Fletføringen på Nybø
Eit gammalt hus rommar mykje frå fleire generasjonar, og særleg når ein av dei tidlegare eigarane tok vare på brev og anna frå ein utstrekt korrespondanse gjennom fleire tiår. For nye eigarar blir dette reine skattkammeret som kan fortelje om mangt og mykje frå tidlegare tider.
Huset på Nybø like innafor Kanalen stod ferdig i 1912, då Karl Nybø (1879–1975) overtok garden etter foreldra Ole og Brite Nybø. Dei kom frå Breim i 1860-åra og sette bu her. Karl var fylkesskogmeister og skogbrukslærar og hadde kontor på Nybø. Han var òg engasjert i lokalpolitikken og sat i ymse styre. Etter at han gjekk av med pensjon i 1950, brukte han mykje tid på å kartleggje slekta til foreldra, noko som resulterte i eit lite hefte som kom ut i 1964. Han tok vare på eit rikt materiale av brev, bilete og diverse handskrivne og trykte tekstar som kan ha historiske interesse for oss som kjem etter.
Fylkesskogmeiste Karl Nybø. Bilde er truleg teke på midten av 1960-talet, då han var godt over 80 år. Foto utlånt av familien.
og korleis det i heile var ordna med flet- føringa? Eg legg ved eit par ark som De kan skriva svara på, og frankert svarkonvolutt. Med vyrdsam helsing Rigmor Frimanns- lund»
ORDET FLETFØRING DUKKAR OPP Det var blant desse skattane eg fann eit brev frå 1959 om temaet «fletføring». Brevet var frå «Institutt for samanliknande kulturforsking» (Bondesamfunnsavdeling) i Oslo og underskrive av Rigmor Frimannslund. Ho er i gang med ei «etterrøking (…) om det gamle gards- og grannesamfunnet», og til dette har ho hjelp av mellom anna Aslaug Ulriksen (Aslaug i Domba?). Aslaug har fortalt henne at Karl kjende til ordet fletføring då «far hans hadde ein mann i fletføring». Vidare skriv Frimannslund: «Det er ikkje så mange i dag som har kjennskap til fletføring, og eg er difor så fri å skrive til Dykk for å spørja om De kunne gjera så vel og fortelja litt detaljert om dette tilfellet. Veit De kva slag mann det var, kor gamal han var, kvar han kom i frå,
Dette gjorde meg nysgjerrig. Kva kunne denne fletføringa vere? Kven var denne Rigmor Frimanns- lund, og kven var denne mannen som Ole Nybø hadde hatt i fletføring?


Dette er ei teikning av Nybø gard som Odd Nybø (son til Karl) teikna i sin ungdom. Slik såg garden ut då Ole og Brite budde der, og då Andreas var «fletføring» der.
I Store norske leksikon fekk eg svar på det første: «Fletføring kommer fra gammelnorsk og betyr / (dannet av gno. flet n., golv, jordgolv, jamfør gammelnorsk «ganga á flet ok á bor∂ eins», gå på ens golv til hans bord). Det å overdra en annen alt man eide eller kom til å eie, herunder også gjeld, mot underhold med mer. Fletføring betegnet også vedkommende som stilte seg under en annens beskyttelse. Den fletførte ble umyndiggjort. I følge Christian 5. Norske Lov av 15. april 1687 (5-1-9 til 12) skulle den som ønsket å bli fletført, først henvende seg til sine arvinger med spørsmål om de ville motta ham (jamfør føderåd.)
Reglane om fletføring blei oppheva først i 1963, og i samband med opphevinga blei det uttalt at «en avtale om fletføring i vår tid må ansees som stridende mot ærbarhet». Dette må etter alt å døme ha vore ei ordning det gamle gards- og grannesamfunnet hadde for å ta vare på folk når ein ikkje kunne klare seg sjølv lenger, som
ei tidleg form for pensjon. Før ulike private og offentlege pensjonsordningar vart innførde utover på 1900-talet, og den noverande folketrygda blei innført i 1967. I «Norsk biografisk leksikon» finn eg at Rigmor Frimannslund (1911–2006), gift Holmsen, var Noregs første magister i etnologi og hadde mykje å seie for utviklinga av dette faget her til lands. I heile sitt yrkesaktive liv hadde Frimannslund mellom anna «Institutt for samanliknande kulturforsking» som base for feltstudia sine, og for forskinga og undervisninga si ved universiteta i Oslo og Bergen. Ho og mannen, historikaren Andreas Holmsen, leia forskingsprosjektet «Gards- og grannesamfunnet i Norge» i åra etter krigen. Føremålet der var å kartleggje kva grupper og aktørar som fanst i dette samfunnet – og brevet til Karl Nybø er nok ein lekk i dette arbeidet. Prosjektet blei mellom anna presentert på førelesingar i etnologi ved Universitetet i Oslo i perioden 1964–


