Einar Seim på Kinn – bonde og vismann
Ein av dei mest kunnskapsrike personane vi har hatt her i landet, var bonden Einar Seim på Kinn. Ikkje berre hadde han kunnskapar om språk og historie som kunne måle seg med einkvar professor i faga. Han hadde på same tid ei utruleg breidde i interessene sine. Men han var likevel ein smålåten og audmjuk mann som kunne omgåast fiskarar og småbrukarar på lik line med kjøpmenn og akademikarar.
Einar Seim var fødd på Seim i Nordhordland 1. juli 1885. Han var den yngste i ein søskenflokk på seks gutar og fem jenter. Faren Nils Larsson Seim var bonde på Seim og ein føregangsmann i bygda. Han var ordførar i dåverande Alversund kommune og var med på å starte meieri og dampskipsselskap på Seim i 1890-åra.
garden i to. Magnus Seim – som gifta seg med Lena Riskjell frå Jæren like etter at dei flytta til Kinn – kjøpte den halvdelen av garden som låg nærast Kinnakyrkja. Einar og Harald Seim kjøpte den andre halvdelen, som låg ved Kinnasundet. Her bygde dei våningshus og løe saman med faren i åra 1910 til 1912.
Nils Larsson Seim reiste langs kysten og kjøpte sild og fisk for ein kjøpmann i Bergen. Han dreiv dessutan med salting av sild og fisk sjølv, mellom anna i Kalvåg. Nils Seim la seg opp pengar og tok til å sjå seg om etter ein gard til dei yngste sønene sine. Garden han til sist kjøpte var Kinn i Sunnfjord. Kinn kom for sal då Hans Christian Lass, som hadde eigd Kinn i nærare femti år, døydde barnlaus i 1895.
I juli 1896 flytta ekteparet Kari og Nils Seim til Kinn og busette seg i huset etter Lass. Dei hadde med dei tre yngste sønene sine. Magnus Seim var då 24 år, Harald Seim 14 år og Einar Seim 11 år. Alle tre kom til å setje varige merke etter seg på ulike område.
Kinn var på denne tida ein gard og omfatta også Ytterøyane og ei rekke andre øyar og holmar. Seim-familien kom til Kinn med dampbåten «Seimstrand» med ein stor sauebuskap frå Nord- hordland om bord. Seinare kjøpte Nils Seim ein heil del geiter i Eikefjord. Etter nokre år delte han
TRE GÅVERIKE BRØR Til liks med far sin var dei tre Seim-brørne på Kinn gåverike, og alle var venstrefolk og målfolk. Magnus Seim engasjerte seg sterkt i politisk arbeid. Han var ordførar i Kinn herad i 1919 og frå 1932 til 1934. Han var formann i Sogn og Fjordane Venstre i ti år, og han var varamann til Stortinget i fleire periodar mellom 1913 og 1933. Magnus Seim var også den som tok initiativet til både Sunnfjord Meieri og fiskarfagskulen i Florø. Han var styreformann i Firda Folkeblad i 24 år, og han var formann i byggjekomitéen då Kinnakyrkja vart restaurert i 1911/1912. Magnus Seim fekk Kong- ens fortenestemedalje i 1947. Han hadde ni born. Harald Seim var ungkar og kunstmålar all sin dag. Han var elev i det første kullet ved Statens Kunstakademi, som kom i gang i Kristiania hausten 1909 med Christian Krohg som direktør. Der fekk han ei solid kunstnarutdanning. Han debuterte som utstillar i Bergens Kunstforening våren 1909.
Dagny og Einar Seim fotograferte under bryllaupet deira på Kinn i mai 1912. Ukjend fotograf.
Tyskland. Laksefisket var den viktigaste inntektskjelda for begge gardane. Magnus Seim dreiv dessutan med salting av sild og torsk.
