2016-21 - Odd Standal - Om livsvilkår på ein vestlandsgard

Kjære Tomasine!

Dette er tittelen på ei bok som kom ut i 2015 på Alvheim & Eide AKADEMISK FORLAG, redigert av Idar Stegane.

Tomasine har vore i klårvassbekken etter ei ferd vatn til huset. Foto: Astrid Grov.

Idar Stegane er professor emeritus I nordisk litteratur ved Universitetet i Bergen. Mor hans, Astrid Stegane, var ei aktiv kvinne i Florasam- funnet medan ho levde, m.a. representerte ho Venstre i Flora bystyre i heile 12 år. Det var Astrid Stegane som hadde teke vare på den brevsamlinga som no er utgitt. Ho visste sjølvsagt kva ho gjorde då ho gav samlinga til sonen Idar. Takka vare han er vi no fleire som kan få innsyn i det som var vanlege livsvilkår for kvinner og menn tidleg på 1900-talet, «eit bygdeliv så ulikt vårt at det er mest uforståeleg», som Stegane skriv. Tomasine var den yngste i ein stor syskenflokk på Vasset. Ho var heime og arbeidde på garden heile sitt liv, og måtte ta meir og meir ansvar etter kvart som foreldra vart gamle, og særleg etter at broren Kristoffer gjekk bort. I 1917 døydde også faren, Tolleiv. Mora var skrøpeleg, så Tomasine måtte streve med alt åleine. Til hjelp på garden kom ein kar som same året var blitt enkjemann – Ingvald Grov. Han hadde fem born, som Tomasine vart stemor til då ho gifte seg med Ingvald i november same året. Ho var 37 år. Stedottera Astrid var då 1 år. Ho vart gift med Alv Stegane og dei overtok garden i 1940. Slik er kortversjonen av livet til Tomasine på Vasset. Idar Stegane rekkjer røtene sine langt tilbake. På den måten må boka vere ei interessant slektshistorie. Røtene strekkjer seg mange retningar. Det er breva som er av allmenn interesse. Dei fortel korleis livet var på bygdene: Det var hardt arbeid, lite skulegang, det var pliktene, ansvarskjensla. Det var sjukdom og død i ung alder. Sjølvberginga måtte sitje i ryggmargen på folk. Alders-

trygda låg langt framme i tid. Slik var livsvilkåra tidleg på 1900-talet. Brevsamlinga frå Vasset fortel om alt dette, den er dokumentasjon på levd liv. Ei av søstrene til Tomasine, Oljana, fekk i 1908 jobb på jenteskulen I Kroken i Luster. «Hvad tror du Tomasine, faar jeg bytte snøreliv med dig», spør ho i eit brev før ho skal reise. Det er tanken på dei heime som gjer dagane tunge for henne den tida ho er i Kroken: «Ved ikke hvem som har det best av mig og du nu. Men det er vel værst og have alt stræve likevel. Men det er sandelig vondt og være borte ogsaa, ønsker mig hjemm hver dag, men det er ingen raad. (…) Gik det ikke an, at dere fik Oleanna Veien til at stælle Kristoffer en stund, for de greier ikke dette, hvis fader skal blive liggende (….)».

Biletet må vere frå rundt 1930. Astrid og Sigmund sit fremst. Mor var konfirmert 1930. Bak står frå venstre Jorunn, Tomasine og Ingvald. Paret lengst til høgre kjenner vi ikkje.

Språket i breva er også ei messe verd. Det speglar brytingstida mellom dansken og landsmålet – og dialekten. Då Tomasine er ringforlova med Ingvald Grov får ho brev frå Nordalsfjorden: «Vi har fret da du er ringfyrlova guldring gjeng du med paa høigra handi seier dei og vi er so fykne yver at vi fær os brydlaup (…)».

Boka er å få tak i frå forlaget, eller beinveges frå:

Ei tid var Tomasine i teneste i Mulelida nær Kjelkenes. Ho får brev heimanfrå, frå ei ung jente som har vore budeie sommaren 1910: «(…) det gik godt paa stølen, untagen at de spikte seldøra for mig, og det var han Sigvart Vasset og han Herman i Kvellestadholene, og de var sinte for det at jeg ikke vilde late op for dem (…)» Frå broren Kristoffer får ho dette spørsmålet: «Jeg ser i brevet dit at den ene skoen din er daarlig er den andre saapas bra at det vilde være mening i at arbeide en ny sko i stedet for den som er daarlig eller maa der arbeides et helt nyt par?»

Idar Stegane Nils Langhelles vei 74 5148 Fyllingsdalen

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2016.