Restaurering av Kinnakyrkja
KAN VI LÆRE AV BYGGMEISTRANE FRÅ 1100-TALET?
Kinnkyrkja skal igjen gjennomgå eit stort restaureringsarbeid. Det største sidan førre store restaurering i 1911–12. Flora kommune vil satse stort og bruke dei millionane som trengst for å sikre dette rike kulturminnet og mektige historiske byggverket. Det har vore gjort mykje godt og gale restaureringsarbeid på Kinn i aller beste meining. Men no rår fagfolka til at ein lærer av dei som bygde kyrkja for mellom 800 og 900 år sidan, for å få det beste og tryggaste alternativet! Det er trass alt dei som har hovudæra for at kyrkja framleis står der. Stikkordet er mørtel! Varm mørtel! Hot mix!!
Foto: Forsvarbygg 2017.

nærmare omtrent på same tid. No trur ein òg at Vereidekyrkja vart bygd på 1100-talet, og det er då den største mellomalderkyrkja i Sogn og Fjordane. Kanskje det fanst bygningslag som reiste rundt og bygde kyrkjene som det kom så mange av ut over 11- og 1200-talet? Om Kinnakyrkja ikkje var den aller største, så var Kinnakyrkja eit mektig nok byggverk. Det var ikkje noko lita oppgåve lokale husbyggarar tok på seg, i lag med dei fagfolka dei fekk tak i, når dei skulle bygge Kinnakyrkja! Muren er bokstavleg tala den berande i kyrkja, og den kan gjerast tjukk, over meteren. Byggesteinane kan vere finhogne, men noko måtte til for å få steinane (kleberstein) til på henge saman og vere eit stødig grunnlag for byggverket. Då er mørtelen stikkordet, bindestoffet som gjer at alt heng i hop. Det blir drive mykje forsking på byggekunsten i middelalderen og mørtelen som blei brukt (Nidarosdomen, Mariakirken i Bergen og Akershus slott er restaureringsprosjekt der ein har jobba mykje med å finne rette mørteltypen). Hovud-ingrediensen i mørtelen er kalkstein, men prøver viser at mørtelen i Kinnkyrkja har inn- blanda skjelsand, møk og leire. Kanskje bygningsmennene hadde sine hemmelege oppskrifter. Men ein «heit» teori er at ein brukar varm mørtel.
Eg kjem tilbake til kva som ligg i dette, men vi må bli betre enn vi har vore dei siste gongane. Det har m.a. Riksantikvaren vedgått. Dei var rådgjev- arar og var den instansen som hadde det faglege ansvaret i den siste storinnsatsen i 1985, og der vi no stort sett kan sope opp puss og mørtel som var brukt… Det er ikkje berre enkelt å finne måtar å restaurere på, som held i alle slags vêr på eit gammalt steinbyggverk ute i havet. I dag undrar vi oss på kvifor dei bygde kyrkja på Kinn, på ei øy ytst på den vêrharde kysten. Det skjedde for 900 år sidan (koret vart første del av kyrkja, ferdig i starten på 1100-talet, og 50–100 år før resten av kyrkja). Det er mange spekulasjonar og historier knytt til Kinnakyrkja. Einar Seim, den lærde bonden og fiskaren på Kinn, har ein teori om at øya var ein buplass for kristne einebuarar som kom frå vest over havet på 800–900 talet, og det kan vere grunnen til at kyrkja vart bygt der seinare. Legenda om Sunniva og Borni styrkjer tanken om at det var kristne (munkar) vest i havet som bygde kyrkja. Men elles var ikkje Kinn nokon unaturleg plassering. Det handlar om kor folk budde. Det var ikkje noko senter lenger inne. Det var ytst på kysten rikdommen fanst og blei skapt. Det var der dei tok opp havets sølv. Kinn var eit senter for fiskeria og kyrkja var den rikaste i Sunnfjord i Middelalderen. Og i middelalderen budde dei fleste store skattytarane på Askrova!
