Kinna kyrkje og sola
Vi er alle kalde og våte etter ein lang dag i vind og regn der vi står på trammen utanfor Kinn kyrkje. Det er fjerde november og mørket kjem fort, spesielt når vêret ikkje er det beste. Sola har vi sett lite til, men nokre rivner i skydekket har det vore, og idet vi byrjar pakke sakene, lettar det litt slik at vi kan sjå nokre solflekkar på øyene ikring. Med eitt skin sola også på oss, gjennom Kinnaklova, og ho står heilt nedst i skaret. Det er ei underleg oppleving, ei kjensle av at ho lyser berre på oss. Vi står i ei lang lysstrime, og utanfor denne er det mørk skugge. Fenomenet varer berre litt over ein halv time. Etterpå er alt som før. Det var ei underleg oppleving, som om heile Kinnaklova blei tend. Og tanken slo meg om dette kunne svare på nokre av spørsmåla kring Kinn kyrkje.
TEORIAR OM PLASSERINGA AV KINN KYRKJE
Ein annan teori er knytt til det rike sildefisket i området. Med ei kyrkje i nærleiken kunne presten velsigne både fiskarane og reiskapen og kontrollere fangsten slik at kyrkja fekk tienda si.1
Det er sett fram fleire teoriar om årsaka til at Kinn kyrkje blei sett opp. Ein er at gjestgjevar- staden i Kinnasundet, var ein naturleg stoppestad for dei som segla den ytre kystleia, og at det derfor høvde godt med ei kyrkje i nærleiken.
Ein tredje teori tek utgangspunkt i segna om Sunniva og dei heilage mennene på Selja og Kinn. Etter denne teorien ligg kyrkja på ein stad som er knytt til tidleg kristendom på Vestlandet. Ifølgje
1 Jansen. digitaltfortalt.no


FORSKING KRING SEGNA OM SANKTA SUNNIVA
ein siste teori ligg kyrkja på ein gamal kultstad som dei kristne tok over. Mange kyrkjer blei lagde nettopp på slike stader for å svekke heidningane si tru. Slik kunne dei kristne kontrollere eller hindre utøvinga av heidenske ritual. Dei to første teoriane tek i hovudsak utgangspunkt i relativt praktiske og rasjonelle forhold som overnatting, inntekter og kyrkjeleg velsigning. Dei to siste har av nokre blitt betekna som fantasifulle, men det er nettopp dei eg ønskjer å sjå nærare på i denne artikkelen. Sola er svært viktig både i heidendomen og kristendomen, og det er ofte knytt religiøse førestellingar til stader med spesielle sol-forhold. Lat oss derfor starte med å undersøke segna om sankta Sunniva, kor Kinn er nemnt.
SEGNA OM SANKTA SUNNIVA Det finst tre nedskrivne versjonar av segna om sankt Sunniva, og alle nemner Kinn på ulike måtar. Den latinske versjonen, «Acta Sanctorium in Selio», som blei overlevert i fire ulike manuskript, blei truleg til kring 1170.2 Her står det at Sunniva med dei fleste av sine reisefeller kom i land på Selja der dei heldt til i grotter og hòler av frykt for heidningane. Vidare kan ein lese at resten av følgjet kom i land på Kinn der dei levde på liknande vis og livnærte seg av fiske. Ei anna soge som inneheld segna, er soga om Olav Tryggvason, som blei skriven av den islandske munken Odd Snorreson i 1190. Her kan ein lese at på Selja «…gjev den allmektige Gud stor miskunn heilt til denne dag på grunn av dei menns fortenester som kviler der. På same måten er det mange under på ei anna øy som heiter Kinn. Der er òg heilagdomar av same folka som på Selja». Den tredje versjonen av segna finst i Flate- yarbok som blei skriven på Island på 1300-talet. I hovudsak er innhaldet i historia den same, og Kinn er også her nemnd som ein stad der nokre av dei heilage slo seg ned. Eit følgje kom altså i land på Kinn, og mange under skal ha synt seg både på Selja og på Kinn. Undera på Selja kjenner vi frå segna, men det står ikkje noko om kva som syner seg på Kinn.
