2016-26 - Bjarte Sindre - Kort tekst og bilde fra Fugløya og huset der butikken var

Postkort

Parti fra Fuglø Batalden

Ei jobbefrua i Kristiania hev ei kaapa til 13 750 kronor og ei handtaska til 2500. Kaapa vart tinga i Berlin og handelshuset sende ein mann til Kristiania for aa taka maalet av frua. Me undrast paa kva som hev mest verd, kaapa, handtaska eller frua?

(16. november:) Fugleskjerkaien. Arbeidet med undervatnsmineringi gjeng fort framyver. Det er veldige stykke dei tek ut om gongen. Soleis skaut dei her um dagen ei salva på 18. hol. Det er det største skot som hev vore løyst paa desse kantar.

Nikka Vonen. Tirsdag fyldte Nokka Vonen i Dale 80 aar, og mange av hendes ca. 800 elever vil mindes hende og de glade pensjonsdage paa Steien med stor taknemlighet.

(21. desember:) Valet i Florøy. Ved kommunevalet i Florøy maandag vart desse valde til representantar: kjøpmann Elias Olsen, urmakar J. Moe, disponent P. Batalden, skomakar J. Olsen, grosserar A. Haave, kjøpmann P. Stenseth, murer P. Magnussen, bygningsmann P. Sunde, kæmner J. Thunold, toldopsynsm. O. Gundersen, kjøpmann Ludv. Sundal, lærar A. Lote, handlende E. Christensen, bankchef E.M. Hole, urmakar H. Flesche, bokhandler J. Stephansen, kjøpmann J. Langø, kjøpmann Ivar Sunde, bakarmeister A. Myklebust, boktrykker E. Natvik.

PARTI FRA FUGLØ BATALDEN

Dette handkolorerte kortet er laga av den landskjende Stavanger- fotografen SteinkopfWold. Han fotograferte mykje her i distriktet, og kortet er nr. 65. Ved samanlikning med andre kort av han kan vi slå fast at det må vere produsert kring 1911. Fugløya er ei av mange i området vi kallar Batalden, og ligg sentralt og lunt til mellom Fanøy og Vevlingen. På biletet ser vi det mest nye huset til Kornelius Andreasen Fuglø, som starta med landhandel her i 1904. I vika ser vi både notbåt, snekke og ein færing. Vi får rekne med at det er Kornelius som sit rett over roret på snekka. Kven dei to til høgre er, skal vere usagt, men han hadde ei dotter, Alberte, fødd i 1893, og sonen Alfred fødd i 1899. Kornelius dreiv sjølvsagt med fiske i tillegg til handelen. Dei var også ein av tre stader i Batalden som hadde småbruk. Sonen Alfred gifta seg med Astrid Fredheim, og dei dreiv handelen vidare etter Kornelius. Dem var i drift til 1976/77.

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2016.