EIN TENKANDE STEINARBEIDAR
Harald Seim vekte oppsikt med måleria sine av sjøfuglar og kystmiljø. Han fekk reist atelier på Kinn i 1916, og i 1921 var han på studiereise til Paris. Seinare budde og måla han mange stader, både i Florø, Eikefjord, Norddalsfjorden og andre stader i Flora, og i Jølster, Nordfjord, Sogn og Nordhordland. Gardsdrifta på Kinn tok han ikkje så mykje del i. Utmarka var felles for dei to gardane på Kinn. Til utmarka høyrde også mange gode lakseverpe rundt Kinn og øyane omkring. Nils Seim gjekk i gang med eit omfattande kilenotfiske etter sjølaks om sommarane. Det var noko nytt i Sunnfjord, og han leigde inn erfarne laksefiskarar frå Solund. Etter at Kari og Nils flytta heim att til Seim i 1912, overtok Magnus og Einar og sønene deira. Også fiskarar frå Kinn og Skorpa var med. Laksen isa dei i kasser med is som dei hadde lagra frå vinteren. Laksekassene gjekk med rutebåten «Sendingen II» til Bergen og med skip derfrå til England og
Einar Seim var bonden og nydyrkingsmannen i Kinnasundet. Fiske tok han ikkje så mykje del i. Han la ein særleg innsats i arbeidet med å bryte og sprenge og mure stein frå dei steinete bøane i Kinnasundet. Dette tungarbeidet fann han ei særleg glede i, og han tenkte aldri betre enn når han dreiv på med det, har han fortalt. I unge år fekk Einar Seim høve til å gå vidare på skule. Han gjekk først ein vinter ved Voss Folkehøgskule og deretter ein vinter ved Askov Højskole i Danmark. Desse to skulevintrane var i stor grad med på å forma den sterke interessa hans for spåk og historie, folkeminne og alle dei ulike naturfaga. Han vart sterkt oppteken av skikkar og truer knytt til det gamle fiskarlivet. Her hadde han ei rik kjelde i den gamle fiskaren Mattis Storehaug frå Rognaldsvåg. Også Einar Seim tok del i politikken. Han kom inn på fast plass i Kinn heradstyre i 1922 og sat der i mange år. Han var formann i Kinn Vinstrelag i tolv år. Lengst sat han som formann i skulestyret i Kinn, eit verv han hadde i heile mellomkrigstida. Det var ikkje noko enkelt verv, ikkje minst på grunn av den sterke målstriden desse åra. I 1919 hadde Kinn herad – som då omfatta heile dagens Flora kommune med unntak av Florø sentrum – heile 38 skulekrinsar. Berre fire av krinsane hadde tatt i


Einar Seim og tre av borna hans i fjøra i Kinnasundet i andre halvdel av 1930-talet. Fremst til venstre sit Astrid, og bak henne sit Kjartan og Ragnar Seim. Jenta til høgre heiter Margit Tomasgard og var søster til læraren på Kinn. Ukjend fotograf.
bruk nynorsk som opplæringsmål. Kinn skulestyre vedtok då at det skulle vere røysting om skulemålet i alle krinsane, og rådde til at krinsane valde nynorsk som hovudmål. 35 av krinsane fekk dermed nynorsk som skulemål. Eit anna resultat var at nynorskmotstandarane stilte ei Riksmaalsfolkets liste til heradsvala i 1925 og 1928 og fekk største gruppa i heradsstyret ved begge vala. Våren 1912 gifta Einar Seim seg med Dagny Bakke, dotter av stortingsmann David Bakke i Holmedal. Dagny og Einar fekk seks born: Gudrun fødd 1912, Erling f. 1914, Astrid f. 1915, Ragnar f. 1918, Kjartan f. 1921 og Dagfinn f. 1925. Dagny og yngste sonen deira døydde med få dagars mellomrom i ein difteriepidemi hausten 1933. Det var eit hardt slag for Einar og dei attverande borna. Han var som ein skugge av seg sjølv i lang tid etterpå.
