Tida utan mobiltelefonen i lomma
I Televerket si teneste i Florø
frå 1955 til 1994
Eg kom til Florø Telegrafstasjon som nyutdanna «transmisjonsteknikar» våren 1955. Då eg enda tenesta mi i 1994, var tittelen blitt teleingeniør, men arbeidstilfanget mitt hadde heile tida vore det same.
Eg starta i Telegrafverket med arbeid i telegramekspedisjonen. På mitt første 5 månaders kurs lærde vi mellom anna å bruke fjernskrivarar, i staden for som tidlegare å lære morse. Etter kurs-et hadde vi tre års pliktteneste kor som helst i landet, og eg jobba fleire stadar. Etter perioden med ekspedisjonsteneste, tok eg to år «Høgare kurs» på Telegrafskulen i Oslo, for å kome vidare. Der lærte vi det som var naudsynt for å arbeide med alle dei tekniske installasjonane som Telegrafverket etter kvart hadde fått ansvaret for: Telegraftenester, telefonanlegg, høgfrekvens telefoni, radiotelegrafi og -telefoni, kringkasting, radiosikringsstasjonar for skip og fly, og mykje meir. Tittelen transmisjonsteknikar var meint å vere dekkande for dei som skulle arbeide med langdistanse teleteknologi. Vi hadde løn under utdanninga, men så kom tre nye år pliktteneste.
Rikstelefonekspedisjonen i Florø. Framme: Astrid (Henriksen) Midtbø, i midten: Eva Øen Hansen (d. 1959), bak: Berit Rakvaag (d. 2015).
VALDE FLORØ ETTER UTDANNINGA I Oslo, blei eg kjent med ei jente som arbeidde på rikstelefonen der. Ho heitte Berit Hovden, og var frå Florø. I Florø hadde ho kallenamnet «Tulten». Vi vart etterkvart «fast følgje», men før jul i 1954 hadde ho fått nok av Oslo. Ho reiste heim og fekk seg arbeid på rikstelefonen der. Nokre månader etter vart det delt ut ei liste på skulen, med stader der vi kunne velje å ta til med arbeidet etter fullført eksamen. På siste lina sto det Florø, og der sette eg kryss. Ynsket mitt vart oppfylt! Slik gjekk det til at eg kom hit til Florø.
Eg kom til ein moderne telegrafstasjon. Telefonen i byen var automatisert om lag eit halvt år før, og alt var i eit moderne nybygg – Meieribygget – med ny rikstelefonekspedisjon. I 2. etasje var der 4 ekspedisjonsplassar, ny telegraf med fjernskrivar, nye, lyse kontor, og eit lite rom for Florø Radio.

Bildet er frå vinteren 1958/59. I bakgrunnen Florø Radio sine antenner på Meieribygget i Strandgata. Til venstre ser vi huset til kolonialhandlar Sundal (no held Bistro To Kokker til her), i midten Landbruk (R. Aardals Foto i dag) og til høgre Sig. Solberg sitt hus (no Combi). Hagen i framgrunnen vart seinare bygd ut av Sigurd Solberg. Fotoet tilhøyrer Telemuseet.
sette i Telegrafverket i Florø i 1955. Men telegrafstyrar Johan Sørensen hadde meir å styre med enn desse 25.
