2016-23 - Bjarte Sindre - Om Frelsesarme-speidaren i Florø

FA-speidaren i Florø

I 1907 sette Lord Baden-Powell i gang den første speiderrørsla med ein leir i England. Han var god kjenning av stiftaren av Frelsesarmeen, William Booth, og speidarrørsla har mange drag frå Frelsesarmeen. Ein militær struktur, byggjer på kristne ideal, vekt på praktisk arbeid og hovudmålsetjing å hjelpe naudlidande. Då Booth døydde i 1912, tok sonen hans Bramwell opp speidartanken, og sette i gang med FA-speidarar i 1913. Den skilde seg frå Baden-Powell sine speidarar med å legge hovudvekta på livredding. Same året vart den første FA-speidaren oppretta i Noreg.

Frå stiftinga av Frelsesspeidaren i 1947. Nedst f.v.: Kaptein Astrid Svendsen, major Hjørdis Gulbrandsen, Norunn Jagedal, Marit Domben, Else Midtbø, Marit Bareksten, Liv Buarøy, Kjersti Domben, Else Sagen, Else Rasmussen, Haldis Midtbø, Dagny Marthinussen (troppsleiar), løytnant Helene Larsen. Bak f.v.: Marit Gjertsen (instruktør), Solveig Johannesen, Jorunn Fimland, Laila Grøneng, Ingrid Fimland, Kari Nordal, Lillian Sagen, Ruth Østvik, Alice Dypevik (kapellan).

Ei stram jentetropp på veg tilbake til Frelsesarmeen sitt hus etter høgtid ved Minnesteinen over dei falne. Her kan dei verkeleg gå i takt. Flaggberarar Marit Gjertsen og Dagny Marthinussen. Bak Marit kapellan Alice Dypevik.

Frelsesspeidaren er ikkje så gamal i Florø, men barnearbeidet har dei prioritert frå første stund. Armeen vart grunnlagt i Florø i desember 1912, og allereie i januar 1913 kan vi lese i ei annonse: Søndag kl. 11 Hellighetmøte. Kl. 5 barnedemonstrasjon på oppførelsen av «Margiths hvite kjole» utført av 15 hvitkledde piker. Meget sang og musikk. Allereie etter 1 månad har dei fått i gong ei oppegåande barnegruppe. Og av eldre i byen har vel dei aller fleste vore innom Frelsesarmeen sin søndagsskule. Etter 2. verdskrigen bestemte Frelsesarmene seg for å satse sterkare på speidersaka, og det blei arbeidd for å få i gong ei jentetropp i Florø. Dette vart verkeleg den 29. mars 1947, og den 29. april var det innviingsfest for den første FA-troppa i byen. Leiaren for FA-speidarane på landsplan, major Guldbrandsen var møtt fram for å rettleie og kaste glans over høgtida. Speidararbeidet kom straks i gong med stor entusiasme. Dette var i fisketida, og det vart sta-

dig skipa til festar og innsamlingsaksjonar for gode føremål. M.a. vart det satsa sterkt på å samle inn pengar til ein aldersheim. Festane til speidarane vart svært vellukka, og den enkelte lærte seg verkeleg å stå fram på ein scene. Det kunne vere som skodespelar, lese opp eller synge, og i den overfylte salen var der alltid stor stemning og jubel. Det var ikkje gått lange tida før dei to første speidarane hadde tatt førstegraden, nemleg Else Rasmussen og Else Sagen. Ved større høgtider var speidarane eit sjølvsagt innslag, og det vekte oppsikt når dei kom marsjerande i 17. mai-toget. Dei song med når musikken spelte, og ivrige hurra-rop gjalla mellom husrekkene. Til søndagskulen var det stort frammøte, særleg av småjenter, og det var naturleg at speidar- leiinga her i Florø gjerne ville setje i gong med speidartropp for desse også. Andre speidarar kalla slike rekruttar for meiser, medan Frelsesarmeen ville nytte namnet solstrålar, og i staden for tropp valte dei brigade. I 1954 starta dei opp med