I dette område på Brendøya låg huset til fletføraren Andreas Jonassen Vågene og kona Anna. Brendøya er i dag museumsområde disponert av Kystmuseet i Sogn og Fjordane. Det raude huset midt på bilde, har museet flytta hit frå ein heilt annan plass, og har ingen ting med artikkelen å gjere. Då Andreas og Anna budde her, var huset deira eit av fleire som låg i ei husklynge på dette vesle området. Her budde det tre familiar. Dei var strandsitjarar, og dreiv fiske, gjerne attåt et handverk som dei også kunne ha litt inntekt på. Foto: Oddvar Isene.
1970. Det gir ein god gjennomgang av ulike husmannstyper kring om i landet og korleis tilhøvet var mellom husmenn og andre grupper.
ved konfirmasjon, giftarmål eller død. Dei bøkene presten hadde på sitt kontor om slike ting gjekk ikkje lenger tilbake enn til og med 1841. Det som vedkom Andreas sin dåp var innført i ei bok som no berre er å finne i Stiftsarkivet.» Lèt det seg gjere å finne desse opplysningane i dei hjelpemidla vi har i våre dagar? Eg går inn i Digitalarkivet (http://arkivverket.no/Digital- arkivet) og leiter etter Andreas i gamle kyrkjebøker og folketeljingar. I kyrkjebøkene finn eg at han var fødd 13. april 1826 og at foreldra var Jonas Karstensen Vaagene og Gjøe Rasmusdatter. Han blei gift 1. juli 1860 med Anne Pernille Simons- datter, Stavøy-Andal, født 26. mars 1832. Folke- teljinga frå 1865 viser at Andreas (fiskar) bur på Brendøya saman med kona si. Denne folketeljinga viser også at det er heile 19 fastbuande på Brendøya på denne tida! Men ifølgje kyrkebøkene døyr kona frå han 4. mars 1876 «på Brendøen».
FLETFØRINGEN ANDREAS JONASSEN VÅGENE I lag med brevet frå Rigmor Frimannslund, datert 2. mars 1959, ligg det kladd til eit svarbrev frå Karl Nybø datert ein månad seinare. Men dette må vere svar på eit seinare brev frå henne, sidan Karl her skriv «Eg takkar for brev av 25. f.m. Gildt å sjå at De var nøgd med dei opplysningane eg gav om fletføringen vår.» Denne delen av korrespondansen er ikkje å finne i papira etter Karl, men Frimannslund har antakeleg spurt etter fleire opplysningar om fletføringen, for vidare i brevkladden kan ein lese at Karl har i telefonsamtale med presten fått greie på at «Han heite Andreas Jonassen Vågene, var fødd i 1826, konfirmert i 1844, gift i 1860 og død 26/9 1912. Fødselsdato kunne han ikkje finne, den var ikkje nemnd korkje
I 1900-teljinga har Andreas flytta til Nybø der


Nordland truleg med «jekt» for salting av torsk som seinare skulle lagast til klippfisk ved turking på berg her på våre kantar.
Då han vart eldre (…) vart det slutt med Nordlandsreisene og han livnærte seg nok då serleg av småfiske i heimtraktene.
han bur saman med Ole Nybø (f. 1829) og kona hans Brite (f. 1836) og yngste sonen Karl. Der er også ei tenestejente som heiter Karen Løkkebø. Ti år seinare, i 1910, har Karl flytta frå garden medan dei fire andre framleis bur der. Då er Andreas oppført med «jordbruksarbeid og inderst-arbeider ved gardsbruk». I kyrkjeboka for Kinn står det at Andreas døyr på Nybø 26. september 1912, då oppført som fletføring og enkemann. Det er mykje desse digitaliserte kjeldene kan fortelje den som leitar! Men Karl har antakeleg ikkje heilt kunna gløyme fletføringen Andreas Vågane, for på eit seinare tidspunkt – som må vere etter 1964, sidan han nemner kommunesamanslåinga det året – har han notert fleire opplysningar om han. Desse ligg også ved brevet frå Frimannslund. Her skriv Karl:
Av kyrkjebøkene kan eg lese at fletføring Andreas Vågene og gardbrukar Ole Nybø døyr med berre ein månads mellomrom på Nybø hausten 1912, same året som det noverande huset på Nybø blei bygd og Karl tok over. Uansett stand og stilling så hadde dei sikkert mykje glede av kvarandre, dei fire som etter folketeljinga 1910 budde på Nybø. Andreas må dessutan ha budd der mesteparten av dei åra Karl voks opp. Sjølv om det ikkje var eit stort bruk, hadde Ole både slakteri i byen og postroing til Førde – så det var sikkert god nytte i ein kar som Andreas. Noko «fletføringskontrakt» for Andreas har eg ikkje funne, men med det er det ikkje sagt at ei slik ikkje fanst.
Frå midten av 1880-åra til hausten 1912 budde der på Nybø ein mann som heitte Andreas Vågane. Han var nok fødd og oppvaksen i Vågane som like til 1922 høyrde til gamle Kinn herad. Frå 1922 til 1964 til Bru herad. Ved den nye kommuneinndelinga i 1964 vart Vågane lagd til Askvoll herad.
Hallgerd Frøyen som har skrive denne artikkelen, er gift med Kolbjørn Nesje Nybø, soneson til Karl Nybø. Dei har overteke huset på Nybø Gard, som Karl bygde i 1912, og bur der i dag. Til hjelp og konsulent for arbeidet med artikkelen har ho hatt svigerinna Bjørg Nesje Nybø, som er vaksen opp på Nybø Gard. Ho bur i dag i Moss, har doktorgrad i nynorsk skriftkultur og arbeider i Språkrådet.
Til Nybø kom Andreas, som han til vanleg vart nemnd av Nybø-folket, frå Brendøy – på austkanten av Florelandet. Der hadde han ei lita stove som han hadde budd i visstnok i mange år. Stova var lita, myrk og skral – eg trur der var berre eit rom. I fleire år budde Andreas i denne stova som enkemann. Kona hans heitte Ane, ho var frå Stavøya. I unge år hadde Andreas reist på
NYBØ
KYSTMUSEET BRENDØYA


Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2016.