Kampen mot spedalsksjuka
I KINN OG FLORØ
Spedalsksjuke er nok den sjukdomen som opp gjennom historia har vore sett på som den mest forferdelege, og dei som vart ramma, blei utstøytte frå samfunnet og nekta samkvem med andre menneske. I Bibelen finn vi svært mange forteljingar om spedalske, og også om kva for rådgjerder folket tok for å verne seg mot desse elendige. Sjukdomen viste seg med at ein fekk knutar i huda, helst på armar, bein og i andletet. Desse voks, og kunne falle ut, slik at ein sjuk gjekk rundt med gapande sår, der ein stundom kunne sjå like inn til kvitt bein. Nervebanene vart råka, og ofte vart dei blinde. Spedalske vart vist til avstengde område som djupe dalar eller aude øyar. Dei gjekk ein sikker daude i møte, levde ikkje meir enn tre–fire år etter at dei vart sjuke.
Andre sjukdomar kunne ein bli frisk frå, og etter kvart fann lækjarvitskapen hjelperåder for nokre. Slik var det ikkje med spedalsksjuka. Ho vart eit mysterium for vitskapsmennene, og dei ante ikkje kva årsaka var. Enkelte kristne tykte synd på desse utstøytte, og prøvde å hjelpe i deira siste tid. St. Georg (St. Jørgen) vart skytshelgen for desse ulukkelege, og det vart bygt heimar eller anstaltar for dei. I Bergen fekk vi eit slikt hospital, St. Jørgen, allereie i 1411.
Teikning av ei spedalsk kvinne. Ikkje rart at folk vart fylt med angest når dei møtte spedalske, særleg når dei visste at sjukdomen var ulækjeleg og førte til rask daude.
SUNNFJORD VAR HARDT RÅKA Etter lausrivinga frå Danmark i 1814 vart det mest som ein epidemi i Kyst-Noreg. Talet på spedalske auka sterkt, og Naustdal og Kinn var hardast råka. Kring 1830 slo veldige sildefiskeri til, og sytte for å rette opp økonomien i landet. Der kom også nye og progressive menn inn i regjering og byråkrati. Leiaren for Indredepartementet, Frede- rik Stang, var ein slik. Han fekk tilsett første fagmannen i byråkratiet, den dugande lækjaren Christian Torvald Kierulf. Han fekk tittelen ekspedisjonssjef, men hadde ei stilling som helst svarar


spedalske som fekk det største ansvaret. I møtet i «Sundhedscommissionen» i Kinn vart det oppretta 20 distrikt som dekka kvar minste avkrok. I kvart distrikt var det ein leiar med assistentar som skulle kartlegge alle sjuke og rapportere dei inn til kommisjonen. Dei skulle også få klarlagt alle som ein mistenkte for å vere sjuke. Til dette arbeidet måtte ein ha lækjar som hadde god kjennskap til sjukdomen. Hos oss fekk vi såleis hausten 1858 tilsett den dugande U. J. Høst som kommune- lækjar. Det var så få lækjarar i landet at han den første tida også måtte ta seg av Førde. Her var det så visst ikkje snakk om 8-timars arbeidsdag.
Dei 20 distrikta var:
1) Batalden med tilliggende Øer.
Leiar: Samson Hovden. Assistentar: Ole Batalden og Ole Nærøe.
2) Skorpen, Rexten og Kinn.
Leiar: Berent Skorpeide. Assistentar: Eirik O. Rexten (Rextelandet), Hans Lass (Kinn).
3) Florøe, Furresund, Havigbotn.
Leiar: Axel Tirdal.
4) Fra Seljestokken med Nærø til Tirdalssagen.
Leiar: Mathias L. Dumben. Assistent: Samuel Søndervig.
5) Fra Tirdalssagen til Fanevig med Tirø.
Leiar: Abraham Tirdal.
6) Grøneng, Brandsøe, Skrovene og Solem.
Leiar: Henrik Aarebrot. Assistent S. B. Olsen.
7) Askroven.
