Norsk Speiderguttforbund i Florø
Speidarrørsla kom tidleg i gang i Florø. Allereie i 1915 var der eit skipingsmøte, og ei tropp blei innmeldt i Speiderguttforbundet. Troppsleiar var Alf Sundal. For skuld 1. verdskrig vart arbeidet liggande nede, men i 1920 vart det starta opp på nytt. No vart det kontinuitet i arbeidet. I tillegg til det vanlege speidararbeidet, kom gutane våre til å satse mykje på friluftslivet, og korleis å kunne klare seg sjølve. Kring 1920 kom Knut Galaasen til byen som adjunkt på middelskulen. Han var frå Trysil, og ein dugande og allsidig idrettsmann. Han lærte gutane å gå på skøyter og ski, ja, jamvel å hoppe. Galaasen fekk bygd ein hoppbakke på eigedomen til Notø i Havreneset. Ovarennet var i lia opp mot Utsikten, og sletta låg like aust for huset til Gåsøy. Her vart det trena med liv og lyst, og også skipa til konkurransar. Speidarane fekk jamvel lære seg å ligge i snøholer.
Speidertroppa 17. mai 1948. Flaggberar Odd Solheim Olsen, deretter Aadne Standal. Til høgre troppsassistent Alf Folkestad, og bak han Tor Johannessen.

LANDSLEIREN GAV INSPIRASJON
Kristian Fredrik Myklebust. Foto: Fotografmester M.N. Horne.
I 1924 var speidartroppa vår med på landsleiren på Hamar. Det vart ei ugløymande oppleving. 165 troppar var med og heile 1800 deltakarar. Også troppar frå Sverige og Danmark fann ein, så gutane våre fekk knyte kontakt med «Utlendingar». Elles var det noko heilt nytt at speidarane skulle klare seg sjølve. Dei måtte ligge i eigne telt og lage sin eigen mat. Leirområdet skulle dei ordne så fint som mogleg. Det meste av dette hadde Florø-speidarane allereie øvd seg på, og dei klarte seg framifrå. Ei særskilt oppleving var det at Kong Haakon vitja leiren, og blei mektig imponert. Etter denne vitjinga var han resten av livet ein trugen speidarven.
STILLSTAND FRÅ 1934 TIL 1945 Då den store depresjonen nådde byen kring 1930, fekk dette etter kvart verknad for speidararbeidet. Frå 1934 vart det stillstand for skuld mangel på leiarar. Under den andre verdskrigen hadde dessutan tyskarane forbode all speidarrørsle. Det var difor naturleg at speidararbeidet kom i gang att for fullt i fredsåret 1945. Svanhild Myklebust ivra for speidarsaka, og fekk starta opp blåspeidartropp. Kva var meir naturleg enn at mannen hennar, Kristian Frederik, fekk i gong ein tropp med gutar tilslutta Norges Speiderguttforbund (NSF).
Der var stor oppslutning til troppen, og arbeidet gjekk med liv og lyst. Gutane lærte seg det vanlege speidararbeidet, og dei var jamleg på turar ute i naturen. Til all ulukke fekk Kristian Fr. Myklebust påvist alvorleg angrep av tuberkulose sommaren 1946. Han vart straks innlagt på Luster sanatorium, men sjukdomen var så langt komen at einaste måten å redde livet på, var ein omfattande operasjon. Den første av sitt slag i Noreg. Han fekk fjerna eine lunga og halvparten av den andre. Dette vart gjort i Oslo, og han måtte ligge ei tid som rekonvalesent på Mesnali. Tilbake i Florø vart han likevel straks med i speidararbeidet, men kunne ikkje lenger
Floraleiren på Krokane i 1954, på området til gardbrukarane Bjørkum og Hovland.



Alf Folkestad til høgre i ivrig samtale med ein an- nan speidarleiar. Folkestad var positiv og om- gjengeleg med ei veldig arbeidskraft. Han var den fødde leiar for barn- og ungdom.
utsetje seg for fysiske strabasar. Men overordna administrasjon, og undervisning som ikkje kravde fysiske påfreistingar, tok han seg av. Myklebust var ein dugande idrettsmann i sin ungdom. Framragande symjar, og også flink på ski. Han var ein ivrig sportsfiskar, men etter opera- sjonen måtte han redusere på dette. Forsøkte han seg, var det alltid i følgje med andre, slik at han hadde hjelp om det trongst.
DUGANDE SPEIDARLEIARAR Han hadde fått seg ein dugande nestleiar i Alf Folkestad, og han tok over aktivitetane ute i naturen, og også å dra med gutane til Vestlandsleir på Voss i 1950, landsleirane i Verdal i 1952 og Voss i
1956. Det var imponerande av Myklebust at han var med på alle desse utferdene. Eit krafttak for speidartroppen i Florø var det å skipe til kretsleir her i byen i 1954. Den vart svært vellukka, og for ein gongs skuld var det strålande vêr frå første til siste dag, med unntak av eit par kraftige regnbyer straks leiren vart opna.. Kristian Frederik Myklebust var administrativ leiar for leiren og gjorde eit framifrå arbeid. Han hadde fått løyve av gardbrukarane Bjørkum og Hovland til at leiren kunne nytte deira område. Elles hadde han fått ei rekke handverkarar til å gjere gratisarbeid for leiren, og også fått lækjar og sjukepleiarar til å stille opp til innsats. Alle desse fekk overrekt diplom og minneteikn. Ved leirbålet som avslutta leiren, hadde forbundssekretæren Odd Hopp møtt opp, og han overrekte Myklebust «Den hvite lilje», eit av dei fremste heidersteikn ein speidarleiar kan få. Etter kvart vart det stillstand i speidararbeidet mellom gutane. Mange av dei eldste som kunne ha gått inn som troppsleiarar, drog frå byen, slike som Odd Solheim Olsen, Terje Krogstad, Ådne Standal, Thor Johannessen og Tor Inge Mathisen. Kristian Frederik Myklebust hadde fått tre barn, og dette kravde tid. Alf Folkestad måtte bruke all tida si på «Firda Folkeblad», der han i røynda var redaktør då Ludvig Botnen vart svært oppteken med politikken, m.a. var han på Stortinget i 8 år. I 1962 vart Folkestad tilsett som redaktør, men hadde då frå 1955 meir og mindre vore den som styrte avisa.


