2016-24 - Bjarte Sindre - Kort tekst og bilde av Strandgata ca 1922

Postkort

PARTI AF STRANDGATEN

Eit merkeleg postkort med motiv frå Strandgata. Det er eit av dei styggaste og mest mislukka eg har sett. Skulle tru fotografen ville gjere byen vondt. Men etter å ha studert biletet, har eg kome til anna resultat. Fotografiet må vere teke rett etter at rådhuset brann i 1922, og det er vel katastrofen fotografen vil ha fram. Eg meiner at sot må ligge tjukk på Rådhuset, og også på tverrveggen i grannehuset. Huset til Hjørnevik nærast til høgre har heller ikkje gått fri. Utruleg at ikkje dette huset vart flammerov. På himmelen skulle vi tru brannrøyken framleis ligg tjukk.

Grunnen til brannen var at lynet slo ned i telestasjonen i andre høgda, og tredje vart også øydelagd. På grunnplanet var det store vass-skadar. Huset vart reparert og samstundes utvida med rom for folkeskulen i loftsetasjen. Taket vart då ombygt. Byingeniør Byrkjeflot og Edvard- sen sine hadde husvære i tredje høgda, kemner Sunde i austdelen av andre, med telestasjonen som næraste nabo.

Huset vi ser tverrenden av, vart like etter kjøpt av boktrykkar Anders Nikolai Johannessen, der han hadde både papirhandel og trykkeri. På andre sida av gata finn vi i rekkefølgje, husa til Ellen Christensen, Langø, Solheim, Berg, Stephansen, L. Helmers og lengst inne Stenseth. I alle desse husa vart det drive handel.

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2016.