2016-28 - Bjarte Sindre - Postkort. Firda Frugtkonservering

Nytt hefte 

om skulehistoria i Eikefjord

Men problema var ikkje over, ikkje økonomisk iallfall. Kommunen vende seg til Kinn Sparebank for å ta opp lån. Ei tid seinare kjem melding frå justisdepartementet om at låneopptaket er underkjent – fordi det ikkje er avtalt avdragstid. Så melder kommunen at avdragstida skal vere 40 år. Kva som så skjedde med lånet I Kinnsbanken er uklart, men I alle høve vart Fjordenes Kreditbank ny långjevar.

27. desember 1916 blir det gjort slikt vedtak I bystyret: Magistrat og formandskap bemyndiges til at indgaa til Kongen med ærbødigt andragende om tillatelse til at utstede kommuneobligationer lydende paa ihendehaveren for det til indkjøp av elekticitetsverket nødvendige laan stort indtil 63.000 koner – og forøvrig foreta det nødvendige til sakens ordning.

Hermetikkfabrikken hadde eige lysanlegg. Fabrikken var dampdriven, og Hesteneset var langt meir opplyst enn resten av Florø. I slutten av april 1916 får bystyret brev frå elverket med varsel om at drifta vil stanse, med mindre prisane kan setjast opp med 30 %. Årsaka er prisen på kol. Formannskapet viser til konsesjonsvilkåra og hevdar at verket ikkje har rett til å stanse drifta, men går likevel med på at lysprisen kan aukast med 30 %. Striden mellom el-verket og kommunen held fram heil sommaren og utover hausten. Striden gjekk til volgiftsrett, og der fekk kommunen medhald. Elektrisietsverket nekta å føye seg etter dommen, men kom derimot med tilbod til kommunen om å overta anlegg og eigedommar for kr. 62.000. Etter ein del fram og tilbake aksepterte bystyret tilbodet og vart el-verkseigar.

Heftet med den lange tittelen «Frå fundas i 1743 via bygdeskular og sentralskule, til ny Eikefjord skule i 2016», kom ut no i vår, i samband med at nye Eikefjord skule sto ferdig. Forfattaren Odd Asle Endestad har gjort eit omfattande og grundig arbeid med å hente fram informasjon om alle skulane i gamle Eikefjord kommune. I føreordet skriv han at heftet tar for seg skulehistoria i Eikefjord, med spesiell vekt på skulehusa som vart bygde i grendene i gamle Eikefjord kommune, fram til nytt skulebygg i 2016. Det meste av faktaopplysningar er henta frå heradstyreprotokollar og skulstyreprotokollar, og bilda er lånte frå folk rundt om i bygdene.

Odd Asle Endestad strekkjer trådane heilt tilbake til 1687, der ein kan finne spor av skule i Eikefjord, då ein mann med namnet Jørund hadde vore lærar i Eikefjordsdalen, og lært folk der å lese. Men som tittelen seier, er utgangspunktet for skulen i Eikefjord, den såkalla skulefundasen, den første skulelova i Kinn prestegjeld, som vart signert 14. juni i 1741. Det var særleg den unge soknepresten Sigvard Brarup som arbeidde med skulefundasen. Han var og med å sette stempelet sitt under, saman med 6 framståande bygdemenn. Med dette heftet har Odd Asle Endestad laga eit verdfullt dokument om deler av skulehistoria i det som i dag er Flora kommune. Heftet er i første omgang utgjeve i eit hefteformat på 77 sider, utan stive permar, og kan kjøpast lokalt i Eikefjorden, eller hos forfattar. Oddvar Isene

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2016.