2017-23 - Oddvar Isene - Om aktiviteten til historielaget i 2017

Flora Historielag i 2017

EIT AKTIVT LAG

SOM FORMIDLAR AV LOKALHISTORIA

Flora Historielag legg på nytt bak seg eit aktivt år med å leite fram og formidle historia i Flora. Laget har mellom anna satsa både på filmkveldar og boklanseringar for skape interesse rundt nær og fjern historie i kommunen. Men laget sin aktivitet omfattar også fleire ulike langsiktige prosjekt, som først blir synlege i åra som kjem.

Aktiviteten i 2017 starta med filmkveld på Flora Samfunnshus 2. februar, i samarbeid med Florø filmklubb og Sogn og fjordane Fylkesarkiv. Her vart vist filmsnuttar som Kåre Botnmark tok i Florø på 1960-talet, frå ulike tilstellingar, hendingar og frå gatemiljøet i Florø på 60-talet. Interessa var stor, over 250 publikum møtte opp denne kvelden. Boklanseringa av «Spor i blod» på Flora Sam- funnshus, 16. juni, var eit samarbeid mellom Roska Kommunikasjon Forlag, Kinnaspelet, Kulturavdelinga i Flora og Flora Historielag. Forfattaren Ivar Fjeld frå Sotra presenterte romanen «Spor i blod», som m. a. tek utgangspunkt i eit gamalt irsk dikt frå 900-talet. Diktet fortel om tre kristne irske prinsesser, som skulle tvingast til å gifte seg med vikingar – ei parallellhistorie til Sunnivalegenda som Kinnaspelet byggjer på. Ny filmkveld på Flora samfunnshus torsdag 19. oktober der Flora Historielag viste fram Frode Klokkarnes sine filmar frå slutten av 1960- og tidleg på 1970-talet. I tillegg var det og framvising av filmen i samband med kommunesamanslåinga i 1964. Filmane vart vist i kinosalen. Då Floraminne alt var gått i trykken, fekk vi ikkje med kor mange som møtte opp.

Ei av dei største sakene er TV-serien om «Kystagentane». Prosjektet har vore jobba med sidan 2015, og er framleis godt i gang, sjølv om den synlege aktiviteten ikkje har vore like stor som i fjor. Slike prosessar tek mange år. Til samanlikning tok det meir enn 10 år å få lansert TV-serien «Kampen om tungtvannet». Denne populære serien var skrive av same forfattar som og skriv «Kystagentane», Petter Rosenlund. Det er han som no er eigar av prosjektet, og han har med seg Johan Moen frå firmaet Northwestwood AS i Stongfjorden. Moen og Rosenlund har hatt møte med aktuelle samarbeidspartnarar frå Storbritannia, og Rosenlund arbeider med justeringar på manus, slik at det skal vere mogleg å selje Kystagentane inn til internasjonale medieaktørar, til dømes i England. Det vert framleis lagt opp til ein produksjon som vil innebere ei blanding av fiction og fakta. Flora Historielag si rolle er no primært å vere ei referansegruppe. Vårt arbeid vil vere å stå for den lokale forankringa og bidra til innhenting av fakta, for å forsøke å gjere prosjektet så autentisk og historisk som mogleg. Vi set difor pris på å få innspel frå dei som kan sitje på informasjon om agentane Atle Svardal og Dagfinn Ulriksen og det arbeidet dei utførte under den 2 verdskrigen. 5. november var det eit orienteringsmøte i Botnane Grendahus, der både Moen og Rosenlund var til stades og orienterte om framdrifta i prosjektet.

Lansering av Historia om Flora, Bind 3 på Flora Samfunnshus 8. november. Sjå bokmeldinga annan stad i Floraminne. Det er Flora kommune og Selja Forlag som står bak boksleppet. Men Flora

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2017.