Anfinn og Camilla Kringlen
På ein liten gard i Naustdal, Kringla gnr. 97 bnr. 2 «Ut i tunet» blei Ananias Olsson Kringlen fødd i 1786. Han gifte seg i 1820 med Helle Berta Bertelsdotter Sæla. Dei fekk sju born – tre jenter og fire gutar den eine guten voks ikkje opp. Ananias døydde på Sæla i 1859.
tolkninga ein gjorde var rett. Der står det at Ole Ananiasson Kringlen den 21.09.1867 fekk skøyte frå Jens Helmers på gnr. 202 bnr. 4 for 121 spesidalar og 30 skilling. I 1907 ligg det føre ein attest frå lensmannen i Flora om at Aletta Kringlen er barn og einaste arving til Ole og Christina Kringlen. Dette har nok seinare blitt overført til Anfinn Kringlen for på same grunnboksblad kan ein lese at den 26.02. 1966 er det eit skifteskøyte i buet etter Anfinn Kringlen til Flora kommune på d.t. og t.nr 81 for kr. 98.000. Ein kan i Firdaposten i april 1966 lese at kommunen skal selje Strandgata 56 (tidlegare Anfinn Kringlen sin eigedom). Siste pristakst kr. 98.000. På gnr. 202 bnr. 81 er det i 1899 eit arveskøyte frå Peder Helmers til Alette Kringlen mot årleg grunnavgift på kr. 9.51.
Det var mange som gjennom tidene leigde hos Kringlen; og på folkemunne gjekk Kringlen-huset under det fleirtydige «Hotell Gjennomtrekken.» Gamlehuset vart etter kvart dårleg og vart rive sist på 1960-talet. I 1916 starta Camilla Kringlen manufaktur- og konfeksjonsforretning, truleg i Strandgata 56, seinare i Strandgata 50. Dette huset vart reist i 1863 av byggmeister Evensen, overteke av A. Vassbotten og selt til Camilla Kringlen i 1923. Her bygde ho opp si karakteristiske «modeforretning.
I 1930 åra var hjørnet ved Camilla Kringlen si forretning den sentrale møteplass for å slå av ein prat, og ikkje minst for å høyre det siste av lokal nytt og sladder. Her vart også til dels fargerike referat frå formannskap og bystyre servert. Dette hjørnet fekk tilnamnet «Det glade hjørne».
To av sønene, Ola Martin og Ananias Kristian, flytte til Florø. Børsemakar Ola Martin (1830– 1897) vart gift med Christina Arnesen (1835–18?) frå Kongsberg, Dei fekk dottera Aletta (1869– 1958). Børsemakar Ananias Kristian (1831–1916) vart gift med Olivia frå Kongsberg (1831–1934). Dei fekk til saman sju born. To av desse borna var Camilla (1883–1966) og Anfinn (1889–1965). I folketeljinga frå 1885 står det at Ananias Kristian Kringlen er «bataljonsbørsemager.» I husstanden er hustru Olivia, sønene Kristian, Harald og Sigurd og døtrene Camilla og Ovidia. I same husstand bur Ola Martin, bror til Ananias, som også er «bataljonsbørsemager.» Dottera hans, Aletta, bur også her. I følgje Flora kulturhistoriske vegvisar var det i Strandgata 56 opphaveleg to tomtar, der Aletta Kringlen skulle ha reist eit hus tidleg på 1860-talet (Dette kan ikkje vere rett for Aletta var fødd i 1869, så det var truleg faren Ola og onkelen Ananias som fekk huset reist, for i folketeljinga frå 1875 kjem det fram at dei er huseigarar). Huset var eit av dei større i Strandgata. Her budde dei to familiane; men deler av huset vart òg leigd ut. Aletta var utdanna gartnar, og i underetasjen på huset dreiv ho ei fin blomsterforretning. Dei hadde ein flott blomsterhage, som låg pent mot sør på eit høgre plan utanfor etasjen, der dei budde. Det store huset var i familien si eige til langt ut på 1950-talet, sist med syskena Camilla og Anfinn som eigarar. I folketeljinga frå 1910 står det at i Strandgata bur Aletta Kringlen som her er oppførd med yrket blomsterhandlar og huseigar (Dette kan tolkast slik at Alette har tatt over huset). Her kan ein vise til grunnbok for Flora at
Det vart sagt på folkemunne i Florø at Camilla hadde jobba i Paris, og at ho hadde kontaktar der,
