2016-18 - Brynjar Svardal - Sportsfiske i Svardal og på Vasset

Sportsfiske i Svardal og på Vasset

På slutten av 1800-talet oppdaga overklassen i England dei norske lakseelvane, og både lordar og andre godt situerte reiste over for å fiske laks. Slik var det også i Svardalsvassdraget. Lordane kom inn Høydalsfjorden med eigne båtar som vart ankra på i Osstrupen medan eigarane fiska laks i Oselva. Grunneigarane lengre oppe i vassdraget ville openbart ta del i eventyret, og ei reise dit har Fraser Sandeman skildra i ei bok utgjeven i London i 1895.

Omsett av Brynjar Svardal

FØREBUING I LONDON

ten til elveeigaren, og be han plante ut frøa, slik at salat og liknande. kan haustast når han kjem fram.

Ein dag tidleg i juli fekk Tom og eg tilfeldigvis vite at det var nokre lakse- og sjøaureelvar i Norge som skulle leigast ut. Ein sportsfiskar som var medlem i flugefiskarklubben, informerte oss om ei elv vi kunne få fiske i denne sommaren. Informasjonen hadde han samla året før. Fisket hadde resultert i ein laks på 9 kg og nokre få sjøaurar på 1,4 – 1,8 kg kvar. Dette var så visst ikkje så storveges, men vi tok ikkje fiskinga så nøye, og vi var sikre på å få sjå nytt land, nye vatn og elvar som eg skal medgje viste seg å vere svært sjarmerande. Eg skreiv til utleigarane og gjorde det kjent at vi ville leige, og at vi reise frå Newcastle til Bergen den 8.juli.

FLORØ Vi reiste frå Bergen kl. 12, og var framme i Florø litt før kl. 22 om kvelden. Vi hadde knapt fått på land bagasjen vår, før det kom nokre menn roande opp til brygga. Då dei hadde fått stadfest identiteten vår, fortalde dei at dei hadde rodd frå Eikefjord for å hente oss. Vi hadde fått vite at roturen ville ta tre timar, så vi ville gjerne reise med ein gong. Men desse karane hadde ikkje mykje lyst til det, fordi det var fjørande sjø og straumen ville vere mot oss heile tida, så vi gjorde best i å bli i Florø om natta, meinte dei. Vårt kjennskap til det norske språket var ekstremt lite på den tida, men vi hadde vorte fortalt at vi ville vere framme i Eikefjord omlag kl. 2 om natta dersom vi eventuelt hjelpte til med å ro. Så vi ville gjerne komme oss av garde. Vi bad ein av karane få tak i nokre flasker øl, men han fekk berre tak i limonade. Etter å ha gjeve dei det, saman med litt whisky vi hadde med frå Newcastle, fekk vi dei i godt humør, og om lag kl. 22.30 starta vi turen inn fjorden.

BERGEN Tidleg om morgonen 10. juli kom vi til Bergen. Båten til Florø gjekk ikkje før midt på dagen, så vi hadde nokre timar til å kjøpe proviant og utstyr som vi ikkje hadde teke med frå England. Ut frå erfaring, visste eg at det vart lettare å reise dersom eg skaffa varer i Bergen, så den einaste provianten eg tok med frå England var skinke, bacon og limejuice ein helsedrykk eg tek av og til. Denne finn eg helsesam der grønsaker er sjeldan, noko som er vanleg på landet. Om ein sportsfiskar tidleg på året veit kva elv han skal fiske i, så kan han sende plantefrø i pos-

EIKEFJORD Natta var fin, men kjøleg, og etter ei stund rulla Tom seg inn i nokre pledd og sovna på top-

pen av bagasjen. Eg tok ein tørn med å ro, helst for å halde meg vaken, for eg ville ikkje overlate oss heilt i hendene på dei framande. Båten lok så mykje at han måtte ausast heile tida. Det skuldast at båten hadde lege på land i fem månader. Så vi rekna med at han etter kvart ville trutne. Roturen var fin heilt til midnatt då det mørkna. Men det vart tungt å ro på grunn av motstraumen. Så roinga heldt meg varm og vaken. Kl. 2 om natta var vi komne halvveges, og eg bad karane om å ro opp i fjøra for å få oss ei kvild og litt mat. Vi åt brød og turka sild og svelgde det ned med ein liten skvett whisky, for det var ikkje vatn i nærleiken. Innan eit kvarter var vi på sjøen att.

