2016-07 - Anne Marie Baugstø-Hartvigsen - Annanias Batalden for vanføresaka

Annanias Batalden

ein føregangsmann i vanføresaka

29. oktober 1969, H.M. Kongens slott, Audiensrommet. Ein sped, krokete mann, kledd i sin finaste blå dress, vert støtta av to hjelparar på veg inn døra. Smilet er stort og skrått, augene glitrar. På trøyeslaget blenkjer symbolet på og takken for eit livsverk. Kongen helsar velkommen, og dei to set seg ned, kne mot kne. Eit drøyt kvarter sit dei to og pratar, åleine. Det er ein lukkeleg mann som etterpå vert støtta ned den store trappa og får skinnlua på plass, før han set seg i bilen. Han har ikkje berre blitt heidra for sin innsats, men har fått ei oppreising med det same.

Annanias Batalden (1893–1973) var ein uvanleg mann som sette varige spor etter seg, og som hjelpte mange til eit betre liv. Han gav det meste av si tid og etter kvart heile sin eigedom til vanføresaka – arbeidet med å betre dei handikappa sine kår – og han var ein av dei viktigaste føregangsmennene i dette arbeidet i Sunnfjord og på resten av Vestlandet.

EIN TØFF START Annanias hadde cerebral parese, og på Batalden ved århundreskiftet betydde det at han blei nekta skulegang, og det ikkje berre på grunn av dei fysiske vanskane. Det blei automatisk antatt at han også måtte vere mentalt tilbakeståande. Familie og naboar hadde likevel trua på han, og då han var 15 år gamal, fekk han høve til å vise kva han kunne under ein eksamensdag på Skorpa. Soknepresten blei imponert over guten og sørgde

På Sophies Minde lærte Annanias seg mellom anna å snekre ved hjelp av føtene. Her demonstrerer han teknikken. Ingen tvil om at føtene var Annanias sine hender! Foto: Sunnfjord Museum.

sørgje for seg sjølv og hjelpe foreldra då han, etter fem års skulegong, kom tilbake Batalden. Etter kvart konstruerte han også mange merkelege innretningar som gjorde at han kunne klare seg heilt sjølv ved berre å bruke føtene og munnen, til dømes når han skulle skrive brev, barbere seg eller ta seg fram langs vegane.

ARBEIDET FOR VANFØRE TEK TIL Handikappa sine rettar stod ikkje sterkt på byrjinga av 1900-talet, men fleire eldsjeler hadde etter kvart begynt å jobbe for ei betring. I 1922 flytta Annanias til gardsbruket Vestheim i Havreneset, saman med foreldra og søstera Kristine. Han tok til å reise rundt for å selje ting han hadde laga, og fekk då sjå mange vonde lagnader for vanføre rundt omkring i bygdene. I 1920-åra vart Vestlandske Vanførelag skipa av Toralf Sandvik, og Annanias vart eit aktivt medlem frå starten.

Det var eit imponerande «fotverk» Annanias la for dagen. Bildeteksten seier «Malt med benene», og det er klart, for hendene kunne han ikkje bruke til noko. Men Annanias let seg ikkje fortvile. Snekring, veving og rosemåling var berre nokre av dei tinga han lærte seg å utføre minst like bra med føtene som ein annan ville ha greidd med hendene.

for at han same haust fekk reise til Bergen og gå på spesialskulen Sophies Minde. Her fekk han endeleg suge til seg av den kunnskapen han hittil hadde vore avskoren frå. Han deltok på så mykje han kunne av frivillige kurs og lærte alt han hadde høve til – frå rekning og skriving til religion og filosofi. Han som hadde vore sett på som «imbesil», viste seg i staden å være uvanleg intelligent.

