Kinds Sundhedscommission
Ole Olsen var fødd i Bergen i 1829. Han var av dei første som bygde hus i Strandgata, rett aust for «Landbruk» i 1862. Her dreiv han handel. Seinare bygde han seg eit drusteleg hus i Ytre Strandgata. Han var gift med Marianne Sofie Eliasdtr. Fitje frå Naustdal (1838–1931). Dei hadde 5 born. Den eldste, Elias Olsen, vart ein framståande handelsmann og skipsreiar, ein av dei fremste gründarane byen har hatt. Olaus Andreasson Lind (1824–1902) var fødd i Førde og blei gift med Christine (1832–1906), dotter av ordførar U. J. Høst. Ekteskapet var barnlaust. Han var lensmann og magistrat i tidsrommet 1861 til 1898, og i denne tida byens mektigaste mann. Det vert sagt at han aldri hadde ein dag fri. Carl Flock (1832–1917) var fødd i Christiania, og utdanna seg til sakførar. Han kom sikkert hit i 1862, for i 1863 hadde han bygt seg hus der Alderssenteret ligg i dag. I 1863 gifta han seg med Karen Storm Blom, dotter av sokneprest og stortingspresident Hans J. Blom I 1867 vart Flock utnemnd til lensmann i Melhus, og familien flytta dit. Seinare vart han sorenskrivar i Gauldalen (1885–1905).
der Sundhedscommissionen seier at «maa samme strax nedlægges i kompost». Departementet har endra til «maa samme snarest mulig nedlægges i Kompost.» Den trykte forskrifta frå departementet er lettare å lese for eldre. I tyskpensumet på middelskule og realskule var dette fast lærestoff, då Tyskland rett lenge nytta gotisk skrift i bøker. Christian Zetlitz Bretteville (1800–1871) var ein viktig norsk statsmann. Han var m.a. både statsminister og finansminister, men meste tida minister for Indredepartementet, nær 20 år. Torvald Kjerulf (1823–1874), var søskenborn av komponisten Halvdan og geologen Theodor. Torvald var lækjar og ekspedisjonssjef i Indredepartementet. Distriktslækjar Høst var fødd i 1834 i Tønsberg. Han tok medisinsk embetseksamen i 1858, og kom til Kinn som lækjar i 1859. Han blei beordra til Moss som lækjar i 1880. Han døydde i Moss i 1918. Han var ordførar i Florø frå 1865 til 1873. Han var gift med Nilsine Lorange, og dei hadde 8 born. Mikkel Nielsen (Spissøy) var fødd i Finnås i 1838, og var utdanna bakar. I byen var han også damskipsekspeditør. Han var gift med Margretha Nilsdtr. Walaker. Dei hadde 3 born. Familien utvandra til USA før 1880.
Michael Sars var sokneprest i Kinn då «Sundhedscommissionen» kom i arbeid i 1831, og den første sida er ført i pennen av han. Seinare vart han professor i marin biologi, og gjorde bane- brytande arbeid. Ei gate i byen er oppkalla etter han. Der er også reist ein statue ved Samfunnshuset over dei to sønene hans, Georg Ossian (havforskar) og Johan Ernst (historikar). Her følgjer utskrift frå den første sida i protokollen:
Aar 1831 d. 5 desember traadte de herværende medlemmer av Sunhedscom- missionen for Kinds Præstegjeld sammen paa Florøe Præstegaard. Og blev da provisorisk vedtaget at inddele Præstegjeldet i 3 Districter og Opsynet over ethvert af disse betroet de Commissionens herværende medlemmer, nemlig:


1) Sognepræst Sars overtager Opsynet over Kinds Sogn. 2) Lensmand Tyvold over Svanøe Sogn. 3) Medhjælper H.Hovden over Bremanger Sogn.
I mødet blev envidere følgende Bestemmelser tagne:
a) Sunhedscommissionens Medlem, Sognepræst Sars, blev paalagt paa Commissionens Vegne at indgaae til Amtet med Forestilling om, at det formedelst Kinds Præstegjelds vidtløftige Uddstrækning maaske vilde være hensiktsmæssigt, at endnu en Mand til af Amtet blev beskikket til Medlem af Commissionen, da nemlig H. Hovden kun med store Vanskelighed vilde kunne føre et nøyagtigt Opsyn over Bremanger Sogn; og vilde Commissionen hertil foreslaae Lensmand Lexau. b) I Anledning af en i Davigens og Eids Præstegjeld herskende farlig og smitsom Sygdom forbyder Sunhedscommissionen Enhver her i Præstegjeldet at modtage og huse nogen fra ommeldte Præstegjeld i det forestaaende Vinterfiskerie, undtagen han med Sundhedsattest fra Districtets Læge er forsynt. c) Blev besluttet at inmælde til Amtet og Districtslægen, at en ondartet smittsom Sygdom, efter sigende Forraadnelsesfeber*, er udbrudt paa Gaardene Øvre- og Nedre-Standal samt Barlind- botten i Svanøe Sogn. d) Commissionen advarer Enhver i Præstegjeldet at i det forestaaende Vinterfiskeri ikke altfor mange Mennesker maa sammenpakke sig i Fiskestuerne, og deri ophænge vaade Klæder o.s.v, samt paa der at iagttage saavidt mueligt den største Renlighed.
Da intet videre var at forhandle, sluttedes Mødet. M. Sars
Utsnitt av siste delen med Michal Sars si underskrift.
* Forraadnelsesfeber. Truleg tyfoidfeber eller flekktyfus.


Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2016.