2017-01 - Bjarte Sindre - Bygginga av Stabben fyr og historia til fyret

Stabben fyr – 150 år

Det stod ikkje bra til med Noreg i 1814 og åra etter. Napoleons-krigane hadde tært på landet, og dei som sat med statsstyret, var ikkje før til å møte ei ny tid. Først etter 1830 tok det til å lysne. Då kom det nye folk til som såg i kva for retning landet måtte takast. I 1846 vart Frederik Stang utnemnd til leiar av Indredepartementet. Han hadde ei utruleg arbeidskraft, og meinte at det viktigaste som måtte gjerast, var å betre kommunikasjonane og fremje utdanning. Han såg på kysten som eit viktig satsingsområde, for her var den store verdiskapinga med rike fiskeri, særleg av sild.

Fyrdirektør Diriks.

Men mange stader var det svært farleg farvatn, og dette måtte det gjerast noko alvorleg med om ein skulle få bukt med alle forlisa. I 1855 utnemnde Stang såleis Diriks til Fyrdirektør, noko som viste seg som eit svært heldig val. Diriks hadde høgre militær utdanning, og var såleis også realist. Han var godt kjend på Norskekysten. Han drog straks på omfattande synfaringar, og søkte heile tida hjelp frå lokalfolket.

Den nye fyrdirektøren kom fram til at farvatnet vest av den nye byen Florø, var av dei farlegaste i landet. Når her i tillegg var store sildefiskeri kvart år, var forlis og ulykker vanlege. Etter synfaringar bestemte han at der måtte byggast eit leiefyr på den utilgjengelege knausen Stabben. Folket i byen og distrikta berre rista på hovuda over slik galskap. Meir naturleg var det at han også ville ha eit fyr i Kinnesundet, for her var det stor ferdsel i sildetida, med kjøp og sal av sild, foredling og transport til Bergen. Rognaldsvåg var den gongen den største tettstaden i amtet. Våren 1866 kom arbeidet i gong. Diriks hadde sjølv teikna fyra, og Stabben var den store utfordringa. Aldri hadde der vore bygt eit fyr på ein knaus som stakk rett opp av sjøen. Ein ting folket her omkring ikkje visste om, var at Diriks nytta seg mykje av sement i byggearbeidet. Dette var eit nytt materiale, ukjend for dei aller fleste den gongen. Diriks hadde planlagt korleis steinarbeidet med grunnmuren måtte reisast. Til det siste hadde han skaffa følgjande meistermurarar frå Sunnmøre: Steinar Olsen (leiar), Peder Rasmusen, Steffen Rasmusen, Elias Jørgensen, Arne Larsen, Jacob Olsen, Peder Johansen, Lars Sjursen, Ole Olsen og Rasmus Olsen. Dei fem siste arbeidde

Fyrdirektør Diriks si originalteikning frå bygginga av Stabben Fyr i 1866.

truleg med Kinnesund Fyr. Elles sytte direktøren for at berre dei beste materiala vart nytta. Til reisverk og tømmer fekk han kvalitetsfuru frå Namsos. På den vesle holmen var der ikkje plass til noko anna enn sjølve fyrbygningen som blei på 12 gonger 8,3 meter. Difor måtte det lagast ein stor kjellar under det heile for å få plass til turvande utrom. Frå Akers mekaniske Verkstad tingar han «4 Stk jernvinduer... efter den ved Verkstedes bevarede Model. Disse Vinduer ønskes i Løbet af næste Maaned afsendt til Florø, adressered til Fyrvogter Poulsen.»

ningar. Stein skulle skytast på Grasskjeret, der også mykje av førearbeidet skulle gjerast. Frå skrivet nemner vi berre: «Grundmuren, der ved Foden skal være mindst 2 Alen tyk, bliver at opføre med all mulig Om- hyggelighed og Soliditet. Hver Steen skal lægges i Kalk, de ydre Steene i en Blanding af Kalk, Sand og Cement. …Udvendig blive Muren at fuge med cement... ... De maa strengelig paasee at man aldrig ved Kalk-Tilberedelsen bruger Søvand.» Fyrdirektør Diriks må ha vore spent på korleis dette gjekk, for han kom på inspeksjon i juni, og var full av lovord. Her var det ikkje mykje å utsette på kvaliteten. Arbeidet var også kome lenger enn han hadde rekna med. Då det nærma seg tida for å avslutte arbeidet før haust- og vinterstormar stunda til, fekk Diriks melding frå Poulsen om at kjellarmuren var ferdig, kva skulle dei gjere i tida som stod igjen?