som ho importerte stoff og klede frå. Det vert også sagt at Anfinn hadde farmasøytutdanning, han skal òg ha jobba i posten før han begynte å jobbe i lag med Camilla. Det er kjent i Florø at dei var lite sosiale og heldt seg helst for seg sjølv. Anfinn hadde ein motorbåt som dei drog på småturar med. Camilla og Anfinn var så nær knytt til kvarandre at det gjekk rykte på byen at dei levde som ektefolk. (Hugs no at fantasien blant enkelte lausmunna individ ikkje hadde rot i røynda.) Sjølv om dei var lite sosiale, kunne Camilla vere ganske direkte. Då ei ung dame kom inn for å kjøpe bukser, fekk ho grei beskjed: «Nei det hadde ho ikkje figur til.» Likte Camilla ikkje kundane som kom inn i butikken, selde ho heller ikkje noko til dei. Forretninga til søskena Kringlen var ei flott forretning etter den tids målestokk, som utan tvil var ei av dei største og mest fornemme forretningane i Florø. Ein skreddarmeister i Florø sa at skulle ein kjøpe varer av beste kvalitet, burde ein handle hos Kringlens manufakturforretning. Camilla hadde god smak, og butikken var veldig utsøkt; ho hadde berre varer av god kvalitet. I tillegg til å ha ein god smak var Camilla veldig kunstnarisk av seg. Ho hadde former slik at ho kunne lage hattar til kundane sine. Så når dei hadde kjøpt seg ei kåpe, kunne dei bestille ein hatt som passa til kåpa og ho modellerte ein hatt til dei. Forretninga var over to etasjar, og i første etasje var det helst Anfinn som styrde. Den hadde eit rikhaldig utval av herrekler, dressar, skjorter, undertøy, etc. Anfinn var ein reflektert og kyndig forretningsmann med gode kunnskapar om sitt sortiment. I Firda Folkeblad tysdag 9. april 1940 kan ein lese ei annonse frå Camilla Kringlen: «Dresser og frakker i stort utvalg. Norske og engelske dressbukser og dresser leveres efter mål.» Andre etasje som på folkemunne vart kalla «Himmelen», var helst Camilla sitt domene. Her var dameavdelinga med sitt store utval av både elegante kjolar og kåper på rekke og rad, og eit romsleg prøverom med stort speil høyrde sjølvsagt med. Store flotte utstillingsvindauge mot Strandgata var også sjølvsagt. Lilleba (Marta Marie Wilmann Nybø) kunne fortelje at då ho skulle konfirmerast (dette var
under krigen) så skulle ho få seg ei ny kåpe. I vindauget i Kringlens manufaktur hadde Camilla dandert to rullar med ullstoff. Eitt av desse stoffa var rustbrunt, og dette stoffet kjøpte Lilleba og fekk sydd seg ei kåpe av. Men for å få eit heilt antrekk fekk dei frk. Kringlen til å modellere ein grøn ullhatt til. Då Lilleba skulle hente hatten, låg det eit par grøne skinnhanskar i posen, dette var ei gåve frå Camilla. Lilleba og Camilla blei gode vener sjølv om det var stor aldersforskjell på dei. Det var sagt om Camilla at ho likte å ta seg ein «liten tår» i blant, helst portvin – noko som ikkje alltid gjekk upåakta hen blant frk. Kringlen sine mange kundar. Den breie trappa mellom første og andre etasje, med sitt stødige gelender, var derfor perfekt for Camilla under «entring» og nedstiging mellom dei to etasjane. Det hende at ho fall ned trappa. Ein episode som i fleire tiår har gått på folkemunne blant tilårskomne innbyggjarar i Florø, er blitt fortald i mange variantar, her kjem ein av dei: Ein dag kom ei dame opp på avdelinga i andre etasje og stilte Camilla spørsmålet om forretninga førte «blåtøy», noko som var eit heller ukjent omgrep for henne. Så dermed gjekk ho mot trappa og kom med følgande spørsmål til sin bror i første etasje: «Anfinn, har vi blåtøy i Himmelen?» Her er også ein annan variant, som mange synest er betre: «Har vi hoftehaldarar i Himmelen?» Dei annonserte at nye «brystbånd» var «ankommet;» Eit barn spurde si mor kva dette var. Då svarte mora at det var Camilla sin måte å fortelje at dei hadde fått inn brysthaldarar, for det kunne ho ikkje skrive i annonsen det var ikkje anstendig nok. I sine yngre år var Camilla trulova fleire gonger, blant anna med Hansemann Hopen – ein tidlegare sjømann, som budde lenger bort i gata. (Denne Hansemann hadde eit dårleg auge.) Då dei var trulova, gjekk dei på folkemunne under namnet «sukkerskåla» og «fløytemuggen». Trulovinga varte ikkje lenge. Ei anna historie om same emnet var at ho vanka saman med herr Vandberg som var typograf i Nordre Bergenhus Amtstidende. Han sa: «Åååååå du kan «tro» Camilla var flott, og som hun kunne knise, ååå vi sverma for Camilla. Eg hugsar at eg hadde motorsykkel med sidevogn og eg var ute og køyrde med Camilla.» Det vart ikkje meir av det,
ho var nok litt for sjølvstendig, og på den tida skulle ikkje gifte kvinner arbeide. Det kunne nok ikkje Camilla tenkje seg, å vere heime. Ho ville nok ikkje gje slepp på den flotte forretninga.