Solstrålebrigaden, og oppslutninga kunne ein berre ha drøymt om. Den 24. april var alle samla til innviingshøgtid, og også denne gongen kom speidarsjefen, Gudrun Myhre, frå Oslo for å støtte og heidre det tiltaksrike leiarskapet i Florø Det gjekk svært godt med jentespeidaren til FA i Florø, og likeeins med Solstråle-brigaden. Nina Gjertsen hadde i fleire år hatt styringa med ein gute-klubb, og dei fann at tida måtte vere mogen til å gå i gong med gutespeidar også. Dei starta

opp i desember 1960 med ulvungar med Torbjørn Stavik som leiar og Jens Rasmussen som assistent. Dette gjekk framifrå, og dermed var det klart for gutespeidarar året etter. Denne troppa var innvia den 13.02 1961. Liksom jentene dreiv sjølvsagt gutane mykje med dei vanlege speidaraktivitetate, var engasjert i humanitært arbeid og innsamlingsaksjonar til gode formål. Også dei stod for mykje program på ulike festar og samkomer, og lærte mykje av dette.

Solstrålebrigaden i Florø, verkeleg ei gruppe som spreier lys, smil og glede rundt seg. 1. rad: Lillian Westbø, Anne Marie Steinhovden, Linda Hole, Jorunn Esp, Inger Sagen, Grete Brendø, Sissel Sandvik, Signy Strømsøy. 2. rad: Snefrid Wærholm, Gerd Nyheim, Sissel Sandvik, Signy Strømsøy, Mona Eide, Anne Marie Terøy, Inger Johanne Nyheim, Vigdis Nesse, Mary Wærholm, Marny Brandsøy. 3. rad: Bjørg Fredheim, Marit Pedersen, Irene Gjøringbø, Anne Karin Steinhovden, Kari Sunde, Bjørg Midtbø, Turid Grov, Bjørg Steinhovden, Gerd Pedersen, Liv Rognaldsen, kaptein Hilda Brenden. 4. rad: Margrethe Josefsen, Tordis Midtbø, Leni Nødseth, Agdis Strømsøy, Britt Madsen, Evy Eriksen, Elfrid Høyvik, Inger Westbø, Vigdis Solheim. 5. rad: Solveig Steinhovden, Aud Sande, Jennet Viddal, Gerd Solheim, Irene Mortensen, Lillian Haveland, Irene Viddal, Bjørg Brendø?. Bak: Marit Førde, speidarsjef Gudrun Myhre, Marion Jensen.

Frå innviinga av gutetroppa til FA i Florø. Framme f.v.: Jan Midtbø, Erling Sunnarvik, Tor Inge Roth, Ove Lillestøl, Gunnar Onarheim, Øystein Roth, Asbjørn Apneseth, Ove Hove. 2. rekka f.v.: Inge Værøy, Tore Årberg, Vidar Vårdal, Alfred Trovik, Asbjørn Buanes, Svein Hove, Alf Vederhus, Magne Buanes, Dag Monsen. 3. rekka f.v.: Gunstein Stavang, Inge Byrkjeland, Agnar Strømsnes, Frode Markussen, Edgar Bjørnset, Finn Stafsnes, Johnny Jansen, Atle Jansen, Kjetil Byrkjeland. Bak: John Bjartveit – Speidarleiar i FA. Marit Førde, Johan Grytten.

Det alle FA-speidarar såg fram til, var speidarleirane, og det var ei storhending når dei kunne dra til det store utland. FA i Sverige hadde sitt eige samlingssenter, Høgaberg nær Grenna. Dette var ein fantastisk stad å ha leirar på, der alt var lagt til rette på beste vis. Dei kom med glede tilbake til Høgaberg om dette var mogleg. Følgjande foto er frå ein slik leir tidleg på 70-talet. Når dei var på speidarleir, måtte dei også vise at dei klarte seg aleine ute i skog og mark, Difor var to dagar avsett til det som heitte haik. Her skulle dei følgje ei oppteikna rute til samlings- stader, der dei skulle overnatte ute i det fri. Dette fotografiet er teke om lag 10 år seinare en første biletet frå Høgaberg. Patruljen «Jerv» frå Florø har kome seg heilskinna til samlingsstaden, har overnatta, og studerer korleis dei skal kome seg greiast fram til målet.