TIL SHETLAND MED FORSKARSTIPEND Det Einar Seim kanskje er mest kjend for i inn- og utland, er dei tre forskingsferdene han gjorde til Shetland. Både i 1938 og i 1949 fekk han sti-
pend frå Nansen-fondet til å reise dit for å leite etter gammalt mål og minne. Shetland og Orknøyane hadde vore ein del av Noreg heilt frå Harald Hårfagre si tid og fram til 1468. Då pantsette den dansk-norske kongen Christian I. begge øygruppene som medgift i samband med at dotter hans gifta seg med den skotske kong Jakob III. Øyane vart aldri løyste inn att og har sidan vore ein del av Skottland. Einar Seim hadde alltid hatt stor interesse for dei tidlegare norske vesterhavsøyane. Den færøyske språkforskaren Jakob Jakobsen hadde vore på Shetland i 1890-åra og funne ein mengd med norske stadnamn og ord der. Jakobsen sitt arbeid og dei store ordbøkene hans frå Shetland kjende Einar godt til. At Einar Seim kom seg til Shetland første gongen, var på mange måtar eit lukkeleg slumpetreff. Ein tidleg junimorgon i 1930 oppdaga han ein liten seglyacht med britisk flagg som låg for anker i Kinnasundet. Først trudde han at det berre var nokre vanlege engelske turistar. Men så kom den


deira på sjø og land. Dermed fekk Einar ein heilt annan kontakt med øybuarane enn ein engelsk akademikar ville fått. Han noterte seg mykje om dagleglivet deira, skikkar og truer og mangt anna. Ein av bestefedrene til mr. Kay var frå Foula, den vestlegaste og mest utilgjengeleg av dei shetlandske øyane. Einar kom seg også dit med postbåten, som gjekk til Foula ein gong i veka dersom vêret gjorde det råd. Han likte seg spesielt godt på Foula, som han besøkte på begge dei seinare shetlandsferdene sine også. Etter kvar av dei tre ferdene skreiv Einar Seim ein omfangsrik protokoll med reiseskildringar frå Shetland. Han illustrerte protokollane med foto som han sjølv tok medan han var der. Einar var nemleg svært tidleg ute som amatørfotograf til norsk bonde å vere – han starta med fotografering alt rundt 1915.
gamle sjømannen Kristoffer Henriksen og fortalde at båten og mannskapet kom frå Shetland. Då dei så rodde i land, tok Einar kontakt med dei. Det synte seg at dei hadde segla over Nordsjøen for andre gong for å sjå landet som forfedrene deira kom frå. Båteigar og skipper om bord var George Theodor Kay, ein av dei fremste forretningsmennene på Shetland. Mr. Kay og Einar Seim hadde mange felles interesser og vart gode vener. Dei heldt brevkontakt i åra som kom. Hausten 1933 skreiv mr. Kay og fortalde at han ville komme på ei ny båtferd til Noreg sommaren etter. Men ikkje lenge etter at Einar mottok brevet miste han både kona og yngste sonen. Mr. Kay med mannskap kom som planlagt til Kinn i juni 1934, og Einar vart med dei attende til Shetland. På dei tre ferdene sine besøkte Einar Seim dei fleste av dei shetlandske øyane, og han fekk mange gode vener der. Han budde heime hos vanlege folk, han gjekk frå hus til hus og samtala med dei, og han deltok i det daglege arbeidet
SAMLA ORDTAK OG OMSETTE KORANEN Einar Seim var som ein ny mann etter at han kom att frå den første ferda til Shetland. Han tok
Einar Seim (nummer to frå venstre) saman med folka på ein av Holand-gardane ved Walls på Shetland sommaren 1949. Ukjend fotograf.


Dei tre handskrivne protokollane som Einar Seim laga etter reisene sine til Shetland. Bøkene er illustrerte med foto som han sjølv har teke.
ordtak også etter at boka kom og samla 2.500 i tillegg. Einar Seim hadde også sterk interesse for religion og filosofi. Han var stø i sin lutherske kristentru. Men han hadde eit ope sinn for andre kristne trussamfunn og for andre religionar. Såleis var han den første som omsette Koranen til norsk. Det gjorde han femten år før Koranen kom i bokform på norsk. Han omsette dessutan ei bok om buddhismen til norsk. Desse omsettingane gjorde han ikkje med tanke på å få gitt dei ut, men av eiga interesse.