HEILE 108 STORBÅTLASTER MED GRÅSTEIN GJEKK MED Til å ha den direkte leiinga av arbeidet, hadde Fyrdirektøren fått den røynde fyrvaktaren Poulsen til Florø, og han hadde med seg fyrvaktar Melkevig. Den første hadde alle fullmakter, og skulle syte for at alt gjekk rett føre seg. Sjølvsagt var fyrvaktarane velrøynd når det galdt byggearbeid. Arbeidet med Stabben og Kinnesund fyr kom i gong våren 1866. Den 09. april 1866 sender Diriks eit langt brev til Poulsen, med ei mengde direktiv om korleis arbeidet skal utførast, og sjølvsagt også gode teik-

Den 1. september får Poulsen følgjande skriv: «I Anledning af deres Spørgsmaal betreffende Muurarbeidet paa Stabben meddeles, at de først faaer lade opmuure Skorsten og Bagerovn, og saa lade udføre saa meget paa Gulverne, som De har Steen til. Er det muligt strax at faa kjøbe vel-

vere med postbåten som kvar veke vart rodd til Førde av tre spreke karar. Retur var straks dei hadde levert og fått post. Fyret blei reist på rekordtid. Den 1. oktober 1867 var alt klappa og klart, og fyret vart tent. Då hadde allereie kona til fyrvakteren vore på plass ei god stund og hjelpt til med den siste finpussen. Kinnesumd Fyr vart sett i drift same dagen, og fyrvakter her var Leonard Hess.

brændte Muursteen, bemyndiges de til heraf at indkjøbe, hvad der maatte tiltrænges. Muursteensgulv blive at anbringe i hele Kjælderen, og blive steenen at sætte i Sand, med Fugning af Cement.» Då hausten kom, var det veldige arbeidet med grunnmuren ferdig, og også det omtalte murarbeidet. Alt vart dekka til, for å takast igjen neste vår. Diriks hadde plukka ut den som skulle bli fyrvaktaren på Stabben. Det var fyrvaktaren på Reine fyr i Lofoten, Arnt C. Dahl. Han hadde nettopp stått for byggearbeidet på det nye Støtt fyr i Meløy, og var ein mann Diriks stolte fullt ut på. No lét han Poulsen ta ovet Støtt for å gjere det ferdig, og sende Dahl søretter til Stabben for å la han ferdigstille dette.

SMÅ SKADAR ETTER STORSTORM FRÅ NORDVEST Ein månad seinare skulle Stabben Fyr verkeleg få vise kva det dugde til, for då braut det laust ein storstorm frå nordvest. Veldige sjøar stod inn Hellefjorden, den mest utsette vindretninga for det nye Stabben fyr. Inne i Florø var fyret i fleire dagar heilt løynd av dei veldige sjøane, og alle var sikre på at det ikkje ville vere korkje flis eller stein att etter det. Då det klarna opp, var alle opp i undring over at fyret framleis stod, og tilsynelatande uskadd. Men så vel var det ikkje.

FYRET VART FERDIG PÅ REKORDTID Bortsett frå ein mindre konflikt med eit par tømrarar gjekk arbeidet verkeleg unna, og også dette året kom Diriks på vitjing i Juni. I tillegg til å forsikre seg om at bygginga av fyra gjekk som planlagt, teikna han også ein del herfrå. Diriks var ein framifrå teiknar. Han nytta jamvel høvet til å

Dahl hadde ikkje brydd seg særleg om vind og

Stabben Fyr sto ferdig 1. oktober 1867. Biletet er frå «Skillingmagasinet». Laga etter originalteikning av Diriks sommaren 1867.

sjø dei første par dagane med uvêr, for fyret ligg høgt. Men i brev til Fyrdirektøren skriv han i slutten av november 1867: «I Stormen den 4de d.M. saae det noget broget ud, havde den indtruffet om natten vilde Forskrekkelsen rimeligt bleven stor, thi vi havde ikke tængt os at her paa Stabben kunne blive saa store Overskyllinger. Stormen begyndte ved lavt Vand, og tiltog efterhvert som Vandet voxte. Jeg begyndte straxt at berge op paa Altanen en del Ved som laae for at tørre, men da jeg havde faaet op noget deraf, maatte jeg slutte formedelst Søen. Jeg begyndte at lægge Surringer paa de Steder jeg frygtede mest for, samt at fortøie alt som var paa Bryggen. Imedenst jeg gjorde dette, gik Alt bort som laae tilbage paa nordre Platting, men ikke nok dermed, thi det som jeg havde faaet op paa Altanen, og som jeg troede skulle være ibehold, blev ogsaa