FA-speidaren har alltid prøvd å følgje med tida. Såleis har no jenter og gutar møta sine saman. Her i byen har dei også gått over til å bli sjøspeidarar, det vil seie at dei legg hovudvekta i arbeidet sitt på kysten, havet og sjølivet. Dei har fått seg fleire båtar, og kan dra kvar dei vil i nærområdet vårt. Speidarane lærer at havet både er ein ven, og også ein farleg granne. Dei lærer om næringslivet knytta til havet, korleis dei skal ferdast og ta vare på seg sjølv og andre når dei er i båt. Dei får jamvel undervisning i navigasjon. Speidarane har alltid vore heldige med at Frelsesarmeen sine lokale alltid har stått opne for dei. Dermed har dei tilgang til gode og gratis rom. I mange år hadde dei ei hytte på Solheim, dit dei kunne ha samlingar og kortare utferder Men dei fekk seinare ein gard i Eikefjord, der de no har senteret for samlingar og kurs.

Framme f.v.: Inge Byrkjeland, Siv Førde, Kjell Ståle Orheim, Terje Grude, Ruth-Leni Førde, Trond Bjerk, Tore Monsen. Bak f.v.: Stig Årberg, Morten Bjartveit, Frank Svidal, Marit Førde, Otto Kalland, Alf Vederhus, Dag Monsen. Bjartveit høyrde til Oslo FA, men faren tykte så godt om Florø at han på leir sende han over hit.

Assisterande leirsjef Anne Marie Terøy på veg til morgonsamling for speidarleiren på Evenstad i Auster- dalen. Ho gler seg sikkert til å kunne vise leirsjefen til «Home of Giants» i Florøleiren.

Heimen Von Bråthen. Oppe f.v.: Torleif Otnes og Odd Otnes. Nede f.v.: Egil Dåvøy. I bakgrunnen t.v.: med blå jakke Jens Rasmussen som var leiar på reisa. Florøspeidarane var spesialistar i å bygge, og rett ofte vann dei prisen for beste innslaget i 17. mai toget. Fire gjester frå fjern og nær er komne på vitjing til Florø-leiren. Her var jamvel ein frå den andre sida av jorda. Dei var imponerte over byggverket.

ned mykje arbeid for speidarrørsla gjennom ei årrekkje saman med Harald Pedersen. Likeeins var det med Torbjørn Stavik, og vi kunne ha nemnt mange andre. I vår oppjaga tid, med alle sosiale media er det ikkje lett å engasjere barn og unge. Likevel held FA-speidaren oppe aktiviteten. Dei har kring 50 speidarar i dag, og dette talet held seg stort sett uendra. Grunnen må vere at opplegget deira fenger, og også at foreldre som har vore speidarar, gjerne ser at borna deira får oppleve det same. For alle eg har samtalt med kan ikkje nok lovprise tida som speidar. Den var svært lærerik. Ein sette pris på å få samarbeide om vanskelege oppgåver med andre, og ein knyta venskapsband som varer livet ut. Ein lærte seg å stå fram for ei forsamling utan å verte redd, og fekk ein etisk og moralsk grunnmur å bygge livet vidare på.

Den største styrken til FA-speidaren har likevel vore leiarskapet. Her har dei hatt dugande folk til å ta seg av dei ulike troppene, og det har vore stor kontinuitet. Eit par døme. Marit Gjertsen Førde byrja som heilt ung i armeen, og tok med glede på seg arbeidet som instruktør for den første troppa. I år som følgde har ho vore innom det meste, og slutta av som aktiv leiar etter nesten 50 års arbeid i organisasjonen. Ho er verkeleg FA-speidaren sin «Grand old Lady.» Anne Marie Terøy byrja som solstråle i 1954. Etter som ho voks til, gjekk ho over til sjølv å vere instruktør og leiar, både av Solstrålebrigaden og større speidarar. I dag har ho slutta av som aktiv, men tek seg av administrativt arbeid i de stille. Dagens leiar Rune Rasmussen, byrja også som speidar som liten, og har vore ein dugande troppssjef i nesten 20 år, og er «still going strong». Han fører slektstradisjonen vidare, for faren Jens la

T.v.: Per Johan Fosse. Ståande med kompass Guttorm Sindre. Framfor han Leonard Hovden. T.h.: med ansikta mot oss Arnt Helge Osland og Bjørn Tore Gaard som studerer kartet.

Rune Rasmussen på ein av dei mange speidarleirane han har vore med på. Han har dei siste åra gått over til å ta seg av ulvungane, medan Remco Hekel tar seg av gutane.

Takk til Marit Førde, Anne Marie Terøy, Rune Rasmussen og Frelsesarmeens historikar sentralt, Thorleif Gulliksen, for hjelp med denne artikkelen. Det same gjeld ei rekke tidlegare FA-speidarar.

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2016.