Jørund Utne Trovik
Andreas Trovik kom til Florø frå Mandsverk ved Bergen. Slekta stamma frå Kvinnherad i Hardanger. Han kjøpte garden Krokane, men var meir interessert i fiske enn jordbruk. Han selde raskt garden og flytta ut til byen, der han hadde notbruk og salteri. Han gjorde det godt med omsetting av fisk. I Nordre Bergenhus Amtstidende kan vi i 1893 lese: «Florø har nu faaet sit første Røgeri idet hr. Andr. Trovik i disse Dage holder paa med at afslutte Arbeidet paa et saadant.» Den flotte pipa står der framleis, reist av den tyske meistermuraren Køhn.
Jørund Trovik, slik dei fleste hugsar han. Denne dagen var det springflod på hamna i Florø. Det hende og nokre gonger at sjøen kom inn over golvet i Kakebua.
Anders Trovik var gift med Kamilla Smitt frå Bergen, og dei hadde tre søner: Lars (f. 1887) utdanna seg til farmasøyt, og var m.a. apotekar i Florø frå 1932 til 1940. Då vart han utnemnd til apotekar i Haugesund, der han døydde i 1953. Han er gravlagd i Florø. Ragnvald, som døydde i USA av spanskesjuka, og Alfred som utdanna seg til bakar. Han starta opp med bakeri i Florø i 1905. Her var fleire bakarar i byen, og ein skulle tru at det ville vere vanskeleg å livnære seg av dette, men Alfred gjorde det svært godt. Hugs at fiskeria var store den gongen med mange båtar og store mannskap. Fiskebåtane trong mykje brød, og Trovik-kaia var ei av dei finaste i byen, og mange båtar leverte fisk til faren Andreas. Alfred gifte seg med Maria Utne, og dei fekk to born. Ragnvald som utdanna seg til bakar og konditor, mens Jørund tok handelsutdanning i Bergen etter realskulen, og han gjekk på Befalsskulen for Kystartilleriet. Han var skuleflink, og ein dugande reparatør. Med dei tekniske interessene sine ville han studere til ingeniør. Men broren Ragnvald naudbad han om å kome heim att og ta seg av alt kontorarbeide med bakeridrifta. Han gjorde dette, og fann at dei måtte ha fleire bein å stå på. Dei eventyrlege sildefiskeria kunne ikkje vare evig. Brørene starta då opp med «Glassmagasinet» med den gode venen til Jørund, Arvid Stavang, som forretningsførar. Butikken stetta eit behov, og gjekk godt.
LANDSKJENT KAFÉ Av same grunn sette Jørund i gong med Kakebua, som raskt vart ein populær stad for kafégjester. Han ville at gjestene verkeleg skulle trivast, og bygde difor ut lokalet med gjenstandar frå fiskeria våre. På resten var staden reint som eit flott museum. Kafeen vart landskjend, og der vart også laga eit TV-program. Der sat m.a. Arvid Stavang i eit av vindauga mot sjøen, og med fiskesnøret drog han inn sprellande pal. Folk som såg på, smilte godt, og mulla om at dette var eit godt

Jørund Trovik var bypatriot, og stilte opp til innsats om han kunne. Her frå eit sildebord saman med den gode venen Arvid Stavang.
filmtriks. Dei ville mest ikkje tru, då dei blei fortalt at det verkeleg var slik. Då Jørund gav seg med Kakebua og kaféen, selde han heile museumssamlinga til Alex Vassbotten og Steinvik Fiskefarm. Alex opplyser at planleggingsarbeidet for eit kulturhus tilknytta fiskefarmen no nærmar seg sluttføringa. Han reknar med at i løpet av eit par års tid vil det stå ferdig, og Jørund Trovik si samling vil vere eit viktig tilskot for å fortelje utviklinga frå den gamle fiskarbonden og til moderne havbruk.
BYPATRIOT OG FRILUFTSMANN Jørund hadde ei levande interesse for byhistoria, og kanskje spesielt for alt som hadde hendt under siste verdskrigen. Han hadde sjølv opplevd okkupasjon og tyske soldatar og marine på nært hald. I Florø var det vel fleire tyskarar under krigen enn nordmenn. Her var store festningsverk, base for den tyske marinen, og også ein krigsfangeleir. Då det kom i gong eit Krigshistorielag vart Jørund
eit sjølvsagt medlem. Han kunne verkeleg forklare korleis dei tyske forsvarsverka var oppbygde, og kvar troppestyrkane hadde halde seg. Sjølvsagt var han bypatriot, og stilte opp for ei god sak når han hadde høve til det. Sildebordet engasjerte han seg straks i, og gjorde ein innsats gjennom år. Hytta som faren hadde bygt, tok han svært godt vare på. og samla her mykje av historisk verdi, særleg gamle fotografi. Jørund var ein ivrig friluftsmann, og var på lange turar rundt om i kommunen vår. Ofte nytta han motorbåten, og var rundt om på alle øyar. Han kunne då ha med seg barn og barnebarn. Men han var aleine eller saman med den gode venen Ståle Edvardsen når han var på fuglejakt. Med snekka «Malu» drog dei ut i Hellefjorden og skaut helst alke, men også skarv og lom. Jørund Trovik gifta seg den 12. mars 1955 med Oddborg Johanne Vevling. Ho var dotter av Alette og Magnus Vevling. Dei fekk tre born, Kari Lill i 1955, Anne Marie i 1959 og Lars Magnus i 1969.

Jørund Trovik samla gjennom åra ei mengde gjenstandar som viste livet til fiskarbonden i gamle dagar. Desse stilte han ut i Kakebua. Kulturhistorisk var det viktig for byen at dette vart gjort. Foto: Are Fjellestad.
Dei var så heldige å få 3 barneborn, og 4 oldebarn. Jørund viste stor omsut for både barn og deira born. Han var uvanleg god ven med dei alle, og tok seg av dei når han kunne. Han fortalde eit vell av gode soger, han modellerte spanande figurar til dei, og han malte og teikna. Ja, han skapte jamvel teikneseriar som dei sette umåteleg pris på. På sine eldre dagar fekk Jørund eit alvorleg slag, mista talens bruk, og hadde vanskar med å gå. Men han ville ikkje gje opp. Beit tennene saman og stod på for å bli frisk att. Det var mest utruleg, men etter ei stund med hard innsats, fekk han tilbake tale-evna, og kunne sjølvhjelpt gå lange turar. Jørund Trovik var fødd den 19.07.1927 og døydde 28.06.2014, 87 år gammal. Ps.: Jørund vart vide kjend i byen som liten gut på grunn av denne historie. Han hadde fått vere med faren for å handle hos fiskemat-Batalden, og vart ekspedert av Inge Batalden, den største og kraftigaste både i Florø og Kinn. Jørund var meir enn imponert, og då dei kom heim sprang han opphissa inn til mora og ropte: «I dag har eg sett den største mannen som finns. Han var så diger at eg såg tissehullet hans høgt over disken i butikken».
Jørund gifta seg den 12. mars 1955 med Oddborg Johanne Vevling. Dei fekk tre barn og barnebarn og oldebarn. Jørund viste alltid stor omsut for desse.


Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2017.