VARM MØRTEL «Mye tyder dessuten på at man i middel- alderen i høy grad brukte varm mørtel, tilvirket i en prosess omtalt som «hot-mix». Dette gir mørtelen betydelig bedre vedheft mot underlag som hard naturstein. En hot-mix-mørtel fortsetter å leske små biter av kalk etter at den er påført. Dette innebærer at mørtelen ekspanderer noe, og dermed fester den seg bedre til fuger osv. Det pågår en bred diskusjon og utprøving av denne typen mørtler i Europa i dag, der bl.a. Nidaros Domkirkes restaureringsatelier prøver dette ut. Blant annet i Skottland har man fått betydelig erfaring med ny bruk av hot-mix-mørtler, samt et fullskalaprosjekt på bymurene i Visby på Gotland, Sverige.»
DER FOLK BUDDE Så rikt var vel ikkje Kinn då kyrkja vart bygd på 11–1200-talet. Men det var folk nok, rikdom og tiltak nok til at kyrkja vart bygd. For kyrkje måtte folk ha, og etter kvart som det auka på med folk på kysten, til viktigare blei kyrkja. Kven bygde kyrkja? Kinn og kysten hadde knapt sine eigne kyrkjebyggarar, og då kyrkja vart bygd, var det vel ikkje akkurat flust av store steinhus på kysten her. Til dagleg hadde dei ikkje husbyggarar med kunnskap om å bygge så store hus som ei kyrkje. Det var vel ikkje utruleg at folka på Kinn fekk henta fagfolk/bygningsfolk frå større stader langs kysten, t.d. Bergen, der flotte bygg reiste seg. I Bergen vart faktisk Mariakirken bygd omtrent på same tid som Kinnakyrkja. Nidarosdomen var påbyrja før og blei fullført etter at Kinnakyrkja vart bygd. Men det var bygd ei kyrkje
Dette står å lese i ein tilstandsrapport om Kinnakyrkja frå Forsvarsbygg. Etter ein anbodsrunde leigde Flora kommune Forsvarsbygg til å kartlegge tilstanden i kyrkja og komme med framlegg til kva som må gjerast for å sikre kyrkja. Forsvarsbygg har erfaring med mange store mur-
bygg. Deira omfattande rapport dannar grunnlaget for det store arbeidet som no skal setjast i gong, og som førebels er kostnadsrekna til 14–15 millionar kroner!
RESTAURERING GJENNOM 500 ÅR Det har heile tida vore jobba med å ta vare på Kinnakyrkja opp gjennom hundreåra. Restaureringarbeid er ikkje noko nytt, og vi tar med nokre viktige hendingar, særleg frå dei siste 500 åra då vi har mest dokumentasjon: • Det blei gjort mykje restaurerings- og vedlikehaldsarbeid frå 1659 og ut hundreåret: Nytt tak og golv i koret 1659–61, ny taktekking med takpanner 1662–64. Himlingen vart forfallen og nye bjelkar og flat himling kom på plass i 1679. I 1689 kom det nytt tak over koret, og i åra 1696–99 blei muren reparert og kalkslått av murmeister Hendrich. Fagmann var henta inn og muren var for første gong på agendaen! • I 1868 tok Kinn kommune over eigarskapet. Kommunen hadde eksistert i berre 30 år, men tok ansvar! Vindauga blir utvida og plasseringa blir endra. Takvinkelen blir senka over koret. Det blei kanskje fuga med sterk/sementhaldig
mørtel. Og det kom nye, utoverslåande dører. Det vart altså gjort ganske dramatiske inngrep denne gongen, både med å setje inn større vindauga og inngrep i steinportal mot nord. Kinn kommune tok makt og myndigheit og bestemte dette (og ingen Riksantikvar vart spurt!). • Etter 1900 kom arkitekt Carl Berner inn på bana. Nokon har gjerne køyrt gjennom eit av Oslo sine mest kjende gatekryss, Carl Berners plass. Det har fått namn etter faren til arkitekten, som m.a. var stortingsmann og aktiv på mange område, Arkitekten vart etter kvart ein stor autoritet på kyrkjebygg, og han vart hyra inn, truleg av Kinn kommune, for å sjå på kyrkja og lage ein restaureringsplan, ikkje ulikt forsvarsbygg sitt oppdrag no. I 1902 teikna Carl Berner kyrkja med fasadar, snitt og plan. I 1907 kom han med ein restaureringsplan og i 1911–12 leia han restaureringsarbeidet. Eit stort prosjekt der målet var å tilbakeføre kyrkja til slik ho var i middelalderen. Ikkje små ambisjonar for ein liten kommune, og det gjekk mange kroner ut av kommunekassa. Hovudtiltaka som blei gjennomført:
Skisse Carl Berner 1902–11.