den sterkaste vinden. Men det er vanskeleg å vite kor flink ein mann kan vere i båt, så eg gav dei lov til å setje segl. Det såg ikkje ut til at karane hadde greie på segling. Etter mykje kav, som på hekta hadde sendt både oss og bagasjen til botnar, tok vi sjølve ned seglet og eg gav ordre til dei tre karane om å ro. For at dei skulle forstå kva eg meinte, tok eg sjølv ei åre i framskuten slik at eg kunne styre båten til lands når eg bestemte det. Det såg ut til at karane ville hindra oss i å komme til lands. Så om eg ikkje hadde brukt taktikken med å ro sjølv, ville vi truleg ha drive omkring på fjorden i fleire timar. Kyrkjeklokkene slo sju då vi la til lands og såleis avslutta eit nattarbeid som langt i frå hadde vore hyggeleg. Vi var glade då vi fekk betalt desse to karane, som vart vår ulukke å møte. Eg er glad for at vi korkje før eller sidan har opplevd å møte så uhyggelege norske sjøfolk – men slike karar finns truleg i alle land. Då vi kom til lands og såg tilbake, fekk vi sjå eit vakkert fjordutsyn. I dette stille hjørnet var det knapt bølger på fjorden. Utsikta til åsar og fjell som omkransa fjorden skarpt og veldefinert i morgonlyset, fortalde om varmen som ville komme, og som ville syta for eit bilete med «kjensle» og «atmosfere». Her var eit stort potensiale for ein kunstmalar, og eg gjorde mitt beste med kameraet mitt.

Då det tok til å dagast, vart det noko varmare og det sette mot i oss. Vi rodde utan opphald heilt til vi såg kyrkja i Eikefjord kl. 6 om morgonen. Brått byrja båten å ta inn meir vatn enn vi makta å ause ut. Det var nygla som hadde losna. Fjorden var om lag 1,5 km brei der dette hende, og fjellsidene var så bratte at det var umogleg å lande båt der. Ved å flytte bagasjen framover i båten, greidde vi å løfte skuten så høgt at vi fekk sett inn att nygla. Medan vi retta på dette, byrja det å blåse og utan å ha fått beskjed om det, slutta mannskapet å ro, og heiste segl. Ein slik vanleg fjordbåt som vi brukte, hadde berre to – tre tommar kjøl og kunne ikkje stå i mot sterk vind. Ein kan berre bruke segla før og etter

Eikefjord set frå sørsida av Sunnarvika 1894.

Ytre Vasset 1894.

VASSET Vi hadde fått informasjon om at fiskestaden vår skulle vere i enden av fjorden, og der skulle vi finne vår kvarter. Men dette var feil, då det synte seg at vi måtte gå ein til to timar over eit vekslande fjellendt terreng, før vi kunne komme til Vassetvatnet. Vi skulle fiske i ei elv som renn frå dette vatnet, og ned i Svardalsvatnet. På turen hadde vi med oss ein mann frå Vasset. Han skulle vere hjelpesmannen vår under vitjinga i distriktet. Etter å ha vore borte ein time, kom han attende med to hestar og sledar. Vogn var ikkje til den minste nytte i det landskapet vi skulle gjennom. Vi hadde bagasjen opp på sledane, og så bar det i veg. Korleis bagasjen overlevde turen er vanskeleg å forstå, då han for i alle retningar på sleden som i unnabakken ned frå berga, like ofte var framfor hesten som bak. Etter ein varm tur kom vi til Vassetvatnet. Hjelpesmannen vår bad oss inn på frukost i huset sitt rett ved stranda, noko vi med glede aksepterte. No var kl. 9 og vi hadde ikkje ete eitt ordentleg måltid sidan kl. 2 dagen før, på dampbåten frå Bergen. Nøyaktig to timar etter vi kom til Vasset, sette vi oss til bords til eit måltid med egg, brød og

kaffi. Før måltidet hadde folka sprunge rundt til naboane for å få tak i mat og bordutstyr. Vi var begge samde om at denne ventinga var særs grei, då vi fekk sjå kva slags vanskar folk streid med her. Ei hending som i seg sjølv var uvesentleg, men ikkje heilt utan humor, oppstod då vi hadde vore der nokre timar. Ei snill dame som hadde servert ved bordet og gjeve oss mat og kaffi, kunne ikkje finne ut kvar ho skulle setje seg. Først sette ho seg attmed min høgre olboge slik at det vart umogeleg for meg å løfte armen, og då ho ikkje var nøgd med dette, gjekk ho bort til Tom og sette seg på same måten der. Vi rørde ikkje ein muskel og torde heller ikkje å sjå på kvarandre. Likevel syntes ho ikkje å vere fornøgd, så ho tok stolen og klarte etter mykje bal å presse seg ned mellom oss. Vi sat der på den vesle golvflata, og det ville ha vorte eit rart bilete dersom det hadde vorte fotografert. Vi var veldig glade då den snille dama vart lokka bort, fordi ho skulle hente meir kaffi. Det gav oss høve til å setje stolane frå kvarandre. Venen vår, som hadde leigt fiskerett i vass- draget tidlegare, hadde leigt hus i Svardal. Det skulle vi også bruke. Etter frukosten prøvde Anders å overtale oss til å vere att i huset hans i staden for å slå oss ned