Camilla Kringlen (1883–1966). Foto: Fotograf M.N. Horne, Florø.
HER KJEM EIT PAR HISTORIER SOM STOD I FIRDAPOSTEN 16. MAI 2017: Camilla Kringlen bygde opp ein flott mote- forretning og skal ha importert klede direkte frå Paris. Denne dreiv ho ilag med broren Anfinn til midt på 1960-talet. Både ho og Anfinn skal ha vore glad i ein dram eller to, og ved eit høve skal ein eller fleire kundar ha høyrt følgjande utsegn frå andre etasje: «Anfinn, det er ikkje meir Cognac igjen i Himmelen». På 50-talet gjekk ei dame og den femårige sonen inn til Camilla. Mora hadde slik lyst på noko vakkert som hang der, men kom skuffa ut: «Det er berre folk med pengar som har råd til å kjøpe i denne butikken», sa ho som fleire høyrde. Litt etter kom sonen attende åleine i full fart. Han sa til oss at han skulle kjøpe kleda som mora ikkje hadde råd til, fortel Sverre Seljeseth som stod der saman med eit par kameratar i 9–10 årsalderen.
Dei såg at Camilla tok ned plagget og pakka det pent inn. Så kom det kritiske punktet; betalinga. Guten tok handa ned i lommen, la ein liten stein på disken og ville gå. Då vart Camilla raud i kjakane, reiv til seg pakken og dei kappsprang mot døra. Guten, vi kan kalle han Aksel, slo gamla med knapt eit sekund. «Aksel» gjekk aldri meir innatt på den butikken. (Journalist Harald J. Stavang)
slik at dei kunne gå på kafé og kjøpe seg ein kopp kaffi og eit kakestykke. – Det hadde seg slik at det var presten Tjelta som hadde med dette å gjere, og han meinte at bebuarane på aldersheimen ikkje hadde behov for lommepengar, dei hadde då både hus og mat. Det var lovfesta at alle skulle ha eit minstebeløp med lommepengar anten dei hadde pengar eller ei. Dette tok Ragnar Melvær opp og fekk orden på det til slutt. Uansett kva rykte som gjekk rundt i byen, Camilla og Anfinn var eit omgrep i Florø. Dei sette eit spesielt preg på forretningslivet i byen – begge med sans for det aller beste i sitt rikhaldige varelager. Då søskena Kringlen var døde, og buet etter dei skulle gjerast opp, var det nokon frå banken som var med på å telje opp varelageret. Der var det mykje som ikkje var blitt pakka ut av øskjene ein gong. I dag er det fleire av dei eldre urinnvånarane i Florø som med glede kan sjå tilbake på den epoken då syskenparet Kringlen hadde si velrenommerte manufakturforretning. Området ved butikken blir framleis kalla Kringlenhjørnet. Anfinn og Camilla ligg gravlagt på Flora kyrkjegard ilag med foreldra Ananias og Olivia.
Skriftlege kjelder: Bygdebok for Naustdal, band 1, Flora kultur- historisk vegvisar, folketeljingar, kyrkjebøker, Firdaposten og Flora kommune Grunnbok.
Når dei såg på Camilla då ho vart gamal, var det mange som ikkje kunne forstå at ho hadde vore så fiks og fjong som ung. Camilla var ikkje så stor, ca. 160 cm. Ho var sjølvsagt ganske velkledd – skjønt ho var utstyrt med ein «bart» av «hårtjafsar» mot overleppa. Denne bles ho til side med eit lite «puff» – når den var i vegen i blant. Så pinsetten var nok ikkje altfor flittig i bruk. Men dialekten ho hadde var «dannet,» utan tvil, ei slags austlandsk form, som ein fekk respekt for. Då Camilla vart gamal, kom ho på aldersheimen. Her fekk ho seg ein venn i frå Batalden. Dei gjekk på byen i lag , men dei hadde ikkje fem øre
Munnlege kjelder: Målfrid Ottesen og Martha Marie Wilmann Nybø eller «Lilleba» Nybø, som ho helst ville bli kalla. «Lilleba» gjekk bort 18. april 2017, 93 år gammal. Til sist: Ein stor takk til Øyvind Kleiven i Flora Historielag for god hjelp!

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2017.