Skisse grunnplan Carl Berner 1902.

• 1912 var kyrkja nypussa, men bilde frå 1925 viser at pussen stort sett har falle av. • Ut over 60-talet vart det igjen kalka innvendig, og anna arbeid vart gjort. Omnane blei elektriske i 1974, og pipene blei tetta. Nytt våpenhus kom i 1975–79. • I 1985 vart det gjennomført ei stort arbeid med kalkpuss utvendig, men pussen fall av etter få år. På 1990 talet blei dei innvendige veggane i koret nypussa. Kyrkja fekk takrenner. • Ut gjennom 2000-talet har det vore gjort ei rekke tiltak ute og inne, t.d. drenering, med varierande hell, og elles ein del mindre tiltak etter kvart som situasjonar har oppstått. Fuktigheita inne er målt og held seg fast, og det hjelper ikkje med oppvarming.
– Takvinkelen blei brattare, slik den var i mellomalderen, og det kom nytt skifertak! – Vindusopningane blei mindre igjen (to av dei gamle ser vi enno i Seimgalleriet). – Sementmørtel ved gjennmuring og anna murrestaurering, og «hardstein» ved vindusopningane. – Dørene blei igjen skifta, tilbakeført til innslåande dører. – Det blei laga 3 piper. – Nytt golv. Krypgolvet (under koret) blir senka. – Lektoriet kjem fram att i lyset. Eit verdifullt kulturminne som heldigvis var forsvarleg lagra. Tapte deler vart rekonstruerte. – Og Berner fekk laga eit minnesmerke etter seg sjølv når han teiknar tre lysekroner som ein kunstsmed laga, og dei heng der enno!
KVA SKAL VI GJERE? Så er vi i dag, der store tiltak skal gjennomførast, vonleg vis med godt resultat. Det er først
Under golvet i koret. Foto: Forsvarbygg 2017.

god stand, både pussrester og i fuger, skal bevares i størst mulig omfang. Likeså fjernes senere reparasjoner med sementmørtel… Fugene fylles med en svakt hydraulisk kalkmørtel, som er tilpasset den opprinnelige mørteltypen. Puss og kalkhvitting påføres.»
Dette er oppskrifta på hovudarbeidet. Før alvorlege tiltak blir sette i verk, vil ein prøve ut mørtel og puss på mindre felt for å sjå korleis det fungerer. Eitt eller to år etter utvendig arbeid, må veggane inne i kyrkja pussast og kalkvitast. Dette må tilpassast det utvendige arbeidet slik at ein sikrar seg at det blir god uttørring før en målar pussar og målar innvendig.
og fremst muren det handlar om, seier Forsvarsbygg. Taket skal òg takast ned og treverket under skal sikrast, sidan vi likevel har stillas opp. Taket er elles godt. Det trengst omfattande restaurering av vindauge og dører. Det må gjerast noko med ventilasjon og krypkjellaren. Men dreneringa no ser ut til å fungere bra. Murararbeidet blir mest omfattande. Vi har nett hatt eit tysk firma på besøk, som har brukt ein ny metode for å finne ut korleis muren er. Metoden er georadar som eigentleg betyr ei slags røntgenundersøking av heile muren for så sjå tilstanden: Er det t.d. er holrom inne i muren fylte med vatn? Fuktigheit er eit stort problem med slike murar, og det er avgjerande at ein finn kor fuktigheita kjem frå slik at tiltak kan setjast i verk.