i Svardal. Husromma han ville leige ut bestod av eitt soverom med ei lita seng, og så ei daglegstove. Begge var dårleg møblerte og hadde vorte måla med ei dårleg grøn måling. Familien sa at dei hadde brukt mykje pengar og tid på å pusse opp romma på oppdrag frå venen vår i London. Eg fann ut at dette var noko Anders fann på, og bestemte meg for at det var best å inspisere huset i Svardal. Eg har ved fleire høve budd i verre hus, og vi kunne ha budd der, men for oss såg det ikkje ut til å vere ein høveleg plass å bu der, då vi skulle fiske i Svardal.

SVARDAL Då vi hadde kvilt oss nokre timar, fekk vi sledane med bagasjen ned til stranda og leste han om bord i båten. Under ei truande sky og ei steikande heit sol, rodde vi ned Vassetvatnet til Lendinga. Vassetvatnet er omringa av fjell og fjellendt terreng med småskog og bjørketre. Fjella reiser seg opp frå vassflata, og det er ikkje veg langs vatnet, så einaste måten å reise til Svardal på er å ro over vatnet. Etter å ha rodd om lag ein time, kom vi til lands på Lendinga der elva mellom vatna tek til. Vi gjekk til klyngetunet der Johan budde, men han var då oppteken med slåttearbeid. Anders hadde ikkje gjeve han beskjed om at vi skulle komme, og vi fann huset i ein noko uryddig tilstand. Som ein liten landsby ligg klyngetunet i Svardal veldig fint til. Husa og gardsbygningane ligg lognt og trygt saman på nokre få mål på eit fruktbart

jorde. Gjennom dette renn elva som bind saman Vasset- og Svardalsvatnet. Ved elvekantane veks det bjørk og bartre. Gras og korn trivst godt i den fuktige jorda, og vert driven fram av den intense varmen som vert reflektert frå dei bratte fjell- sidene i dalen. Restar etter siste vinters snø var framleis å sjå på høgste fjellet, og fortalde at sola ikkje alltid skin i Svardal. I det fine sommarveret kan det bli svært varmt då det vert liksom i botnen på ein tekopp der varmen ikkje kan sleppe unna, men vert reflektert frå sidene. Avlingane var store og svære då det såg ut til å vekse svært godt i det fuktige og framifrå gode jordsmonnet. Det vart sagt at verten vår, Johan, som hadde den største garden, var ein velhalden mann. Det synte seg at vi betalte ein god del for høg husleige, men då eg ikkje var så viss på lengda av opphaldet vårt, fann eg det best å betale det han ville ha. Opphaldet vårt ville kanskje bli kort, og dei ville få mykje umak med å få i stand huset. På gardane kan du sjeldan få tak i noko anna enn brød, smør, mjølk, egg og kaffi, og vi fann ut at det var best at dei laga til dette. Vi ville då få eit tillegg for maten i husleiga. Folka på garden brukar sjeldan noko anna enn tørt fårekjøt som dei et ukokt. Det er til vanleg råd å få kjøpt eit får, men det ville ta ein til to dagar å få det ned frå fjellbeitet. All anna proviant må den reisande ta med sjølve. Huset vårt var komfortabelt nok, men der var ikkje tepper og ikkje gardiner, så det var heller kaldt. Møblementet var bord, stolar og senger, eller heller kassar utan lok. Soveromma var svært

Lendinga ved Vassetvatnet i Svardal 1894.

