Arne Grov
VÅRHERRES IDRETTSHALLER
1. JUNI 1967: Eg går bak ein brei, sveitt rygg og høge stavtak i den grovkorna sørpesnøen mot Plogen og Keipen, dit vi etlar oss. Storebotnvatnet ligg blåsvart mellom isflaka langt der nede. Sola steiker sørveggene på Saga og Maritinden over oss. På bakskia pustar den noko eldre Per Solvang. Det er vi tre; Arne Grov, hjs og altså han Per i Grøndalen. Det året var det så grenselaust med snø at vi kunne gå på ski i fjellet langt ut på sommaren. Vi hadde starta tidleg og nytta morgonskaren opp Storebotnskaret. Det vart ei vandring opp og ned gjennom tre årstider, frå sommar og halvhøgt gras på bøane nede i dalen, til brånande snø i sørhellingane og faste breen oppe i høgda.
Dette var om våren det året Arne Grov tok initiativet til å skipe ei Turgruppe under Florø Reiselivslag, den som vart formalisert som Flora Turlag i 1976. Vi hadde alt gjennomført eit par fellesturar på ski (m.a. Grytadalen – Årebrot) med eit tjuetal deltakarar. Slik sett kan vi trygt feire 50- årsjubileum for turlaget i år. For det var eit reint turlag vi var, utan band til turisme, hotellnæring og alt det andre som følgde med den slags.
DET ENKLE FRILUFTSLIVET BEST FOR FOLKEHELSA
Arne Grov på ein skitur rundt 1980.
som samfunnet la ned i kostesame idrettsanlegg. Han var 13–14 år eldre og den naturlege leiaren i dei første, viktige åra. Det var han som vidare- førde den spede starten, som utvikla Flora Turlag til det det vart – og raust delegerte og overlet til andre som har utvikla laget vidare til den vel- fungerande organisasjonen det er i dag. Han tenkte og fortalde over kaffibål og nistepakkar med utsikt frå høge fjell – eller hykt saman
Vi ville ut i Guds frie natur og ønskte at mange fleire skulle få sansen for dei gleder som ligg i å søke mot høgdene og leite råser i skog og mark. Det var i desse første åra vi utan kart og GPS , kurs og formell kompetanse, gjekk opp ein del av dei rutene, til fots og på ski, som i dag er blitt klassikarar i Flora Turlag. Vi leigde inn bussar og skyssbåtar og vakta på sjeldne ferjeruter for å rekke heim att i tide. Det vart nokre gode år på tur med denne ryggen til Arne Grov framføre. Vi hadde sams interesser i turlivet. Han hadde ikkje noko imot organisert idrett, for all del. Men han meinte at for folkehelsa og det mentale velværet var det enkle friluftslivet langt viktigare enn dei veldige summane

Ved Ålfotbreen 1. pinsedag 1969. Heile turgruppa var på 26 deltakarar denne fine vårdagen. Dei hadde overnatta i Grøndalen på vegen. Den gongen var det ikkje berre å setje seg i privatbilen og køyre inn i Grøndalen ein tidleg morgon. Det måtte passe både med buss og ferje. Dette var den første organiserte turen på Ålfotbreen, som Arne Grov leia, og det vart forløparen til seinare breturar i regi av Flora Turlag. Her kviler nokre av turgruppa på den siste berre fjellknausen før dei startar inn over Blåbreen. Vi kan så vidt kjenne igjen nokre av personane på bilde. Frå venstre Arvid Bjarne Stavang, Grete Belinda Solberg, Ragnvald Trovik (bakerst), Ukjend, Harald J Stavang, Per Solvang, Arne Grov (ståande). Heilt til høgre, bak skistavane, kan truleg vere Bernhard Bjørnseth.

