Målaren Hans Svanøe
Historielag har følgd heile prosjektet med dette historieverket i 3 bind som no er fullført, gjennom å delta med representantar frå laget i ei eiga referansegruppe.
Bokkveld på Kystmuseet i Sogn og Fjordane 16. november. Forfattar Magnus Helge Torvanger presenterar boka «Havet tok». Selja Forlag v/ Torkjell Djupedal presenterar nye bøker frå forlaget i haust. Det blir og bokslepp av Floraminne 2017. Bokkvelden er eit samarbeid mellom Kyst- museet, Selja Forlag og Flora Historielag.
I tillegg til denne formidlingsaktiviteten har Flora Historielag og hatt fleire andre ulike prosjekt på gang.
I år har det i Flora vore gjennomført 2 kurs for å lære å registrere historiske artiklar, dokument og bilde i eit digitalt leksikon på nettstaden Lokalhistoriewiki. Ei gruppe på knapt 10 personar (mange tidlegare skulefolk) har teke del på desse kursa. Eit anna prosjekt under førebuing er skilting av den gamle bygrensa mellom Florø by og gamle Kinn kommune. Historielager er i gang med å søke om oppsetting av 4–5 skilt på strategiske plassar, som markerer den gamle grensa. Skilta vil innehalde kart og ei kort orientering om historia til Florø by. Planen er at dette prosjektet skal fullførast i 2018. Historielaget arbeider også med andre prosjekt som først neste år kan bli så konkrete at det er grunn til å ta med i ei aktivitetsoversikt. Laget har til saman hatt 10 styremøte i 2017, eit fast møte kvar månad, bortsett frå i sommarferien.
Laget har no 202 medlemer.
«Skulen min» er eit av desse. Her samarbeider historielaget med Kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune om eit kartleggings- og formidlingsprosjekt om skulehistorie i Sogn og Fjordane. Målet er å samle kjelder og informasjon om skulehistoria frå kvar kommune, i ein digital portal.
På framsida av Floraminne i år er det eit motiv frå Svanøy. Dette er måla av Hans Svanøe på midten av 1800-talet. Biletet viser Svanøe Hoved- gård måla frå sjøen. På biletet ser vi også kyrkja som låg inne på kyrkjegarden. Biletet heng på Solhaug hos Ruth og Tore Myklebust. Der finst eit nesten make bilete, dette heng på Erikstad (avbileta på Alvhild Svanøe si bok). H. Svanøe var sonen til Ole Torjussen Svanøe. Eldste sonen hans, Christopher, tok over hovudgarden. Hans drog utanlands for å dyrke og utdanne seg innan målarkunst. Då faren hadde bruk for han heime, kom han heim. Han vart bonde på Erikstad, ei gjerning han gjorde med stor flid. Han heldt fram med å måle samstundes som han dreiv eit mønsterbruk. Hans Svanøe hadde ikkje born. Ein etterkommar etter ei syster vart den nye eigaren av Erikstad. Av Eva Skomsøe Svanøe

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2017.