Ein bør ikkje ta segna om sankta Sunniva heilt bokstaveleg, den blei nedskriven i mellomalderen fleire hundre år etter at den blei skapt. Men historikarane synest likevel stort sett å vere samde om ein teori historikaren Arne Odd Johnsen sette fram i 1968. Han hevdar at segna om sankta Sunniva truleg har ei kjerne av sanning i seg, og at legenda er ei sekundær tilføying til ei eldre legende som berre omfatta seljemennene. Men John- sen hevdar også at det er lite truleg at Sunniva har vore ein reell person, ho må ha vakse fram som hovudfigur i seljemannakulten mellom 1100 og 1140, fordi dei kristne då trong ei personifisering av anonyme helgenar på Selja. Johnsen har også sannsynleggjort at kjerna i segna kan førast attende til tidleg på 1000-talet. Jan Erik Rekdal drøftar i boka Ireland and Scandinavia in the Early Viking Age moglege år- saker til utforminga av segna om sankta Sunniva. Hypotesen hans bygger på at den har blitt skapt av Olav Tryggvason og mennene hans etter at han kom attende frå England i 995 og introduserte kristendomen for nordmennene. Han meiner også at det er mest sannsynleg at segna blei sett saman av forteljingar kongen hadde høyrt av misjonærar og det han sjølv hadde sett på reisene på dei britiske øyane.3 Leivningane av sankta Sunniva og følgjet hennar blei funne på Selja i 996, og segna blei truleg halden i live ved munnleg overlevering fram til ho blei skriven ned i Bergen i 1170. Men Rekdal går eit steg vidare og diskuterer kva kunnskap Olav Tryggvason eventuelt kan ha hatt om den nye kristne trua. På dette grunnlaget hevdar han at segna om sankt Sunniva mellom anna kan vere påverka av ferda til St. Brendan, som blei ein bestseljar i den kristne verda på den tida. Brendan skal ha sett seg i ein båt utan årer og segl og late Gud bestemme målet, slik at han ved Guds hjelp skulle finne «det lova landet», gjerne på ei aude øy. Rekdal meiner vidare at segna kan vere påverka av kristne legender, som til dømes legenda om Medana. Ho skal ha flykta frå ein krigar som forfølgde henne, ved å sette seg i ein båt saman med to kvinnelege tenarar. Denne legenda inneheld også at krigaren ikkje gav seg, slik at dei måtte reise vidare til den staden der relikviene hennar no er. Medana og følgjesveinane hennar 2 Rindal: 267 3 Rekdal: 277–287
SEGNA OM KINN
Segna om Kinn er framstilt i P.A. Munch sitt store verk Det Norske Folks Historie, bind 3. I følgje Munch skal Borni ha rømt saman med to av søstrene sine, Sunniva og Ingebjørg. Båten til Borni stranda på Kinn, Ingebjørg kom til Utvær og Sunniva kom som vi har høyrt, i land på Selja.5 Segna om Kinn handlar i første rekke om Borni, som fekk hjelp av ein tusse til å bygge kyrkje der. Sidan segna er knytt til sankt Sunniva på Selja, er truleg også Borni slik Odd Johnsen meiner om Sunniva, skapt for å personifisere dei heilage på Kinn. Men den forma segna har i dag, har ho truleg fått ein gong seint i mellomalderen då folk i området hadde gløymt korleis kyrkja eigentleg blei til. Tilsvarande segner finst fleire stader i landet. Dei er eit resultat av folkeleg fantasi og må forståast på bakgrunn av at menneska ei tid etter Svartedauden såg på desse mektige byggverka som store underverk, og at den einaste forklaringa måtte vere at bygginga var gjort av kjempekreftene til dei underjordiske. Vi må kunne anta at segna om Borni på Kinn har ei kjerne av sanning i seg, på same måte som segna om sankta Sunniva. Men segna fortel ingenting om dei undera dei skrivne tekstane hevdar syner seg på Kinn. Dette kan skuldast at den storslåtte kyrkja vende merksemda bort frå desse, slik at dei etter kvart mista si kraft. Dette har truleg også vore ein av intensjonane til kongemakta og det kristne presteskapet, då dei blei samde om å bygge ei kostesam steinkyrkje på Kinn.
