2016-01 - Harald Stavang - Evangerhuset

Evangerhuset

Det var tenkt å vere starten på eit bymuseum. I staden vart det rive kort tid før 100-årsjubileet i 1960. Vi snakkar om det såkalla Evangerhuset, som i si tid skal ha vore kårhus for Helmersgarden.

Evangerhuset stod i retning aust/vest, like nord for «Storevikhuset» som var orientert nord/ sør. Sistnemnde var reist av ein annan «skreppevosse» og rive då Marie og Severin Halvorsen utvida Victoria Hotell med det noverande murbygget mot Torggata, først på 1950-talet.

Det var eit vakkert hus, med to høge, slanke skorsteinar og fine linjer som Bjørn Hegranes har gjengitt i eit flott naturalistisk bilde, måla ein gong på 1950-talet. Kor gammalt det var, har vi ikkje funne skriftlege kjelder på. Tidlegare museumsstyrar Kristian Jansen meiner stilen tyder på eit 1700-talshus, men det kan også vere reist tidleg på 1800-talet. I alle fall stod det der lenge før byetableringa i 1860. Evangerhuset har namn etter dei tidlegare eigarane, kjøpmann Haldor Evanger, ein av fire– fem «skreppevosser» (omreisande handelsmenn) som kom her i dei tider byen vart etablert og det rike vårsildfisket gav utsikter til god forteneste. Familien Hjørnevik m.fl. har også ein slik bakgrunn. Men det var altså Evangerhuset vi skulle innom denne gongen. Det stod i sørvestre hjørne på tomta der Sparebanken Flora Bremanger reiste nybygg i 1984/85. Tomta var sjølvsagt ein del av Helmersgarden, og alt tyder på at Evangerhuset vart reist som kårhus til hovudbruket, anten sist på 1700-talet eller helst tidleg på 1800-talet. Eit staseleg kårhus, får vi seie. Men så var også Helmersgarden (eller Florø Gård som det seinare kom til å heite), ein svær eigedom som femnde om heile Florelandet med mange tusen mål inn- og utmark, øyar, holmar – og gode kastevågar. Bonden på Flora skal ha vore blant dei rikaste i Sunnfjord i eldre tid; på 1500-talet den aller rikaste. Midt på 1700-talet kom her også prestegard, fråskilt Flora med eige gardsnummer, og eigedommen minka med om lag ein tredel – som altså gjekk til presten Franz Fuhrman. Tidlegare budde presten på Skorpa, og før det igjen på Kinn – som var hovudkyrkje fram til 1882. Det var likevel nok att til å vere ein storgard etter vestlandsk målestokk.

FRÅ KÅRHUS TIL VINSTOVE
Vi veit ikkje når Haldor Evanger kjøpte kårhuset. Kanske då mor til Jens Helmers døydde i 1879? Ho heitte Øllegaard Amble Jæger, var jordmor og forresten frå Voss – der skreppehandlarane kom frå. Ho var 18 år yngre enn mannen, Peder Jensen Helmers som var fødd i Furesundet i 1779 og døydde i 1861. Det er truleg at dei to flytte til kårhuset då eldstesonen Jens overtok garden i 1849. Men nok om slike spekulasjonar. I alle fall var det kona til Haldor Evanger som seinare vart den mest kjende av dei to. Ho var fødd Sørebø og kom frå Eikefjorden, og hadde ikkje ringare forretningstalent enn mannen. Ho starta vinutsal, og er nemnd i ein av Knud Hamsun sine bøker. Han let sin eventyrlege romanfigur August ein gong på 1880-talet drikke vin i «Madam Evangers vinstue». Kva slags vin kan ein saktens spekulere på; truleg heimelaga, for madam Evanger var flink å lage frukt- og bærvin som ho selde i vinstova si.

Evangerhuset rett før det vart rive i 1960. Arbeidsfolka er i gang med å klargjere til riving. Bygningen bak er den då nye fløya på Viktoria Hotell, frå først på 1950-talet.