Men det største rommet i denne etasjen var publikumsekspedisjonen, med langbenkar som i eit bedehus, 6 telefonboksar for rikstelefonsamtaler, og ein boks med mynttelefon. At det var naudsynt med så mykje plass til publikum i denne vesle byen, skjønte eg først skikkeleg mange månader seinare, då sildefiskarane kom. I 3. etasje låg den nye automatsentralen med 500 nummer. Automatteknikaren som dreiv den, heitte Bjarne Vivås. Her var også plass til det eg skulle ha ansvaret for: Utstyret for rikstelefonsambanda og telegrafutstyret. På taket sto det antennemaster for Florø Radio sin reservesendar. For å kome ned til montørane, måtte ein ut i gata og ned ei utvendig trapp, til Meierikaia, same trappa som i dag går mellom «Lille marked» og «Garn og brukskunst». Der var mønstringsrom for montørane, lager, verkstad og reserveaggregat. 3 montørar var tilsett i Florø den gongen: Sverre Haveland, Sigurd Nistad og Isak Krokevoll. I alt var omlag 25 syssel-
KONTROLLSTASJON FOR YTRE SUNNFJORD Heilt frå tida med berre telegrafliner, hadde det vore 7 telegrafstyrarar i Sogn og Fjordane. No fekk dei også ansvaret for drift av alle dei nye telefonlinene og alle telefonstasjonane. Dei vart kontrollstasjonar for telefonstasjonane og linene i kvar sine område. Florø vart kontrollstasjon for alle Televerket sine anlegg i kommunane Bremanger, Kinn, Eikefjord, Bru, Vevring og Florø. Talet på telefonstasjonar i Sørensen sin kontrollkrins var 10 i Bremanger, 8 i Kinn, 4 i Eikefjord, 11 i Bru og 7 i Vevring. I alt 40. Kor mange personar som var tilsette på desse stadene, har eg ikkje tal på, men det var meir enn 40, for nokre stasjonar var så store at det kravde meir enn ein person for å halde det gåande. Johan Sørensen var altså sjef for meir enn 60 tilsette.

Utbygging av telefonnettet i Flora 1900–1920. Henta frå «Historia om Flora» bind II. Selja Forlag.
skulle og sikra at det var bodteneste. Den vart betalt av den som bestilte bodsendinga. Dei nye stasjonane skulle òg ta i mot og sende telegram, som i seg sjølv var eit stort framsteg. I starten hadde ikkje desse stasjonane abonnentar. Folk måtte gå til stasjonen i opningstida og ringe derifrå. Om den ein ville snakke med, heller ikkje hadde telefon, måtte han «bodsendast». Det tok tid, og det var tryggast å bodsende han til ein gong i opningstida på ettermiddagen. Så måtte tingaren berre gå heim att, og kome attende til fastsett tid. Avstandane kunne vere store – som nemnt i «Historia om Flora», med 11 kilometer til telefonstasjonen. Så ein telefonsamtale kunne bli eit tungvint prosjekt.
UTBYGGING AV TELEFONEN I FLORØ-DISTRIKTET Telefonen var komen til landet før hundreårsskiftet, og Florø var relativt tidleg ute med telefonsentral. Telegrafstasjonen i Florø flytta i 1903 inn i det nye rådhuset, og i 1904 vart ein offentleg telefonsentral med 27 abonnentar, sett i drift, som eit av i alt 25 offentlege telefonanlegg i landet, til då. At det så tidleg vart offentleg lokal- telefonanlegg her, kan vere av di byen var så liten, berre om lag ein kvadratkilometer, så det vart eit billeg linjenett, utan risiko for at det skulle bli særleg større. Året etter var rikstelefonlina frå Bergen via Førde til Florø, ferdig. Byen vart kopla til rikstelefonnettet 25. oktober 1905. Vidare utbygginga av telefonnettet i Ytre Sunnfjord gjekk føre seg utover mot 1920. Då var det kome rikstelefonstasjonar i dei fleste grendene. For å få dette til, hadde alle kommunane og fylket sendt krav og søknader om utbygging av telefonnettet. Staten sette krav om at kommunen fann ein som var viljug til å ta på seg ansvaret som stasjonshaldar, og hadde høveleg husvære til å hyse utstyret som måtte til. Telefonstasjonen skulle ha fast opningstid om føremiddagen og om ettermiddagen, og difor var det naudsynt med nok folk i huset til å oppfylle dette kravet, anten det no var familien eller innleigd hjelp. Det vanlege var at ein familie på ein gard fekk arbeidet. Kommunen måtte betale for husleige, brensel og lys. Stasjonen
LOKALNETTET OGSÅ MED PRIVATE LINJER Det var ikkje rart at folk gjerne ville få telefon heime. Då måtte ein bygge abonnentlinja fram til telefonstasjonen sjølv. Låg det slik tilrette, kunne ein henge opp trådane på Telegrafverket si stolperekke, og betale for kvart «feste» på stolpane (2 på kvar stolpe), i tillegg til «tilknyting» til vekslaren på stasjonen. Abonnenten måtte kanskje også sette opp eigne stolpar for å nå fram til Telegrafverket si stolperekke, og kjøpe apparat og batteri. Slik kunne han bli «tilknytingsabonnent», og betale ei lita fast månadleg abonnementsavgift, og avgift for «tilknyting og feste». Kvar rikstelefonsamtale kosta ekstra,

avgifta på dei minste stasjonane var 5 kroner for kvart fjerdingsår (kvartal), men 15 kroner for særabonnentar.
