Med livet som innsats
Dette bilde er eit illustrasjonsfoto, og er ikkje knytta til Knut Kristiansen si forteljing. Men det viser ei hornmine, og storleiken i forhold til ein mannsperson.
Det var i dei harde krigsåra 1940–45. Det kom mange miner inn til kysten, og fleire av dei dreiv i land. Ei elektrisk mine kom inn mot vestsida av Russøy i Batalden der vi budde. Vinden var på nord, og mina dreiv langs land til ho trefte eit gjerde som gjekk i sjøen. Der kom eit kraftig smell, og splintane fauk langt inn på øya. På same tid kom ei stor hornmine inn mot land på austsida av Russøyna. Det var frisk nordvestleg vind, og store bølgjer. Onkel Magnus Russøy var redd at dersom mina dreiv lengre opp i vågen, kunne den skade både båtar, bustadhus og løa. Derfor meinte han at dei måtte prøve å få tau i mina, og slepe den i livd ved Aldeholmen. Men sjøen var farleg. Magnus fekk med seg broren min, Sveinung, og naboen lærar Lars Folkedal. Sveinung skulle sitte bak i robåten og prøve å få eit tau gjennom eit av festa på mina samtidig som han måtte halde mina med horna på avstand. Men dette var livsfarleg, for mina låg i grønsjøen heilt opp til ein bratt hammar, der sjøen slo tilbake. Magnus og Lars sat med årane. Utruleg nok lukkast det Sveinung med ei lynrask rørsle å få tauet gjennom bøyelen på mina. Deretter kunne dei med letta hjarte slepe mina utetter frå land. Ho vart ført til Aldeholmen, og fortøygd der. Seinare kom to–tre tyske patruljebåtar og la til lands på søre Russøyvågen. Magnus kontakta dei, og gav beskjed om mina. Patruljebåtane slepte hornmina nord til Mågøyflua, og sprengte ho der.
Hornminer Under den første verdskrigen sette engelskmennene ut over 70 000 hornminer i Nordsjøen. Dei skulle vere til vern mot tyske u-båtar, og var ankra til botnen med kjetting. Då krigen slutta i 1918 klarte England berre å fjerne ein liten del av dei. Etter kvart rusta festa av, og minene dreiv inn til Norskekysten. Dei var ein konstant fare for norske fiskebåtar, og vi hadde også stygge ulykker ved at nokre tok minene på land, og forsøkte å uskadeleggjere dei. Vi var plaga med slike miner i mange år etter den andre verdskrigen. Bjarte Sindre


Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2017.