2014-21 - Øyvind Kleiven - Ættegransking i Flora Historielag

Ættegransking i Flora Historielag

I Flora Historielag sitt første Floraminne står det: Laget sitt føremål er enkelt og greitt: Fremje interesse og kunnskap om lokalhistorie og ættegransking i Flora kommune. Etter at laget vart starta oppatt 28. mars 2001, vart det halde eit kurs i ættegransking på Flora vidaregåande skule. Kursleiar var Anders Moen. Kurset gjekk ein gang for veka over fleire veker. Kursdeltakarane fekk opplæring i korleis ein kunne bruke internett i mellom anna søk i folketelling, kyrkjebøker og andre offentlege arkiv. Etter at kurset var ferdig fekk vi låne datarommet på Flora v.g.skule, der fekk vi prøve oss på det vi hadde fått lære på kurset.

Det kom og folk som ikkje hadde hatt anledning å delta då kurset vart halde.

Om du har interesse i å delta på Kveldsamlingane på Kystmuseet kan du ta kontakt med: Øyvind Kleiven tel 90 18 42 24 eller Per Reppen tel 91 58 46 76.

Etter denne oppstarten har det på vinterhalvåret vore haldne jamnlege samlingar i månadane september til april/mai. Dei første gangane var samlingane som nemnd på Flora v.g.s. deretter ei tid på Florø Barneskole før ein samlast privat, og deretter enda opp på Kystmuseet. Vi har vore så heldige at vi har hatt med oss mellom anna Marita Brandsøy Lystad og Per Reppen på desse kveldane. Dei har stor kunnskap og innsikt i nettbasert ættegransking, og det har vore mange som har fått god hjelp til å komme i gang med gransking av ætta etter hjelp frå dei. Laget har òg vore med på å markere Slekts- forskerdagen. Der prøver vi å informere om aktivitetar, og hjelpemiddel som eksisterer innan ættegransking.

Som eit eksempel viser vi her ei liste over kor ein kan søke for å finne informasjon om ætta.

Arkivverk o.s.v Digitalarkivet: http://arkivverket.no/Digitalarkivet Folketeljingar, kyrkjebøker, Debattfora o.s.v. Registreringssentral for historiske data – Søking i folketellingene for årene 1865, 1875 og 1900 http:// www.rhd.uit.no/folketellinger/folketellinger.aspx DIS-Norge – Databehandling i Slektsforskning – http://www.disnorge.no/ FamilySearch Record Search – http://familysearch.org/ Kalender og Kirkeåret Bauer kalender gamle navn – http://www.morchslaegt.dk/bauers/bauer.htm Kirkeåret – http://folk.ntnu.no/dagfinnr/slekt/kirkeaaret.html Lokalt i Sogn og Fjordane Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane – http://fark.sfj.no/ Torodd Kinn sine slektssider – http://www.toroddkinn.name/ Blogger Nutzerprofil Toril Osther – http://www.blogger.com/profile/17167391530046920422 Gardsregister Sogn og Fjordane – (og Hordaland) http://www.bergen.folkebibl.no/lokalhistorie/gardsregsogn/gardsregsogn_a.html Utvandring Passenger lists and Emigrant ships from Norway Heritage – http://www.norwayheritage.com/ American Family Immigration History Center – Ellis Island

Per Reppen og Svein Bakke deler same interessa for slektsgransiking til liks med mange andre i Florø.

Kjelde: Flora-Minne, Flora Historielag, årsskrift 2014.