VARIERANDE TAKSTAR ETTER AVSTAND OG TAL PÅ ABONNENTAR Der Telegrafverket dreiv lokalnettet, var abonnementsavgifta lik for alle abonnentar, enten dei var offentlege eller private. Slik var det i Florø. Tariffane for avgiftene i Televerket sine telefonanlegg varierte etter kor mange abonnentar sentralen hadde. I Florø var det 487 abonnentar i starten av 1955, og dei betalte ei abonnementsavgift på 24,00 kroner pluss eit automattillegg på kr. 3,00 for kvart fjerdingsår. I tillegg kosta kvar lokalsamtale 8 øre.
FOR RIKSTELEFONSAMTALAR VAR DET LIK TAKST FOR ALLE SENTRALAR, STORE SOM SMÅ For avstandar opp til 25 km mellom stasjonane, kosta det 50 øre for ein «periode», som var 3 minuttar, og 80 øre om avstanden var 25–50 km osv, opp til 3 kroner for avstandar over 500 km (1955). For å vere sikker på å få tak i den rette personen i den andre enden, kunne ein bestille samtale med «tilseiing». Det kosta 50 øre ekstra
men lokalsamtaler var gratis. Men lokale samtalar vart det ikkje mange av. Dei fleste såg seg ikkje råd til å ha telefon, og då var det ikkje mange å ringe til. Det var likevel nokre abonnentar som slapp å betale for telefonen sjølve. Etter kvart kom krav om at offentlege kontor skulle nåast pr. telefon, slik at kommune/stat/etat måtte legge inn telefon på sine kontor. Mange i offentleg teneste måtte òg få telefon der dei budde. I slike høve blei det bestilt innlegging av telefon av Telegrafverket. Då vart dei «særabonnentar». Men lista låg høgt. Berre sjå her: I Floraminne for 2013, er det teke inn notisar frå Firda Folkeblad, årgangen 1956. På side 58 finn vi: «Stavøy skule skal få innlagt telefon, går det fram av eit vedtak i Bru skulestyre. Alle skular som har ein kilometer eller meir til næraste telefon, skal få». Vidare på side 72: «Bru heradstyre har med knappast mogeleg fleirtal vedteke at det ikkje skal leggast fram telefon til Stavøy skule. «Ein meiner at Stavøy skule ligg så nær abonnent, at det skulle ikkje vere turvande med telefon» heiter det i vedtaket.» Dette var i 1956, året etter at eg kom til Florø. Private med god råd, kunne og bli «særabonnentar» ved å betale kontant alle kostnader med installasjonen. Det fanst nokre slike og. Tilknytings-
Ekspedisjonsbord Florø Radio. Telefonsentral. Fotoet tilhøyrer Telemuseet.