skyllet bort, og da der ikke var mer tilbage deraf, brak Søen det faste Træfang ogsaa bort, men kun paa den nordre Side. Dette skedde Kl. 2 E.Md. Her er virkeligen en god Mur hvorpaa Bygningen staaer, thi hver gang en stor Søe kom, fik den slaae med sin hele Kraft lige paa den flade Væg, og saaledes foraarsage meget haarde Slag.» Fyrdirektør Diriks var også ein røynd sjømann, og visste kva krefter som var i brytande bølgjer. Vel var murane uskadde, men stadige vinter- stormar ville visseleg etter kvart bryte dei ned. Difor sette han seg straks til å sjå på problemet. Han kom opp med at dei mot nordvest skulle sette opp ein bølgjebrytar, slik at Stabben fekk noko som likna på ein diger baug som kunne bryte til sides dei veldige åtaka frå glefsande sjø. Til fyrvaktar Dahl skriv han først i januar: «Omkostningerne ved den projecterede Be- skyttelsesmur vil blive paaført Deres beparations-

Brevet har denne teksten: Som svar på Eders brev af 12te er, at den fornødne steen til Beskyttelses- muren om Fyret kan brydes paa Nærøerne, samt Arbeiderne for en Tid af 3 à 4 Uger faae Logi i Arbeidshuet. J. A. Køhler & Co

Salomonsen 1909. Eit postkort frå boka «Hilsen fra Florø» utgitt av Bjarte Sindre 2009.

fortegnelser. Man har til hensigt at opføpre Muren saa høi, at den vil kunne tjene som Altan, og bliver der paa samme at anbringe et Jernrekværk.»

gav løyve til å bryte ut stein frå eigedomen hans, der han hadde store anlegg for sildesalting. Det gjekk med 35 kubikkmeter solid gråstein. Diriks fekk også på plass meistermurarane frå Sunnmøre til å stå for arbeidet.

FYRVAKTAR DAHL HADDE STOR TILLIT Elles er det forbausande kor stor tillit Diriks har til Dahl. Han får ei rekke oppdrag, som til dømes å finne ut kor for mykje fyret lyser i vestleg retning, og gjev Dahl fullmakt til å rette opp feil. Dahl skriv den 28.01.: «Den 19de d.M. var jeg ude på Kinn og fik jeg Lass med mig for at paavise hvilken Deel af leden Fyret viste formeget Vest, og ved at peile denne, fandtes den å være 3 Streger.»

Her skulle det ikkje takast nokon sjanse, for jamvel jerntrappa frå sjøen og opp på landingsplassen hadde fått store skader i storstormen. Dahl skriv utførleg om dette: «Vi ere meget glade for at vi har Bryggen og denne Trappe thi havde vi ikke havt den, vilde det have være slemt for os. Jærntrappen har jeg gjort Acord med Smeden Flom i Florø om at han skal gjøre istand et Stykke af den Gamle, som jeg vil anbringe oppe ved Plattingen, men noget nedenfor samme skal hvert trin boltes til Berget af 1½" tygt Jærn. For det hele Arbeid i Et og Alt skal han have 30 Spd.»

Dahl retta opp misvisinga etter slik Diriks hadde gjort framlegg om i brevet sitt. Men det var ikkje berre arbeid med sjølve fyret Dahl blei sett til. Rett ofte skulle han sette ut stakar og bøyer på båar og skjær. Den 16.11.1869 får Dahl eit viktig brev:

Det blei eit svært arbeid å reise bølgebrytaren. På Grasskjeret var det ikkje stort meir stein å hente. Difor vart det sendt forespurnad til den rikaste mannen i Noreg, skipsreiar og nærings- drivande Køhler i Stavanger om dei kunne få hente stein frå Nærøyane som han var eigar av. Køhler

Gamle teikningar av fyret. Legg merke til dei tjukke murane i kjellaren. Som ekstra sikring var steinane bolta saman med jernkrampar. Til høgre ser vi bølgebrytaren mot Hellefjorden. På øvste teikning ser vi at «baugen» fluktar gangvegen rundt fyret. Svært praktisk for fyrvaktaren sine folk.

