2016-16 - Bjarte Sindre - Bilde og kort tekst frå Haukåvatnet

Postkort

PARTI FRA HAUKAAVANDET

Dette handkolorerte kortet frå bokhandlar Stephansen er eit av dei sjeldne. Det er frå kring 1910, og då var det helst Berg som fotograferte for Johan Stephansen. Dei har fått seg båtskyss til Haukåa, og Berg har tatt dette fotografiet oppe ved vatnet. Vi reknar med at det er bonden sjølv, Anders Ludvigsen Haukåen, som held båten, og at den bunadkledde dama i båten er kona hans, Anne Eiriksdotter. Dei bykledde fiskarane trur eg er Johan Stephansen og søstera hans, Astrid.

Haukåvatnet er 0,6 km², og skal vere eit av dei reinaste i Noreg. Dette var viktigaste grunnen til at her kom smoltanlegg i fjordbotnen. Haukågarden var av dei som betalte mest i skatt i kommunen vår i gamle dagar, over 4 spesidalar i skyld. Dei må ha tent mykje på fangst og fiske, i tillegg til ei omfattande seterdrift. Dei var ein av gardane i gamle Kinn som tok hand om fattiglemer. Berre dei mest velståande gardane gjorde dette.

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2016.