Med Asgeir frå Svanøy til Miklagard
Bokmelding av Edvin Helgheim
«I det fjerne kunne Asgeir skimte dei kvite husa i Konstantinopel. Hjarta hans banka litt raskare. Dette var noko alle menn i Norveg drøymde om. Ein gong å kunne få reise til den største og flottaste byen i heile verda. Sidan kome heim igjen og fortelje om alt det underlege og utrulege dei hadde sett». Asgeir frå Svanøy (Bru), denne foreldrelause guten frå Kinn oppfyller i sitt 17. år draumen om å komme til Miklagard, som folk i nord kalla byen. På denne etappen, som starta i England, har han alt vunne sitt første slag på vegen, i møtet med to arabiske skarpseglarar ved innseglinga til Middelhavet, der ikkje minst pilene frå Asgeir sin boge var avgjerande.
Dermed har Bjarte Sindre i den sjuande boka om Asgeir ført helten sin ut i den verkeleg store verda, der mange eventyr ventar. Konstantinopel skal på ein måte bli basen for Asgeir i sitt store prosjekt: Å finne svaret på opphavet sitt. På Svanøy har Tormod Frode fortalt han at han ættar tilbake til sjølvaste Odin, og han har eit smykke som er det einaste han arva etter far sin, og som gøymer på arven etter Odin, tru Asgeir. Odin sitt opphav er i Asia! Og han reiser både til Bagdad i Arabia og Tiblisi nordaust for Svartehavet for å få svar av to kjende vismenn, om opphavet sitt. Svara skal eg ikkje røpe, men Sindre har tenkt å la Asgeir halde fram i minst 15 bøker til, så då finn han kanskje ikkje sjølve svaret med ein gong! Dette er den underliggande tråden og krafta. Men oppå dette diktar Bjarte Sindre den spennande historia om guten frå Bru. Ja, spennande er det. Sindre har ei store skriveglede og skriv godt, levande, medrivande. Eg har lese alle dei 7 første bøkene med glede, og ventar på framhaldet. Dette er guten som er med og hindrar eit attentat på kong Athelstan i England og kalifen i Bagdad, og han bergar dei to vakre døtrene til Keisaren i Miklagard sin fremste general. Dermed er han på talefot både med konge og keisar. Ja, bokstavleg tala på talefot. For Asgeir blir svært så språkmek-
tig. Av munkane på Kinn lærde han engelsk, latin og gresk, og på vegen til Miklagard lærer han seg arabisk, som er eit viktig språk i det indre av Middelhavet. Og han gjer seg elles forstått på andre språk etter kvart som han får bruk for dei! Når det er som mørkast og Asgeir er i ein farleg situasjon, der det nesten er uråd å tru at han skal klare seg, er det kjekke at helten til Sindre er som ein supermann. Han ordnar opp i dei vanskelegaste stridar, kjem seg laus om han blir tatt til fange, og tar knekken på skurkane. Slektskapen til ein annan spenningsforfattar er ganske nærliggande. Jan Guillou har òg fleire superheltar, den næraste er Arn som reiser på krossferd til Jerusalem og som blir tempelriddar og ein stor krigar og herførar i Palestina. Inga knipe, ingen kamp er for umogeleg til at ikkje Arn og Asgeir kan ordne opp. På vegen mot Beyrouth blir Asgeir overfallen av eit tjuetals bandittar, blir fanga og bunden på armar og bein: «Asgeir låg no litt i ly av Ali, og hadde snart fått nevane under baken. Han pressa dei framover, fekk dei under beina og opp framfor kroppen. Med tennene løyste han kjapt knutane rundt hendene. Varsamt fekk han tak i den skjulte kniven nede på låret, og skar over rundt anklane». Han kjem seg laus, og han og
drar, er det nesten som ei flukt frå dei vakre jentene som vi fange han… Dette er moro å lese. Det er lærerikt fordi Sindre har ein utruleg kunnskap om historia i desse framande landa. Om dette er romanar, så meiner Sindre at han er på sikker grunn når han m.a. skriv om kor viktig Svanøy var i denne tida, og at Eirik Blodøks hadde ein gard der. Pensjonisten Sindre skriv ungdommeleg, og bøkene burde nå fram til mange fleire unge lesarar (julegåvetips!). På grensa til fantasy der òg overnaturlege krefter spelar inn.
Det var Selja Forlag som starta å gje ut desse bøkene, men som gav seg etter fire bøker fordi dei meinte salet blei for dårleg. No tar Sindre heile risikoen og gjev dei ut på eige forlag, og bøkene må kjøpast direkte frå han. Men bøkene fortener eit større publikum!
kameraten overmannar til slutt tjuetre mann, og fekk òg slept fri slavane som angriparane hadde med seg. Då Sindre lanserte første boka om Asgeir, måtte han vedgå at han likte ikkje noko særleg å skildre sexscener. Men han måtte, for å få fortalt heile historia. Og ikkje minst fordi den lyshåra sunnfjordingen har veldig tiltrekningskraft på unge damer, som etter tur prøver å forføre han. Nokre klarer det og vil gjerne binde han, enten det er den undervakre arabiske Fatima, 16-årige Eleonora, eller eine generaldottera som han berga i Konstantinopel – og jammen sit det ikkje ei prinsesse og ventar på han i England òg. Trass i elskovsleiken er det heile tida Møyfrid i Bru han må bruke som grunn til at han ikkje kan bli verande. Dei har lova seg til kvarandre og skal gifte seg når han kjem tilbake, innan tre år. Derfor begynner det å haste. Når han lastar opp båten sin og
Bjarte Sindre
• BRITANNIA •
BRITANNIA ODINS SMYKKE
Bjarte Sindre ODINS SMYKKE
ODINS RIKE
• ODINS RIKE •
ODINS SMYKKE
or han, 6
MIKLAGARD
Bjarte Sindre ODINS SMYKKE
• MIKLAGARD •
ODINS SMYKKE
ODINS SMYKKE
Bjarte Sindre: Odins smykke 5/Britannia Odins smykke 6/Miklagard Odins Smykke 7/Odins rike
Eige forlag, 2017






Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2017.