Havreneståa i 1956. Florø Radio sendarstasjon, ytterst på Havreneståa. Vegen gjekk ned Vestnesvegen på Sandalsmarka.
for korte avstandar, og med stigane kostnad di lengre avstanden var, av di fleire stasjonar blei involverte i bestillinga, og då måtte namnet på den tilsagde takast opp at fleire gonger undervegs i bestillingsformidlinga. Det er klart at det måtte koste ekstra.
var den eine ute, så tok vi den andre i staden – så sant han var ledig då. Elles måtte vi prøve andre, eller utsetje oppdraget. Fylkesbaatane hadde ruter til dei fleste stadane, men dei kom til Florø om formiddagen, med passasjerar og mjølkespann til meieriet, og returnerte om ettermiddagen. Det var ikkje brukande for oss som måtte reise frå Florø om morgonen, og heimatt om kvelden. Men var det ei reise med overnatting, kunne det passe.
FEILRETTING KUNNE TA TID Vedlikehaldet av rikstelefonlinjene og det tekniske utstyret på stasjonane, var Telegrafverket sitt ansvar. Linjene var montørarbeid, og dei hadde og teke feilretting inne på stasjonane, inntil eg kom, og fekk ansvaret for det. Mange problem kunne løysast berre med å snakke med beteninga på telefonen, men av og til måtte eg avgarde sjølv. Det var lite med vegar i kommunane våre. Utanom vegen innover til Førde, og vegane på Florelandet, var det nesten ingenting. Så dersom eg måtte reise ut, vart det oftast med båt. Florø-stasjonen hadde eigen båt, som heitte «Gnist», men vi kalla den for det meste Grisen. Den hadde ein firesylindra Volvo Penta motor, brukte uhorveleg mykje bensin, og var i dårleg stand. Eg var ikkje båtvand, og var aldri åleine på tur med den. I staden leigde vi båt når det var naudsynt. Ytre Fjordane Kraftlag var i same stoda. Dei leigde som oftast Anfinn Liabø når dei skulle ha skyss, medan vi i Telegrafverket brukte Nils Hovland. Det var ikkje noko formell avtale, var vel berre blitt slik. Dei hadde mange skyssoppdrag, og
STRABASIØS TUR SVARDAL OG STEINDAL I mars 1957 fekk eg eit oppdrag med å rette feil på vekslaren i Svardal stasjon. Når eg likevel var i nærleiken, skulle eg òg byte ut det gamle apparatet i Steindalen stasjon. Det var bilveg frå rutebåtkaia i Osen og heilt opp i Steindalen. Der var òg ein lastebil, men ingen som kunne køyre var heime. Løysinga var enkel. Eg måtte gå. Eg tinga meg hus og mat hjå stasjonshaldaren i Svardalen, pakka ein gamal «Bergan» ryggsekk med naudsynt personleg og teknisk utstyr, og gjekk ombord i «Førdefjord» på Meierikaia klokka 1600. Framme i Osen, la eg i veg, først forbi Ostunet stasjon, som ikkje hadde nokon abonnentar. Den var opna i 1919, medan Svardal og Steindalen fyrst fikk telefon i 1938. I desse 19 åra hadde folk måtte gå heimanfrå og ned til Osen når dei måtte i telefonen. Slik sett var ikkje denne fotturen min ei tidleg kveldstund noko særleg å skryte av.

UTBYGGING AV LOKALTELEFONNETTET
Akkurat i dei første åra mine her, starta utbygginga av lokaltelefonnetta. Florø var altså automatisert i 1954. I 1955 var det arbeid med å grave ned abonnentkabel frå Hauge mot Grotle i Bremanger kommune, og henge opp luftkabel mot Svarstad. I 1956 vart det liknande arbeid i Bru kommune. Då vart det hengt opp kabel på Stavøya, og abonnentane – gamle og nye – overførte til Stavang, som særabonnentar. Dei som no ville ha telefon, måtte betale innmeldingsavgift. Men så vidt eg forsto, vart denne mest gjort opp ved at dei som kunne, arbeidde opp desse pengane ved å hjelpe til med anleggsarbeidet. Mykje måtte gjerast når Telegrafverket skulle overta, fornye og utvide abonnentnettet. Når slike anlegg var ferdige, tok Televerket – som det heitte no – alt ansvar for drift og vedlikehald.
