«Skulen min»
EIT LOKAL- HISTORISK PROSJEKT OM SKULEN
«Skulen min» er eit kartleggings- og formidlingsprosjekt om skulehistorie i Sogn og Fjordane, sett i gang av fylkesarkivet og fylkeskommunen. Målet er å samle kjelder og informasjon om skulehistoria frå kvar kommune, i ein digital portal på Internett: www. skulenmin.no. Nettstaden lokalhistoriewiki.no blir nytta til dette.
I eit samarbeid mellom Flora Historielag og fylkeskommunen, starta prosjektet opp sist vinter, med eit kurs 27. februar, og det har vore gjennomført eit oppfølgingskurs i haust. Dei som har teke del på kursa, har lært å legge inn artiklar, bilde og dokument på nettstaden lokalhistoriewiki.no. Dei fleste deltakarane har vore pensjonistar med yrkesbakgrunn i grunnskulen. Men alle historieinteresserte er velkomne til å delta. Har ein sjølvopplevde historier, eller kjennskap til bilde og nedskrivne forteljingar frå tida tilbake på 1900talet, så er det svært aktuelt. Om ein ikkje vil arbeide med å registrere på nettet, så er ein også velkommen som «informant» – dei som berre vil fortelje, eller som veit om bilde og gamle historier. Det er tanken å få med «representantar» frå dei fleste skulekrinsane i dei gamle kommunane frå før 1964. Eikefjord, Bru, Kinn og Florø – og desse var det mange av. Ta gjerne kontakt med Flora Historielag, om du har opplysningar eller noko å fortelje. Bruk denne lenka: www.florahistorielag.no/heim/kontakt-oss og skriv ein e-post, eller ta kontakt på telefon 906 52 068.
19. oktober vart det gjennomført eit oppfølgingskurs, mellom anna for å få med fleire interesserte. Men dette er eit langsiktig arbeid, så det er framleis høve til å bli med og delta i prosjektet.
På Fylkesarkivet finns det i dag mykje stoff om skulehistoria i fylket. Det blir jobba med å digitalisere materialet og gjere det tilgjengeleg på nettet for publikum. Materialet som hittil har lege på Fylkesarkivet, er oftast sendt inn frå skular og kommunar – og er viktig informasjon slik sett. Men for å få fram eit breiare og meir levande bilde av skulehistoria, treng ein informasjon frå både tidlegare elevar, lærarar og andre med tilknyting til skulen. Enno er det fleire mellom oss som kan hugse sin eigen skulegang så langt tilbake som til krigsåra før 1945. Dette prosjektet handlar mellom anna om å skrive ned desse livsminna, og gjere historiene tilgjengelege på nettet. Materialet som skal registrerast i denne digitale portalen, kan vere både forteljingar frå skuletida, bilde frå skuletida, bøker som er skrive om skulehistoria og andre historiske kjelder. Alle dei gamle skuleprotokollane er også viktige dokument. Det er særleg tida før kommunesaman- slåinga i 1964, som er aktuell i denne omgang. Men informasjon og forteljingar frå tida etter 1964, er også viktig å få skrive ned og ta vare på for ettertida. Til å hjelpe med å registrere dette historisk materiale rundt i kommunane, er det lagt opp til å bruke lokale grupper av personar som er interesserte i skulehistoria i kommunen. Så langt er nokre kommunar komne i gang. Flora kommune er ein av dei.
Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2017.