desse fiskane med små stenger fordi dei kjempa godt i straumen, sjølv om det ikkje akkurat var det vi var komne for å fiske. Morgonen etter vart vi litt forundra over at Anders framleis var der. Etter å ha tenkt seg om fann han ut at han ville vere med oss på trass av at han ikkje fekk den betalinga han ville ha. Tredje dagen reiste vi opp til Gygrefossen i von om større utfordring med større fisk, men vi fekk berre vassaurar og nokre røyr. Landskapet var svært vakkert både langs elva og i den øvre delen av Vassetvatnet. Men der var vanskeleg å gå på små berg med sleip overflate. Eg fann det best å gå i støvlar, for det kunne hende at vi gleid og vart våte. Anders føreslo no at vi skulle prøve i ei lita elv på Svardalsstølen, og han sa at fisken der var omlag like lang og like tung som nede i dalen. Det vart ei strevsam tur under ei heit sol før vi kom fram til stølen. I elva der var det ein heil del små aurar som det gjekk fire av på halvkiloet, og då innrømde Anders at han ikkje hadde vore på stølen før, og opplysningane hadde han funne på sjølv. Dei norske stølane består av grassletter og nokre mål som er dyrka, eit lite bustadhus til budeiene som steller buskapen, eit hus til dyra og ei lita løe som dei har høy i. Høyet vert seinare transportert ned til dalen med hest. Stølane er ofte fleire km frå bygda dei høyrer til, og mjølka vert boren ned til dalen dagleg, eller to til tre gonger for veka, alt etter tilhøva på staden.

små, og sengene var laga slik at dei skulle passe romma i staden for å passe den som skulle sove der. Dei var omkring 1,10 meter lange, og ein måtte krølle seg saman som ein ball for å få kvile på dei mosestappa madrassene og putene der. Vi reiste tilbake til Lendinga med ei høyvogn for å hente bagasjen vår. Då vi hadde fått laga til eit måltid, pakka ut og bytt klede etter ei 24 t. lang reise, gjorde vi oss klare for kveldsfiske. Før vi starta å fiske, fann eg det fornuftig å få Anders si betaling fastsett til kr 2,- for dagen, som avtalt. Det var bra eg gjorde, for då eg nemnde den summen riste han på hovudet og sa at det ikkje var nok. Han fortalde at ein engelskmann som hadde drive med aurefiske, hadde betalt han kr 6,- per dag for hjelpa. Eg fann ut at det var noko han hadde funne på då han fekk greie på kva eg betalte for kost og losji til husverten. Men eg ville ikkje krangle med han om det, og betalte han for hjelpa og sa til han at vi ikkje ville leige han lenger. Omlag kl. 7 var sola vekke, og vi byrja å fiske i elva. Våre opplysningar i London hadde vore at det var gode fisketilhøve når vi kom til Svardal i juli, men Anders hadde sagt då vi møtte han i Florø at vi var ein månad for seine. Etter våre erfaringar synte det seg å vere rett. Elva som bitt saman dei to vatna er om lag 2,5 km lang, og den første kvelden fekk vi berre små vassaurar frå 0,25 kg til 0,9 kg, og nokre sjøaurar frå 0,5 kg til 1,4 kg. Vi tenkte då at det var små sjansar til å få laks, for elva var altfor lita til å få oppgåande fisk. Det var likevel fin sport å fiske

Ved sida av dei få matvarene vi hadde teke

Gygrefossen ved Osa 1894.

Sommarfjøs på Øyra for bruk 5 til venstre og bruk 2 til høgre 1894.

det var for lite, og rekte pengane bort til meg att. Eg tok tilbake pengane samstundes som eg la bæra ned på bakken, og skauv båten ut frå land. Då ombestemte ho seg, men då takka eg nei.

med oss, var maten vår fisk, egg, brød og smør. Det var ikkje kjøt, men dersom vi hadde vore der ein dag til, kunne vi fått tak i ein sau frå fjellet. Likevel levde vi godt nok på denne dietten, og attåt hadde vi ølflaskene vi hadde med oss frå Bergen. Vi vart verande i Svardal meir enn ei veke, og siste kvelden spurde bøndene om løyve til å setje ut garn i vatnet, for å prove at der var laks og sjøaure. Garna vart sette, og dei stod natta over på tre fiskeplassar. Om morgonen fekk dei to laksar som var om lag 8 kg kvar, og tre sjøaurar på omlag 3 kg. kvar. Alle var mørke og hadde truleg vore i vatnet i fire–fem veker. I elvar der fisken lever mellom steinar, var aurane ofte langt frå fine, men likevel bra feite. Dei vi fekk på sandbankane der elva renn ut i Svardalsvatnet, var både feite og hadde ein fin utsjånad. Oppsitjarane syntes å vere opptekne av å få så mykje som råd var ut av dei framande første gongen dei var der, utan tanke på at dei kanskje burde drive ein politikk som skulle få dei til å komme tilbake. Då eg heldt på å fiske, nærma ei skrøpeleg gammal kvinne seg elvebreidda der eg stod, og tilbydde seg å komme med molter neste dag. Ho var så fillete kledd at ho kunne gjort skam på eit fugleskremsel. Dagen etter kom ho ned til vatnet med omlag 3/4 liter molter, der halvparten ikkje var mogne. Eg tok bæra og gav henne 50 øre som var meir enn dei var verd. Til mi store undring sa ho at