Leiar: Lars Kietang. Assistentar: Anders Hammerseth, Lars Madsen Hvalvik.
til vår tids helsedirektør. Saman med spesialistar på spedalsksjuka, fekk han utarbeidd ein plan for korleis ein skulle gå til åtak på sjukdomen, og få tatt knekken på han. Det viktigaste var registreringsplikt, observasjon, isolasjon og forsking. Alle data skulle førast inn i ei samla oversikt, som seinare fekk namnet lepraregisteret. Den 4. september 1858 vart det halde eit møte i «Florøen for Kinns Formandsskabsdistrikt, undtagen for Bremanger Sogn.» Bremanger høyrde den gongen til Kinn kommune. Gjævt folk hadde bede inn til møtet, departementsråd Tor- vald Kierulf frå Kristiania og overlækjar Timaldus Løberg frå Bergen. Vi gjev att referatet frå møteboka: Overlæge Løberg som administrerede Mødet, oplæste for Forsamlingen loven af 5te August 1857 og reglementet af 28de April 1858 og tilføiede de forklarende Bemærkninger, han fandt nødvendige. Videre gav han en Udsigtg over Sunhedscommissionene hele Væsen og betydning og indskjærpede Medlemmerne de pligter, hver i sin Kreds havde at iagttage. Han henstillede til Forsamlingen at holde Møder paa forskjellige Steder i Districtet for at udbræde Sandsen for Sundhedscommissionens nytte og anmodede Ordføreren at Afhandle dette Emnet for Formandskabets Ordfører. En av Ordføreren forfattet Instrux for Medlem- merne oplæstes og bestemtes at skulle uddeles. Expeditionschef Kjerulf, som overværede Mødet understøttede det tidligere Foredrag og tilføiede, at han antog det hensigtsmæssigt at Sundhedscommissionen paa Landet fik større Udbredning og friere Myndighed, hvori flere af Forsamlingens Medlemmer Udtalte sig enige. Slik hadde styresmaktene lyst krig mot den forferdelege spedalsksjuka, og no skulle arbeidet for alvor setjast i verk i Kinn. Eit stort ansvar blei lagt på dei lokale «Sundhedscommissioner» som skulle vere sjølve grunnmuren i arbeidet. For å hjelpe distrikta hadde regjeringa sett fart i utdanninga av lækjarar. Alle kommunar skulle ha ein lækjar til å hjelpe seg.
8) Alværen, Stavølandet med Veiesund, Helle- vig, Stavang, Stavig, Sælvig og Jørgensvig. Leiar: Presten Blom. Assistentar: Chr. Malkenes, Jacob Solvig, Ludvig Stavøe.
9) Nordal, Trættevig, Strømsnæs, Uføre og Bjørnseet Leiar: Anders Midtbøe. Assistent: Anders Trættevig.
GJENNOMTENKT OG TYDELEG ORGANISERING Korleis skulle så arbeidet organiserast. Her var det ikkje snakk om sentralisering og byråkratisering. Tvert om vart det distrikta med tilfelle av
10) Solem, Midtbøe og Sundal. Leiar: Rasmus T. Sundal.
11) Fra Ellingsund til Qualvig Leiar: Ludvig Soleim
12) Egefjord, Hovland, Barlindbotn, Kalsvig.
Leiar: Ole Axelsen Hovland. Assistent: Martin Kalsvig.
13) Løkebøe, Endestad og Øren. Leiar: Simon Løkebøe.
14) Knabestad, Svarthumle, Ramsdal, Humlestøl, Egevold og Sæterlie. Leiar: Bendik Knabestad. Assistent: Alexander Ramsdal.
15) Vadsæt, Sundhordvig, Langedal, Agledal, Sørdal. Leiar: Abraham Vadsæt. Assistent: Simon Langedal.
terte, og mistanke om smitte raskt bli oppdaga, slik at dei kunne bli undersøkte av lækjaren. Vi gjer merksam på at Bremanger sokn, som høyrde til Kinn, vart inndelt på same viset det følgjande møtet. Alle mistenkte spedalske vart førte inn i «Sundhetscommissionen» sin protokoll, og det vart laga ein eigen protokoll over dei sjuke. Her vart det også straks notert inn når dei døydde. Oppdaga ein mistenkelege tilfelle, vart desse så snart råd var, undersøkte av lækjaren. Diverre var dei nesten alltid blitt sjuke. Men for ei lette måtte det ikkje vere for Jacob Rasmussen Høidal, Tron Abrahamsen Brandsø og Nils Kristiansen Vadesæter når lækjaren gav dei melding om at dei ikkje var spedalske. Det vart også laga ein journal for kvar enkelt som var sjuk, der vedkomande vart ut- spurt om alle tilhøve som kunne vere til hjelp i forskinga. Dei to første registrerte spedalske i dei offisielle listene er Jonas Eliassen Haukaa og Anna Arnesdatter Nyttingnæs. Jonas døyr på Pleiestiftel- sen i 1858, 55 år gamal. Anna døyr heime same året. Ho blei 80.
