«Spor i blod, fanga av vikingar i Irland»
Bokmelding av Oddvar Isene
Dette er tittelen på ei ny bok som vart lansert i Florø under Kinnaspelet i år. Boka er ein roman som handlar om jakta på etterkomarar etter tre irske prinsesser, og slektskap mellom keltarane i Irland og folket på Vestlandet, særleg Strilane. Ein av hovudper- sonane i romanen, den arbeidslause journalisten Birger Nordvik, fangar interesse for notatar etter avdøde hobbyforskar Oddvar Toft frå Tofterøy i Sund kommune. Notatane tyder på at Toft har funne prov på at det har vore keltarar på Vestlandet lenge før kristninga av Norge.
Ei halv beltespenne av bronse, funne i Bakkasundet i Austevoll i 1974, blir eit viktig forskningsobjekt. Etter kvart viklar Birger Nordvik seg inn i mange halsbrekkande situasjonar i jakta på fleire prov som kan underbygge teoriane til Toft. Birger Nordvik er glad i både brennevin og kvinner, ein kombinasjon som ofte får fatale konsekvensar. Han kjem lett på kant med både politi og personar han treng hjelp frå. Men Berit frå Rognaldsvåg hjelper han ut av mange kinkige situasjonar. Ho er laborant på Haukeland Sjukehus, og dei blir kjende gjennom hennar arbeid med DNA-analyse av ein blodflekk på beltespenna. Trass i at dei er svært ulike i levemåte og livssyn får dei eit skjebnefellesskap gjennom heile romanen, på reiser både til Austevoll, Irland og Kinn. Professor Haakon Dahl, ein litt sjølvgod og tilårskomen arkeolog ved Universitetet i Bergen, blir og etterkvart ein del av dette «forskarteamet», som til sist reiser til Irland for å finne spor etter prinsessene som rømde landet for 1000 år sidan. Dei har og planar om å finne «spor i blod», bruke DNA-analyse for å kunne dokumentere opphav og slektskap. Dette blir ein tur med mye dramatikk, som delvis går over i genren kriminalforteljing. Vi møter og Doraine og Aidan, to ungdomar i Connemara, vest i Irland. Dei er begge på leiting etter sitt opphav. Aidan har doktorgrad frå
Universitet i København, og er ekspert på den nye DNA-analysen ved namn «Family Three DNA». Det siste halve året har dei hatt fast følgje. Doraine er oppslukt av slektshistoria si, og meinte ho nedstamma frå kongar som styrde her på 800-talet. Ho kjenner og til ei segn frå denne tida som handla om ei ung jente, ei prinsesse ved namn Aingeal. Ho skal ha blitt røva frå svaberga vest i Connemara, og skal ha gifta seg med ein norsk viking. Første kapittel i romanen starta nett med denne forteljinga om Aingeal som prøvde å rømme, men vart teken til fange av vikingar og førd til Norge. Den irske munken Ciaran reiste nokre år seinare til Norge for å leite etter Aingeal. Han fann dottera hennar, Gyda, i Austevoll og fekk snakke med ho, men han måtte rømme under stor dramatikk. «Spor i blod, fanga av vikingar i Irland» er inga dokumentarforteljing. Stadnamn og årstal kan ein kjenne igjen. Men personar, personkarakteristikkar og detaljrikdomen i handlinga er fiksjon eller fri fantasi. Forfattaren har boltra seg med eit fargerikt språk i kjappe replikkar, til dels i dialektform, noko som speglar miljøet på ein fortreffeleg måte. Her og der kan einskildepisodar bli vel dramatiske, før det heile roar seg ned – og oftast blir Birger Nordvik med sitt temperament og kvinne-
fokus, den uheldige syndebukken som må krype til korset. Handlinga i romanen skifter ofte perspektiv, mellom ulike stader og miljø; m. a. Bergen, Austevoll, Irland og Kinn. Det skjerpar lesaren til å halde tråden gjennom fleire tidsperiodar og eit stort persongalleri. Handlinga startar i år 832 på strendene i Connemara og sluttar i 2016 på Flesland flyplass.
