2016-09 - Bjarte Sindre - Portrett av Anna Maria Skorpa

Anna Maria Skorpa

Anna Maria Skorpa var fødd i 1913 på Skorpa. Foreldra var Bernhard og Maria, og Anna Maria var nr. 4 i ein barneflokk på 8. Familien var sterkt samfunnsengasjert og arbeidssame. Dei hadde postopneriet, der Anna Maria var med og hjelpte til frå ho var lita av. Alle var med i losjen, og vart verande fråhaldsfolk livet ut. Dei hadde eigen båt, og det Anna Maria sette stor pris på var utferder i distriktet med båten når det gav seg eit høve. Såleis vart ho svært godt kjend i nærområdet.

Anna Maria som ferdig sjukesøster, og den karakteristiske hetta som diakonisser nytta.

Anne Maria hadde ein vanfør yngre bror. Det blei til at Anna Maria tok seg av han, og tidleg vart ho klar over at det var i hjelpe- og omsorgsarbeidet ho skulle finne plassen sin i livet. I 1934 gjekk ho på Solvang ungdomsskule, og tok seg så praksisarbeid for å kome inn i sjukepleia. På sjukehuset i Florø var det diakonisse-søstrer, og Anna Maria vart så imponerte over desse at ho bestemte seg for at også ho ville verte ei slik. Diakonissene var personleg kristne, og la kristne verdiar til grunn for arbeidet sitt. Dei hadde plikt til å arbeide mellom folk i distrikta når dei vart bedne om dette, og dei skulle ofre seg for arbeidet, og ikkje gifte seg og få eigen familie. Etter praksistid byrja ho på sjukepleiarutdanninga på diakonisjukehuset Lovisenberg i Oslo, og var der då det tyske åtaket på Noreg kom den 9.april 1940. Det var ein svært dramatisk dag med panikk mellom folket men ingen motstand. Ho skulle absolutt ha vore eit ærend på den andre sida av hovudstaden, og trass i at ho var svært redd for tysk brutalitet, vågde ho seg av garde. Ho såg eit par tyske maskingeværstillingar, men elles gjekk ferda greitt.

Ho vart ferdig med utdanninga, og distriktsarbeid og sjukehuspraksis stod att før ho kunne verte diakonisse. Ho flytta til Bergen og Haraldsplass sjukehus hausten 1940. Haraldsplass var eit heilt nytt og moderne diakonsjukehus, og der vart straks fullt belegg av pasientar. Men sommaren

1941 rekvirerte tyskarane dette sjukehuset for sjuke tyske soldatar. Tyskarane hadde ein veldig respekt for diakonissene, og blande seg ikkje inn i arbeide deira. Dette sikkert fordi diakonrørsla stod sterkt i Tyskland, og vart rekna for å ha dei beste sjukehusa. I tillegg til sjukehusarbeidet var Anne Maria også ute i heimar for å ta seg av sjuke og lidande. Ho kom ofte ut for mykje elende og naud. Ho drog

Innviinga til diakonisse den 10.02.1946. Framme frå venstre: Anne Elise Lie, Solveig Fosse. Bak: Ingeborg Friestad, Anni Andreassen, Anne Maria Skorpa, Orlaug Svaberg.

til Hagavik Kysthospital der dei handsame tuberkuløse. Samstundes fekk ho difteri, ein sjukdom ein var plaga med under og like etter krigen. M.a. hadde vi ein difteriepidemi i distriktet vårt i 1944/45. Ho fekk då reise heim for å kome seg. Etter nokre dramatiske år kunne ho den 10.02. 1946 innviast som diakonisse-søster. For henne var dette ei storhending. Det fremste livsmålet hennar var oppnådd. Anna Maria Skorpa fekk også arbeide mange år på sjukehuset her i Florø, særleg då på Røntgenavdelinga. Såleis fekk ho høve til å vere meir saman med familien sin. Ho gifta seg aldri, av di diskonisse-søstrer ikkje skulle gjere dette. Dei skulle vie liva sine fullt ut til sjuke og lidande. Anna Maria fekk leve eit langt og rikt liv, også som pensjonist. Ho var uvanleg sprek fysisk til det siste, og hadde ein klar tanke og eit fabelaktig minne som ein måtte bli hugslått over. Då ho fylte dei 100 år, leia ho sjølv den store samkoma, og heldt ein glitrande tale til dei frammøtte. Ho døydde i den imponerande alderen av 103 år i 2016.

Til denne artikkelen takkar eg for hjelp av Laura Skorpa Melvær og diakonisse Rønnaug Hammer.

Anna Maria Skorpa som 101-åring. Eg intervjua henne fleire gonger, og ho hadde eit fabelaktig minne.

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2016.