16) Svardal, Osen, Høidal og Ousevig. Leiar: Daniel Svardal. Assistent: Martin Ousevig.
Her eit døme med utsegner frå ein pasient: «Uægte Gut. Aarsag til sygdommen angives at være Arvelighed. Han angiver under Gjætning på Gaarden Folevig i Rugsunds Sogn har været ofte vaad og forfrossen. Klædedragten var da tarvelig og Kosten ensformig.»
17) Hopen, Stenhovden, Høivig, Seljeset, Sandvig og Nøttingnes. Leiar: Annanias Svardal. Assistent: Martin Nøttingnes.
18) Øvre og Nedre Standal, Sortevig, Tyvold og Fløholmen. Leiar: H. Svanøe. Assistentar: Peer O. Sortevig, Annanias Olsen Øvrestandal og Ludvig Jacobsen Nedrestandal.
19) Svanølande.
Leiar: Martin Qualstad.
For spedalske gutar var dette ofte ei vanleg forklaring, og at dei måtte gjæte berrføtt. Regjeringa si målsetjing var at alle sjuke skulle få tilbod om plass på sjukehus, men kapasiteten var sjølvsagt altfor liten. Difor vart det gjort ein kraftinnsats for å bygge fleire sjukehus. I Bergen hadde vi St. Jørgens Hospital og no vart Pleiestiftelsen reist, og like etter Lungegaardens Hospital. Dette var også ein forskingsinstitusjon. I Molde fekk vi Reknes Hospital. Dei aller fleste sjuke frå Flora som fekk plass, kom til eit av desse 4.
20) Vogestranden med Oslandsbotn og Stavøstranden. Leiar: Jacob Nærvig. Assistent: Andreas K. Osland.
Vi ser at Commisjonen verkeleg har gjort eit nøyaktig arbeid. Her er heile Flora og litt til dekka, og alle tilfelle av spedalsksjuka skulle bli rappor-
NY FORSKING VISTE VEG Det store problemet for lækjarvitskapen var at dei ikkje visste kva som var årsak til sjukdomen. Mikroskopa var den gongen berre på eit grunnleggande stadium. Frå ein vart smitta kunne det gå heilt opp til 20 år før ein vart sjuk, og mange var motstandsdyktige mot utbrot. Dei fleste lækjarar
Bilete av Pleiestiftelsen som vart opna i 1857. Det største hospitalet i Noreg i si tid. Frå Kinn/Florø vart 56 spedalske sende til Pleiestiftelsen i Bergen. 49 pasientar til Reknes i Molde. 20 til St. Jørgen i Bergen og 2 til Lungegaardens Hospital. (Biletet er frå boka «Lepra».)
kysten. Han fekk då gjennom at dei måtte få eigne rom i heimane, der dei kunne vere minst mogleg saman med resten av familiane, og dette vart stort sett gjennomført. På store og velståande gardar var ikkje dette noko problem. Verre vart det med dei fattige. Den 13.10.1865 finn vi følgjande i protokollen:
«Sundhedscommissionen besluttede at indgaa til Fattigbestyrelsen med Forestilling om at foretage det Fornødne for at de Spedalske, der nyder Fattigunderstøttelse kan blive indsendte til Pleiestiftelsen og paapeger i særdeleshed følgende: Absalon Larsen Ouslandsbotten, Inger Olsdatter Aanø, Jø Olsdatter Aanø, Kari Sivertsdatter Kvalvik, Caspar Olsen Skorpen, Johannes Rasmussen Sunhordvik, Halvor Andreassen Nordbotten.»