som var «riksskald» i Irland frå år 896 til 918 e. kr. Dei tre døtrene skal tvingast til å gifte seg med tre vikingar (Danar). Den eine dottera rømer. Det ligg nær å tru at det gamle diktet skildrar ei historisk hending på Irland, som også kan ha gjeve «inspirasjon» (grunnlag) til Sunnivalegenda og Bornilegenda som Kinnaspelet delvis byggjer handlinga på. Sunnivalegenda vart rett nok nedskriven langt seinare av norske skrivekyndige personar, truleg geistlege som var knytta til kyrkja. Men handlinga skal skrive seg tilbake frå 800– 900-talet. Vi veit at kulten rundt dei heilage frå Selja og Kinn er den eldste kristne helgenkulten i Norge, kjend og praktisert alt i 996. Det har vore stilt spørsmål om Sunnivalegenda kan ha historisk substans. Tidlegare har ein ikkje kjent til samanfallande hendingar i irsk historie.
Kanskje det både er for enkelt og for raskt, å trekke bastane slutningar om dette, alt no. Men her synest vere ei interessant utfordring for historieforskarar og historieskrivarar.
BAKGRUNN FOR ROMANEN Sjølv om handlinga i romanen er ein fiksjon, så byggjer romanen på det arbeidet forfattaren Ivar Fjeld frå Sotra, har lagt ned gjennom 3 år, for å finne opphavet til folk på Vestlandet, og i særleg grad Strilane. Gjennom dette arbeidet meiner han å ha funne tydelege spor etter «Strilekulturen» vest i Connemara i Irland. Heilt til sist i boka er det trykt eit dikt på 64 strofer (vers), som vart oppdaga mellom kjeldematerialet i Irland. Diktet er omsett til engelsk av den irske litteraturforskaren Margaret E. Dobbs, og handlar om dei tre døtrene, Duibhlinn, Bébinn og Bebuda, til kongen «Ecnechan king of Tir Conaill». Diktet er skrive av «Flann Mac Lonáin»,
© Roska Kommunikasjon 2017: «Spor i blod, fanga av vikingar i Irland» Forfattar: Ivar Fjeld
Sunniva Borni Ingeborg stril
Dei keltiske prinsessene Aingeal og Bébinn vert fanga av vikingar, vest for Galway i Irland. Året er 832 og Kongeriket Connacht står i brann. Ein Irsk munk dreg til Vestlandet for å leite etter dei. I 1974 finn hobbyforskar Oddvar Toft ei gamal keltarspenne i Bakkasund i Austevoll. C-14 testen avslører at spenna er frå folkevandingstid. I 2016 tek Sotrastrilen Birger Nordvik opp jakta på opphavet til keltarspenna. Saman med Berit frå Rognaldsvåg ved øya Kinn og arkeologen Haakon Dahl ved Universitet i Bergen, dreg journalisten vestover på jakt etter opphavet. Der finn dei spor etter strilar og Borni-segnet. Bli med på ei dramatisk reise til Connemara i Irland.
Om forfattaren:
IVAR FJELD SPOR I BLOD Fanga av vikingar i irland
Ivar Fjeld frå Fjell kommune på Sotra, har skrive seks bøker. Han er leiar av Norsk-Keltisk Forening (NKF). (www.keltisk.com) Dei siste tre åra har Fjeld vore på jakt etter opphavet til folk på Vestlandet. Jakta har teke han på reiser vest i havet. Du kan kontakte han på
ISBN: 978-82-6908-290-6
Om forlaget:
788269 082906 9 >
Roska Kommunikasjon Forlag er eigd av Eli Amalie Roska. Kontakt forlaget på 920 96 945. Eller e-post:
Ivar Fjeld kjem frå Fjell kommune på Sotra. Han er journalist og forfattar. Har skrive 6 bøker. Han har starta Norsk Keltisk Forening, der han no er leiar. Dei siste tre åra har Ivar Fjeld vore på leiting etter opphavet til folk på Vestlandet, noko som har teke han på mange reiser vest i havet. «Spor i blod, fanga av vikingar i Irland» er utgjeve på Roska Kommunikasjon Forlag.

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2017.