HEIMREIS Då eg såg etter på kartet og i rutetabellen for dampbåtar, fann eg ei mykje lettare og kortare rute mellom Svardal og Florø enn den vi hadde nytta frå Florø til Svardal over Eikefjord. Ruta gjekk over Hopen, ei lita bygd ein times rotur frå Osen, der elva renn ut i sjøen. Der gjekk rutebåt ein gong for veka, og då han hadde rute der dagen etter, fann vi at vi ville reise. Anders hadde teke oppatt fleire gonger at han måtte få eit vitnemål for arbeidet som hjelpesmann. Men vi hadde ikkje oppdaga gode nok eigenskapar hos han til å ville gje han det, så vi hadde unngått spørsmålet. No då vi nemnde at vi ville reise, tok han oppatt spørsmålet, og han la for dagen at han ikkje likte at vi var uvillige til å skrive ut vitnemål. Eg skreiv då på ærleg vis om talentet hans som hjelpesmann. Etter å ha studert vitnemålet, kom han tilbake med det om morgonen og sa at det ikkje var mykje til vitnemål. Det var eg samd med han i, men eg avslo å forandre det. Tidleg neste dag rodde vi nedover Svardals- vatnet i striregn. I ein annan båt hadde vi med ei kjerre. Då vi kom ned til Oselva, hadde vi bagasjen opp på kjerra og gjekk nedover vegen. For det

Bording av rutebåten «Balder» på Hopen 1894.

Vi kom til Florø omkring kl. 4 på ettermid- dagen, og gjekk ut frå at vi vart nøydde å vente på ein kafé til båten skulle gå tidleg om morgonen. Men vi vart overraska, for like etter kom båten i rute frå Trondheim til Bergen, mange timar forsein. Saman med ei last av salta sild, var i Bergen omlag kl. 3 om natta. Aromaen som er om bord i båtar med salta sild og tørrfisk, er ubeskriveleg. Men kapteinen seier dette er uråd å unngå, fordi tønnene ikkje er tette. Lugarane og salongane var akterut for at ein skulle spare rom til lasta. Konsekvensen vart at i motvind vart odøren ganske stram om bord, for skipsdekket var som regel dekt med sildetønner og buntar med tørrfisk. Det er likeeins under dekket. Difor er det vanskeleg å tenke seg at det er mogleg å like seg ombord i desse rutebåtane. I slutten av juli fann vi oss no stranda i Bergen i ein vanskeleg situasjon og utan noko å gjere på i to veker. Etter å ha ete frukost på Norge Hotel, gjekk vi til Beyers forretning i Strandgata, då vi vona han ville assistere oss ut av vårt dilemma.

meste hadde vi utsyn til elva like ned til fjorden. Elva var no heller lita, men eg vil tru at det var lett å kaste over frå elvebreidd til elvebreidd sjølv når ho var stor. Elva vart utleigd på åremål, og vi vart fortalde at første dagen dei fiska, hadde ein sportsfiskar fått ti fiskar, og neste dag sju. Etter det synte det seg at fiskemengda minka, og eg vil klassifisere Oselva som ei av dei små elvane som raskt minkar ned når det er lite regn. Eg tvilar ikkje på at vi kunne få nokre laksar no og då, og også nokre sjøaurar, men der ville vere lita moro for ein sportsfiskar som ikkje likar å stå og fiske heile dagen, men har behov for andre ting til å fylle fritida med. Eg kan tenkje meg at ein mann som vitja Norge ikkje berre med formål å fiske i storparten av tida, snøgt vart trøytt av Osen. Etter å ha rodd ein times tid, kom vi til Hopen, og vi hadde knapt tid til å sjå på landskapet før ei fløyte gav beskjed om at fjordbåten kom. Tom frakta utstyret til skipssida, medan eg gjekk og tok eit bilete av situasjonen, men vart då nesten forsein til avgang. Det ville ha resultert i at vi hadde vorte verande ei heil veke på Hopen, ein vakker plass, men lite interessant.

(Dei fekk hjelp av Beyer, ved at dei fekk lov å fiske i Evanger – men det er ei anna historie.)

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2016.