2016-13 - Bjarte Sindre - Kåre Knapstad – ein mann å minnast

Kåre Knapstad

ein mann å minnast

Bendik Knapstad kom til Flora frå Knapstad i Eikefjorden i 1908. Som ung tok Bendik seg arbeid med bygginga av Bergensbana, og var med om sprenginga og tillaginga av Gravhalstunellen ved Myrdal stasjon. Han hadde kjempekrefter, og det gjekk gjetord om dragsmålet han hadde med 7 svenske rallarar som ville stele alle pengane hans for å ha dei til brennevin. Bendik klarte å slå dei ned alle saman, men hadde fått seg nokre stygge knivstikk.

Kaare Knapstad var ein sterk og dugande ung mann. Liksom brørne Dagfinn, Jostein og Oddvin var han flink i idrettar. Han vart mobilisert den 10. april, og frå Voss gjekk vegen til kampar mot tyskarane i Valdres. Her vart han livstrugande skadd.

Bendik gifta seg med Anna Josefsdotter Gjels- vik. Ho var fødd i 1882, han eitt år yngre. Han kjøpte seg først ein gard, Kviehågen, i Eikefjord, og tok namnet Knapstad. I 1908 selde han garden, og kjøpte seg eit stort område på Florelandet vest av Storåsen. Han sette i gong med nydyrking av blautmyr og sump. Garden sin kalla han Asplund (gnr. 27, bnr.19). Bendik var full av pågangsmot, og arbeidet gjekk unna. Allereie i 1910 hadde han fått opp eit drusteleg våningshus, som også husa den første folkeskulen i Havrenes krins i skuleåret 1912/13. Etter dette heldt Havrenesskulen til i Kinn Kommunehus. Anna og Bendik fekk 7 born,

Sverre 1908, Dagfinn 1909, Jostein 1911, Bodil 1913, Kaare 1917, Oddvin 1919 og Alf 1920. Dei var alle dugelege og sterke, bortsett frå Alf som hadde Downs syndrom. Gutane var flinke i idrettar, særleg i kastøvingane. Dagfinn og Oddvin dreiv med boksing i tillegg. Jostein utmerka seg som ein av dei mest lovande ti-kjemparane i landet. Han vart politimann, og arrestert av tyskarane. Dei sende han til konsentrasjonsleiren Stutthof i Danzig, der han døydde. Oddvin var med på den vidgjetne ferda til Shetland med «Fiskebas», saman med m.a. Dagfinn Ulriksen og Atle Svardal. Frå England drog han til Little Norway i Canada og utdanna seg til fly- mekanikar. Dagfinn kom seg over til England med MK «Harald» saman med m.a. H. C. Hansen, Olav Mortensen og Gjetlaug Olsen. Dagfinn var skippar. Som broren søkte også han til den norske fly- skulen i Toronto. Sikkert fordi dei visste at her heldt også Sigurd Solberg til. Også Dagfinn blei utdanna til flymekanikar. Han blei tilknytt 132 Wing som gjorde ein formidabel innsats under invasjonen i Normandie og vidare til tyskarane kapitulerte. Straks det tyske åtaket på Noreg kom den 9. april, gjekk det ut ordre om mobilisering. Den 10. april drog ein stor flokk ungdomar herfrå med «Fanaråken» til Førde, og Kaare Knapstad var ein av dei. Frå Førde for dei vidare med bussar og bilar

Ein flokk med glade ungdomar på Sunnfjordmeisterskapen i friidrett i Dale i 1939. Frå venstre: Oddvin Knapstad, Kaare Berg, Atle Standal, Rudolf Johannesen, Dagfinn Knapstad, Bjarne Vadseth, Jostein Knapstad og Kaare Engja.

til Nordeide, dit dei kom om kvelden. Dei overnatta her, og neste dag bar det vidare med båt til Gudvangen. No var det å ta beina fat, og gå til Stalheim. Heldigvis vart all bagasjen køyrt med lastebilar. Neste dag vart dei frakta med bussar til Voss og Bømoen, samlingsstaden for alle dei vernepliktige heimehøyrande i Fjordane infanteriregiment, I.R. 10, 1. og 2. bataljon, i alt 1600 mann. Kaare hadde soldatnr. 15316 og høyrde til kompani 8 i 2. bataljon. 8. kompani hadde berre to tropper, av di dei var oppsette med mitraljøser. Dei sterkaste vart valt til dette, av di Coltmitraljøsene var tunge å hanskast med. Det måtte tre mann til for å flytte dei. Tyskarane hadde det raskt skytande MG 34, som ein mann lett klarte å handsame. På Bømoen var det i førstninga reine kaoset, og det tok tid før dei ulike kompani og tropper var organiserte. Det var også umogleg å få vite korleis den militære situasjonen var i Noreg. Resultatet var at rykte av dei mest ulike slag svirra ikring. Etter kvart kom dei seg i orden, og kunne ta til med militære gjeremål som å øve seg i skarp- skyting og handtere mitraljøsene.