meinte at spedalsksjuka var arveleg, då den følgde slekter. Nokre få meinte at den var smittsam, og at det måtte vere åtak av ein mikrobe som var skulda. Ein av desse få var Bergens-lækjaren ArmauerHansen. Han vigde livet sitt til å finne ut av dette. Frå dei eldste tider visste ein at fattige hadde lettare for å bli sjuke enn dei som sat i gode kår. Det er klårt at med lite og einsidig kosthald, så vert immunforsvaret i kroppen svekka. Men kva kunne grunnen vere til at kystfolket her i Fjordane vart sterkt angripne, medan folk i midtre og indre Nordfjord mest ikkje vart sjuke? Innfjordingane var mykje saman med kystfolket, for i sildetida strøymde dei ut til kysten for å hauste av havets rikdomar, dei òg. Moderne vitskap har vist at det er ein genetisk ulikskap på dei som bur ute langs kysten. Dette gjer at dei har lettare for å få spedalsksjuka enn dei som bur t.d. i Eid og Stryn. Armauer Hansen talte sterk for betre reinsemd mellom kystfolket, og at dei alle stader måtte skaffe seg reint vatn. Var sjukdomen smittsam, var god reinsemd svært viktig. Sidan han var overtydd om at sjukdomen smitta, hevda han sterkt at sjuke måtte isolerast, helst på institusjonar. Men dette var det ikkje kapasitet til med alle dei sjuke som var her på
Fire av desse fekk straks plass, nemleg Inger og Jø Aanø, Caspar Olsen Skorpen og Johannes Rasmussen Sundhordvik. At fattige fekk plass var svært viktig. I det gamle bygdesamfunnet var det ingen gamle- eller sjukeheimar som tok seg av dei som leid. I staden hadde dei systemet med legd. Det vil seie at den enkelte gard som stod seg godt, tok seg av den fattige t.d. ein månad i året. Så


I 1873 påviste han også bakterien. Frå no av blei det påbod om at alle sjuke skulle isolerast, og ein kunne ikkje motsetje seg innlegging. Likevel var det mange som med uvilje måtte forlate heim og kjære når dei visste at deira siste time snart kom. Difor var det fleire som rømde frå sjukehusa dei var på. Ein av desse låntok ein robåt i Bergen og byrja ro heimetter. Han ville døy hjå kone og born. Utmatta kom han til Eivindvik. Folk med omsut tok seg av han, og stelte med han dei få dagane han hadde att å leve. Han blei gravlagd på Eivindvik kyrkjegard. Når ein no visste at sjukdomen skuldast ein bakterie, vart alt mykje strengare. Såleis finn vi følgjande frå protokollen i 1878:
Bestemmelser. Naar nogen Spedalsk er afgaaed ved Døden maa hans Seng og Gangklæder og lignende Sager ikke overlades til Andre eller benyttes, førend det kan godtgjøres af en av Sundhedscommisjonens Medlemmer, at Klæderne ere kogte i Vand, og Fjærklederne timte og meget sterkt ophedede i en Gryde eller Kjædel eller ogsaa gjort gjennemrysde med Svovl og derefter udhængte til Udluftning i mindst 3 Maaneder.
DEI STRENGE TILTAKA GAV RESULTAT I gamle Kinn/Florø var det nær 250 leprasjuke frå registreringa starta opp kring 1850 og til ein hadde tatt knekken på sjukdomen. I vår protokoll les vi den 07.06.1882 at fire spedalske er døde og at Bolette Bendiksdatter Høidal er mistenkt. Dette er det siste tilfellet av spedalske i kommunen vår. Den 27.10.1886 kan vi lese at følgjande fire er døde dette året, nemleg Oline Corneliusdatter Strømsnes, Johannes Christiansen Søndervaag, Henrik Olsen Vadsæt og Knut Olsen Tonnem. Etter det eg kan sjå, er dette dei siste spedalske som døyr i gamle Kinn. Den 14.01.1888 står der: «Gjennemgikk Listerne over de Spedalske i Præstegjeldet. Ingen Mistenkte kjendes til.» Slik held det fram til 17. 05.1899: «Ingen nye Tilfælde af Spedalskhed blev opgivet at forekomme.» Frå no av blir ikkje spedalsksjuka nemnt, det var tuberkulosen som tok over som folkesjukdom.
