Historien om Svanøy – Sunnfjords perle
Bokmelding ved Eva Skomsø Svanøe
I sommar kom det ut ei bok om Svanøy. Forfattaren Alvhild Ragnfrid Svanøe kom til Svanøy på slutten av 50-talet, då ho gifte seg med bonden på Erikstad. Ho kom då til ein gard der dei var flinke til å ta vare på fortida, i form av dagbøker, bilete, avisutklipp og reiskap. Alvhild sysla med tanken om å kunne få dele kunnskapen sin, men eit bokprosjekt vart gjerne for stort. Då tok borna hennar tak i draumen og fekk den realisert.
Alvhild Svanøe: «Historien om Svanøy, Sunnfjords Perle». Elefantus Forlag, 2017 Boka blir seld på Svanøy Handel, eller kan kjøpast ved å ta direkte kontakt med familien.
Det er ei innbydande bok. Rikt illustrert av gamle og nye fotografi. Ekstra spennande er det med dei avbileta måleria, dei fleste måla av Hans Svanøe. Språket er munnleg i forma, som om den eldre forfattaren fortel direkte til deg. I motsetnad til andre bøker som er utgjeve der hovudfokuset er på Hovedgården, er her fokuset tydeleg på Erikstad. Ein del emne er svært generelle, slik som «Svartedauden», men Svanøe har også gjort desse delane til dels relevante. Noko som er svært positivt med boka, er at tenestefolk og folk på gardar «under» Erikstad har fått omtale. Desse var m.a. «Kvalstadfolket». Seinare vart Kvalstad ein heilt sjølvstendig gard. Far til svigerfar til Svanøe delte Erikstad i to mellom sønene sine. Einar vart verande på Erikstad, Ingolf sette bu på Kvalstad. Boka er ikkje ei historisk heilt autentisk bok. Leitar du, finn du nok opplysningar som ikkje heilt ut kan dokumenterast. Her er ingen fotnotar som fortel om kjelder. Men eigentleg blir dette opplevd som Alvhild Svanøe sine eigne «erindringar», og då vert kravet til kjeldebruk mindre viktig. På slutten av boka er der ein bolk med forteljingar. Så vidt eg kjenner til, har desse ikkje vore nedskrivne før. Eg kjenner nokre av dei, men absolutt ikkje alle. Det er verdfullt at desse no er nedskrivne. Alt i alt kan eg seie at boka om Sunnfjords perle, er ei lita perle.


Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2017.