Meininga var først at den store styrken som låg på Voss, skulle gå mot Bergen og frigjere byen frå den tyske okkupasjonen. Men troppene vart ført over til Numedal og Valdres der det var store tyske åtak på gang. Den 16, april vart halvdelen av IR. 10 transportert med tog til Gol, og så fordelt utover i ulike forsvarsstillingar. To dagar seinare kom resten etter. Dei hadde ei mest umogleg oppgåve føre seg. Tyskarane var velutstyrte, og hadde støtte av både tanks og fly. Dessutan hadde dei tungt artilleri som var dei norske skytsa heilt overlegne. Tyske soldatar hadde også handgranatar som var svært effektive i nærstrid. Noko så moderne hadde ikkje norske styresmakter utstyrt soldatane våre med, jamvel om dei var i fullt bruk i 1. verdskrigen. Mot ein overmektig angripar gjorde dei norske styrkane sterk motstand, og ofte måtte tyskarane dra seg tilbake med store tap. Ein av grunnane var nok at dette vart ein vinterkrig. I Valdres låg framleis snøen tjukk, men vegane var berre. Når dei tyske soldatane hadde hjelp av tanks, tungt artilleri og jagar- og bombefly, måtte etter kvart nordmennene dra seg attende. Dei tyske tapa var

styresmaktene ut eit skjema for at alle som hadde vore med, kunne søke om medalje og diplom. Der kom nok på langt nær inne søknader frå alle, og heller ikkje er det orden på arkiv for desse søk- nadene. At det må ha vore mange herfrå er opplagt, for på statsarkivet i Bergen fekk eg sjå gjennom arkivstoff som mest berre hadde bokstaven K. Frå Bareksta finn vi at Alf A. Kittang, Didrik Kittang, Halvdan Kittang, Lorens Kittang har vore med, og elles Sigfred og Sigurd Knapstad frå Eikefjorden. Hadde Kaare levd eit par år lenger, ville vi nok ha funne han også, og ville ha visst nøyaktig kva for trefningar han hadde vore med på.

Kåre var med i kampane i Valdres og gjorde ein heltemodig innsats mot ein overmektig fiendestyrke. Han vart hardt såra i desse kampane, og seinare døydde han av skadane. Det er heilt sjølvsagt at Kåre Knapstad skulle ha vore med på minnesteinen over falne i krigen 1940–1945, men der er han ikkje å finne. Der er på tide at denne feilen vert retta opp.

Gravsteinen til Kaare Knapstad på kyrkjegarden. Han døydde for skuld skadar han fekk i kamp mot tyske styrkar i april 1940. Knapstad sitt namn står ikkje på minnesteinen over dei falne. Der skulle han ha vore med. Eit mistak det er på tide å rette opp.

store, medan det var få norske soldatar som fall. Den norske øvstkommanderande, oberst Østby, seier at tyskarane var dårlege skyttarar, medan «Våre infanterister er dyktige, øvde skyttere. De er vant til å skyte rolig og sikkert. Eksempelvis kan nevnes at i IR 10`s distrikt er det over 200 skytterlag.» Særleg harde kampar var det mellom Dokka og Fagernes. Troppen til Kaare Knapstad var med og erobra ei tysk stilling ved Tonsåsen og tok ei rekke fangar. Neste dag vart dei utsett for eit sterkt åtak med kanoner og bombekastarar. Mange i troppen vart råka, og hardt skadde. Ein av desse var Kåre. Troppen måtte i all hast dra seg attende. Kaare låg att på valplassen med dødelege skadar. M.a. hadde han fått granatsplintar i ryggen. Merkeleg nok tok det tyske sanitetspersonellet seg av han, og ein tysk lækjar opererte. Han kom seg nokolunde til hektene. Den norske øvstkommanderande, oberst Østby, kapitulert den 1. mai, av di tyskarane også fall dei i ryggen. Alle norske soldatar og befal vart tekne som fangar, og sende til Hvalsmoen. Den 16. mai vart dei sette fri, og fekk reise heim. Kaare Knapstad var sterkt redusert, og på heimvegen mista han i Eide i Hardanger rygg- sekken med tøyet sitt. Han var ikkje sterk nok til å dra til Bergen for å leite etter den på sentralen der. Difor fekk han hjelp av politiet ved fullmektig Alfred Berge til å skrive ein søknad om erstatning for tapet. Rekninga var på kr. 66,50. Søknaden vart stetta. Den tyske lækjaren hadde ikkje vågd å gjere noko med ein granatsplint som hadde sett seg fast i ryggsøyla til Kaare. Dokter Yttri på sjukehuset undersøkte han nøye, men fann at ein operasjon truleg ville medføre døden for Knapstad. Difor måtte han gå med denne splinten i seg. Medan brør og kameratar rømde til England for å kjempe vidare mot tyskarane, blei han verande i Florø. Kanskje særleg fordi han nettopp var blitt far til dotter nr. 2. Kåre var gift med Ingrid Otelia Krokevoll. Men det gjekk blodforgifting i ryggen kring granatsplinten. Han døydde av skadane den 25. 04. 1944. Ingrid Otelia gifte seg seinare opp att med Karl Samson Ingvaldsen.

Vi har i dag mest ikkje opplysningar om meinige som kjempa mot tyskarane i 1940, og hadde det kanskje heller ikkje i 1940. Etter krigen sende

Hjarteleg takk til Dag Magne Knapstad for hjelp til denne artikkelen.

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2016.