måtte den som var på legd, flytte til tolv ulike gardar i løpet av året. Faren for at ein spedalsk då kunne bere med seg smitte, var stor. I motsetning til resten av verda handsama Noreg dei spedalske humant. På institusjonane fekk dei gode klede, og nok og variert mat. Dei budde to på rommet, og hadde det etter måten fritt, særleg på St. Jørgen. M.a. fekk dei oftast gå fritt ikring i nærmiljøet, og på institusjonane arbeidde dei med slikt dei kunne, t.d. snekring og veving. Dette gjorde at dei ofte fekk forlenga liva sine med fleire år i høve til slik det hadde vore før. Noreg sin kamp mot spedalsksjuka, og ikkje minst resultata, vekte oppsikt ute i den store verda. Mange kom til landet vårt for å lære. Ein sensasjon var det då den verdskjende tyske patologen og hygienikaren, professor Rudolf Virchow skreiv til Kierulf og fortalde at han gjerne ville vitje Bergen for å studere sjukdomen og korleis vi arbeidde mot han i Noreg. Kierulf skreiv den 28.07. 1859 til Tamaldus Løberg, og seier m.a.: «Herom tillader jeg mig at underrette dem med Anmodning, at de vil bidrage til at skaffe Prof. Virchow al den Anledning til at studere Spedalskheden, som forholdene i Bergen tillader, samt at de, om det er Dem muligt, vil være ham behjælpelig med Udflugter, som han i den Anledning muligens vil foretage i de i Nærheden af Bergen værende Distrikter, hvor den Spedalske Sygdom forekommer.» Dei fleste spesialistar meinte at arv var hovudårsaka til spedalsksjuka, men dette stemte ikkje for dei fleste av gutar som vart spedalske. Det er difor naturleg at kommunelækjaren Høst i eit foredrag for alle i «Sundhedscommissionen» seier følgjande: «Ordføreren holdt derpaa et Foredrag efter de efter hans Formening viktigste Aarsager til Spedalskheden nemlig Arvelighed og ondtlidende i Barndommen saasom ved Gjætning og paalagde Medlemmerne at udbrede Kundskab herom hver i sin Kreds og virke navnlig for en bedre Beklædning af Jæterbørnene.» Ved å studere registeret fann Armauer Hansen ut at sjukdomen måtte skuldast ein bakterie, slik han alltid hadde meint. Det synte seg nemleg at i område der sjuke vart sende på institusjonar, gjekk talet på nye tilfelle sterkt ned, medan der i område der dette ikkje vart gjort, heller var ein auke.
Kva så med alle gjetargutane som vart lepra-
Dei raude prikkane syner tilfelle av leprasjuke i Flora


Armauer Hansen (1841–1912) er ein gigant i medisinsk historie for innsatsen sin i lepraforsk- inga. Han er blitt heidra over heile verda. Armauer Hansen var ein Florø-ven, og jamleg på synfar- ingar i byen og distrikta. Gjennom mange år var han styrar for sjukehuset vårt. Han døydde på «Lindheim» under vitjing i Florø sommaren 1912. Her minnefrimerke frå Frankrike og Belgia.
sjuke? Professor Irgens er ein av våre fremste lepraforskarar i dag. Han viser til at samarbeid med tyske forskarar har funne at der er mikro- bakteriar som liknar svært på lepramicroben i myrane på kysten vår. Om ikkje desse direkte har ført til lepra, kan dei ha svekka immunforsvaret, og gjort at gjetargutane lettare har blitt sjuke. Det er greitt å forstå at når dei med såre føter sprang berrføtt ikring, måtte det vere lett å bli infisert, i tillegg til at kroppsforsvaret var svekka for skuld dårleg kosthald. Lepra var ein forferdeleg sjukdom, og han ramma kommunen vår sterkt. Det er ikkje for lite å seie at mest kvar einaste gard vart råka. Alle hadde kjende og kjære som vart sjuke, og tragisk er det at så mange ungdomar strauk med, ja jamvel barn. Den yngste var berre 5 år. Sjeldan har ein innsats mot ein livsfarleg sjukdom gjeve så gode resultat som Noregs kamp mot spedalsksjuka frå 1850 og utetter. Det var berre gått 10–15 år før tala på nye tilfelle gjekk sterkt ned, og frå då av fall dei bratt. Her i Flora var der etter det eg kan sjå ikkje nye tilfelle etter 1884. Den veldige innsatsen frå både forskinga, styresmaktene og lokalsamfunna hadde ført til utrulege resultat. Noreg vart eit føregangsland for kampen mot lepra, og vegen vår vart følgt av dei andre. I dag er det mest berre i India at vi har utbreidd spedalsksjuke, og det er viktig at ein straks får dei registrerte, slik at medisinering kan setjast inn. Eit eige antibiotika Dapsone (DDS) saman med to andre verksame stoff tek knekken på leprabakterien.
Christian Torvald Kierulf (1823– 1874), lækjar, ekspedisjonssjef og ein sentral person både i norsk medisin og i Indredeparte- mentet sitt arbeid mot spedalsk- sjuka. (Biletet er frå arkivet til Det norske medisinske Selskab.)
KJELDER: Sundhedscommissionens protokollar for Kinn og Florø. L. M. Irgens: «Leprosy in Norway». Fleire forfattarar: «Lepra». Selja Forlag. Rune Slagstad: «De politiserende embetsmenn».
Ei særleg takk til Statsarkivet i Bergen ved Yngve Nedrebø for stor hjelp til arbeidet. Også ei takk til Det norske medicinske Selskab.
For dei som vil lære meir om spedalsksjuka, tilrår vi på det beste boka «Lepra»!



Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2016.