«Oldi» sin krig
– 2. VERDSKRIG SLIK OLDEMOR OPPLEVDE DEN
Floraminne har fått lov til å trykke denne elevoppgåva, skriven av Iris Mikalsen då ho gjekk i 3. klasse ved Flora vidaregåande skule. Ho var russ i vår og studerer no historie ved Universitetet i Bergen. Oppgåva var eit intervju med oldemora, Bjørg Jansen, som bur i Florø, om opplevingane hennar under krigen. Bjørg Jansen runda 98 år 12. oktober i år.
Hausten 1939 hadde oldemor fått jobb i England, men ho fekk ikkje lov til å reise på grunn av den farlege situasjonen i Europa etter Tyskland sitt angrep på Polen.
Bjørg Jansen («Oldi») på 90-årsdagen.
9. april 1940 var ho heime i Melvær i Bulandet. Ho hugsar at himmelen var svart av tyske fly på veg nordover. Det tyske angrepet var i gang, og Noreg var i krig for første gong på meir enn hundre år. To av brørne hennar var med i kampane i Valdres, og 17. mai kom dei heim saman med tre andre nordmenn og åtte engelske soldatar. Det vart ordna med skyss over Nordsjøen for engelskmennene, og 19. mai la dei i veg til Shetland med første båt frå vårt distrikt. Den eine broren reiste tilbake til arbeidet sitt i Oslo. Han blei tidleg med i illegalt arbeid og låg lange periodar i dekning i Nordmarka. Seinare rømde ein annan bror, saman med ein jamaldring frå nabogarden, til Shetland. Ofte kom folk som av ulike grunnar måtte komme seg vekk til Melvær og venta der til det vart ordna skyss vest over havet. Oldemor tenkte ikkje då så mykje på risikoen ved å skjule rømlingar, men seinare tenkte ho mykje på kva som ville ha hendt om tyskarane hadde oppdaga det. Det var dødsstraff for å hjelpe folk over til England. I 1941 gifta ho seg og flytte til Florø. Ho og oldefar budde i huset til fru Svardal på Tua. Eldste sonen i huset, Atle, hadde rømt til England saman med andre ungdommar frå Florø, mellom anna fetteren til oldefar min.
Når oldemor fortel om kvardagslivet slik ho opplevde det i Florø under krigen, kan ho ikkje hugse at ho gjekk og var redd. Eigentleg vende ein seg fort til korleis ein måtte oppføre seg og kva som var lov og ikkje.


Etter kvart kom det mange tyske soldatar til Florø, og det blei òg oppretta ein leir for russiske krigsfangar. Det var mykje arbeid med å bygge bunkersar og kanonstillingar, både i Storåsen, i Havreneset og på Sørstrand, men dette såg eigentleg ikkje folk noko til. Havreneset var evakuert til utanfor der ungdomsskulen ligg i dag.
GENERELT
Tyngda av den tyske aktiviteten i Flora kommune var på Florelandet, som mot slutten av krigen fekk preg av å være ein stor festning. Dei to første krigsåra, fram til våren 1942, var den tyske militære aktiviteten liten, og det var i hovudsak den tyske marinen som etablerte seg i havne- området i Florø.
Om kvelden måtte alle vindauge blendast med svarte rullegardiner, slik at ikkje noko lys kunne sjåast utanfrå. Ein gong ho stod på kjøkenet og steikte vaflar, kom to tyske soldatar trampande inn. Dei peika på vindauga. Ho hadde gløymt å blende! Gardinene kom på plass i ein fart, og så treiv ho kakefatet og rekte det mot soldatane. Med kvar sin vaffel i handa takka dei og gjekk. Det vart inga bot for manglande blending den kvelden. Når flyalarmen gjekk, fór dei i kjellaren til sirena varsla «faren over». I periodar var det ofte flyalarm, og det var òg flyangrep på båtar i leia og på hamna i Florø. Oldemor kan hugse at det vart innført portforbod i samband med Måløyraidet, 27. desember 1941. I slike situasjonar var folk sjølvsagt redde, for dei fekk ikkje greie på kva som eigentleg var grunnen til at alle måtte halde seg inne. Ingen fekk lov til å ha radio, så skikkeleg informasjon var det nesten uråd å få.
På Fugleskjærskaia etablerte marinen ein kontrollstasjon (Hafenüberwach- ungsstelle Florö), som saman med signal- stasjonen (Marine-Signal-stelle Florö) på Færøykavlen skulle kontrollere all skipstrafikk til og fra Florø. Seinare kom også ein marin radiostasjon med tre forskjellige stasjonar; Fjellanlegg i Storåsen, ein bygning mellom Lille- og Storevatnet og ein ved sanitetsbunkeren ved stadion. Forlegning av mannskapet var i rekvirerte etablissement i sentrum.