skal også, på same måte som sankt Sunniva, ha levd i hòler på den staden dei kom til. Legenda om Medana er rett nok frå 1100-talet og kan derfor ikkje direkte knytast til sankt Sunniva-segna. Men innhaldet var kjent i Irland og England lenge før det. Rekdal hevdar derfor legenda om Medana kan vere sett saman av element frå legenda om Monenna frå 500-talet, og legenda om St. Ninian, som er kjent frå 400-talet. Det verkar altså som det er ei viss semje blant forskarane om at segna om Sunniva er ein seinare variant av ei eldre segn om eit samfunn av heilage menn på Selja. Dei meiner også at desse heilagmennene truleg har kome frå Irland eller kanskje England, og at sentrale delar i segna kan vere skapt av dei, før Olav Tryggvason kom attende til Norge i 995. Nokre forskarar meiner også at det ikkje er usannsynleg at det kan ha vore ein førhistorisk kultstad på Selja, fordi kapellet i Sunnivahelleren var vigd til erkeengelen Mikael. Vi veit ikkje om segna om Kinn er ei avspegling av segna om Selja, eller om dei er parallelle historier. Men segna om Selja gjev oss likevel eit innblikk i forhold som må ha vore viktige også under utviklinga av segna om Kinn. Sidan segna om Kinn er knytt til segna om Sunniva, er det derfor rimeleg å tenkje seg at også denne har vakse ut av ei eldre segn, skapt av heilage irske menn på Kinn. Det er heller ikkje usannsynleg at det også på Kinn, har vore tilbeding av erkeengelen Mikael, den sterke og kjempande. I samband med omtalen av Sunnivahellaren, skriv til dømes Odd Snorreson at; «På same viset er desse folka dyrka på Kinn».4 Og dyrkinga kan ha starta i Bornihelleren, den ligg på same måten som Sunnivahelleren like bak dei kristne bygningane. Mikael er avbilda på lektoriet frå midten av 1200-talet i Kinn kyrkje. Men spørsmålet om kvifor dei har teke Kinn med i segna om sankt Sunniva, har ein framleis ikkje funne noko eintydig svar på. Det står til dømes ikkje noko om at det blei funne beinrestar av menneske på denne øya på 1000-talet, og det er ikkje funne slike sidan heller.
KINNAKYRKJA, KINNAKLOVA OG SOLA Kinnaklova har lenge vore eit viktig seglingsmerke for skip og båtar langs norskekysten, og den er avmerkt på ei rekke gamle europeiske kart. Størsteparten av året passerer sola høgt over Kinnaklova for dei som står ved kyrkja. Men i dei tre mørkaste månadane gjer ikkje sola dette. Då går ho ned i havet før ho har passert fjellet. I desse månadane ligg derfor heile nordsida med Kinn kyrkje, i skugge. Overgangen til den skuggefulle perioden skjer siste veka i oktober og første veka i november. Kring 20. oktober kan dei som står ved kyrkja, sjå sola øvst i klova, og kring 10. november forsvinn ho ned under botnen. Det same gjentar seg etter nyttår, men då i omvendt rekkefølgje. No kjem sola til syne nedst i klova kring 1. februar, og 4 Rindal: 309–310. 5 Isene: 24–27
INTERESSANTE MERKEDAGAR Fleire merkedagar i det katolske kyrkjeåret er interessante i denne samanheng. Om hausten handlar desse om innhausting og feiring av dei som er gått bort. I februar handlar dei om vårteikn, fødsel og fruktbarheit. I boka «Merkedager og gamle skikker» forklarer Per Holck litt av opphavet til desse dagane og korleis dei har blitt forstått og feira i Noreg opp gjennom hundreåra. Holck skriv mellom anna:
1. november – Allehelgensdag: Denne dagen og kvelden før, er til minne om alle helgenar og martyrar som ikkje allereie har fått ein spesiell dag. Feiringa tok til i den katolske kyrkja allereie på 600-talet.7 Den 1. november var offentleg heilagdag i Noreg fram til år 1770.
