Postkort
HOVDENHUSET
Dette postkortet er laga av fotograf Anton Gjelsvik i 1912. Det er av det den gongen så flotte huset som ligg i Livius Smittgata nr. 6. Huset vart bygt av snekkar og tømrar Samson Bjørnseth i 1906 etter oppdrag frå Ole Rangsæter som var lærar og bladmann. Rangsæter var mellom anna redaktør for «Sønfjords Avis». Då denne gjekk inn i 1909, fekk Rangsæter problem med økonomien. Han hadde slått stort på det med huset, og hadde tyngande lån. Resultatet vart at han gjekk konkurs, og måtte gå frå huset. Han drog straks frå byen.
Bernt Hovden (f. 1862) blei kalla frå Hovden til Florø i 1900 for å vere kaptein på den toppmoderne havfiskedamparen «Haveggen». Seinare var han kaptein på fleire liknande skip, og skaffa seg også eigen fiskebåt. Men familien budde trongt i Kringlenhuset i Indre Strandgata. Då banken lyste Rangsæter-huset ut på tvangsauksjon i 1912, kjøpte han det straks. Her ser vi at huslyden har flytta inn i det herskapelege huset. Bernt står på verandaen i 2. høgda med kona Gurine (f. 1863) til høgre for seg.
Fotografiet er teke frå vest og mot der hovudinngangen til huset var meint å vere. Den ligg i dag på bakside i høve til gata utanfor.


Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2016.