Høvesvis tidlig i krigen kom også personell fra Luftwaffe si flymeldeteneste til Florø, og ein flymeldepost (Brg. 21) vart etablert på toppen av Storåsen. I ein periode var også sjefen for den tyske flymeldetjenesten i ytre Sunnfjord stasjonert i Victoria Hotell. Fra hæren kom det fra tid til anna mindre infanteriavdelingar, og fra 1941 vart eit infanterikompani forlagt i Florø.
Det store innrykket av tyske avdelingar kom først våren og sommaren 1942. I byen vart Firdaheimen, Aldersheimen, Mi- sjonshotellet, Fylkesfiskarskulen, Frelses- armeen, Breidablikk, skuler og private hus rekvirerte av tyskarane. Det vart starta bygging av skytestillinger, barakker og bunkerer i byen, i Storåsen, i Havreneset og på Sørstrand.
7. januar 1942 angreip eit britisk marinefartøy ein konvoi på hamna i Florø. På ny måtte dei gå i kjellaren, mens lyden frå skytinga ljoma i øyra, og elden lyste opp himmelen. To tyske båtar vart skadde. Dette angrepet fekk konsekvensar for oldemor sin eldste bror. Ein sekk med skipspapir frå den eine båten blei frakta til Melvær og graven ned i marka der. Nokre månader seinare vart to norske agentar arresterte. Tyskarane fann da eit telegram som skulle sendast til England, der det stod at sekken med papira kunne hentast hos As- mund Melvær i Bulandet. Gestapo kom til Melvær og arresterte Asmund, oldemor sin eldste bror. Ho fekk greie på arrestasjonen, for mora hennar (mi tippoldemor) reiste til Florø for å varsle han som hadde frakta papira; Åmund Melvær på Krokane. Han greidde å komme seg unna Gestapo og var på rømmen resten av krigen. Onkel til oldefar vart arrestert tidlegare fordi sonen hadde rømt til Eng- land. Men som oldemor seier måtte kvardagen gå sin gang, sjølv om det etter kvart var fleire i familien som var komne i tyskarane sine hender, og andre som måtte leve i skjul. Ho hugsar òg at ho var redd for kva som kunne hende med oldefar og faren hans når dei var på arbeid. Tippoldefaren min hadde kontor på Fugleskjærskaia. Det var ein utsett plass når det kom angrep, og dei var det fleire av.
Både kystartilleri, infanteri, pionertroppar (ingeniørsoldater) og Organisation Todt (OT), inntok Florelandet i desse dagane. På same tid vart også ein krigsfangeleir bygd. Fra Nordfjordeid kom sjefen for
Artillerie Gruppe Nordfjord, major Bau- mann, med sin stab, og han vart også «Øykommandant» (Inselkommandant). I ein periode sommaren 1943 var også staben til Festnings-infanteri-bataljon 644 saman med 1. og 2. kompani forlagt i Florø, og tallet på tyske soldater på Florelandet kom opp i 5–600 mann.
si ved sidan av seg. Soldatane gløymde heile ransakinga. Der sat jo berre ei ung mor med ein baby og sydde! Dei kika i korga, smilte og gjekk sin veg. Det var rasjonering på mange varer, men dei svalt ikkje, sjølv om mange varer var uråd å få tak i. Dei som hadde små born fekk ein viss rasjon kveitemjøl. Dei fiska, og om sommaren og hausten plukka dei bær. Svigerforeldra hadde stor hage med både poteter, grønnsaker, frukt og bær. Dei hadde høns, ein gris og nokre kaninar. Sko og tøy til å sy klede av var ikkje lette å få tak i, men folk brukte gamle klede som dei sydde nytt av. Kino og anna felles underhaldning gjekk dei ikkje på. Filmane som blei viste var tyske filmar, minnest ho. Om du gjekk på kino, blei det nesten sett på som landssvik, så vener og familie møttest heime hos kvarandre i staden.
Mot slutten av krigen reduserte tyskarane ein del av styrkene sine på Florelandet, men dei opprettheldt alle støttepunkt i området. Infanteriavdelingane vart mest reduserte.
(Kjelde: Kjell Ragnar Berge, «Fronten er kysten», 1995.)
Ein tur til Bergen vinteren 1944 hugsar ho godt. Dottera, som da var 10 månader, måtte til spesialist for eit eller anna. Å reise med båt på vinteren var nervepirrande. Du kunne ikkje være sikker på at ikkje båten ville gå på ei mine eller bli skoten på frå fly. Det var ofte angrep på konvoiar langs kysten, men denne turen gjekk utan dramatiske hendingar.