«Det mest omfattende og kostnadsdrivende tiltaket er knyttet til murverket. Det er også her effekten for bedring av hele bygningens tekniske tilstand vil være størst. Kort oppsummert anbe- faler vi at all nedbrutt mørtel i utvendig puss og fuger fjernes/krasses ut. Eldre kalkmørtel som er i
DETTE VIL TA TID Etter planen startar arbeidet på nyåret, og det er planlagt ferdig innan 2020. Det reknar vi som eit litt uoffisielt 900-årsjubileum! Men tidsplanen er stram, og det kan vel hende at vi rundar 2021 før alt er klart. Prosessen har starta opp. Tilstandsrapporten er klar, men det kan sjølvsagt hende at
Innvendig er mykje av murpussen fallen ned. Foto: Forsvarbygg 2017.

den ikkje har fått med seg alt. Nye undersøkingar og utprøvingar kan gjere til at planane må endrast. Men arbeidet går snart ut på anbod, og arbeidet kan vere i gang tidleg på nyåret. Det har sine utfordringar å ha eit så stort prosjekt på Kinn. Folk og maskinar skal ut, arbeidsfolk skal bu og arbeide, stillas skal setjast opp i eit område der det er friskt vêr innimellom. Og: Kyrkja er ein viktig plass for folk der den ligg i ei innramming som det mest ikkje finst maken til. Kyrkja er eit viktig mål for turistar frå inn- og utland. Og så er det Kinnaspelet! I enkelte periodar vil kyrkja vere stengd. I hovudsesongen vil kyrkja vere tilgjengeleg, det vil vere omvisingar og gudstenester. Men det vil merkast ute og inne at anleggsarbeid er i gang. Der vil vere stillas. Ute vil det vere slik, ganske fast i fleire år, at kyrkja er pakka inn. I andre store restaure-
ringsprosjekt er det gjerne eit stort bilde av kyrkja på t.d. to sider slik at folk har ei oppfatning om kva som gøymer seg bak plasten. Det er heller ikkje sikkert at heile kyrkja er tildekt heile tida. Under Kinnaspelet vil det krevje litt ekstra fantasi når dialogen mellom Borni og Tarve spelar seg ut på scena, men spelet i seg sjølv skal framleis røre folk til tårer… Og det kan òg hende at restaureringsarbeidet kan gje nye opplevingar. T. d. vil det kunne vere opne dagar der folk kan få komme inn bak presenningane og sjå korleis restaureringsarbeidet pågår. Det kan vere ei oppleving i seg sjølv. – Og det er nesten eit eventyr at dette store arbeidet no blir gjennomført! (Forfattaren av denne artikkelen er prosjekt- leiar for restaureringsprosjektet.)
Restaureringsarbeidet vil gå over fleire år, og kyrkja vil være innpakka i plast, truleg så tidleg som til Kinnaspelet 2018. Men Kinnaspelet vil gå som vanleg, og kyrkja vil vere open for både konsertar, gudsteneste, og omvising. Bildet er frå Kinnaspelet 2014. Foto: Arne Stubhaug.
Kjelder: Forsvarsbygg: Hovudrapporten: «Tilstandsanalyse». Oddvar Isene: «Kinn og Kinnaspelet», 2014, Selja Forlag. Harald J. Stavang: Kinnakyrkja. Fylkesarkivet 2000.

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2017.