Arne Grov ved gangbrua lengst aust i Haukåvatnet, på turen til Børa, ein gong på 1980-talet. Foto: Olav Hatlemark.
innunder ufser i skodde og regntjukke. Han kunne nøye seg med lite, men ein gong bomma eg på kosten. Vi sat i skodda oppe i ei urd like sør for Svartevatnet. Alvar Melvær, ein annan av Arne sine gode turkameratar, var med. Vi hadde gått gjennom styrtregn og larmande vatn frå Nordalen, langs Hestedalsfossen; på veg til Svelgen og såg ikkje hand for auge. Eg drog fram kokeutstyret og lagde ein dugeleg vassgraut på mjøl og havregryn. Tenkte det skulle varme opp i kulsige skrottar. Arne åt bere smått og måteleg, endå han måtte vere småfrostig og svolten, som vi. Nei, det var berre det at han frå barndommen var overfora med vassgraut, og han gav uttrykk for det på underfundig vis. Denne og andre lengre ruter vart gått opp med nokre få vener, og så vart det lagt til ekstra tid når det vart arrangert tur med mange. Alle skulle med, og der hadde Arne eit fast motto: «Kunsten å komme fort fram med alle, det er å gå sakte».
VOKS OPP I ENKLE KÅR Arne Grov var fødd i 1930 og voks opp i ein stor søskenflokk på eit småbruk på Grov. Siste året
gjekk han på skule på Solheim i Nordalsfjorden. Å sende ein gutunge på slik skuleveg vinterstid, på ski gjennom skogen og over isen, ville vel ført til oppstandelse i dag. Arbeide måtte ungane frå dei var små. Dei visste ikkje anna. I dag ville vel slikt fått oppslag i Dagbladet og bekymringsmeldingar i alskens vesen som skal arbeide til ungane sitt beste. Men dette var det naturlege dagleglivet på den tid. Det var slik for dei fleste. Vi sat rundt ein kaffikjel på ein annan tur ein gong, og kom inn på barndom og oppvekst. Han fortalde dei var i skogen og såg etter kyrne seinhaustes. Det var kaldt og kom snøslette. Dei gjekk berrføtte, men visste råd. Når kyrne let frå seg ei rykande rue, var dei snare til å trakke borti kyraskiten, fortalde han med ein smil, og la til: «Det gav ein velgjerande varme». Han meinte det var viktig at ungar fekk lære arbeid og ansvar frå tidlege år. Blir du for mykje skora oppunder i alle livets situasjonar, har du ikkje rygg til å stå oppreist når det røyner på. Det tener korkje samfunnet eller den enkelte til nytte, og han meinte å sjå slike tendensar i dagens samfunnsutvikling.

Det var her på Brandsøyåsen, med utsikt over alle øyane, Arne Grov ein kveld i 1977, skal ha fått ideen til turlagsturen «Øyane over». Foto: Olav Hatlemark.
Dei første åra etter at Arne og Solveig var gifte, budde dei på Bjørnset. I 1960 bygde dei hus på Krokane. Arbeidsplassen frå 1955 til 1990 var på Landbruk; først på butikken saman med Leif Bjørk- um og Sverre Stavang, på gateplan. Sidan bygde han ut sportsavdelinga i firmaet og fekk andre etasje for seg sjølv. Der kunne du vere trygg på å få gode råd og den kvalitet du betalte for. Då Landbruk vart nedlagt, byrja Arne som arbeids- leiar på Krokane Nærtenester og hadde den jobben til han vart pensjonist.
NATURVERN OG BEREKRAFTIG LEVEMÅTE Arne var samfunnsengasjert og sat tre periodar i Flora bystyre, men han var ingen politikar- type, om vi kan bruke eit slikt uttrykk. Politisk spel og flisespikking om bagatellar mislikte han inderleg. Han tenkte i lange linjer, det store perspektivet, og hadde klåre meiningar. Grunntonen var lagt i unge år; Vi skal ikkje bruke meir enn vi treng for eit godt liv, og det må vere berekraftig på lang sikt. Difor var det naturleg å engasjere seg i naturvern – i det å ta vare på skaparverket. Å industri-
alisere urørd natur for å få meir av det vi hadde nok av, var han konsekvent imot. Difor engasjerte han seg bl.a. mot vindkraftprosjektet på Guleslettene og restutbygging av siste vasskrafta i Nordalsvassdraget. Han var også ein god skyttar og jeger, og då skytebanesaka spissa seg til først på 1990-talet, engasjerte han seg i arbeidet med det som i dag er bana på Grovastøylen. Seinast for eit par år sidan var han på plass og tok sin del av dugnaden med å avvikle skyteprøver for hjortejegerane. Men sjølve jakta gav han seg med då han passerte 80. «Alt har si tid», som han sa. Arne Grov vart 86 år. Det er ein bra alder. Han var ute og gjekk nesten til det siste, og vi meiner han fekk mykje ut av livet: Ein trygg familie med kona Solveig som han var gift med i 58 år, barn og barnebarn. Sunne interesser; balanse mellom arbeid og fritid. Friluftsliv og naturvern gjekk hand i hand: «Hugs det kjem nokon etter oss.» sa han. «Vi skal bruke, men ikkje bruke opp. Det skal vere noko att av det som bar oss fram og gav oss glede. Når meir enn nok blir altfor lite og overflod kjen-