SJØLVHJELPEN På Sophies Minde fekk han ikkje berre høve til å dyrke teoretisk kunnskap, han fekk også praktisk opplæring i handverk. Hendene kunne han ikkje bruke, men han lærde seg å bruke føtene til veving, snekring og rosemåling. Han gjekk også gjennom fleire tøffe operasjonar – ni alt i alt – som gav han betre førleik. Dermed kunne han både

REISESEKRETÆR OG FORMANN I 1933 vart Sunnfjord Vanførelag skipa og Annanias vald til formann, eit verv han hadde i 29 år. Same året byrja han å verke som reisesekretær for Vestlandske Vanførelag, i starten for eiga rekning. Han reiste då rundt i heile regionen og orienterte om vanføresaka og skipa lokallag. Han viste fram film og lysbilde, og om han støtte på tekniske vanskar, klarte han alltid å løyse dei. Han hadde sin eigen spesialkonstruerte vogn som han sykla rundt i, og med sitt sprudlande vesen og ukuelege pågangsmot, vart han ein kjend og kjær skikkelse rundt om kring. Han hadde eit eige lag med ungane, som let seg imponere og fascinere av denne uvanlege karen. Dei hjelpte gjerne til når det trengtes, til dømes med å tre i ein filmspole eller skyve vogna hans opp den bratte kyrkjebakken. Bjarte Sindre er ein av dei som kan hugse Annanias frå då han sjølv var barn og Annanias kom til bedehuset for å halde foredrag og vise film og lysbilete. «Eg hugsar at han imponerte med å være svært sjølvhjelpen. Han kunne knapt nok bruke armane, men ved hjelp av føtene kunne han ete sjølv – han hadde hol i sokkane der stortåa var, og han var utrulig mjuk. Men det var nok ikkje alltid så kjekt å sitje til bords med han. Hovudet klarte han å bevege, så han putta ein pinne i munnen, og då

Havreneset (30 mål vart skilt ut til føre- målet). Bedrifta, der vanføre kunne drive med produksjon av diverse enkle, mekaniske artiklar, vart ein stor suksess. I 2003 skifta selskapet namn til Origod og er i dag ei arbeids- og inkluderings- bedrift med ca. 50 tilsette.

kunne han skrive på skrivemaskin utan hjelp. Vi var svært imponerte over han, og då han på ein juletrefest viste fram ein film der han sjølv var med, steig han endå meir i respekt!» Annanias sin innsats for vanføresaka var formidabel. 30 arbeidslag var han med å skipe, 7 lokallag og 10–12 støttelag. I Florø fekk han skipa lokallaget Solsprett. Han arbeidde også lenge for å få realisert ein eigen vanføreheim i Florø og skjenka endåtil heile tomta si i Havreneset til vanførelaget. Der blei vanføreheimen Vestbris sett opp. Denne var i bruk frå 1959 til 1984, dei siste åra som kommunal aldersheim. Etter 1984 vart bygget brukt som hybelhus, m.a. for arbeidarar på skipsverftet, før det natt til 2. juledag 1995, brann ned. Annanias hadde også ein draum om å starte ei verna bedrift der vanføre kunne arbeide. Diverre rakk han ikkje å oppleve at idéen blei realisert, men i 1979 vart Sunnfjord Produkt skipa, også denne på tomta i

UBRUKELEG? Då Annanias gjekk av som leiar i Sunnfjord Vanførelag i 1962, var det ikkje etter eiga vilje. Annanias ville fortsette, men fekk ikkje fornya tillit og vart skifta ut saman med fleire andre styremedlemmer. I etterkant vart det peika på at det var dei vanføre i styret som mot sin vilje var blitt bytta ut med kun førlege styremedlemmer, og at dette ironisk nok var ei diskriminering av dei vanføre i vanførelaget. Firda Folkeblad trykka fleire artiklar av Ole Røyset Brende som kasta lys over livsverket til Annanias Batalden og kritiserte det

29. oktober 1969 kl. 12 skulle han i audiens hos Kongen og takke for heidersgåva. F.v. Ole Røyseth Brende, frk. Ingeborg Monsen, Annanias Batalden og Hjalmar Helmers. Bildet er scanna frå boka «Kvardagsheltar».