Fyrvogter Dahl Stabben. Muligens vil der i næste Budgettermin blive paabegyndt Opførelsen af et nyt Fyr i Kinns Præstegjeld. Stedet er endnu ikke valgt, men der vil dog ikke blive Spørgsmaal om mer end 1) Aralden, 2) Qvanhovden og 3) Søtingholm(vest af Gaasø). Forinden der træffes noget Valg ønskede man sig gjerne oplyst om hvorvidt der om Qvanhovdens Top pleier at leire sig Tykke eller Taage i saadan Grad at Stedet maatte ansees mindre hensigtsmæssig til et Fyranlæg. Man skulde være Dem forbunden om De ved Leilighed kunde skaffe Oplysninger Dessangaaende. Formodentlig maa maan kunde faa besked herom af Beboerne paa Batalden og Qvanhovden. Christiania den 26. November 1869

Likevel er det mange skip som har gått ned i dette ureine farvatnet, ja, seks båtar har jamvel rent rett på fyret. I tre tilfelle var kollisjonane så kraftige at båtane måtte ha hjelp av bergingsfartøy. Den første var barken «Evigheden» som 5. august 1889 rende baugsprydet inn i stova til fyrvaktarane, og gjorde skade på mur og jerntrapp. «Liv» rende seg på fyret den 19.06.1918 og «Kvalen» 19.04. 1931. Den første av desse skal ha køyrd baugsprydet gjennom veggen på soveromet, og rett over hovuda på fyrvaktaren og kona hans. Men sjølve fyret klarte seg, medan båtane fekk store skadar. Grunnen var at svært sterk straum tok tak i båtane og drog dei ut av kurs. I november 1950 kom Amerikalinjen sin digre lastebåt «Vindafjord søretter med ei kislast. Denne rusken på over 10 000 tonn hadde god fart, og vart driven ut av kurs med retning rett mot Stabben. Men han rende seg opp på Svarteskjeret og Grasskjeret der han vart ståande bom fast. Hadde han råka Stabben, ville nok fyret ha klart seg gjennom dette òg, medan skipet nok hadde gått til botnar. For Flora kommune er Stabben fyr eit klenodium. Mellom norske fyr er det eineståande, og kommunen må stelle vel med det. Vi har ei kulturhistorisk perle rett utafor stovedøra vår. Likevel er det få som har vore på fyret og sett seg om. Må det bli meir blest om kommunen sine fyr-safariar.

Dahl sette seg straks i sving, og kunne melde at Kvannhovden måtte høve framifrå som eit hovudfyr for trafikk som kjem inn til kysten frå storhavet. Men Stortinget hadde skore ned løyvingane til fyrstellet, og med mindre pengar å rutte med, vart Kvannhovden fyr utsett heilt til 1894/95. Derimot klarte Diriks å få løyvingar til Ytterøyane Fyr, som han fekk sjå ferdig som fyrdirektør i 1881, same året som han måtte dra seg tilbake for skuld sjukdom. Arnt C, Dahl var på Stabben i 10 år. Då drog han søretter og vart fyrvaktar på Ringholmen Fyr i Fitjar. Igjen var det slik at han skulle ha oppsynet med dei siste byggearbeida på dette nye fyret, og ha ansvaret for det i ei første vanskeleg tid. På Stabben vart tårnet bygd høgre i 1905, og det vart då sett inn eit 4. ordens linseapparat som framleis er i bruk. Fyrstasjonen består av sjølve bygningen, eit naust og ein landingsplass som ligg tett samla på den vesle holmen. I 1975 vart fyret automatisert og avbemanna. Elles står fyret uendra frå det vart bygt for 150 år sidan, og det har stått der gjennom alle stormars kast.

Fyrvaktarane på Stabben har vore: Arnt Dahl 1867 - 1876 Knut O. Jensen 1876 – 1884 Jermund Carlsen 1884 – 1893 Conrad Gärtner 1893 – 1907 Georg A. Høyer 1908 – 1921 Andreas O. Vasbotten 1921 – 1931 Karl Markussen 1931 – 1941 Karl H. Greger 1941 – 1957 Severin Rørvik 1957 – 1965 Karl Søviknes 1965 – 1974

FYRET VIKTIG I EIT UREINT FAREVATN Stabben må ha vore eit hjartebarn for fyrdirektør Diriks, for han var svært oppteken av fyret, og har lagt ned mykje arbeid med nettopp dette. Men så er også Stabben Fyr eit av dei mest særmerkte vi har på Norskekysten, og det ligg på ein stad der det verkeleg er trong for ein vegvisar.

Stabben Fyr slik vi ser det i dag. Foto: Eivind Nordvik Hauge (2013).

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2017.