VIDARE FRAMOVER Frå midten av 50-åra skaut moderniseringa av linjenetta i Televerket fart. Telefonstasjonane vart erstatta med automatiske sentralar, og talet på samband mellom sentralane auka sterkt. Dette vart mogeleg fordi det kom nye tekniske løysingar med koaksialkablar, auka kapasitet på høg- frekvenssamband, radioliner frå fjelltopp til fjelltopp parallelt med utbygginga av fjernsynet, og tilslutt fiberkablar. Digitalisering av telenettet og datamaskinstyrte telefonsentralar er blitt så billeg at det er vanskeleg å sjå nokon avgrensing av det som er mogeleg i framtida.
Det var feil med ringinga frå proppvekslaren i Svardalen, og eg bytte ut heile induktoren med ein ny same kvelden. Men då det berre gjekk båt ut att til Florø annankvar dag, var det ikkje nokon hast med Steindalen. Eg tok kvelden, kveldsmaten, natta og frukost neste morgon i Svardalen, før eg gav meg av garde til Steindalen, igjen til fots. Det var ikkje lange turen, men det var bratt. Eg tenkte på kva slit det må ha vore for landpostbodet som klatra opp hamrane her før vegen kom. Han hadde visst brukt stige der det var aller verst, hadde eg høyrt. Forbi den brattaste delen av vegen, var eg inne i Vevring kommune, og vidare var det lettare. Det var ikkje mykje arbeid eg skulle gjere her heller. Steindalen stasjon hadde heller ingen abonnentar, så dei hadde berre eit vanleg telefonapparat av gamlesorten. Det heldt ikkje mål lenger, og det blei klaga på at det var dårleg kvalitet på lyden i samtalar dit. Eg tok apparatet ned, og monterte eit flunkande nytt svart plastapparat, med sveiv på fronten. Mikrofonbatteria, som før stod inne i apparatet, skulle no stå i ein blikkboks nede ved golvet. Batteria var store greier, større enn ein halvliter ølboks i dag, men så varde dei i årevis. Etter jobben gjekk eg ned til Svardal igjen, og fekk meg middag. Eg hadde god tid til å tenke medan eg gjekk, og rekna ut at kostpengar og overnatting eitt døgn til, ville koste Televerket omlag like mykje som at eg leigde skyssbåt heimatt no om kvelden. Eg ringde telegrafstyrar Sørensen om dette, og han var samd i at eg kunne reise heimatt med det same. Så var det å få seg båt. Både Nils Hovland og Anfinn Liabø var ute i andre oppdrag. Men Karl Hovland, bror til Nils, kunne kome. Båten hans var liten, og gjekk endå seinare enn dei andre, men vi løyste alle verda sine problem i styrehuset til Karl medan vi tøffa ut Høydalsfjorden, gjennom Brandsøysundet og heimover på nordsida av Brandsøyåsen. Det vart mørke kvelden før eg var heime, men no kunne eg sove i mi eiga seng. Med så lite vegar i området vårt, var det ikkje så rart at stasjonen i Florø ikkje hadde nokon bil. Først eit par år etter at eg kom hit, vart det skaffa ein. Førarkortet mitt har eg hatt sidan 1958, etter at den var komen på plass.
ORDFORKLARINGAR Høgfrekvens telefoni: Også kalla bærefrekvens telefoni. Teknologi som gjer det mogeleg å få til mange telefonsamband på ei trådlinje. Transmisjonsteknikar: Transmisjon = overføring, her av elektriske signal over lange avstandar. Vart avløyst av «teleingeniør» på 70-talet. Proppvekslar: Manuell telefonvekslar uten snorer. Særs driftssikre. Induktor: Vekselstraumsgenerator for ringestraum, driven av «sveiva». Særabonnent: Ein abonnent ved ein rikstelefonstasjon som ikkje åtte linja og telefonapparatet sjølv, men leigde det hos Telegrafverket. Telegrafverket bytta namn til Televerket i 1955, i samband med 100-årsjubileumet.
Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2017.