Tradisjonsberaren Saxe Bjørkedal
FRÅ FARTY TIL FELE
I 1955, 10. mai, kom Saxe Bjørkedal til Florø, som skipsingeniør ved Ankerløkken Verft. Då hadde han allereie arbeidd ved Blaalid på Raudeberg eit år. Før han kom dit, hadde han fullført utdanninga på skipslinja ved ingeniørhøgskulen i Bergen og militærtenesta i flyvåpenet. Oppvekst hadde han i Bjørkedalen, midt i båtbyggjarmiljøet. Lett var det ikkje då han som tolv-åring måtte flytte frå foreldra for å stelle for ein aldrande bestefar. Men heile tida hadde han god tilgang til bøker, og las mykje. Det vart realskule i Volda, tre år unnagjort på to. I 2002 fekk han Kongens fortenestemedalje i gull. Ikkje for arbeidet sitt ved Ankerløkken, men for frivillig innsats for kystkulturen.
– MEN SUNNFJORDING VART EG ALDRI
Ved Ankerløkken vart Bjørkedal etter kvart overingeniør og var ei drivande kraft i rasjonaliseringsprosessar som var nødvendige for at verftet skulle greie seg i den internasjonale konkurransen. Ein gong var han på synfaring og omvising på eit dansk verft. Det var spørsmål om å produsere lukekarmar til skip dei hadde på beddinga. Han vart invitert med ut i produksjonen og beden om å vurdere arbeidsprosessane han observerte. «De arbeider som idiotar» var tilbakemeldinga han gav til direktøren etterpå. «Dei stod om bord I skipet og bygde karmane, og stort verre kan det vel ikkje gjerast». Såpass direkte tale er typisk for Saxe Bjørkedal, og kanskje noko av forklaringa på at han aldri er vorten sunnfjording. Men Ankerløkken MacGregor Gøteborg fekk kontrakt på å levere karmane fiks ferdig montert på dei neste Panamaskipa verftet skulle produsere. Karmane vart sveisa saman først, og 5–6 finske arbeidarar stod for monteringa om bord. Det som verftet hadde brukt
3 månader på, greidde Ankerløkken på 3 veker. Det vart sagt at verftet klarte å byggje eitt skip meir for året på grunn av spart tid på dekksutrustninga. Interessa for handverk og båtbygging fekk han med seg frå oppvekstmiljøet i Bjørkedalen, saman med stoltheita over å kunne levere ordentleg arbeid. Nysgjerrigheita på fortida fekk han og med seg. Eit av dei største arbeida hans er rekonstruksjonen av sunnmørsjekta «Anna Olava». Jekta vart bygd oppatt etter hans teikningar vinteren 1999/2000, og sjølvsagt i Bjørkedalen. Under rekonstruksjonen samarbeidde han med professor emeritus I nordisk arkeologi Arne Emil Kristensen. Arbeidet med rekonstruksjonen har Saxe Bjørkedal sjølv dokumentert i detalj i eit upublisert arbeid «Gullgruve på gamle naust». At arbeidet berre ligg i hans eiga kommodeskuffe, er typisk for denne karen, – smålåten som han er på eigne vegner. Nokon god sunnmøring er han såleis heller ikkje, meir sunnfjording.
modellar vert bygde, nye tekningar laga, modellar vert forkasta, andre nedskalerte. Hans eiga forteljing om dette arbeidet er ein studie, ikkje i prøving og feiling, men i prøving og prøving: «Dette gav meg ikkje fred, eg måtte starte på nytt. Båten vart rett og slett stygg». Etter mykje møye og intenst tankearbeid kan han konkludere: Ja, no er det gjort, og eg har fått att mi verdigheit som båtbyggjar, om det er noko som heiter det. Så jekt vart det, og gull frå Kongen!
Modell av Tuneskipet. Foto: Oddvar Isene.
