2016-11 - Oddvar Isene - Portrett av målaren og skulptøren Magnhild Berg Rolness

Magnhild Berg Rolness

NESTOR I MÅLARMILJØET I FLORA

Ho har ikkje tal på kor mange måleri ho har måla gjennom eit langt liv. Dei fleste er selde i Flora. Dyra går igjen som motiv hos henne – mest heile livet har ho måla dyr. Mindre kjent er skulpturane ho har laga. Ho var ikkje gamal då far hennar kjøpte ei heil tønne med leire til henne, så ho kunne modellere menneske. I januar og februar i år hadde ho separatutstilling på Galleri34 i Florø, der ho stilte ut både måleri og skulp- turar, frå sin produksjon gjennom over 70 år.

Magnhild Berg Rolness med sin første skulptur, «Mor med barn» som ho laga ein gong rett etter krigen.

Magnhild Berg Rolness voks opp på Sandane, men flytte til Oslo i 1946 for å utdanne seg til lærar. Firda Gymnas var ho ferdig med i 1944. Men på grunn av krigen måtte ho vente med vidare utdanning, og tok seg jobb i fotolaboratoriet hos Olav Sande på Sandane, mellom anna med retusjering av bilde. Etter to år der reiste ho til hovudstaden og starta lærarutdanninga på Sagene lærerskole. Den gongen var lærarutdanninga lagt opp med først eit år på skole, så to år ute i praksis, og deretter eit avsluttande år med eksamen. Siste praksisåret var i Skjold i Rogaland. Etter lærar- skolen vart det lærarjobb i Maridalen. Rektor på skulen heitte Halsnes og var frå Sunnfjord. Han hugsar ho som ein både snill og dyktig rektor. Samstundes brukte ho fritida til kurs i forming og modellering. Den då kjende skulptøren Per Ung var ein av lærarane hennar. Utover tidleg på 1950talet hadde ho ein periode med modellering av skulpturar. Ho fekk no utfolde seg i ei kunstform som hadde fascinert henne fleire år før. Den første skulpturen hadde ho forma heime på Sandane. Og far hennar vart så imponert at han kjøpte ei heil tønne leire til henne. Teikning, måling og forming hadde ho i seg frå før ho tok til på barneskolen. I Oslo trefte ho Roar, som skulle bli mann hennar. Dei gifte seg i 1952, og stifta familie. Året etter gjekk ferda til Tromsø – då var dei alt blitt tre. Frå Tromsø kom dei til Florø i 1954.

Menneske og dyr er sentrale i Magnhild sin produksjon. Her viser ho fram eit av mange motiv, «Saman med den vesle fuglen».

Etter at ho kom til Florø, har Magnhild jobba som lærar både på heiltid, deltid og vikar, etter som ho kunne kombinere jobb med familie og barn. Mellom anna var ho lærar på Askrova eit år, og elles har Florø folkeskole (Florø barneskole) vore den faste basen. Ved sida av jobb og husmoransvar, vart målinga ein svært aktiv hobby. No var uttrykksforma blitt mest akrylmåling på lerret.

MED I FLORØ MALEKLUBB Ho blei med i Florø Maleklubb heilt frå starten i 1979, til klubben vart oppløyst i 1990, då dei

mista lokalet i «Kinnhuset». Der har ho vore representert på dei fleste utstillingane klubben har hatt gjennom åra, saman med andre lokalt kjende kunstnarar som, Åge Steinset, Kjartan Godø, Margret Igland, Grete B. Solberg, Gunvor Bruvik, Regina Bjerck, Elfrid Seljeseth, Liv Skåre og Randi Sortland, med fleire. Motiva hennar har vore mest henta frå naturen, blomar og særleg dyr. Som dyrevenn har dyremotiva etter kvart vorte svært sentrale. Fram til ut på 80-talet var andre naturmotiv og stemningar i naturen, oftare tema i hennar produksjon.

«Fjordingen» og «Hund i solnedgang».

Skulpturane hennar av menneske, modellert etter levande modellar, har vore mindre framme i lyset. Rett nok var det dei to skulpturane «Vivian» og «Jølstrajente» som representerte henne på den første utstillinga i «Florø maleklubb» i «Kinnhuset» i 1980. Seinare vart det mest måling på lerret. Juleutstillingane til maleklubben var svært populære, med kø før dei fekk opna dørene. Desse utstillingane vart ofte utselde, og der har Magnhild seld mange av arbeida sine. «Florø Maleklubb» hadde sitt atelier («arbeidslokale», som dei kalla det) i gamle Kinn heradshus, og der var det og juleutstillingane heldt til utover på 80-talet. Magnhild Berg Rolness runda 91 år i april i år, men framleis er ho aktiv med penselen, og ho har framleis eit brennande engasjement for den kunsten ho held på med. I størstedelen av hennar over 70-årige kunstnarkarriere har ho vore genuint oppteken av å måle dyreportrett. Ho meiner sjølv å kunne tolke dyra sine ulike kroppsutrykk, og har nærmast ei empatisk evne til å leve seg inn i dyra si eiga verd og levekår.

Til dei fleste skulpturane brukte Magnhild levande modellar. Til denne var det Eva Astrup, niesa til Nikolai Astrup, som stod modell. Modellert først på 50-talet.

Det er lite kjent at Magnhild også har eit lyrisk talen. Her eit par dikt frå notisboka hennar.

Kjærleiksdikt

Gud er stor

Du gode trufaste venen min eg er så glad i varmen din

Tenk om vi bur på ein elektron og sola er ein kjerne

Du varmar meg heilt inn i hjarterøtene ja, til og med på føtene

Då lever vi i eit atom og sola er ei stjerne

Når vi deler seng så er eg så blid du kjære, gode varmeflaska mi

Og då manglar det berre at altet må vere vår Herre

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2016.