Til byjubileet i 1960 fekk Kristian Fredrik Myklebust i gong ei speidartropp, også for å feire at speidarane var 40 år gamle. 1. rekka (sitjande): Harald Espeland, Bjørn Nybø, Thor Stavøstrand, Leif Iversen, Alf Batalden. 2. rekka: Torgeir Melvær, Geir Haus, Bjørn Inge Eliassen, Per Dan Svardal, Svein Erik Ulriksen, Håvard Stafsnes, Kristian Frederik Myklebust. 3. rekka (sitjande): Hjalmar Lothe. Jan Egil Bjørnseth, Bjarne Berentsen, Trygve Enstad, Bjarte Ellingsund, Odd Stig Kittang, Ingvald Grov, Rune Horstad, Bjørn Ophaug, Tor Rune Sandvik (med flagget). 4. rekka (bakerst): Brigt Aguirre, Sverre Børnes, Bjørn Eikevoll, Hans Erik Kjørlaug, Arnljot Johannessen, Dag Anthun, Atle Aguirre, Harald Melvær, Jon Ingvar Solheim, Jonny Bareksten.
og ei oppleving for livet. Elles har dei alle minnerike historier å fortelje. I Verdal i 1952 skulle dei ha haik frå leiren og til Stiklestad, der rover-speidarar frå området skulle føre fram spelet om HeilagOlav når dei nådde fram neste ettermiddag. Dei
Til byjubileet i 1960 gjorde Kristian Frederik eit krafttak, og fekk i gong ei stor tropp. Det var også for å feire 40 år for då speidararbeidet verkeleg kom i gong her i byen. Diverre fekk denne troppa kort levetid. Dei som var med som speidarar, kan ikkje prise nok tida dei hadde her. Dei lærte svært mykje av praktiske ting, korleis å klare seg ute i naturen, og ikkje minst godt samarbeid. Å reise på storleirar og møte speidarar frå heile landet, var
Fire av speidarane har klart å kome seg over elva, og lagar eit flott spor i sand etter Florøtroppa. I bakgrunnen telta i den enorme landsleiren i Verdal. Frå venstre: Kristian Fredrik Myklebust jr., Ulf Erik Hellesen, Ivar Sunde og Torleif Larsen.


Sprek gjeng klare til å haike frå Verdal til Stiklestad. Dei skulle finne fram i skogsterreng, og overnatte ute. Frå venstre: Magne Vederhus, Anton B. Døsen, Magnar Vefring, Otto B. Vassbotten, Terje Krogstad, Bjørn Knapstad og Svein Fredheim.
sine. Han følgde med troppa på utferder, og tok filmar frå både krinsleiren på Voss i 1950, landsleiren i Verdal i 1962 og landsleiren på Voss i 1956. Sjølv om han var sterkt redusert, var han alltid venleg, og hadde eit aldri sviktande godt humør. Smilet var aldri langt borte hos han. Han var spådd eit kort liv, men levde til han blei 74. Alf Folkestad (1922–1996) hadde ein vinnande veremåte, og fekk lett kontakt med andre menneske. Han hadde breie interesser og som avismann omfattande kunnskapar om Flora. Han var ein sterk bypatriot. Han sette stor pris på friluftsliv, og var såleis den fødde speidarleiar.
måtte overnatte på vegen. Bjørn Knapstad og Magnar Vefring møtte ute i skogen på ein Inntrøndar. Dei ville prøve å få ut av han snaraste vegen til Stiklestad, men måtte gje det opp. Dei skjøna ikkje eit ord av det mannen sa. Elles blei haiken ugløymande ved at det voks enorme mengder med markjordbær der dei for fram, og dei åt seg mest mette på denne godsaken som dei så visst ikkje var vant med heime. I tillegg til speidararbeidet gjorde Kristian Frederik Myklebust eit viktig arbeid som filmfotograf. Han har teke viktige filmar t.d. frå sildefisket, viktige hendingar i byhistoria, ikkje minst frå jubileet i 1960. Med den fysiske stillinga Myklebust var i, var det ein eineståande prestasjon av han å halde fram med speidararbeidet i mest 15 år etter operasjonen. Også at han var framsynt, og kunne dokumentere byhistoria med alle filmopptaka
Frå landsleiren i Verdal i 1952. Framme frå venstra: Rolf M. Nesse, Kristian Fredrik Myklebust jr., Ulf Erik Hellesen, Svein Fredheim, Torleif Larsen. Bak: Geir Nybø, Anton B. Døsen, Bjørn Grønn, Otto B. Vassbotten, Ivar Sunde, Jan Nesse, Bjørn Knapstad, Tor Inge Mathisen, Magnar Vefring, Terje Krogstad, Gunnar Fredheim, Eystein Moe, Tor Johannessen, Terje Bruvoll.


Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2017.