Småplukk frå Florø kommunestyre
Florø Elektricitetsværk
Ei vond sak for bystyret
Florø bystyre hadde mange store saker I 1916: Opprusting av vegar og gater, utbygginga på Fugleskjeret, utviding av gravplassen, for å nemne nokre. Men den vanskelegaste kom som følgje av 1. verdskrigen og hadde konsekvensar for kvar einaste florøværing.
Det var dyrtid, og prisane skaut I veret. Særleg merkast det på brensel, framfor alt kol som vart brukt til oppvarming og koking i heimane.
Bystyret sette ned ein eigen brendselskomite som på kommunen sine vegner skulle kjøpe, lagre og vidareselje ved og anna brensel.
Hausten 1916 vurderte faktisk bystyret å kjøpe
eit jordstykke på Krokane med tanke på uttak av torv! Men det var straumforsyninga som valda mest bry. På denne tida vart elektrisk kraft nesten berre brukt til industri- og offentlege formål (gatelys) i Florø, og verket var fyrt med kol. Det ver bergensfirmaet «Teknisk Bureau» som installerte lys- verket I 1910, og fekk konsesjon av bystyret. Irgens og Schumann danna eit aksjeselskap og overtok drifta. Fram til då var det oljelamper som lyste opp heimane og gatene, berre Abraham Haave og nokre få andre hadde acetylengassverk. Herme-
Eit lite apropos, Elektrifiseringa skaut fart etter 1. verdskrigen. Bildet er frå ein demonstrasjon av elektrisk utstyr i Fram i 1924 :


Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2016.