kring 20. februar passerer ho igjen over toppen av fjellet.6 Dei dagane då sola passerer nedst i skaret, er mest spesielle. Då står sola så lågt på himmelen at dei einaste solstrålane som i løpet av dagen treff området der kyrkja ligg, kjem gjennom Kinnaklova. Det er ei spesiell oppleving å vere vitne til dette, og vi må tru at menneska i alle tider har undra seg over fenomenet, både heidningar og kristne. Det forunderlege er at det opptrer på to viktige tidspunkt i året; då vinteren tek til og då dei første vårteikna syner seg på Kinn, lengst vest på norskekysten. Dette uvanlege solfenomenet er ikkje drøfta i artiklar om Kinn kyrkje, etter det eg kan sjå. Men det må likevel vere lov å spørje seg om det kan vere nettopp dette som er hovudårsaka til at kyrkja blei bygd. Om det er tilfelle, må solfenomenet på ein eller annan måte ha vore meiningsfullt for dei irske katolske heilagmennene som skal ha halde til på Kinn før kyrkja blei sett opp.
2. november – Alle sjelers dag: Denne dagen er ein katolsk messedag frå ca. år 1000. Dagen blei feira for dei døde som av økonomiske årsaker ikkje hadde fått lese sjelemesse over seg og som derfor framleis var i skjærselden. Etter den norske folketrua kunne desse sjelene vandre fritt ikring på denne tida, og det var viktig å ikkje uroa dei på nokon måte.8
2. februar – Kyndelsmesse: Mange stader i Europa, mellom anna i Noreg, har dagen også blitt kalla «Marias reinsingsfest» til minne om at Jesus
6 Florø, Norge. timeanddate.no 7 Goddess Names And Archetypes. goddess-guide.com 8 Holck: 87


blei boren fram i tempelet 40 dagar etter fødselen. Dagen blei innført som kyrkjeleg festdag i år 494. Kyndelsmesse (norrønt kyndill) har namn etter vokslysa som dei kristne bar i prosesjon frå kyrkja. I den katolske kyrkja er 2. februar ein av dei viktigaste merkedagane i året, og i mange bygder på Vestlandet blei Kyndelsmesse lenge rekna som siste juledag.9 Sørvest i Noreg blei Kyndelsmesse også rekna som den første vårdagen. Den 2. februar var offentleg heilagdag i Noreg fram til år 1770.
Fleire av dei dagane sola står i skaret på Kinn har altså vore viktige i det kristne kyrkjeåret allereie på 900- og 1000-talet. Vi må derfor rekne med at dei også har vore viktige for dei kristne heilagmennene som truleg kom til både Kinn og Selja på denne tida. Men mykje tyder på at dei også har hatt med seg eigne og meir spesielle irske tradisjonar.