Det er ikkje utenkeleg at «August» for høvet var Knud Hamsun sjølv. Han skal ii følgje Bjarte Sindre ha vore innom den nye byen på ei reise langs kysten. Etter kvart som fråhaldsrørsla voks seg sterk, særleg som ein reaksjon på den overhandtakande brennevinsdrikkinga midt på 1800-talet, kom også øl- og vinstovene under press, og den eine etter den andre av private skjenkeløyve vart inndregne og føretaka nedlagde. Til dømes vart kommunen sitt eige føretak, Florø Samlag (øl og vinutsal) nedlagt i 1905. Men det ville ikkje madam Evanger, like lite som madan Hopen lenger ute i gata. Madam Evanger serverte sin gode heimelaga vin, og flaut på spesielle privilegier som ikkje kunne inndragast ved kommunale vedtak. Først 13 år etter at Samlaget måtte gje tapt, måtte også

madammen avvikle, ilag med ein del andre med slike særskilde privilegier rundt om i landet. 7. juni 1918 vart «Madam Evanger vinstue» stengd for godt. Då var vi komne til starten på forbodstida, med sine uoversiktlege følgjer, men det er ei anna historie. Sonen til madammen og Haldor Evanger heitte Henrik. Han budde i huset etter foreldra like til han døydde først på 1950-talet. Dei fann han død på utedoen som høyrde til eigedommen. Bertel Gjøringbø som har passert dei nitti, hugsar godt Henrik, og dessutan madammen som levde på 1930-talet, då som ei gammal dame som alltid gjekk i side kjolar og skjørt. Gjøringbø meiner ho livnærde seg med å drive utleige/losji for reisande etter at den meir innbringande vinstova måtte avviklast.

Bjørn Hegranes sitt måleri, som også viser litt av Storevikhuset, rett før det vart rive for å erstattast av ein ny stor fløy av hotellet. Måleriet kan då vere frå ca. 1950, og frå ein tidleg periode i Hegranes sin produksjon.

Henrik Evanger var ikkje gift, så vidt Bertil Gjøringbø veit eller kan hugse. Han var rekneskapskunnig og dreiv bl.a. som kommisjonær/ agent for Stormøllen. Bertil hugsar han godt frå den tida han sjølv byrja i bakeriet til Trovik i 1946. Alfred Trovik kjøpte mjøl gjennom Evanger, og fekk bl.a. hjelp med rekneskapsføringa.

perioden på 1950-talet vart det sett ned ei nemnd som skulle arbeide vidare med planane for ei bymuseum. Med i nemnda var bl.a. Arne Moe og J. Angell Jacobsen. Gjennom ein del år var det blitt samla inn gjenstandar og ymse tilfang som m.a. låg lagra på loftet i det gamle biblioteket ved sida av brannstasjonen i Hans Blomgata 17/19, der no Hansenbakken Burettslag med 14 eldrebustader held til.

Nemnda diskuterte ulike løysingar for museet, m.a. flytting av Evangerhuset til ein annan stad i byen. Men etter usemja om takstforretninga, ende det heile med at eigedommen vart selt. Det vart i tillegg halde auksjon over innbuet, noko som utvikla seg til ei ganske vittig affære. Blant innbuet vart det også auksjonert bort nokre klede etter avlidne Henrik Evanger, m.a. ein fin frakk. Ein av arvingane, Ole Eikefjord (visstnok søskenbarn av Henrik) tykte boda vart alvårleg låge, og hivde seg inn i kampen om frakken. Det ende med at ytterplagget passerte 200 kroner, og taparen sa snurt etter «nederlaget»: – Ja, då går eg ned til Mørkhøi og kjøper ein ny frakk til halve prisen...

KOMMUNAL TAKST VELTA MUSEUMSPLANANE Henrik Evanger vart ein etter måten gammal mann, over dei 80, og hadde eit ønskje om at huset skulle bli grunnstammen i eit påemna bymuseum. Kommunen skulle få ta over etter takst. Det vart til at kommunen sjølv, ved byingeniøren, stod for taksten. Nærmare havresekken får du ikkje bukken, og taksten var så låg at arvingane vart fornærma. Dei nekta å godta det dei oppfatta som eit skambod. I mellomtida hadde urmakar Rønning leigd huset til butikklokale og verkstad nokre år. Det var opp ei trapp frå Torggata og inn hovudinngangen frå nord. Her tikka det i store og små klokker og veggur som det gjorde hos alle urmakarar på den tid. Då huset vart rive, flytte Rønning butikken ut i eit lite hus bak Fjordenes Kreditbank der bakar Egeberg i si tid hadde drive. Men to–tre år etter vart også Kreditbanken riven og tomta rydda til dagens bygg som står på Strandgata 36. Då flytte urmakaren frå byen.

Men atter tilbake til Evangerhuset. I denne

Eigedommen med huset vart selt til forretningsmannen Olav Sande. Han såg seg ingen nytte i det gamle trehuset og let det rive våren 1960. Så der fór både Evangerhuset og bymuseum, for aldri meir å dukke oppatt. Huset er vel blitt til jord i dag, men i staden for eit lite bymuseet for Florø, kom dagens kystmuseum for heile Sogn og Fjordane.

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2016.