Utallige mil la Annanias bak seg i si spesialkonstruerte invalidevogn. Opp den bratte kyrkjebakken fekk han gjerne hjelp av ungane i Florø. Her er han avbilda saman med Ole Røyseth Brende. Bildet er scanna frå boka «Kvardagsheltar».

for at ingen vanføre skulle ha noe tillitsverv, derfor er det jeg ikke får fred for dette spørsmålet: «Gjelder deres kulde og følelsesløshet bare meg eller gjelder det alle vanføre?» (…) Men gjelder deres innstilling alle vanføre, da er hele mitt livsverk forfeilet. Da har alle de hundrede av mil jeg har syklet i invalidesykkelen for denne sak vært et arbeid i villfarelse. Da har listen over alle lagsmedlemmer som jeg har samlet og de foreninger jeg har fått i gang, for å fremme denne sak, en dokumentasjon over et hensiktsløst arbeid. For da har ikke mitt livsverk ført til det at vanføre i Sunnfjord har fått et hjem der de kan føle seg trygge og tilfredse.»

som hadde skjedd. Hendinga gjekk djupt inn på den no snart 70-årige Annanias, som følte seg stempla som ubrukeleg. Heldigvis var det også mange som støtta Annanias og let han vite at dei stod bak han. Han fekk dikt og brev tilsendt. Artiklane frå Firda Folkeblad vart etter kvart trykte i Norsk Vanføre Tidsskrift, og saka blei kjend også utanfor Sunnfjord. I Norsk Vanføre Tidsskrift skreiv Annanias sjølv i 1965 ei slags avslutning på artikkelserien. Her kan vi mellom anna lese: «Hendelsen på årsmøtet i 1962 har tatt såpass på meg at jeg praktisk talt ikke har orket å skrive før. (…) Jeg har vært aktiv i vanførearbeidet i over 40 år, og har tatt det som min livsoppgave. Og nå, da jeg var begynt å glede meg over at målet for så vidt var nådd, med hensyn til vanføreheimen «Vestbris», da skulle jeg få stemplet «ubrukelig» på meg. (…) På årsmøtet gikk de konsekvent inn

OPPREISING Audmjukinga i 1962 var eit hardt slag for Annanias, men han var ikkje typen til å la seg knekke. Heldigvis hadde han også støttespelarar

som visste å setje pris på han og jobba for å gje han oppreising. Oppreisinga var fullendt då han i 1969 fekk audiens hos kong Olav V. og stolt kunne ta imot Kongens fortjentsmedalje for sitt arbeid for dei vanføre. Annanias står att i historia som ein pioner og føregangsmann, ein legendarisk skikkelse som vil bli hugsa for sin ekstraordinære innsats, uvanlege intellekt, sterke utstråling og ikkje minst sitt ukuelege pågangsmot.

Annanias var godt kjend for sin ukuelege optimisme og sterke ustråling. Med eit skeivt smil og glimt i auget la han ned utallige timar for vanføresaka og blei til slutt takka av sjølvaste Kong Olav V for sitt arbeid. Biletet ser ut til å ha blitt tatt den dagen han mottok Kongens fortenestemedalje på slottet. Bildet er scanna frå boka «Kvardagsheltar» av Ole Røyseth Brende (1983).

KRONOLOGI

1893: Fødd 25. august, på Vassøy, Kinn (foreldre: Maren og Abraham Batalden). 1896: Flytta til Batalden. 1909 – 1915: Studerte ved Sophies Minde i Bergen. 1922: Flytta til Havreneset. 1933: Skipa Sunnfjord Vanførelag, formann til 1962. 1936 – 1959: Reisesekretær i Vestlandske Vanførelag. 1959: Opna vanføreheimen Vetstbris. 1969: Mottok Kongens Fortjenstmedalje. 1973: Død, nær 80 år gamal.

KJELDER Teksten er for det meste basert på Boka «Kvardags-heltar i vanførearbeidet» av Ole Røyseth Brende, Sosiologisk forlag, 1983.

I tillegg desse kjeldene: «Flora Kulturhistorisk vegvisar» av Harald J. Stavang, Selja forlag, 1999 (s. 177–178). http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/fylkesleksikon/1639661.html: Annanias Batalden. http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/fylkesleksikon/1634537.html: anføreheimen Vestbris Bjarte Sindre (personleg samtale). Kjell Dybaa (personleg samtale). Petter Refsnes (personleg samtale). Takk til Kjell Dybaa for utlån av fotmaling laga av Annanias Batalden.

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2016.