GAMLE IRSKE HEILAGDAGAR Vi veit at irske munkar hadde ei kristentru som i tillegg til den katolske trua, var påverka av keltiske religiøse tradisjonar. Dette er også utgangspunktet til professor i irsk, Jan Erik Rekdal, når han nemner segnene om Medana, Monenna og St. Ninjan. Slike segn syner nokre av dei førestellingane dei irske munkane kan ha hatt med seg når dei kom til Noreg. Ei anna kjelde er den keltiske kalenderen. Den skal ha blitt skriven ned i tidleg kristen tid i Irland, og ein meiner den bygger på ei gamal førkristen inndeling av året tilpassa jordbrukskulturen der. Kalenderen gjev oss ein peikepinn på korleis irane delte inn året, og på kalenderen er dei viktigaste merkedagane avmerkte. I vår samanheng er det spesielt to heilagdagar som er interessante, og på kalenderen blir dei kalla Samhein og Imbolc. Samhain er ein førkristen keltisk hausttakkefest som blei feira om kvelden 31. oktober og inn i 1. november kvart år.10 Ordet Samhain stammer frå gælisk og tyder «slutten på sommaren». Festen markerte slutten på året og byrjinga på det neste,
og dette var eit intenst religiøst tidspunkt for keltarane. Dei meinte at dødsriket blei synleg på denne tida, slik at kreftene som var der, kunne bli slepte laus på verda til dei levande.11 Etter at kristendomen blei innførd i Irland, tok dei kristne over denne feiringa, gjorde ho om til ein innhaustingsfestival og døypte ho om til «St. Martin´s Mass», eller Martinsmesse. Men festivalen blei seinare også til «All Saints´ Day» eller «All Hallow» (Hallo- ween). Også «Imbolc» var ein viktig førkristen keltisk festival, og den blei halden 2. februar kvart år. Då slapp vinteren taket, og den lyse delen av det nye året starta. I det gamle irske språket betyr Imbolc noko slikt som «i magen», og ordet viser til søyenes drektigheit, som i Irland blir synleg på denne tida. Imbolc er i keltisk mytologi knytt til den heidenske gudinna Brigid som opptrer som gudinne for læking, smedar, fruktbarheit og poesi. Brigid er ei svært viktig gudinne i Irland, og i mange forteljingar er ho også motstykket til Dana, mor til alle gudar. Brigid er ei treeinigheitsgudinne, som betyr at ho er tre personar i eit guddomsvesen, på same måten som Gud i kristendomen er både Faderen, Sonen og Den heilage ande. I mange forteljingar opptrer derfor Brigid som tre systrer. Somme stader blir alle systrene kalla Brigid, andre stader er det berre ei som heiter Brigid, mens dei to andre har andre namn. Etter at kristendomen blei innførd i Irland, tok ein kristen helgen, kjend som «Mary of the Gaels», ikkje berre Brigids namn, men også mange av hennar tradisjonar. St. Brigid skal ha blitt fødd i Faughart i år 450 e.Kr., og ho døydde i år 523. Utallege skriftlege forteljingar om denne Brigid blei nedskrivne, slik at kulten hennar blei spreidd vidt ikring. I «Dictionary of Celtic Mythology» skriv Ellis Peter Berresford at spreiinga av forteljingane om St. Brigid truleg blei hjelpt av namnelikskapen med den heidenske gudinna Brigid, som keltarane kjende godt. Han hevdar også at dette skapte uklarheit fordi eigenskapane til St. Brigid blei blanda saman med eigenskapane til den heidenske gudinna. Slik blei mange seremoniar og historier som opphavleg høyrde til den heidenske gudinna, etter kvart i staden knytt til den kristne helgenen St. Brigid, mellom anna 1. februar som no er hennar festdag.12 Relikviene av St. Brigid blei lenge oppbevarte i eit skrin i Kildare, og opp gjen-
9 Kyndelsmesse. snl.no/kyndelsmesse. 10 Sjå også Allehelgensaften og Allehelgensdag som er nemnt tidlegare. 11 Ellis: 191 12 Ellis: 47–48
nom åra blei dei eit mål for pilegrimar, spesielt på festdagen hennar. Vikingane kan også ha kjent til denne St. Brigid, for på grunn av raidet deira i år 878 blei skrinet hennar grave ned og gøymd i grava til Patrick og Columba. St. Brigid er i dag ein av nasjonalhelgenane i Irland, og dagen hennar har sidan 700-talet blitt feira av den katolske kyrkja både i Irland og ei rekke andre stader i Europa.