nest knapt, då er vi i ferd med å miste fotfestet. Då får vi aldri nok og evnar ikkje å sette pris på livet.» Difor vart han ein pådrivar for å få folk ut og bli glade i naturen. Finne sansen for det enkle og grunnleggande. «Maten smakar best når du er svolten. Kroppen er til for å brukast. Du får inga ekte kvild før du er fysisk trøytt. Det du må arbeide for, set du pris på. Det du vert glad i, tek du vare på». Arne var ingen pratar, og kunne gjerne gå lange turar åleine. Men han dyrka venskap og skapte glede ved å vere ilag med andre. Dei første åra på turar med Solveig og døtrene frå dei var små. Sidan i større eller mindre flokkar som turleiar. Og sidan igjen med barnebarna etter alder og evner.
Den lune og blide turleiaren Arne Grov, slik vi hugsar han frå Flora Turlag sine mange turar.
vegane kom. Eg var med på eit par turar der, og dette arbeidet veit eg han hadde glede av. Ein del av desse stiane var dei han vandra i fest og yrke i sine eigne barne- og ungdomsår. Så lenge det er nokon som har deg i minnet, er du ikkje død for verda. Minna kan bli så levande at du kjenner varmen frå sola, ser landskapet breie seg rundt deg, og synest å høyre dei bortfarne tale – nærsagt kjenner væta under «Dei himmelske dusjar» eller varmen og velværet i «Vårherres idrettshallar».
Arne Grov likte desse metaforane. Og dette er frå mi side ei djupt personleg takk og minne om ein raus og god ven.
IDERIK OG HANDLEKRAFTIG Dette skal ikkje bli noko oppramsing, men hyttene må vi nemne. Det starta med den første Blåbrebu ved Ålfotbreen. Den vart bygt heilt frå grunnen – frå felling av tømmer i skogen til ho stod ferdig reist og tekt oppunder ein rasfri fjellhammar sør av Blåbrevatnet. Ideen var å skape eit «nett» av enkle overnattingshytter frå Årebrot til Hyen, og det vart gjennomført. Eit formidabelt dugnadsarbeid med mange gode hjelparar. Ideen til «Øyane Over» fekk han ein kveld han kvilte på toppen av Brandsøyåsen i 1977 og såg utover dette skjergardsriket i vest. Arne rekna ikkje mykje på slikt, men vi trur han vart glad den dagen då 283 deltakarar var med på turen over Hovden, Batalden, Skorpa og Kinn. Det er framleis rekord. Arne Grov var også med og skipa Sogn og Fjordane Turlag, og var med i styret dei første åra frå 1983. Nemnast må også at han i mange år var breførar på Jostedalsbreen. Han bygde vardar etter seg, bokstaveleg tala – denne velfortente æresmedlemen i Flora Turlag. Det siste han engasjerte seg i var prosjektet til Jostein Midtbø med å gå og merke opp dei gamle ferdslevegane mellom bygdene langs Eikefjorden og Nordalsfjorden, dei som folket brukte før bil-

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2017.