FJØREFAR OG FELER
HENDER OG HOVUD I Bjørkedalen er folk flinke til å ta vare på kultur og tradisjonar, så det er ikkje tvil om at miljøet der har vore med på å gje Saxe tilskunding og stimulans i restaureringsarbeidet. Det er tydeleg at det har vore ein vellukka vekselverknad mellom hender og hovud i denne bygda. Og tilgjengelege ressursar: Skog. I 1990-åra rekonstruerte Saxe Bjørkedal ei oppgangssag frå 1700-talet. Saga vart deretter oppattbygd av på dugnad av bønder i Søre Bjørkedal. Saga er no ein del av Bjørkedal båtsamlingar. Naturleg var det at dei som arbeider med å rekonstruere Myklebustskipet på Nordfjordeid kontakta båtbyggjarmiljøet i Bjørkedalen, og Saxe Bjørkedal. Saxe har alltid samarbeidd med professor Arne Emil Christensen om rekonstruksjon av gamle båtar. Han er truleg den I landet som har best greie på vikingskip, seier Saxe, og eg gir aldri frå meg ei skisse eller teikning utan hans godkjenning. Saxe Bjørkedal går ikkje på akkord med eigen kunnskap eller eiga praktisk innsikt. Det har mange nytt godt av.
Det starta med at ein kjenning hadde fortalt om restane av ei jekt som var å finne i eit naust og på ein løevegg på Håkonsholmen utanfor Ulstein- vik. Etter eit båttreff i Borgundgavlen der professor Arne Emil Christensen var kåsør, drog eit følgje ut til Håkonsholmen på synfaring. Deretter er det skipsingeniøren Saxe med røter i båtbyggjarmiljøet som tek over. Han har allereie bygd oppatt eit fjørefar av gammalt båtmaterial som vart funne på ei sjøbu i Nupen i Hallebygda, og deretter ein sunnmørsåttring av restar funne på ein naustvegg i Ørsta. Så gjev han seg i kast med jekta. Teikningar kjem på papiret,
EG HELDT PÅ Å DAUDE Sommaren 2015 var det nokre veker at Saxe var borte frå nabolaget. Han plar vere å sjå kvar morgon på tur, ofte på rulleski rundt Storåsen I Florø. Så ein dag trefte eg han att. Eg heldt på å
Konstruksjonsgrunnlag: Båtrestar på Håkonsholmen.



Saxe Bjørkedal heime i stova, med ei av dei mange felene han har bygd. Ein av vikingskipsmodellane på kommoden. På bordet t.v., ein skulptur av dottera Rigmor, som han sjølv har modellert. Foto: Oddvar Isene.
sag til grovarbeidet, gjerne sjølvlaga jarn til resten. Mange felemakarar vil grine på nasen av slikt, men det bryr ikkje Saxe seg om. «Dei er meir opptekne av dei treflisene dei tar vekk enn av det treet som blir igjen i fela.» Og det som er igjen i Saxe sine feler, er gjerne lokale treslag, t.d. svartor i botnen.
«DEI STEND’E PÅ STILLET» Saxe har sjølvsagt studert korleis botn og lok bør festast. Eg gjer det på den gamle måten, seier han, og eg trur det er grunnen til at felene mine stend’e på stillet. Det vert mindre arbeid med å stemme dei.
daude, fortalde han, men no visste han forklaringa. Han hadde laga lakk til nokre feler, og fått i seg gasser som var helseskadelege. Slurva med verneutstyr, altså. For Saxe smør ikkje på kva som helst. Han meiner at lakken på ei fele kan ha meir å seie for lyden enn mange trur. Han har studert dei gamle lakkane som vart brukte på Stradivari sit tid. Væsker med underlege namn, og frå fjerne strok, t.d. drakeblodtreet på Tenerife. Ikkje helsebringande, men … Eit slumpetreff var det kanskje som gjorde Saxe til felemakar. Han var med i eit lite spelemannslag I Florø, og så ville sonen også begynne der, men han hadde ikkje instrument. Så tenkte eg at eg fekk berre lage ei fele til han. Sommaren 2016 kan han fortelje at han har sett strenger på fele nummer 106. Og dei er ikkje produserte for lager! Sigmund Eikås i Indre Sunnfjord spelemannslag kan opplyse at Saxe har vore fast leverandør av instrument til dei. Og han leverer god kvalitet, og han lagar ikkje feler for å tene pengar på det. Nei, slik vert det når det er interesse som styrer hand og hovud. Saxe skil seg ut, også som felemakar. Han brukar moderne verktøy i arbeidet. Fres og og motor-
KJELDER: Samtale med Saxe Bjørkedal, mai 2016. Samtale med Sigmund Eikås. Saxe Bjørkedal: «Gullgruve på gamle naust» – (upublisert). Wikipedia. Frode Følling Birkeland: «Felemakarar på Nordvestlandet» (Folkemusikkarkivet for M&R, 2008). «Voldaminne 2013».


Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2016.