KRISTEN HELGENDYRKING PÅ KINN Spørsmålet om ei kristen helgendyrking på Kinn har vore snakka om tidlegare. Mellom anna nemner Øystein Ekroll og Morten Stige temaet i boka «Kirker i Norge. Middelalder i stein».13 Men kva helgenar som har blitt dyrka har ein ikkje kunne sei særleg om, og det er nettopp dette dei spesielle soltilhøva kan gje oss nokre tankar om. Det kan ikkje vere særleg tvil om at dei dagane solfenomenet på Kinn finn stad, har vore spesielle for dei irske eremittmunkane som kan ha kome til Kinn ein gong i Vikingtida. Og vi må tru dei har fortalt dei nemnde historiene til dei menneska dei møtte. Meininga med reisene deira var å misjonere. Vi veit sjølvsagt ikkje kva som har blitt sagt, men vi må kunne anta at både Samhein, Imbolc og
segna om St. Brigid har blitt nemnt. Det er i alle høve interessant å merke seg at den heidenske gudinna Brigid ofte blir framstilt som tre systrer, og dette kan godt vere årsaka til at segna om Kinn og Selja inneheld nettopp tre systrer. Om vi tek utgangspunkt i solfenomenet kan det ha vore helgendyrking både haust og vår. Om hausten har den handla om avdøde helgenar og martyrar, og om våren har den handla om fødsel og nytt liv. Og pilegrimar kan derfor i den tidlegaste kristne tida ha farta til helgendyrking på Kinn to gongar i året. Det er heller ikkje usannsynleg at namnet Kinn kjem av denne helgendyrkinga, og då spesielt det som kan ha gått føre seg i februar. På eit gamalt kart over Skandinavia frå 1636, av den kjende nederlandske kartteiknaren Henricus Hondius, blir Kinn kalla Kyn. Dette har blitt forklart som ein skrivefeil, og at årsaka må vere at Hondius har tolka ordet Kijn, som Kyn. I Nederland blir – kijn brukt som ending i ord som omhandlar om noko som er lite, og det skal passe godt på den vesle øya. I andre kart frå seinmellomalderen blir øya også kalla Kind. Dette blir gjerne forklart som ein dansk skrivemåte, og det kan sjølvsagt vere rett. Men det kan også vere eit namn som opphavleg er kome frå dei britiske øyer. I boka Norske Gaardnavne forklarer Oluf Rygh opphavet til namnet Kinn. Her skriv han at det er eit «…Stedsnavn om en brat Helding af et Fjeld». Og dette har sidan blitt ståande som årsaka til namnet. Men han skriv også at «Det er eiendommeligt, at et Ord som opr. kun har betegnet en enkelt Situasjon paa Øen, uden Ændring er blevet dennes Navn».14 Og Rygh si tilføying bør eigentleg vekke interesse. Det kan verke som han stiller seg kritisk til at det berre er den bratte fjellsida som er opphavet til namnet på øya. Bratte fjellsider er ikkje noko særsyn kring Kinn, og det er fleire andre stader i området som heller burde ha fått dette namnet. Kinn er heller ikkje på langt nær den minste øya i området, og at dei som reiste og gjorde oppteikningane, berre skulle kalle denne særmerkte øya med Kinnaklova for lita, verkar litt underleg. Lat oss derfor anta at Hondius ikkje har skrive feil, og at nokon faktisk ein gong har kalla øya Kyn. I artikkelen «Alskens om alskens» diskuterer Kristin Fridtun det i dag litt uvanlege ordet kyn.
