr. Undervisninga i motorlære hadde Dagfinn Sindre ansvar for, og den gjekk føre seg på ettermiddagstid i verkstaden hans. Delar av undervisninga gjekk og naturleg nok føre seg på sjøen. I årsrapporten for 1947/48 skriv skulestyrar OHJ Molnes mellom anna at elevane dette skuleåret har fått vere med på kvalfangst etter småkval med kvalfangaren «Barmøy». Med MK «Havgard» hadde dei også vore på fiske i Nordsjøen og hadde då fått øvd seg i praktisk navigasjon og fått erfaring med blant anna linefiske og fiske med snurrevad.

JENTENE KJEM Som ei utviding av tilbodet til jenter, fekk vi det som blei kalla ei «jentelinje». Dette var eit tilbod til jenter som skulle lære seg matstell og husflid til bruk i hus og heim. I tillegg skulle det undervisast i allmenne fag. Denne linja blei altså ikkje ein del av fiskarfagskulen, men blei driven vidare som ein «fylkesskule» og hadde eit visst folkehøgskulepreg. Det var den tidlegare styraren ved Fylkes- fiskarskulen, Nils Engja, som dreiv skulen saman med kona Mathea Engja. Med seg hadde dei to faglærarar i husstell, frk Aksnes (matstell), Kristine

Elevar ved husstell og husflidslinja skuleåret 1946–47. Foto: MN HORNE, Florø.

Elevar ved husflid og husstell-linja ca. 1938. Foto: MN HORNE, Florø.

Elevar og lærarar ved Statens Fiskarfagskule 1953/54. Foto: MN HORNE, Florø.

Marie Horne, Elvine Båsund og Marie Standal i bunadar dei sjølv hadde sydd. Skuleåret 1937/38. Foto: MN HORNE, Florø.

Valaker (baking). Johanna Solheim underviste i saum saman med Mathea Engja. Det var under dei to siste si leiing at kystvarianten av Sunnfjordbunaden blei utvikla ved skulen. Den hadde i utgangspunktet svart stakk og grønt liv. Etterkvart kom det til ein heilt blå og ein med blå stakk og raudt liv. Ein hadde vevde fang-

band eller forkle. Fleire av jentene sydde sin eigen bunad. Då vov ein stoffet sjølv, tilliks med banda. På bildet over legg vi merke til at bunadane var kortare enn det som er vanleg i dag. Fiskarfagskulen var ein internatskule. I den gamle sjukehusbygningen i Hans Blomgata var det internat og skule for gutane. På Høgskuleheimen

På byrjinga av 60-talet gjekk søknaden til skulen ned, Då hadde storsilda forsvunne frå kysten og talet på elevar hadde gått ned. I 1963 blei skulen lagt ned. Då hadde søkartalet komme under 25, som var minstekravet

SKULEN BLEI KAFÉ Etter at skulen var nedlagd, dreiv Sunnfjord Høgskulelag fram til 1975 kafé og pensjonat på Høgskuleheimen. I den perioden blei huset mykje brukt som forsamlingslokale, for eksempel til konfirmasjon, bryllaup, danseskule, osv. Bygget vart rive i 1977 for å gje plass til stasjonsanlegga til Firda Billag, og Sunnfjord Høgskulelag skaut pengane dei fekk som oppgjer inn i det nye Kystmuseet.

var det tilsvarande for jentene. Undervisning, kost og opphald var gratis, men bøker og skule- materiell måtte elevane likevel koste sjøl. Passande kle var påkrevd. Kravet til kokkeelevane var for eksempel at dei måtte ha to kvite jakker og kokkelue og dei som gjekk fiskeskipparlinja måtte ha høvelege kle som sjøhyre. Både på Høgskuleheimen og på fiskarfag- skulen i Hans Blomgata var det lagt vekt på at elevane skulle trivast. Elevlag var danna, og det blei halde elevkveldar og tilstelningar for dei. Då var gutane og jentene samla. Engja var for eksempel opptatt av at elevane skulle lære seg folkedans, og dei var på tilstelningar med dette i Fram. Seinare blei Ottar Norli rektor, noko han var fram til skulen blei lagt ned i 1963. Norli hadde komme til skulen i 1950 som nyutdanna marin- biolog. Audny Solheim Olsen var sekretær ved skulen og gifta seg seinare med Ottar Norli.

Kjelder: Skriftlege kjelder: Harald J. Stavang: Flora – Kulturhistorisk vegvisar Sogn og Fjordane Fylkesleksikon Årsrapport frå Statens Fiskarfagskule i Florø, 1947/48 «Fiskeriundervisningen», hefte i Fiskeridirektoratets serie: Årsberetninger vedkommende Norges fiskerier Fiskeridirektorates småskrifter, nr 5 1959: Plan for Statens Fiskarfagskoler Statens Fiskarfagskule, korrespondanse 1947–50. Statsarkivet i Bergen Firdaposten, arkiv Digital kjelde (bilde): Hornesamlinga Fylkesarkivet Munnlege kjelder: Siv Liset, Bjarte Sindre, Svein Johan Solheim

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2018.