Mads Gundersen Thyvold
frå husmannskår i Standalsvika
til handelsmann på Svortevikholmen
Mads Thyvold vart gravlagd på Svanøy kyrkjegard 18. juli 1945. Han hadde då levd eit 96 år langt liv, og drive ei mangslungen verksemd, både i Standalsvika og på Svortevikholmen. Men tidene og livsvilkåra hadde endra seg dramatisk frå han vart konfirmert i 1865 og fram til han budde som einsleg enkjemann på «Madsbua», med Inger som hushalderske. Han hadde vore gift med Pauline frå Selvika, og saman hadde dei 8 born. Då Mads døydde, budde alle desse i Oslo. Pauline døydde i 1931, 74 år gammal.
kjøpt. At Gunder Olsen nytta seg av denne retten, kan vi enno sjå på Rimma i Nedre Standal. Mads Gundersen Thyvold gjekk mot straumen. Han ville noko anna. Under hans oppvekst kom det til mange husmannsplassar i Standalen og Svortevika. Ved folketeljinga i 1910 var det såleis plassfolk i 21 hushald frå Skjeljevika i vest og til Svortevikdalen i aust. Men på det tidspunktet hadde Mads Thyvold opplevd å vere handelsmann, postopnar og dampskipsekspeditør på Svortevikholmen. Han dreiv framleis handel, men det var Abraham Haave som
Foreldra til Mads var Gunder Olsen og Nille Larsdotter. Dei budde på Klubben i Standalsvika, ein husmannsplass som høyrde til garden Tyvoll. Heller ikkje bonden på Tyvollen var sjølveigar, han var leiglending under ein bergensk forretningsmann, Henrik Janson. Janson var forresten amerikansk konsul i Bergen, og far til den ikkje ukjende forfattaren Kristoffer Janson. Henrik Janson åtte mange gardar i det som no er Flora kommune. Gunder og Nille fekk festesetel (husmannskontrakt) på Klubben i 1843. Hovudbruket vart først skøytt over til brukaren, Salomon Olsen, i 1869. For 400 spesiedalar vart han sjølveigar! Det høyrer med til historia at bruket vart delt i 4 i 1894, slik at sønene til Salomon fekk kvar sitt jordstykke. Folketalet hadde vore aukande, fleire born levde opp til vaksen alder, og slik deling av gardsbruk var éin av utvegane til å brødfø fleire familiar. Amerika lokka mange, også frå Standalen og Svortevika. Atter andre gjorde som Gunder Olsen – skaffa seg ei husmannskontrakt, dyrka jord og fiska i fjorden. I 1858 fekk han overta eit jordstykke frå dei to gardbrukarane i Nedre Standal. Han fekk seg opp naust, og for tomta fekk han ei arbeidsplikt på 11 dagar i året, «til den Bestemmelse (tidspunkt) som vi indbyrdes kommer overens om». I kontrakten står det også at han har rett til å hente 20 lass myrjord i fellesutmarka, då for å få eit dyrkbart jordsmonn på dei skrinne nakkane han hadde
Mads Gundersen Thyvold med sine tre søner, Godtfred, Olav og Trygve.

hadde tatt over eigedommen hans der etter ein konkurs i 1905. Eigedommen i Standalsvika hadde Mads framleis. Der hadde han saltebu og førte silda til Bergen på eigen kjøl. «Tordenskjold» heitte båten hans. Den hadde ein lastekapasitet på 70 tønner, tilsvarande 6 lest, eller ca. 12 kubikkmeter korn. Det vert fortalt at «Tordenskjold» var så tungrodd at han hadde tilnamnet «blodslitet». Støa der båten stod i opplag er enno synleg, og heiter den dag i dag «Tordenskjoldstøa».
Nedre Standal i Mads Gundersen Thyvold si tid.
SVORTEVIKHOLMEN Aust for Svortevikholmen ligg Likkjeholmen. Der kan vi framleis sjå ei gravrøys frå førhistorisk tid. Slike røyser finn vi fleire av langs fjorden frå Horne og ut til Skjeljevika, vitne om gammal busetnad i det som vart Mads Thyvolds verke- område. På 1860-talet arbeidde Kinn kommune for å få veg gjennom Vågeskaret på sørsida av fjorden. For-målet var å lette sambandet mellom bygdene ved Dalsfjorden og Førdefjorden. Frå 1877 vart det dampskipsstopp ved Svortevik- holmen. Rutene frå Bergen kunne bordast, og varer og passasjerar kunne fare begge vegar. Holmen låg sentralt til i leia. Bergensaren A. Absalonsen var den første som starta landhandel på Svortevikholmen, og han hadde dampskipsekspedisjonen og var postopnar. For postopnarjobben hadde han ei løn på kr. 50,- pr år. Då Mads Thyvold tok over i 1893, hadde den årlege godtgjersla stige til kr. 150. Absalonsen flytta seinare til Kvammen, der han etablerte seg og dreiv landhandel fram til 1917, då han selde både kai og bygningar. Men folk var ikkje nøgde med å ha berre stjernestopp ved holmen, dei ville ha båten til land. Noka endring vart det ikkje før i 1912, då Per Svortevik hadde fått bygt dampskipskai på fastlandet. Dermed hadde Mads Thyvold mist endå ein del av næringsgrunnlaget sitt. Frå før var postopneriet flytta til fastlandet. Det skjedde i 1904/05.
EIN KAMP MOT KREDITORAR Mads hadde kjøpt eit jordstykke i Nedre Standal i 1877, i tillegg til det faren hadde fått hand om tidlegare. Noko seinare kjøpte han Absalonsen sin del av Svortevikholmen, og på 1890-talet står han i stor gjeld for sjøhuset han hadde sett opp i Standalsvika. Men så seint som
ved folketeljinga i 1891 er han rekna som «Gaardbruger, fisker, selveier», ikkje forretningsmann. Pengane hadde han stort sett skaffa til rette gjennom private pengeutlånarar med pant i eigedommane Svortevikholmen og Standalsvika. I tillegg hadde han leverandørgjeld knytt til landhandelen. Gong på gong må han fornye og utvide kreditten, og gong på gong er det utpantig. Men seig må han ha vore, og sta som standølingar flest. I 1905 går det heilt gale. Svortevikholmen går på tvangs- auksjon og blir kjøpt av forretningsmannen Abraham Haave i Florø. Det ser likevel ut til at Haave let Mads Thyvold halde fram på holmen, men under 1. verdskrigen blir det ekstra vanskeleg. Heile året 1916 prøver Haave å få selt Svortevik- holmen. Han annonserer med jamne mellomrom i Nordre Bergenhus Amtstidene, men til inga nytte. Det endar med at Gottfred, eldste sonen til Mads, kjøper Svortevikholmen og får skøyte på den. Så seint som i 1917 er Mads i aktivitet på holmen. Han annonserer i avisa at han har til sals både høy og mjølvarer. Men tida hadde fare frå Svortevikholmen som handelsstad, og Mads var 69 år då krigen slutta. Han prøvde også å få leigd ut Tordenskjold, og bua i Standalsvika. Men tidene hadde forandra seg. Oljemotoren hadde tatt over for seglet. Endå ein gong hadde Mads hamna i bakleksa. Fram til han døydde i 1945 levde han eit stille liv i Standalsvika, bortsett frå periodar då han budde hos ein av sønene i Oslo. Eit oldebarn, forfattaren og journalisten Hans-Olav Thyvold, fortel at det i generasjonar har gått historier i familien om denne oldefaren som syntest at do inne i huset var noko vederstyggeleg. Han vart kjend i nabolaget for stadig å pisse i hekken!


Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2017.