13 Ekroll: 186 14 Rygh. dokpro.uio.no


HEIDENSKE RITUAL PÅ KINN
Fleire forskarar meiner i dag at fleire av våre eldste kyrkjer kan vere bygde på eldre sentrale heidenske kultplassar. Ein av dansk kyrkjearkeologi sine pionerar Olaf Olsen, som i 1966 gav ut si doktoravhandling «Hørg, hov og kirke», hevdar at han i dag ville være meir open for muligheita av at; «…man på centrale hedenske kultpladser har reist kirker som udtryk for ecclesia triumphans».17 Ei dyrking av erkeengelen Mikael, han som verna dei kristne mot heidningane, leiar også tankane mot at det også kan ha vore førkristne heidenske rituelle handlingar på Kinn. Handlingar som det var viktig for dei kristne å forhindre. Vi veit dei kristne ofte tok over og endra gamle heidenske feiringar, og det har til dømes blitt nemnt at erkeengelen Mikael kan ha tatt over delar av Odinkulten til germanarane.18
Her syner ho at det i norrønt språk tyder «art, slag», «kjønn», «slekt», «avkom, slektsline» og «måte, vis». I artikkelen nemner ho også alle dei orda kyn er i slekt med. Blant desse finn vi til dømes «konge», dei engelske orda «kin» (slekt) og «kind» (slag, art), det tyske ordet «Kind» (barn), dei latinske orda «genus» (fødsel, avkom, ætt, art) og «gens» (ætt, avkom), og det greske ordet «genesis» (fødsel, opphav). Fridtun hevdar til slutt at det til grunn for alle desse formene ligg ei gamal rot med tydinga «føde, avle».15 At personifiseringa av dei heilage på Kinn i segna har fått namnet Borni eller Borgny, kan også vere interessant i denne samanhengen. Dei aller første prestane i Noreg var truleg frå England, og namnet kan derfor ha utspring i ordet «born», som er det engelske ordet for «fødsel». Men namnet Borgny gjev også meining. På norsk tyder det «ny borg». Borni kan derfor stamme frå ei dyrking av St. Brigid, mens Borgny kan vise til det å verne dei kristne på Kinn mot førkristne heidenske skikkar. Dette blir sjølvsagt berre spekulasjonar, men namn blir gjerne til når tilstrekkeleg mange meiner at dei er dekkande. Om det no har vore helgendyrking på Kinn, kan den også ha gått føre seg før kyrkja blei bygd. Arkeologiske undersøkingar syner at Bornihellaren har vore kvitkalka, og at det har vore ein natursteinsmur framfor opninga. Dette kan sjølvsagt skuldast at dei profesjonelle handverkarane frå Bergen eller England, som ein meiner har bygd kyrkja, har budd der. Men det kan også vere at Bornihellaren har hatt same funksjon som Sunnivahellaren på Selja som var vigd til erkeengelen Mikael. I følgje blant andre den kjende kulturminneforskaren Håkon Christie er det heilt spesielle akustiske forhold i helleren. Når ein står i opninga og snakkar med vanleg stemme, høyres det tydeleg i området kring kyrkja.16
Det er rett nok ikkje gjort arkeologiske funn på Kinn som kan tyde på heidenske ritual der. Men det er ikkje sikkert at der finst slike heller, slike ritual treng ikkje sette spor. Det finst heller ikkje skrivne kjelder som peikar mot heidenske ritual på Kinn. Heller ikkje dette er uventa. Slike finst nesten ikkje i det heile. Det var berre munkar som skreiv i mellomalderen, og dei ønskte naturleg nok ikkje å minne folk på slik førkristen avgudsdyrking. Om det har vore heidenske skikkar på Kinn må desse uansett tidleg ha blitt fortrengde av kristen helgendyrking, og i mellomalderen etter at kyrkja stod ferdig, har dei enten vore heilt gløymde eller berre fjerne minne. Mange folkeminneforskarar meiner at nokre av folkeforteljingane våre inneheld nettopp slike «fjerne minne» som peikar mot førkristne skikkar og ritual. Handlingar som kan ha vore viktige på slike spesielle stader som Kinn. Uansett, det vi veit med sikkerheit er at kristen helgendyrking ofte erstatta innarbeidde førkristne feiringar eller skikkar. Vi veit også at det mange stader lenger sør i Europa lenge etter at kristendomen var innførd, blei feira ein førkristen romersk fest den 1. november, som kyrkja ikkje tykte særleg om. Truleg har det også vore ein slik i Norden. 19
AVSLUTNING Denne artikkelen tek utgangspunkt i segner og namn, og vi kan derfor ikkje vite noko sikkert. Men
15 Fridtun. sprakradet.no 16 Christie. digitaltmuseum.no 17 Olsen: 127 18 Holck: 78 19 Sjå mellom anna Adam av Bremen si skildring av heilagstaden i Gamle Uppsala.
