Torggata 2 – Apnesethuset
For Florøfolk flest vil det knyte seg mange minne til dette huset, sentralt som det ligg ved «Fylkeskaia», der det var mykje folkeliv før i tida. Dampen hadde ei underleg samlingskraft på folk, både her og elles i kyst- og fjordstrok. Sunnfjord Meieri låg like ved , og hopen her var lenge landingsplass for mjølkerutene som kom frå grendene innanfor og øyane vestanfor. Bymann og bonde møttest i dette miljøet. Litt lenger oppe i bakken låg Havikbottens kafé, der mangt eit rundstykke med skinke vart fortært av landsens folk som hadde gjort seg eit ærend til byen.
Det var i 1870 at Jens Bloch Severin Helmers vart tilvist byggjetomt her. Tomta kunne ikkje oppmålast då, fordi hamnestyret ikkje hadde bestemt kor langt ut i sjøen det kunne fyllast. Fylkeskaia var under planlegging (ferdig i 1879). På tomta
stod det allereie eit hus som tilhøyrde Øllegaard Helmers. Først i 1885 vart tomtegrensene fastsette, og tomta fekk eit flatemål på 98,02 (!) kvm. Huset til Øllegaard Helmers var då «bortflyttet». Så kunne Jens Helmers sen. setje opp det plan-
Apnesethuset (t.v.) under vintersildefisket på 1950-talet. Til høgre i bildet, det offentlege toalettet, framfor Hamnekafeen, og ekspedisjonen til Fylkesbaatane.

Frå ei utstilling til blikkenslager Alf Apneset, truleg på Folkeskulen under byjubileet i 1960.
lagde bygget sitt, eit hus han kjøpte på Krokane gard og fekk flytta til Torget. I første etasje dreiv han «krambod», andre etasje vart nytta til bustad. Huset fekk tidleg tilnamnet «Neptun» fordi grunnmuren var omflødd både på nord- og vestsida. (Neptun var havguden i romersk mytologi).
BLEKKSLAGARVERKSTAD OG KOLONIALBUTIKK I 1899 kjøpte Olav Apneset frå Apneset i Vev- ring, huset. Han var kopar- og blekkslagar, men frå 1903 dreiv han også krambu. Her hadde han sine faste kundar – dei kom gjerne roande frå distriktet og la til her. Huset vart verande i Apneset-slekta i om lag 90 år, heilt til Alf Apneset døydde i 1991. Han var 2. generasjon i blekkmakarfaget. Olav Apneset var gift med Marie Nærø , og dei fekk 7 born – fire jenter og tre gutar. Familien vart
etter kvart trangbudd, og dessutan trongst det meir plass til næringsverksemda som Olav Apneset dreiv: blekkslagarverkstad og kolonialbutikk. I 1910 bygde han difor om og utvida. Taket vart løfta, det kom ark mot aust. Huset fekk stort sett den forma det har i dag. Anne Marie Engesæth er eitt av barnebarna og kjelde til ein del av opp- lysningane her. Ho fortel historier om folk som ramla på sjøen når dei skulle på land, sleipt som det kunne vere i sjøtrappa framfor huset. Og så vart det eit kav for mormora å finne fram klesbyte og tørke det som var vått. Apnesetane var også kjende kompass-makarar og hadde såleis lovleg tilgang på sprit også i forbodstida (1916–1927). Påfallande mange måtte innom for å få etterfylt navigasjonsinstrumenta sine i denne perioden ! Det var sonen Alf (1899–1991) som tok over verkstaden etter faren. Han skaffa seg meister-

Apnesethuset slik vi ser det i dagens bybilete.
I 2016 kjøpte Nina Andersen Nygård og Vegard Solheim Apnesethuset.
brev og var ein svært dugande fagmann. Men han er også ein av dei mest kjende idrettsmenne i Florø, innan turn og friidrett. For innsatsen sin i desse greinene vart han tildelt Storkorset av John Sørensens Orden. Det vert fortalt at han ein gong arbeidde høgt oppe på eit stillas då dette losna og begynte å tippe utover og ned. Han såg steinura under seg der han stupte med andletet først, men greidde å snu seg i lufta slik at ikkje hovudet skulle bli knust i fallet! Turnaren berga livet. Alf Apneset var ikkje gift, og hadde ikkje born. Arvingane hans selde huset til murmeister Leidulf Humlestøl, som hadde verkstad og utstilling her i ein periode. Mange i Florø trør framleis på skiferheller som han la ned med stø hand. Torggata 2 vart registrert hjå Riksantikvaren i 1991, og fekk status som verneverdig. I 2016 vart huset kjøpt av Nina Andersen Nygård og Vegard Solheim. Dei har planar om å restaurere det, med leilegheit oppe og forretningsverksemd nede, t.d. kafé. Men slik bygget står i dag har det store roteskader, og dessutan må grunnmuren truleg hevast. Det er såleis inga lett oppgåve dei har tatt på seg, men Floraminne ønskjer lukke til.


Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2017.