2016-15 - Bjarte Sindre - Illegale aviser under krigen.

Illegale aviser under krigen

Boktrykkar A. Johannesen.

Likevel vart ei avis oppdaga av nazistane, og Ludvig og Erling Solberg kjende grunnen brenne under seg, og rømde med MB «Erling» til Shetland den 28. august 1941. Grunn til å røme var det så visst. For å skrive og trykke slike aviser vart det etter kvart dødsstraff. Tidleg i 1942 vart Kristoffer Kinn arrestert for å ha delt rundt desse pamflettane. Han vart straks sendt til tukthus i Tyskland.

Straks etter det tyske åtaket på Noreg 9. april 1940, byrja engelskmennene med norske sendingar frå London. Nazistane hadde teke over NRK, og England ville ikkje at vi berre skulle bli tuta øyra fulle med tysk propaganda frå radioen. Etter kvart vart denne avdelinga utbygde med både nordmenn i redaksjonen og som hallomenn. Dei oppretta jamvel ei norsk avis «Norsk Tidend», der Erling Ulriksen frå Florø vart faktor. Pressa i Noreg vart einsretta og dei aviser som ikkje ville rette seg etter Pressedirektoratatet, vart forbodne. Slik gjekk det med dei to avisene i Florø, «Fylkestidende» og «Firda Folkeblad.» Men dette var ikkje nok for tyskarane. Sommaren 1941 vart alle radioar inndregne. Hos oss blei dei lagra på sjukehusloftet. Berre tyskarar og nazistar fekk behalde radioane. Dette førte til ein total mangel på truverdig info om korleis det gjekk med krigen. Dermed dukka illegale aviser opp i hopetal over heile landet. Her vart det stort sett trykt opp aktuelle meldingar frå London, og dessutan nasjonale dikt. For all del måtte det ikkje vere lokalstoff som kunne avsløre frå kva område avisa kom. Det vart straks sett i gong ei slik avis her i Florø. Ludvig Solberg hadde, mellom mange andre, gøymt unna ein radio. Han og sonen Erling laga til tekst til avisa, som blei trykt hos boktrykkar Johannessen. Alt vart gjort i største løynd, og boktrykkaren kunne sjølvsagt ikkje nytte maskinene på prenteverket. Fekk tyskarane tak i ei avis, ville trykkeriet vere det første dei granska. Men Johan- nessen hadde ein gamal sverteduplikator, som kunne slåast saman og bli til ein liten koffert. Denne var det lett å stikke bort. Dermed blei det laga nokre aviser på duplikatoren, og desse gjekk frå hand til hand mellom gode jøssingar.

Kristoffer Kinn.

Dei illegale avisene, var svær enkle, gjerne berre eit ark trykt på begge sider, eller fleire sider stifta saman. Dei vart ofte laga på enkle stensilmaskiner eller sverteduplikatorar. Bildet viser ein slik sverteduplikator som boktrykkar A. Johannesen brukte her i Florø, Det er nærmast berre ei ramme med ei trykkplate som papiret vart pressa inn til, eit og eit. Denne kunne slåast saman og bli til ein liten koffert.

ten også redaktør i Nordre Bergenhus Amtstidende i tida 1892–1903. Etter dette sette han i gong med eige trykkeri og papirhandel. I 1923 kjøpte han Strandgata nr. 23, næraste granne til Rådhuset i aust. Eldre hugsar godt både papirhandelen og trykkeriet. Han hadde mest monopol på trykking av visittkort for konfirmantar. Anders Nikolai Johannessen døydde den 19.06.1952

Han måtte utstå dei verste pinsler, og vart råka av alvorlege sjukdomar. Han overlevde, men vart aldri heil kar att. I Florø fann motstandsfolket ut at det var for farleg å gje ut ei illegal avis i ein liten by som Florø. Tilhøva var for gjennomsiktige. Etter arrestasjonen av Kinn blei det slutt på avisa. I staden nytta ein munn til munn metoden når viktige nyhende skulle spreiast. Boktrykkar A. Johannessen viste stort mot ved å trykke opp eksemplar av den illegale avisa i Florø. Hadde dette blitt avdekka, ville han straks blitt sendt i konsentrasjonsleir, kanskje jamvel skoten. Han var frå Florø og fødd den 19.04.1878. Han utdanna seg til typograf, og vart faktor og på slut-

På side 68 gjengir vi ei av dei illegale avisene som vart produsert. ➔

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2016.