det vi veit, er at det blei bygd ei stor, staseleg kyrkje på Kinn på 1100-talet, og at dei som gjorde det, må ha hatt pengar og truleg også makt. Plasseringa skuldast nok i utgangspunktet at dei trengde ei solid kyrkje om lag midtvegs sjøvegen mellom Bergen og Selja, fiskeriet kring øya, og at leia gjekk gjennom Kinnasundet der det allereie var ein overnattingsstad for dei reisande. Det at Kinnaklova ligg på Kinn og er synleg frå kyrkja, treng ikkje ha hatt noko å seie. Men slik eg ser det, er det lite truleg. Vi må hugse at menneska tenkte annleis i mellomalderen enn det vi gjer i dag. Ei mengd uforklarlege daglegdagse naturfenomen som vi i dag veit kva er, blei på denne tida forstått som gudane sitt verk. Slik sett var gudane meir til stades i kvardagen enn dei er i dag, og dei aller fleste meinte det nytta å vende seg til dei for å få oppfylt rimelege ønskje. Slik har
både heidenske skikkar og kristne feiringar blitt til, og dei siste er ikkje sjeldan ei fortolking og ei vidareføring av dei første, slik historikaren Yngvar Nielsen hevdar. Meir eller mindre fantasifulle førestellingar om Kinn og Kinnaklova kan derfor ha blitt skapt lenge før dei kristne kom dit, og det er ikkje usannsynleg at dei har handla om både kontakt med dei døde og fruktbarheit. Og førestellingane kan ha blitt haldne i live av solforholda på ein slik måte at irske munkar tidleg fatta interesse for øya, og busette seg der. Slik fekk dei kristne etterkvart kontroll over rituala. Dei spesielle solforholda kan også vere årsaka til at øya er nemnt i segnene om seljemennene, og hovudgrunnen til at kongemakta bestemte at det skulle byggast ei så stor og kostesam steinkyrkje nettopp på den vesle øya Kinn. Ei øy som på den tida truleg blei kalla Kyn.
LITTERATUR:
Christie, Håkon. «Bornihelleren». I Innberetning fra undersøkelser i august 1983. Redigert av Torleif Reksten. Henta 11. januar 2016 frå digitaltmuseum.no Ekroll, Øystein m.fl. Kirker i Norge. Arfo 2000. Ellis, Peter Berresford. Dictionary of Celtic Mythology. London 1993. Florø, Norge – Soloppgang, solnedgang og dagens lengde. Henta 17. februar frå timeanddate.no Fridtun, Kristin. «Alskens om alskens». Henta 21. desember 2015 frå sprakradet.no Holck, Per. Merkedager og gamle skikker. J.W. Cappelens forlag 1993. Isene, Oddvar. Kinn og Kinnaspelet. Selja Forlag 2014 Jansen, Kristian. «Kvifor så stor kyrkje på Kinn?». Flora Historielag 2014. Henta 9. november 2015 frå digitaltfortalt.no Kyndelsmesse. I Store Norske leksikon. Henta 10. november 2015 frå snl.no/kyndelsmesse. Olsen, Olaf. «Hørg, hov og kirke. 30 år efter». I Møtet mellom hedendom og kristendom i Norge, av Hans Emil Lidèn (red.). Universitetsforlaget AS. 1995. Rekdal, Jan Erik. «Parallels between the Norwegian Legend of St. Sunniva and Irish Voyage Tales». I Clarke. H.B. Ni Mhaonaigh. M. O Floinn. R. Ireland and Scandinavia in the Early Viking Age. Four Courts Press. Cornwall 1998. Rindal, Magnus (red.): Selja. Heilag stad i 1000 år. 1997. Rygh, Oluf. «Kinn». Henta 21. desember 2015 i Norske Gaardnavne frå dokpro.uio.no Steinsland, Gro. «Hvordan ble hedendommen utfordret og påvirket av kristendommen». I Møtet mellom hedendom og kristendom i Norge, av Hans Emil Lidèn (red.). Universitetsforlaget AS. 1995.
Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2016.