opp att omgangen med folk og tok del i samfunnslivet att. I åra 1946/1947 var han ordførar i Kinn, etter det første frie kommunevalet etter krigen. Under krigen avskaffa NS-styresmaktene alt av demokratiske val i landet. Dei skulle sjølve peike ut folk i styre og stell, og det var ikkje lov å nekte å ta imot. Einar Seim vart utpeika som ny ordførar i Kinn. Då fekk han overlege Yttri ved fylkessjukehuset i Florø til å skrive attest på at Einar ikkje kunne ta på seg å vere ordførar av «helsemessige» grunnar. Det var mange utpeika ordførarar på den tida som brått fekk «dårleg helse» og ikkje kunne ta på seg vervet. Mellom dei andre som søkte om fritak og fekk det var kaptein Anders Hammerseth på Askrova, og slaktarmeister M. M. Myklebust og overrettssakførar Andreas Hodnefjeld i Florø. Det arbeidet som Einar Seim rekna som storverket sitt, var samlinga med «Ordtøkje og herme». Desse kom i bokform på 1960-talet. Bokverket omfattar over 16.000 ordtak og herme ordna etter emneord. Det er største samlinga i sitt slag her i landet. Einar heldt fram med å samle
KUNNE MEST OM KINNAKYRKJA Mange knyter Einar Seim sterkt til Kinnakyrkja. Han var den faste omvisaren der til han var høgt opp i åra, og han kunne meir enn nokon om den gamle kyrkja. Han hadde si klare meining om bakgrunnen for kyrkjebygget på Kinn. Det må ha vore keltiske munkar frå Skottland eller Irland som har komme over Nordsjøen og slått seg ned som einebuarar på Kinn. Når dei kom seg til Island eit par


James Stout frå Fair Isle på besøk hos Einar Seim på Kinn, truleg sommaren 1977. Dei studerer eit par primitive sko som var i bruk på Shetland. James Stout var son av George Stout, som Einar budde hos då han var på Fair Isle i 1938. Foto utlånt av Edith Stout Sue-Chu.
Reiseskildringane og fotoa hans frå Shetland er no publiserte for første gong, i boka «Einar Seim – I norske fotefar på Shetland», som kom ut tid- legare i år. Boka er utgjeven av Selja Forlag i samarbeid med Foreininga til Einar og Harald Seims minne. I sommar var foreininga, forlaget og forfattaren på Shetland og presenterte boka, som møtte stor interesse også der. Eit forlag på Shetland vurderer no å gje ut ei engelsk utgåve av boka.
Einar Seim har vore med på å skape interesse for og gje status til det shetlandske talemålet, skriv førsteamanuensis Edit Bugge i boka. Reiseskildringane og samlingane hans frå Shetland er ei rein skattkiste for folket der. Saman med lokale kjentfolk gjekk han rundt på fleire av øyane og skreiv ned alle stadnamna på store kart. Han har også skrive ned ei mengd med stoff om segner og skikkar, gamle arbeidsmåtar og minne og funn frå fortida
hundre år før nordmennene, kunne dei vel ha «skeivla» seg hit til Noreg også med skinnbåtane sine, sa han i eit fjernsynsintervju. Fram gjennom åra reiste mange til Kinn for å møte Noregs lærdaste bonde, som Einar Seim vart kalla. Det var både journalistar og professorar, som han kunne tale med som likemann når det gjaldt kunnskapar. Det var gamle vener frå skule- året i Danmark. Og ikkje minst hadde han mykje besøk av vener frå Shetland og deira etterkommarar fram til sine siste år. Einar Seim vart vegetarianar under krigen og var det resten av livet. I tillegg gjorde han sin daglege gymnastikk. I det heile levde han enkelt og spartansk. Trass i all sin kunnskap og visdom var han ein audmjuk mann. Dess meir du held på, dess meir forstår du kor lite du veit, sa han ein gong under stjernehimmelen. Einar Seim døydde i februar 1978 og er gravlagd ved Kinnakyrkja. Etter eige ønskje fekk han ein keltisk kross ved grava si.


Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2016.