8. februar 1945 fekk oldemor sitt 3. barn. Dagen etter, 9. februar, er gått inn i historia som «Den svarte fredagen». Eit tysk krigsskip hadde gått på grunn ved Oddane. Det mista den eine propellen, og på grunn av eit forrykande vær, klarte ikkje båten å halde fram mot Bergen, men måtte slepast inn i Førdefjorden for å komme i skjul. Der vart den tilfeldigvis oppdaga av eit engelsk fly på rekognoseringstokt langs norskekysten. Dette utløyste det største luftslaget i Noreg under krigen. Meir enn 60 fly var på vengene, 46 britiske og 18 tyske. Mange mista livet eller blei såra i kampane som rasa utover dagen. På sjukehuset i Florø fekk dei anna å henge fingrane i enn ei mor med eit nyfødd barn. Oldemor vart sendt heim med bestemora mi, for sjuke- huset trong alle senger til å ta i mot dei som var såra etter kampane.
I mars ramma ei stor sorg fru Svardal, som eigde huset der oldemor og oldefar budde. Sonen Atle Svardal blei skoten og drepen i nærleiken av Urane. Tyskarane peila inn radiosendaren hans og overrumpla han og ein til.
Det var piggtrådsperringar fleire stader der folk måtte vise eit slags pass, grenseboarbevis, for å få passere. Når oldemor skulle handle, måtte ho gjennom ein slik kontrollpost litt aust for Florø Barneskole. Ein gang ho hadde vore på besøk hos ei venninne, fann ho ikkje grenseboarbeviset sitt. Ho fekk låne venninna sitt, og ho hugsar godt korleis vakta studerte biletet i passet og prøvde å samanlikne det med henne. Ho stod ganske skjelven og venta, men ho slapp gjennom, sjølv om ho er sikker på at soldaten oppdaga at ho og per- sonen på biletet ikkje var den same. Dei høyrde aldri om nokon som vart plaga av dei tyske sol- datane. Ofte marsjerte dei syngande innover vegen, eller dei reid på flotte hestar. Somme tider trena dei i Kleivabakken. Da var det skyting med lauspatroner og mykje skrik og skrål. Frå stove- glaset hadde ho utsikt mot «krigssona» der tyskarane «leika krig», som ho seier. Av og til var det rassia. Da kunne det komme soldatar inn i huset for å leite etter slikt som var ulovleg å ha, til dømes radio og skytevåpen. Ho hugsar ikkje om oldefar hadde gøymt eller levert inn geværa sine, men patronane hadde han i alle fall ikkje levert. Dei var gøymde i symaskinen. Ein gong blei det ein slik rassia. Ho skunda seg å sette seg til å sy, med den vesle sonen liggande i korga
Etter kvart blei det klart for dei fleste at krigen
«Oldi» og farmor Bjørg (Lillen) utanfor Luftkamp- museet på Hågjen i Naustdal.
gjekk mot slutten. I 1943 blei tyskarane slått og kapitulerte ved Stalingrad. Dei allierte gjorde invasjon på Sicilia og 2. juni 1944 gjekk dei allierte i land i Normandi. Tyskland tapte på alle frontar, og dei allierte nærma seg Berlin. Her i Florø var folk nervøse for korleis enden ville bli. Kom tyskarane til å overgi seg, eller kom dei til å gjere motstand? Heile Florelandet var jo nærast ein festning, så om dei ikkje overga seg frivillig, kunne det bli farleg. Oldemor tok med seg ungane ein av dei første dagane i mai og reiste til si mor i Melvær. Ho var der når flagga gjekk til topps den 8. mai 1945. 5 års krig var over! Når dei såg flagg på flagg utover øyane i Bulandet, sette søstera hennar, som hadde vore kurer for heimefronten i Oslo-området, seg til orgelet i stova og spela «Gud signe vårt dyre fedreland». Når oldemor fortel dette, får ho tårer i auga. Av dei i slekta som anten hadde sete i tysk fangenskap, lege i skjul eller rømt til England kom alle heim, bortsett frå 2 brør frå nabogarden i Melvær. Den eine omkom i tysk fangenskap, og den andre, som var skyttar på fly, omkom da flyet vart skote ned utanfor Sognefjorden. Mange kjenningar både frå Bulandet og Florø kom aldri igjen, og andre vart merka for livet, så gleda over freden var blanda med sorg.
ETTERSKRIFT:
I 1998 dreiv far min og dykka ved Oddane. Han var på leiting etter skipspropellen som indirekte hadde vore opphavet til «Den Svarte fredagen». Plutseleg nesten stanga han hovudet i den på seks–sju meters djup. Etter mykje arbeid vart propellen heva og er i dag på Haakonsvern. Propellen vog over 8 tonn!
KJELDER: Bjørg Jansen (oldemor f. 12.10. 1918). Artikkel i i Firda Folkeblad skrive av tippoldemor Marie Melvær. «Krigsår Liv og lagnader i Sogn og Fjordane» 1940–1945 (Selja Forlag). «Den svarte fredagen», Luftkampen over Sunnfjord 9. februar 1945 (Selja Forlag). Bjørg Mikalsen (bestemor f. 8.02. 1945). Kjell Ragnar Berge: «Fronten er kysten», 1995 (eige forlag).


Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2016.